måndag 30. november 2009

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Tilbyr Grandiosa (585g) til 19,90 kr. Dette er billegare enn FirstPrice sin pizza (i kilopris), men som kjend dyrare enn å lage pizza sjølv. Vekas vits frå Joker er karbonadedeign til 49,90 (400g). Som kjent fekk ein kjøttdeig til 19,90 (400g) førre veke. Ikkje langt bak følgjer svindyr torsk frå Findus til 124,75 kr kg. Pærer til 9,90 pr kg er derimot rimeleg, det same må seiast om eit paprikabrett (3 paprika) til 9,90.

* Mega
Held fram i 40%-gata, men denne veka med sjokolade frå Nidar og Freia. Epler til 7,90 kr kg, elles er Mega denne veka for den spesielt interesserte.

* Spar
Hovudtilbod er surra svinesteik til 39,90 pr kg. Dette gjev billege middagar om du tilset FirstPrice-poteter til 3,90 pr kg og steikesky. Ferdigrettar frå Findus (pastagryter o.l.) senkast 40%, men ver obs på høg veiledande pris. Fersk seifilet til 49,90 pr kg er OK, men bør ikkje utløyse hamstring. FirstPrice-epler til 9,90 pr kg, styrar me klar då Mega har epler til 7,90.

* Coop Obs! Hypermarked
Me gir oss ende over: Epler til 6,90 per kg! Den merksame lesar vil sjå at fleire tek opp konkurransen med FirstPrice. Me vonar trenden held fram, men hugs; pay yourself first! Elles er det lite matvarer å hente frå Samvirkelaget denne veka.

måndag 23. november 2009

Vekas tilbod

av SR

Spar:
- har 40% på "et utvalg" pålegg frå Gilde. Her gjeld det med andre ord å halda tunga rett i munnen, og annonsa lett tilgjengeleg. Ver så snill, ikkje drit deg ut med å kjøpa noko som ikkje er på sal! Pass godt på når du kjem til kassa, og sei du ikkje skal ha det om du tek feil.
- 16,90 kr for alle freia 200 g sjokoladeplater. Dette er 10 kr under ordinær pris, men 10 kr/kg dyrare enn om du hamstra smågodt for nokre veker sidan. Men sjekk ut prisen på first price sin sjokolade fyrst.

Rimi
- Same sjokoladetilbodet som Spar.
- 29,50 kr for ribbe.
- 98 kr for ferdig oppskore pinnakjøt, både røykt og urøykt
- 38,90 kr for surra svinesteik, men dette er jo alvorleg tala ikkje spesielt billig, reint historisk.
- Julebrus får ein no for 4,90 kr, absolutt billigare enn det meste anna av brus.
- Appelsiner til 9,90 pr/kg.
- Rimi har lagt til for vane å pissa på oss spararar, og det slår ikkje feil denne veka heller. No har dei lutafisk (forringa torsk) til 16,50 kr/kg. Billig, men tenk om dei heller kunne seldt det utan lut!
- Vil du imponera med sofistikert grandis (!)? Denne veka er Grandiosa tynn botn til 21,90 pr stykk.
- Elles er det vert å sjekka ut Euroshopper-varene, ma. julepølse 400 g til 9,90 kr.

Joker
- Hovudtilbodet denne veka er julepølse til 14,90 for 400 gram. Ikkje spesielt mykje å skryta av, då Euroshopper er 50% billigare.
- 29,90 kr/kg for ribbe er på den andre sida ein fin pris, men det er jo eit tilbod alle butikkar med respekt for seg sjølv har.

Bunnpris
- Denne veka er Synnøve på tilbod. Nei, dette gjeld ikkje berre på Strandkaia, bunnprisbutikkane sel ho denne veka til 49,90 kr/kg. Pass likevel på Bunnpris, dei er nokon luringar som ikkje alltid tek inn tilbodsvarene i butikken.

Mega
- Har 40 % på all frosen pizza, men ikkje på dei det allereie er "fast lavpris" på... Det er likevel
mogleg å sikra seg eit måltid her, men billig blir det uansett ikkje, då me tidlegare har vist kor billig det er å laga pizzaen sjølv.
- Ikkje før hadde me slått fast at alle butikkar med respekt for seg sjølv har ribbe til 29,90, så kliner Mega til med 49,90 kr/kg. Som om ikkje det var nok, så slengjer dei på eit "fast lavpris"-merkje i tillegg. Fast lavpris meg i sørkjosbotn!
- Har likevel kalkun til 29,90 kr/kg, men ribbesjokket har endå ikkje lagt seg, så me tilrår å styra unna Mega denne veka!

And for the ladies: Tysdag 24. november er det vennesal med 15 % på kosmetikk og 30 % på alle klede hjå Cubus!

laurdag 21. november 2009

Restemiddag

av AH

Kjære gjerrigknark! Som deg har jeg hatt gleden av å bli jevnlig påminnet hvor mye penger som farer rett i toalettskålen, ofte med våre egen velsignelse. Flau har jeg måttet innrømme at joda, jeg kjøper jo Gilde kjøttdeig og Bama "spisemodne" avocado, for det er jo så fin innpakning, og kvaliteten er sikkert mye bedre. Kjenner du deg igjen? Skam deg! Så klart har jeg aldri kjøpt annet enn First Price!

Mangt et sparetips har blitt gitt i denne veven, men det har alltid dreiet seg om én ting: innkjøpskostnad. Derimot medfører det også kostnad å ha noe i form av vedlikehold og, ikke minst, økonomisk bruk. Det er mangt et delemne som kan taes opp i denne sammenheng, men jeg ønsker gjerne å begynne med noe vi alle kjenner: Restemiddag.

Du har kjøpt din kalkun til 27,90 på Rimi, kjøttdeig på Joker til 19,90 og sogar funnet sjokolade utgått på dato hos Kiwi. Men hvordan sikrer du at disse verdiene blir ivaretatt på best mulig måte? Når kalkunen er spist opp, kaster du slintrene? Når du har spist opp eplet, er det noe igjen? Selv den enkleste fiskepinne er god mat dagen derpå så lenge miljøet rundt er riktig. God matlaging koster ikke! Derimot er det kjekt å unne seg et par ess i ermet:

* Krydderplanter er smakfulle, pynter huset (kast ubrukelige blomster), koster lite, vokser ut igjen og krever minimalt med vedlikehold. Utnytt alle blomsterkasser og passende steder i hjemmet og sørg for en variert flora. Dessverre krever dette en investering, men husk at den betaler seg! Pass dog på å gjøre innkjøpet i familieeide innvandrerbutikker - både prisene og utvalget slår Reitan ned i støvlene.

* Mikrobølgeovn er en omstridt kjøkkeninnredning blant mange, men både tids- og strømbesparelsene denne fører med seg mer enn veier opp for alle innbilte ulemper. 395,- hos Lefdal. Om det er tungt å svelge, trekk paralellen til nytteverdien ved å investere i fluortannkrem.

Har du gammelt brød i skuffen? Gled deg, de er jo nesten krutonger! Smårester av mat trenger ikke være noen byrde, snarere tvert i mot! Hvis restene dine er så små at de ikke holder til et måltid håper jeg følgende eksempeloppskrifter kan inspirere deg til et enda mer variert (samt rimeligere) kosthold:

Potetkrem
-Kalde, kokte poteter fra i går
-Melkekartong med en slant igjen (jo fetere, jo bedre)
-Salt & pepper

Kutt potetene i terninger og stek disse i en teflonpanne (sparer bruk av smør/olje). Når potetbitene er stekte heller du over melken og lar denne koke. Rør rundt til det tykner, du bestemmer selv hvor løs konsistens du vil ha. Smak til med salt & pepper. Ypperlig som tilbehør til varm mat, eller sammen med f.eks. sild og brød til søndagsbrunchen.

Pestopasta
-Kald spaghetti fra i går
-Pesto
-Den siste salamiskiven i pakningen

Som med potetene sparer du å tilberede spaghettien, og som vi alle vet er tid penger! Varm opp spaghettien i en mikrobølgeovn, iblandet en oppstrimlet salamiskive. Litt pesto legges ved siden av; denne kan du smøre på spaghettien. Har du krydderplanter gjør det seg godt med litt ekstra basilikum.

Pølseflarn
-En middagspølse, grillpølse eller lignende
-Ostehøvel
-Olje
-En tørr brødskive eller First Price makaroni
-Salat (for den spandable)

Høvle pølsen i flak. Legg litt olje i stekepannen og stek flakene sprø. Dersom du har brødskive, legg den i stekepannen og hell litt ekstra olje over og stek den en smule, slik at den blir litt sprø på utsiden. Legg på tallerken med salat og pølseflarn. Skal du virkelig feire kan du også unne deg litt tomat. Hvis du bruker makaroni har du en ferdig middag; litt ketchup, krydder eller ost gjør dog det hele ekstra spennende.

Charternudler
-Gårsdagens fiskepinner
-First Price sursøt saus
-First price nudler

Kutt fiskepinnene i biter og varm disse i mikroen. Dersom du ønsker kan du også varme sausen. Kok nudlene som vanlig, bland i biter av fiskepinner (etter vannet er helt av) og ha så over saus til slutt.

Godt måltid!

fredag 20. november 2009

Takk, eg klarar meg med brille frå Nille

av KR

Optikarane, desse fiendar av samfunnet, har over ei årrekke tent godt på spararar og anna godtfolk som ikkje har turt gjera anna enn å stole på optikaren. Som kjend må den som ikkje vil opne augene, opne lommeboka. Kjøp desse dyre brillene elles mysser du synet. Me mysser ihvertfall haka. Det norske folk vil ikkje lenger betale ein handfull laken for eit par med briller. Sparebloggen lanserar hermed sitt eksklusive intervju med ein ekte augelækjar, som ut i frå hans eige ynskje er anonymisert.

Me spurte huslækjaren om det er skilnad på briller frå bensinstasjonar, nipsbutikkar og optikarkjeder. Vår anonymiserte huslækjar svarte kontant at den einaste skilnaden er prisen og vareutvalet elles i butikken. Men kva er ikkje betre enn å be om eit par briller type +1,5, og samtidig kunne få servert ein trailergrill med rekesalat og ekstra dryss?

Her nyleg mista eg brillene mine, normalt er dette ei katastrofe for den jevne nordmann. Ikkje fordi ein vert gåande i halvblinde, men fordi det økonomiske tapet er merkbart. Sjølv mista eg verdiar til 39,90 kr sist eg mista brillene mine. Surt nok. Som kjend kan ein leva lenge på den summen. Dagen etter kjøpte eg imidlertid nye briller på Nille til 20 kr. Med etui inkludert. Truleg var det brillespesial på Nille den dagen, då det fyrst var i kassa eg vart beden å legge tilbake den eine tjuekroningen... Sjeldan har nokon smilt så breidt på veg ut or Nille, og sjeldan har nokon smilt så breidt på veg heim. Og sjeldan har nokon smilt så breidt resten av kvelden.

Eg har brukt Nille-brille i fleire år, og har aldri sett betre. Jau, takk seier eg til optikarane, eg klarar meg fint med brille frå Nille.

onsdag 18. november 2009

Klag!

av SR

Det er ei kjend sak at det er mykje dårleg service, varer, reinhald og generelt alt ein betalar pengar for! Der og då er det irriterande, men i ettertid kan det bli til glede, rein økonomisk glede!

Ein god sparar er sjølvsagt klar over at det er mogleg å gjera seg rik på å kjøpa dårleg frukt hjå både Kiwi og Bunnpris, ta vare på kvitteringa, og krevja dobbel pris tilbake. Har du problem med å finna dårleg frukt (burde ikkje vera problem hjå Bunnpris vertfall!), så kan du kjøpa fin frukt og spare på den til den er dårleg. Kjøp så ny fruk (ny kvittering) og kom attende ei lita stund etter og klag på frukta. Her er det gode pengar!

Elles er det store moglegheiter viss ein vil spela på ulike produsentar sitt samvit. Send klage på produkt til produsenten, men hugs å leggja ved adressa. Nokre produsentar krev at du sender med ein smak av produktet som dei kan analyserast på labben deira. Uavhengingig av om det var usmak eller ikkje, så send med produktet. Det er ikkje naudsynt med meir enn ein liten bit, så kan du eta resten. Då sender produsenten eit plaster på såret, som alltid er gåvmildt! Me sparebloggarane har gjort dette til gangs, og har motteke mellom anna gåvekort (2-300 kr!), mjølmiksar og sjokolade.

Her gjeld den gyldne regelen om å klaga på alt! Me veit Vinmonopolet har etterlyst fleire produktklager, og reknar med 5-10 % produktfeil. Og når me fyrst er inne på alkohol, så fekk me tips frå ein som jobbar på Hansa om at ein må klaga på øl med lite skum på toppen. Her gjeld som vanleg regelen om å drikka opp halvparten fyrst, for så å slå fast til mannen i baren eller på polet at dette ikkje held mål.

Jubel: Spareblogg-TV om taparane på Luksusfellen er attende på TV3 onsdagar 20.30. There is no such fryd, as skadefryd.

måndag 16. november 2009

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Vekas hovudtilbod er Sørlandsis (2 liter) til 17,90. Mennesket treng neppe is for å overleve, så me oppmodar dedikerte spararar til å styre unna tilbodet. Me trur imidlertid dette er billeg, 8,95 per liter høyrast ihvertfall billeg ut. Me tilrår difor krokanisen, men styr unna gullvaflene. Det er eit klassisk, dyrt luretilbod som akkompagnerar hovudtilbodet (og sørgar for marginane).

Utover dette har Joker lite å tilby denne veka. Gilde sine karbonader går for 49,88 kr kg, noko som leiar oss over på Spar som sel FirstPrice-karbonader til 35,50 pr kg.

* Spar
Pinnekjøtet går for 99 kr kg denne veka, men som kjend er pinnekjøt stort sett berre beinsplintar med kjøt- og fettslintrar. Også denne veka tilrår me difor tynnribbe av svin til 29,90 kr kg. Her får du minimalt med bein, knapt flesk og mykje kjøt om du saumfarar frysedisken. Kan ein krevje meir? Faktisk; sjå Rimi.

Edamerostane har byrja å kome i handelen. Me frårår Edamer så lenge det luktar av jul i butikkane. Edamerane kjøpast helst på tilbod i januar og februar. Kjøpars marknad, må vite. Det same gjeld for øvrig marsipan, mandarinar o.l.

* Meny
Denne veka synast Meny mest opptekne av noko dei kallar raudnasedagen, og dei sel raude naser til 25 kr stk. Me tilrår raudnase frå Vinmonopolet.

* Rimi
No gjev me oss ende over her i Sparebloggen. Rimi leverar for fyrste gongen på lenge, og truleg har presset frå vår side hjulpe på. Denne veka hjå Rimi får du tynnribbe (med ruter!) til 29,50 pr kg. Gryteferdig pinnekjøt til 89,90 pr kg. Kalkun til 27,90 pr kg, som førre veke. Mista du svinesteikveka hjå Joker, får du denne veka plaster på såret frå Rimi; røykt svinesteik 49,90 kr kg.

Me vil likevel ikkje frita Rimi heilt frå gamle synder. Findus fiskegrateng 500g omtalast som kampanjevare og selgast til 24,90 kr, som kjend får ein stadig Findus fiskegrateng 450g til 10 kr på 10-kronarsmarknadar landet rundt.

* Coop Marked
Nykommar på Sparebloggen. Denne veka tilbyr Coop Marked kjøttdeig (400g) til 16,90. Dette er eit særs godt tilbod, så me oppmodar samtlege spararar til å leite fram nærare Coop Marked-butikk!

* Coop Mega
Ingen særskilt oppsiktsvekkande tilbod denne veka.

* Coop Obs! Hypermarked
Obs held sokalla fryseshow denne veka, det tyder 40% på eit utval av Findus-produkt. Utvalet er imidlertid skuffande, og samtlege varer kjøpast billegare hjå FirstPrice.

Coop sin appelsin- og eplejuice selgast frå kartong til 6,67 pr liter. Dette kan vera eit særs gunstig tilbod om du også vatnar ut juicen 50-50 eller høgare vatningsgrad.

Til sist frårår me Coop sine nissedokker til 229 pr stk. Dette er både latterleg og useriøst frå det gamle Samvirkelaget. Skjerp dykk!

måndag 9. november 2009

Nye tilbod

av SR

Spar

Spar diskar denne veka opp med pizza-fest, og har 40 % avslag på alle gradiosa-, Big One- og Orginale-produkt. Ha likevel i mente at dette er ein jamt over stivprisa butikk, så ikkje la deg lura til å ta helgahandelen her! Er du Trumf-medlem kan du òg få 40% på Jarlsberg-ost. Dette er noko nytt, og absolutt noko ein bør slå til på om ein vil imponera ho i kassa. Elles kan ein få julepølse [jolapylse] i snabb til 16,90 for 400 gram. Problemet med at det berre er jul ein gong i året er at det er umogleg å hugsa kva som er eit anstendig prisnivå...

Bunnpris
Bunnpris pissar denne veka på Spar sitt 10-kronerstilbod frå to veker sidan. Me åtvara mot å betala 100 kr/kg for kyllingvingar (50 %). Bunnpris har teke seg saman, og slår til med 33,27 kr/kg for same vare. Pærene synker òg i pris, og er no nede på 12,90, men det er framleis eit stykke att, så ikkje hamstre endå! Det blir òg diska opp med Pizza Rusticale til 19.90. Relativt billig det altså!

Rimi
27,90 kr/kg for heil kalkun er noko som burde lokka dei fleste, om ein då ikkje handlar på Coop Hypermarked til 24,90! Ikkje berre er det billig (særleg sett i høve til det pinlege spar-tilbodet som tidlegare er omtale), det er òg ustyrteleg artig! Å ha noko slikt på benken eller hovudet er verdt kvar ei krone. Rimi har òg 2,2 kg kyllinglår til finfine 39,90 kr/kg.

Joker
Me varsla det sist veke, 19,90-tilboda på kjøtdeig er aldri langt unna, og denne veka er det Joker sin tur! Her er det berre å hamstre!

Mega
40%-aren denne veka er alle typar brød- og kakemiks. Sjølv bunkra eg opp sist helg med brødmiks til 10 kr hjå spar, så her er spenninga til å ta og føle på om eg burde venta. Det går òg rykter om bananar til 6,90 kr/kg!

Prix
Lite billeg mat, men dei har 20 roser til 59,90 kr.

First Price-nytt: Julegløgg!

fredag 6. november 2009

Keisaren sine billege klede

av KR

Ein kvar sparar med respekt for seg sjølv kan lukte ein sparkjøpbutikk på fleire kvartal. Me kjenner lukta av eksos, urin og kebabrestar rottene ikkje eingong vil ha, men så ser du langt, langt borte noget lyse og glitre; du er komen åt Sparkjøp! Denne underlege butikken som vekkjer assosiasjonar til 60-talet, dameklubb og mat med høgt gelatininnhald. Me skal ikkje kommentere klientellet utover det faktum at dei fleste som vankar der har knekk i knea.

Men gløym alle mytene om Sparkjøp, for Sparkjøp har tilknytning til bergenske redarfamiliar, kortspel og storkapital. Det er ingen som er så gode til å spare som norske redarar. Me nemner dressen til Fred Olsen, som han arva av far sin og far før han. Me nemner Olav Thon (jf Fernhaven) og ullhua hans. Me nemner Per Sævik og husbankhuset hans. Norske redarar følgjer sparebloggen, og no krev dei at me leverar sparkjøpnytt. Sjølvsagt innfrir me!

Me kler deg opp til vintaren med denne vekas tilbod frå Sparkjøp:
* 5pk tennissokkar kr 29,50 (med back to the future-striper)
* Boxershorts kr 49,50
* Lange underbukser kr 79 (det er trast vintar)
* Svarte skinnsko kr 99 (til fest og kvardag)
* Jeans 2pk type Kingsmen kr 149 (dongeri)
* Skjorter med krage kr 99 (strykefrie)
* Ullgensarar med glidelås ved hals kr 149 (vent på tilbod kr 99)
* Fleece-jakke kr 99 (fleece er ikkje av moten)
* Regntøysett kr 129 (praktisk pose med snøre følgjer med!)
* Hue kr 39 (dropp dette tilbodet, Olav Thon)
* Skjerf kr 99 (kort nok til å kallast heterofilt skjerf)
* Kombivott- og handske kr 69 (no med uteliggarfingrar!)

No kan vintaren koma.

onsdag 4. november 2009

Positiv kynisme

av SR

Ordet kynisk har fått eit ufortent dårleg rykte. Kven har sagt at det å vera kynisk er noko gale? Truleg dei same som kjøper kjøtdeig til 40 kroner for 400 gram medan dei klagar over First Price sitt dopapir.

For oss spararar er kynismen ein ideologi. Det er utruleg mykje bra å henta, berre ein torer å tenkja litt alternativt, og legg redsla for stygge blikk til sides.

I dag er det ikkje uvanleg med radarvarsling, kjendisvarsling og anna sløseri på SMS. Før Sparbloggen kom var det utvilsamt ein udekka marknad for tilbodsvarsling. Ein kan gjerne kalla det kynisk å tømma butikken for tilbodsvarer, men eg vil kalla det positivt kynisk. Ein marknad som ikkje er dekka endå, er SMS-varsling om kvar det blir levert ut gratisprøver ol. Utanfor utdanningsstader er det ikkje uvanleg med sokalla studentposar. Her er det berre å forsyna seg, personleg rekord er seks stykk. Då hadde eg ikkje plass til meir. Rett nok mykje drit i dei posane, men det er ikkje verre enn å ha ei bosbøtte lett tilgjengeleg. Elles er Arbeidarpartiet sine roser ei klassisk gåve til dama!

Vidare er det ein klar favoritt å be med seg nokon ein veit betalar på restaurant. Alltid ein slager, både sosialt og økonomisk. Skulle du vera så heldig å snuble over fri bar/tøm tankane, er det berre å meska seg. Dei som er rundt deg kjenner deg stort sett ikkje, og fleirtalet vil truleg ikkje hugsa kor grisk du var dagen etter uansett!

måndag 2. november 2009

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Endeleg er ho her, svineribba til 29,90 (obs tynnribbe). Me var på nippen til å anbefale på 39,90 for nokre veker sidan, men juletradisjon tru så kjem tynnribba på 29,90 når me bikkar november. Intet er nytt under solen, og Joker leverar denne veka. For dei som likar sjokolade vil me tilrå firkløver, helnøtt og fruktnøtt til 17,90. Dei meir 'moderanes' sjokoladerutene med Daim og Nonstop styrar me klar. Det sunne alternativet er grøne druer til 14,90 kr kg, men ver varsam; det var 9,90 kr kg for nokre veker sidan (Coop Mega).

Vekas tikroning er Fiskemannen sine fiskepinnar 300 g, me frårår og tilrår heller FirstPrice sine til halve kiloprisen.

* Coop Mega
Mega fører kjøttdeig 400 g til 24,90 denne veka, som kjend plar me vente til 19,90. Er du i beit frårår me å kjøpe meir enn ein pk. Mega har ostebord denne veka, her er det gode moglegheiter om du vil verte flådd. Så styr unna. Det same gjer du med sjokoladen som Mega sel til 19,90, Joker har som kjend same tilbodet til 17,90.

Me vil tilrå X-tra sine mariekjeks 600 g 12,50, dette er særs billeg for noko som ser ut til å vera nærare 200 kjeks. Sjå for øvrig innlegget om kaffibesøk for vel to veker sidan.

* Coop Obs! Hypermarked
Hypermarknaden køyrer denne veka ein tradisjonell tikronarsmarknad. Gode tilbod er som vanleg Findus sin fiskegrateng, kremost frå Tine, Denja-salatar og blodpølse. Synnøve Finden til 45 kr kg er heller ikkje gale, særleg om du mista Joker sitt tilbod på 39,90 for nokre veker sidan.

Coop minnar oss på farsdagen 8. november. Me tilrår ei blodpølse til 10 kr. Blodmat fell alltid i smak på runde dagar og andre dagar!

* Rimi
Nok ei veke med luretilbod, jf førre veke.

* Spar
Tikronarsmarknad som førre veke, men nytt i sortimentet er Ali kaffe til 10 kr. Tynneribbe skråstrek familieribbe 29,90 pr kg, skriv Spar, ver difor obs i frysedisken.

* Bunnpris
Tynnribbe 29,90 som fleire aktørar. Lutefisk av torsk til 24,90 pr kg, det sjeldan torsk er så billeg - men maten er då også ille medfaren. Farmer's kaffe til 19,90 styrar me klar av, då me tilrår Spar sin Ali til 10 kr. Elles mykje gode FirstPrice-produkt hjå Bunnpris, av høgdepunkt trekk me fram kaviaren til 8,90 - men ver obs skarp på smak.

Det var tilbodsveka. På det jamne, me trekk fram tynnribbene til 29,90 pr kg.