fredag 24. desember 2010

God jul!

av Sparebloggen

Me ynskjer spararar i det ganske land ei god sparejul, og eit godt nytt spareår!

måndag 20. desember 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Kanontilbod på svinesteik, fersk, surra edelgris 29,90 pr kg. Årsbeste frå Joker. Til samanlikning går den surra "Juleskinka" til 89,90 pr kg på same butikk.

* Spar/EuroSpar
Juleskinka går her til 119,90 pr kg, me held oss til edelgrisen til Joker. Enno eit luretilbod, 500g Findus fiskegraten til 35,90. Eit latterleg tilbod når ein veit kor ofte Spar og andre kjeder sel 450g Findus fiskegrateng på 10-kronarsmarknad. Styr unna Spar-kjeda denne veka, årsverste!

* Rimi
Ribbeprisane er tre- og firedobla sidan bunnen for nokre veker sidan. Me reknar med røynde sparar alt har sikra seg ribbe. Peparkaker 300g 8,90. Elles labert frå Rimi.

* Rema
"Ikke spar på julekosen. Spar penger!" oppfordrar Rema. Me er heilt samde, og handlar ikkje på Rema denne veka.

* Kiwi
24,90 pr kg for kalkun, me har sett det billegare - men prisen er likefullt brukbar. Klementinar til 6,93 pr kg er truleg årsbeste.

* Mega
Smått dyrare på kalkunen enn Kiwi, me styrar klar. Julestemninga har innteke Mega, og prisane stig etterkvart som varene får prefixet "Jul-".

* Obs
Den økologiske kalkunen selgast til dobbel pris i høve til Kiwi sin ordinære kalkun. Tilbodsavisa frå Obs er denne veka omlag like kjedeleg som dei andre, bladet bugnar av julevarer og stive prisar. Me går snart lei jula før den er ringt inn!

* Bunnpris
Som førre veke sett bort i frå at Grandisen til 19,90 er bytt ut med lutefisk av torsk til 19,90 pr kg. Originalt!

Konklusjon: Det er tydeleg at daglegvarebransjen har lært av elektrovarehusa, prisane pumpast oppover før jul.

måndag 13. desember 2010

Tilbod veke 50

av SR

Spar
Tynnribbe til 39,90 kr/kg er den nye standardprisen etter ribbekrigen. Du får likevel ferdigkrydra tynnribbe til tilsvarande pris hjå Rema. Vidare får du First Price-mandarinar til 7,90 kr/kg, noko som er bra samanlikna med "momskutt-kiwi" som krev nærare 20-kroningen for mandarinar. Du får òg eple, pære og appelsiner til 12,90 kr/kg.

Joker
Har denne veka Grandiosa til 19,90. Julepølse frå Gilde får du denne veka til 16,90 for 400 gram, røykt og urøykt. Du får òg karbonadekaker til 39,90 for 800 gram. sjølv laga eg 2,5 kg kjøtkaker til noko over 100-lappen. Betre, sunnare og omlag same prisen. Oppskrift kjem.

Mega
40%-aren denne veka er COOP-kaffi av typen raud, gul og paz. Elles lite å melda om, med mindre du vil ha klementinar i frivekt, som du får til 11,90 kr/kg.

OBS
Klementinar til 9,90 kr/kg og same kaffi-tilbodet som Mega er noko av det OBS har denne veka. Elles kan du sikra deg ei billeg julegåve til junior med skipakke til 699.

Rimi
Med krydra ribbe til 39,90 kr/kg, Klementinar til 8,90 kr/kg, 400g julepølse frå Gilde til 14,90 kr, og pinnekjøt til 93,90 kr/kg er jula klar.

ICA
Ikkje så mykje å melda om, sett vekk frå 40% på tex mex-produkt hjå Maxi.

Rema
Sikrar budsjettet i julegåvehandelen med blåfjell-DVD eller jule-cd frå Kurt Nilsen til 99 kr. Elles lite nytt å melda om, forutan om at milliardbedrifta går godt.

Bunnpris
Òg Bunnpris har ein kilo mandarinar til 7,90 kr/kg. Elles får du den tynne Grandiosaen til 19,90 kr. Elles er det lite nytt å melda om denne veka some er verdt å bita seg merkje i.

torsdag 9. desember 2010

Julebord

av SR

Etter finanskrisa fekk arbeidsgjevarane ei orsaking for å ikkje arrangera gratis julebord og gje vekk gåver til sine tilsette. Saman med den dårleg utviklinga innan at kvar minste lille gåve no blir kalla korrupsjon, og ikkje gåve, er dette dårleg nytt for oss spararar. Skulle du likevel vera så heldig å ha ein arbeidsgjevar som ikkje har lete seg inspirera av denne bloggen, har me nokre tips til deg før julebordet.

Ein post arbeidsgjevaren sin sparekniv stadig oftare skjerer over, er drikkevarer. Både av økonomiske og sosiale grunnar. Her er det likevel blitt ein trend med bongar eller eit tal glas vin til maten. Her er det eit klassisk tips å setja seg saman med den gravide kollegaen, eller han som er avhaldande av andre grunnar. På den måten kan du fint spørja om å få dei frie einingane, og vera 100% sikker på at det går greitt. Med mindre kan du tilby deg å spandera ei brus i byte.

For som kjend er bongane ikkje ei løysing på dei sosiale utfordringane eit julebord førar med seg, men meir ei overdraging av det økonomiske ansvaret for underhaldninga det førar med seg. Omsettinga er likestor i baren som elles, og då er det fint med eit ekstra sett bongar.

Ein annan klassikar er å setja seg på eit stort bord. Servitøren vil då umogleg klara å servera alle på bordet samstundes, og må ut for å henta meir. Hiv då i deg desserten i mellomtida, og be om ein til. Det same kan gjerast med drikkevarer.

Elles har det å ta med seg eige øl fått eit ufortent dårleg rykte. Er du dame er det berre å leggja det i veska, og er du mann kan du fjonge på deg ei manneveske eller insistera på å ha med frakka inn i restauranten. Blir du sett stygt på av dei andre, er det berre å skulda på at du ikkje likar det ølet/vinen dei har på den plassen. Mest truleg blir dette uansett ikkje noko problem, då du nok vil ha full forståing frå dei andre. Særleg om du har fina på deg noko ekstra dyrt øl (alt anna enn Pokal).

Lukke til på julebordet, og hugs: det blir ikkje meir pengar enn du sparar sjølv!

måndag 6. desember 2010

Tilbod

av SR

Spar
Har tre hovudtilbod denne veka. Kjenninga heil grilla kylling til 29,90, druer med 40% avslag (OBS, dyrt i utgangspunktet) og julepølse til 14,90. 4 kg mandelpoteter til 29,90 er heller ikkje feil for den kresne.

Joker
400 gram kjøtdeig av storfe eller kylling til 22,90 er ein ny pris, men me ser at det har blitt inngått eit kompromiss i høve til den nye standardrisen på 24,90 som nokre har freista seg på. Elles får du 1,5 liter coka cola til 10,90 + pant. Eit glas Dolmio spagettisaus til 10 kr er heller ikkje verst for dei som ikkje klarar å laga slikt sjølv. Joker har òg pære til 10 kr/kg denne veka.

Rimi
Pære er visst på moten denne jula, og Rimi diskar opp med pærer til 9,90 kr/kg. Dankar hermetiserte pærer ut moltekremen denne jula? Vidare får du fersk og krydra ribbe til 39,90 kr/kg, samt pinnekjøt til 99 kr/kg. Lutefisk får ein òg til 13,90 kr/kg og 1,5 liter julebrus til 5,90 + pant. Ei bra veke dette altså!

Til sist får du sjokoladeplater frå Freia (både 200 gram og Melkedrøm). Dette er bra, og godt!

Rema
I tillegg til faste låge prisar, har Rema denne veka fersk krydra tynnribbe til 39,90 kr/kg, gryteklart pinnekjøt til 88 kr/kg (årsbeste!) og 12 flaske Pepsi og Pepsi Max til 99,80 kr + pant er veldig bra! Vidare får du julepølse til 9,90.

Her får du mykje bra til jula, samt to store sjokoladeplater frå Freia til 30 kroner, noko som er årsbeste.

Bunnpris
Har denne veka tre posar potetgull frå Kims til 30 kr. Eple til 9,90 kr/kg er heller ikkje verst. For dei som likar pizza i julestrida, får du Ristorante til 19,90. Elles lite å melda om.

ICA Maxi
Har denne veka ferske kyllingfiletar til 1300 g til 129 kr og Wienerpølse til 920 g til 60 kr. Dette er bra for å vera ferskt, men mtp. at ein vanleg vis kan nøya seg med det som er frose og mykje billegare er dette dyrt. 40% på alt frå Findus derimot er uomtvista bra! Det er òg ein mindre 10-kronarsmarknad.

Mega
Har 40% på store sjokoladeplater frå Nidar og Freia. Likevel lite truleg at dette er billegare enn hjå Rema. Du får òg røyka svinekam til 29,90 kr/kg! COOP har no innlemma 400 gram storfekjøtdeig frå Gilde i serien av tre for 69 kr, noko som gir ein fastpris på 23 kr/stykk!

OBS
Har denne veka 40% på supper frå Toro. Du får òg tre 400-gramspakkar med karbonadedeig til 100 kr, noko som er særs bra. Elles ikkje så mykje å melda om.

laurdag 4. desember 2010

Når 1 vert til 3

av KR

Den siste tida har Kiwi sendt ut ein løpeseddel til Trumf-kundar, der ein ved hjelp av denne kan få ei flaske Heinz Garlic sauce gratis i butikken. Underteikna nytta seg av dette tilbodet, men kom heim og oppdaga ein mangel ved flaska; korka var knekt. Som seg hør og bør tok eg straks kontakt med den norske importøren av Heinz, Haugen-Gruppen Nordic AS, og informerte om insidenten. I dag mottok eg i posten ny flaske kvitlaukssaus, med tilhøyrande smaksprøvar (flaskesaus av type curry og mango). Ingenting er vakrare her i verda enn når 1 vert til 3.

onsdag 1. desember 2010

Julegåvetips

av KR

Om du ikkje kjøpte julegåvene for 2010 på årets januarsal, kjem her nokre lyntips i siste liten. I denne omgong omhandlar me bøker under tréet. Av tre er du komen, til cellulose skal du verta.

Tor Bomann-Larsen - "Folket. Haakon og Maud II" går til 79 kr på haugenbok.no. Eit særs godt tilbod, boka er innbunden og Bomann-Larsen har eit namn som høver seg godt under juletréet. Ein heldig mottakar vil kanskje kunne byte inn boka på ein tilfeldig bokhandel til veiledande 398 kr (348 kr bokkilden.no). Alternativt kan du prøve stuntet sjølv, om du er ein av dei douchebagane som plar kjøpe julegåve til deg sjølv.

Tore Renberg - "Farmor har kabel-tv" går òg til 79 kr på haugenbok.no. Renberg har eit godt namn, og boka har hausta gode kritikkar. Den er innbunden (paperback 149 kr bokkilden.no) og har kvalitetar som ikkje kan slå feil på julaftan.

Fjodor D - "Idioten" i to bind 79 kr også på haugenbok.no (paperback 148 kr bokkilden.no). Ein gjengongar her på bloggen, og ei gåve som seier vel så mykje om avgivar som mottakar. Alle våre julegåvetips er innbundne, dei verkar då så dyre at avgivar då vil motta nikk frå forsamlinga rundt tréet.

Loe og Løken - "Jotunheimen" til kr 99 på haugenbok.no (veil kr 399). Innbunden. Coffee-table book. Treng me seie meir? Dette osar av kvalitet, og fjellbøker er ein sikker vinnar til jul. Til onder hundrelappen!

måndag 29. november 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Nakkekotelettar til 29,90 kr/kg er billeg, og kan tilrådast om du ikkje alt har frysaren full av billegare svinekjøt (jf siste vekene sine svingode tilbod, pun intended). Colgate er vekas tikroning, me frårår og tilrår FirstPrice sin tannkrem til under halve prisen.

* Rimi
Frosen lutefisk 13,90 pr/kg er ein pris me likar betre enn sjølve produktet. Det artige med lutefisk er at fisken stupar 80% i pris straks den har gått gjennom eit nytt produksjonsledd. Elles pregast Rimi av varer med juleetikett, og der tilhøyrande pris (2-3x veil med heilårsetikett).

* Kiwi
Kalkun til 24,90 kr/kg let seg høyre. Denne kan steikast opp, parterast og porsjonerast til kvardagsmåltid, og vil gje eit herremåltid til omlag 10 kr pr person inkl ris og saus.

* Mega
40% rabatt på diverse ferdigrettar, me fryktar likevel stive prisar! Ingen særskilt gode tilbod denne veka.

* Spar/Eurospar
Førar òg kalkun, men 5 kr dyrare pr kg enn Kiwi. Elles har svineribba dobla seg i pris hjå Spar-kjeda. Generelt dårleg tilbodsveke også her.

* Ica Maxi
Surra svinesteik til 29,90 kr/kg er rekordbilleg, og tilrådast om du ikkje alt har frysaren full (det skal etast òg!). Elles held Ica Maxi 20-, 30- og 40-kronarsmarknad, men når ei skinkeboks (325g) går for 30 kroner skjønar me teikninga...

* Bunnpris
Lutefisken går til 19,90, 6 kr dyrare pr kg enn Rimi. Elles lanserar Bunnpris 900g risengrynsgraut frå FirstPrice (900g) til 19,90. Omlag dobbelt så dyrt som å koke risen sjølv, men me avviser ikkje å teste produktet om prisen kjem ned. Rapport kjem i tilfelle her på bloggen.

* Obs!
Vekas kalkun kostar 49,90 kr/kg, det doble av Kiwi! Kokt "juleskinke" kostar 109 kr/kg, meir enn det tredoble enn skinka frå Ica Maxi! Me kan med vissheit slå fast at julerusen har innteke Obs, og me styrar klar.

Konklusjon: Ei variabel tilbodsveke, med enkelte høgdepunkt så fremt frysaren er ledig for meir svinekjøt og kalkunkjøt.

torsdag 25. november 2010

Test: FirstPrice appelsinjus

av SR

Dette produktet fekk så mykje tyn i dinside.no sitt panel av subsidierte studiner at me fann ut at dette må prøvast. Samstundes er haust og vinter høgtid for C-vitamindrykk, noko som trigga oss ekstra. Fire liter jus er snart fortært, og det er på tide å gjera opp status.

Faktaboks
Produkt: FirstPrice appelsinjus.
Pris: 12,90 kr/to liter (70% billegare enn fersk frå Tine!)

Funksjonalitet 2 av 5
Kartongen er nok like lite sexy som resten av FirstPrice sine produkt. Elles er det nok ein grunn til at dei fleste andre har gått vekk frå to-literskartongar. Det er vanskeleg å hella den fyrste skvetten utan å søla, sjølv med riktig teknikk (sjå under!). Trekk for stygg orddelingsfeil.

Appetitt 4 av 5
Som all annan jus er det òg slik med denne at uansett kor mykje du ristar den på førehand, så er det framleis slik at dei fyrste glasa med jus er tynnare enn dei siste. Det er vidare eit snev av fruktkjøt og ein god appelsinsmak.

Fordøying 5 av 5
Glir lett ned, og lett ut. Noko anna ville vore overraskande med ein drikk

Tilråding: Kan absolutt gå god for dette produktet. Rett nok kjenner me ikkje så godt til korleis dei dyraste merka smakar, men i og med dei er over dobbelt så dyre, har me vanskeleg for å sjå at det kan svara seg etter kostnad-smak-prinsippet.


TIPS! For å unngå søl med store kartongar, følg denne rettleiinga:
1) Riv vekk forseiglinga som vanleg
2) Set venstrehanda øverst oppe på den sida tuten er. Peikefingeren på det eine hjørnet, og tommelen på det andre hjørnet.
3) Hald høgrehanda under kartongen.
4) Løft kartongen varsamt bort til glaset du allereie har sett på kanten av bordet.
5) Tøm jus i glaset.

måndag 22. november 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Vekas heilbom. Dei sel frosen ribbe til 29,90 kr kg, snakk om kontrær butikkverksemd. Og det stoppar ikkje der, dei har no tilbod på is. Me frys for tida av oss det vetle me har her! 2 liter frå Sørlandsis til 16,90 er rimeleg, og eit tilbod me har sett før. I sum lite å juble for hjå Joker denne veka.

* Spar/Eurospar
40% rabatt på all frosenpizza kan vera eit greitt tilbod, men framleis er det billegast å lage pizzaen sjølv. Når Spar reklamerar med "Ribbe 12,90" meinar dei faktisk per hekto (!), og ferdig kokkelert - me styrar klar. Me let oss ikkje imponere av Spar heller.

* Kiwi og Rema
Heller fattige kundeaviser.

* Rimi
Held fram det populære ribbetilbodet sitt frå førre veke. "Nå erre på tie å komme i gang med jula!" Tilbehøyret går til overpris, kanskje med unnatak av surkålet (4,90), her syner me til førjulsribbeoppskrifta utan særleg tradisjonsrikt tilbehøyr.

* ICA Maxi
Skinkesteik med bein 34,50 pr kg er nær rekordbilleg, og me tilrår hamstring. Merk at tilbodet berre gjeld frå 22/11-24/11. 20% rabatt på Fjordland-middagar er i ei annan verd, og berre til å le av. 40% på vaskemiddel kan imidlertid skjule nokre godbitar, som klor og grønsåpe.

* Bunnpris
Skinkesteik til 99,50 pr kg er vekas store oppslag, me styrar langt unna. 1,5 liter julebrus til 6,90 + pant er billeg om ein har sansen for slikt.

* Obs
Vekas kalkun går for 24,50 pr kg, eit tilbod me kan like. Elles held ein 40%-rabatt på utvalde Findus-produkt, men det imponerar oss ikkje særleg. Einaste tilrådelege Findus-produkt vil med rabatten vera Kapteinens fylte torsk (300 g) til 20 kr, der du då til nøds får 2 middagar til 10 kr stk + poteter. Om du lid av skjørbuk tilrår me Obs sine klementinar til 9,90 pr kg eller kålrot til 6,90 pr kg.

* Mega
40% rabatt på juice. Coop-juicen er frå før rimeleg og ein vert no bydd 40% rabatt på denne. Elles lite tilbod frå Mega, me merkar oss at varer med juleetikett er stivt prisa.

Oppsummert: Lite å juble for, men me plukkast med oss meir ribbe frå Rimi og noko kalkun frå Obs.

søndag 21. november 2010

Me tek gjerne i mot kronasje

av KR

I veka som har gått har me kunne lese om diverse fotballfruer og andre rosabloggarar som mottek pengar (og no kritikk) for å sause saman bloggen med redaksjonell omtale og anna tilfeldig plassert reklame. Dei mottek kort sagt pengar for å plassere sine produkt på bloggen.

Om me føler oss forbigådde? Ja, så visst!

Sparebloggen mottek ikkje så mykje som ein miniatyrpakke rosiner frå Eldorado. Og det beklagar me på det sterkaste. Det er i grunn eit sakn. Ikkje berre vil me kjøpe varer på tilbod, me vil helst få dei tilsendt gratis og fraktfritt -- og aller helst få betalt for å skrive kva me fortærar. I morgon ventar vekas tilbod, som vanleg gratis levert frå oss til deg.

laurdag 20. november 2010

Julemiddag på forskot

av KR

Det har den siste tida vore priskrig på svineribbe, og me reknar med mange sparar denne veka har handla tynnribbe til 14,50 pr kg på Rimi. Ein lesar rapporterar òg om butikkar som går tomme for tynnribbe, og sel familieribbe til same prisen. Rimi har lenge måtte tåle pepar her på bloggen for dårlege tilbod, men denne veka har dei teke att noko av det tapte omdømmet og skapt god julestemning alt i november.

Ettersom mange frysarar no bugnar av førjulsribbe presenterar me her Sparebloggen si førjulsribbeoppskrift:

Bruk ein skarp kniv, gjerne ein tapetkniv, og lag rutemønster på svoren. Gni deretter heile ribba inn med rikeleg salt og pepar. Her må det til meir enn du trur, og sørg for at det kjem inn mellom rutene og ned i kjøtet. Legg deretter i plast/folie og lat stå kjølig i 2-3 døgn.

Legg så ribba med svoren ned i ei langpanne, og hell i ei blanding vatn og appelsinjuice til svoren er dekt. Om du har nokre laukar kan du kutte desse i to, òg hive dei ned i langpanna. Dekk så til med aluminiumsfolie og set i omnen på 225 grader. Lat det dampe i 30-45 min. Fjern aluminiumsfolien, og snu ribba med svoren opp. Senk temperaturen til 180 grader, og lat stå i 2-3 timar. Pass på å etterfylle vatn dersom naudsynt. Medan ribba godgjerar seg i omnen må du 4-5 gongar i timen ause sjy frå langpanna opp på ribba. Denne prosessen kan intensiverast den siste timen, og gjer ribba saftigare og meir smakfull. For å sikre ein sprø svor må du sjå til at ribba står høgt i omnen, og dersom naudsynt brukar du grillfunksjonen med stor varsemd!

Ta så ribba ut or omnen og lat kvile 20-30 min før oppskjæring. I mellomtida lagar du saus der du nyttar delar av sjya frå langpanna, og heimebruna kveitemjøl. Til denne førjulsribba bør det halde med eit tilbehøyr av poteter, saus og surkål.

Eit kostnadsanslag per person der ein reknar 300 g kjøt, 2 poteter, surkål og saus gjev 7-8 kr for ein middag. Lenge leve landsbruksoppgjeret!

måndag 15. november 2010

Ei bra veke for tilbod

av SR

Spar
24,90 for 400g fersk kjøtdeig er ikkje noko me tilrår. Mange har tilsvarande pris for fersk kjøtdeig i snabb som fast pris, samt at frosen kjøtdeig er billegare. Elles er det 40% på Old el Paso-produkt. Minnar her om at First price sine lefser held høg standard, men spørsmålet er når produksjonen var store lefser tek til. 40% på tomatar er bra, men blir neppe tur innom spar denne veka.

Mega
40%-aren denne veka er brød- og kakemiks frå Toro og Mølleren's. Dette er bra, men om du, som oss, hamstra på spar sin 10-kronersmarknad er det ikkje noko å henta. Elles veit me at jula er her når edameren kostar 59,90 kr/850g. Ingen grunn til å kjøpa ost til fullpris, med mindre du går for first price sin. Skinkesteik med bein til 29,90 kr/kg er bra, det same er smågodt til 5,90 kr/hg (NB! Berre viss du har COOP-kort). Alle typar go'morgen-jogurt til 8,90 er òg relativt bra, sjølv om det jo er stivt likevel. Saman med klementinar til 12,90 kr/kg presterar Mega her ei kjempeveke!

Joker
40% på fiskeprodukt frå findus er ein god gamal kjenning. Elles får du julepølse til 16,90 kr/400g, noko me trur er bra, men førjulstida får syna oss om me har rett. 2 kg poteter til 10 kroner er greitt, men ikkje det billegaste me har sett i år.

ICA Maxi
Har same 10-kronersmarknaden som sist veke, samt fersk kjøtdeig til 59,90 kr/kg (lausvekt). Dette er noko tilsvarande Spar sin.

OBS!
Relandserar ein god gamal kjenning: fersk kjøtdeig til 19,90 kr/400g! Dette har me venta på. Her er det berre å hamstra, og dela opp i porsonspakkar viss du ikkje lagar middag til andre enn deg sjølv. Har du ungar eller kortvokste vennar er julagåva å få kjøpt hjå Obs! Skipakke til born for 999 kr er bra. 14,90 kr/kg for epler er heller ikkje feil, men klementinar er nok meir økonomisk. Til liks med Mega, har òg Obs! smågodt til 5,90 kr/hg for COOP-medlemmar.

Bunnpris
Lite nytt denne veka.

Rimi
Juleskinke, kokt og røyka, til 49 kr/kg er bra viss me kan gå utifrå at den er beinfri, men me har sett det billegare. Skal me dømma etter fjordåret bikkar ikkje pinnekjøtet under 99 kr/kg utan at det går kraftig utover kvaliteten. Ribbe til 14,50 kr/kg er godt nytt. Røykalaks til 59,90 kr/kg er brillefint. Ofte er den billege røykelaksen litt svak på smak. Dryss difor på litt smaksforsterkarar, då særleg salt. Då blir den god som det beste frå utlandet.



Minnar elles om at Brimi har gått god for billegribba sin kvalitet, og at det er varsla prisar ned mot 10-kroningen pr. kilo.

torsdag 11. november 2010

Siderspezial

av SR

Som tidlegare lova, kjem me no attende med oppskrifta som imponerar både naboen, ektefellen, lommeboka, vorspielet og han med snurrebart innerst inne i kroken på di lokale kneipe. Det hemmelege sider-oppskrifta blir avslørt.

Etter mykje prøving og feiling innan siderbrygginga har eg kome fram til korleis det skal gjerast og korleis det ikkje skal gjerast. Fyrste sats vart sett eit halvår før eg var russ, og skulle du òg tenka tanken om at sterk sider er god sider, kan eg avkrefta den myten fyrst som sist - Busted!

Det er naturleg nok mange måtar å koma fram til produktet sider. Det beste er likevel etter mi meining å reisa til den lokale eplepressaren og få pressa 25 liter eplesaft. Det er det perfekte utgangspunktet for ein god dunk. Vil du ha det mindre syrleg, kan du tilsetja 20-30% pære. Men pass på å reingjera dunken (og alt anna bryggemateriell) godt. Helst med klor.

Før du går vidare i prosessen må måla sukkerinnhaldet i safta med ei økselvekt. Har du dårleg hukomming må du skriva ned dette talet. Du vil få bruk for det seinare.

Pisk så inn ein pakke med raud cargus (sterkvinsgjær) i 2 liter saft og "slå" det inn att i dunken. Tøm på nytt ut nokre liter, og slå det inn att i dunken. Gjer dette 3-4 gongar, og rist deretter heile dunken ei stund.

No er dunken klar for gjæring. Det er difor viktig å ha på gjærlås på dunken, og ikkje vanleg kork. Med vanleg kork risikerar du at gjæringsprosessen gjer at korka sprett av, og utan kork endar du fort opp med epleedikk. Så kan dunken berre stå. Les bakpå gjærpakken for å sjå temperatur.

Sjekk så sukkernivået minst ein gong i veka. Når sukkerinnhaldet er på omlag 20 må brygginga avsluttast. Tilsett klårningsmiddel, og la det så nokre dagar til grumset har gått til botn av dunken. Ta ein slange, og tapp det over i flasker. Det er ikkje noko poeng i å putta pengar i dyre flasker. Vanlege brusflasker er dei beste flaskene, då korkene der er heilt tette.

Når du har flaska sideren må du på nytt måla sukkernivået. Me kjem attende til kva dette skal brukast til. Vil du ha ein kryddersmak kan dette tilsetjast no, men ha det i dunken på ein slik måte at det enkelt kan fiskast opp att.

Viss du vil ha bra med kolsyre i drykken, tilset du ei lita te-skei med fruktose før du set på korka. Med tida vil det slik dannast kolsyre av seg sjølv.


For mange er alkoholprosenten det viktigaste, og det er her den fyrste og den siste målinga av sukkerinnhaldet kjem inn. Ta det talet du fyrst målte, fx. 58, og trekk frå det siste nummeret du målte, td. 18. Då får du 40. Dette delar du på 7,62 (fin hugseregel for militærfreaks). Med vårt døme får du 5,25, og det er alkoholprosenten.

Lukke til med brygginga!

måndag 8. november 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
1 kg Norvegia til 49,90. Det er lenge sidan me har sett ost under 50 kr/kg og tilrår hamstring (minimum 5 kg pr sparar). Elles styrar me klar av Joker, som mellom anna prøvar å lokke med 400g karbonader til 34,90. Det er ikkje mange vekene sidan underteikna plukka opp 900g for 29,90 hjå same kjeda!

* Spar
Gjentek suksessen frå førre veke, tikronarsmarknad.

* Ica Maxi
..det gjer òg Ica Maxi i dobbelt omfang!

* Rimi
Frosen tynnribbe 18,90 pr kg. Elles eindel andre juletilbod, som sett førre veke.

* Kiwi
Fersk ytrefilet av svin 93 kr/kg frå torsdag denne veka. Det er eit "sådär"-tilbod, men gjev faktisk ein middag under 20 kr inkl poteter og saus.

* Mega
40% rabatt på diverse reingjeringsprodukt. Elles let me oss ikkje lure denne veka heller.

* Obs!
Prior kyllinglår til 27 kr/kg. Selgast i pakkar av 2,2 kg til 60 kr samla. Me tilrår hamstring. Elles held Obs tikronarmarknad, med eindel klassiske tikronarvarer. Me nemner kremost, italiensk salat, makrell i tomat, blodpølse og kystens fiskegrateng. For å ta sistnemnde; får ein i det heile kjøpt denne til veiledande 34,90 lenger?! Dette er eit "steikje tule tilbod", for å sitere ein kjøpmann på Sunnmøre.

Alt i alt ei god veke, dropp innom Joker for osten, Spar og Coop for diverse tikronarsnacks. Ha ei god spareveke!

søndag 7. november 2010

Årets billegaste brød?

av KR

Tikronarmarknaden til Spar denne veka har alt gjeve frukter. 4-korn med tilhøyrande gjærpose til 10 kr pr kg innbyr til brødbakst. Det same gjer 8 kg kveitemjøl frå Coop Obs til rekordbillege 29,90 (3,74 kr pr kg). Ut or omnen er nyss kome 4 formbakte grovbrød. Bakeformene har underteikna tileigna seg ved hjelp av diverse tilsende gåvekort etter forbrukarklager til produsent. I det heile var det ein gild handletur for nokre dagar sidan, der gåvekort til ein verdi av 650 kr vart svidd av på rekordbillege daglegvarer. Etter matbudsjettet å dømme treng eg ikkje handle korkje frukost eller middag resten av november. Hushaldningsbudsjettet lyser naturlegvis blått, og Sparebloggen syner deg no korleis du kan eta landets billegaste grovbrød.

Grovbrød er atter på moten, og særleg dei til 30-40 kr stk. Me føretrekk å dele prisen på 10.

1 kg 4-korn med 1 pk tørrgjær - 10 kr
1 kg kveitemjøl - 3,74 kr
1 liter vatn - 0,015 kr ved vassmålar og 15 kr pr m3.
45 min komfyr 200 gr - 1,48 kr

Det heile blandast, hevast ein time i bolle, så ein time i form og steikast deretter i 45 min til nette 3,81 kr per brød. Me har då ikkje rekna slitasje på bakeformer, komfyr eller anna utstyr. Og det beklagar me på det sterkaste.

Vel bekomme!

laurdag 6. november 2010

Julebordsesongen

av KR

Dei seier det nærmar seg jul. Sjølv har eg ikkje eingong kjøpt inn ein halv gris. Likevel har fleire av våre faste lesarar oppmoda oss om å sjå mot den komande julebordsesongen. Den er visst alt i gong! Og familien har sjølvsagt rett; den er under planlegging. Festkomitéar opprettast. Husvære og korps tingast. Og eigenandelar kalkulerast. Somme stadar trykkast det til og med bongar. Du kan drikke på vår rekning, berre du gjer det sømeleg. Kva er då vitsen, kva slags julebord er dette?

For å granske dette kollektivistiske fylleslaget (og sosiale sjølvmordet) nærare, må me naturlegvis attende nokre generasjonar. I følge det eg trudde var Uncyclopedia, men synte seg å vera norske Wikipedia, oppstod skikken "i middelalderen, da det var vanlig å la maten stå framme hele jula slik at fattig og omstreifere kunne forsyne seg. Før var det også vanlig å la restene etter julemåltidet ligge igjen på bordet julenatta for å blidgjøre de underjordiske eller gårdsnissen." Dei einaste underjordiske ein ser i dag er vel den som ligg under bordet, og i dag let ein berre halvfulle drinkar stå att "til omstreifere" slik at den fullaste kan byrje repareringa alt kl 02. Eg reknar med diverse folkloristar kan gå god for denne skikken, som byrja omlag 430 år etter reformasjonen.

Det mest interessante med skikken julebord er vel kor lausriven den er frå sjølve juletida. I gamledagar vart eit julebord lagt til romjula, og det var då ein viss logikk i saker og ting. I dag er julebordet omlag som russetida, ein feirar fleire veker før eksamen. Det stoppar ikkje berre der. Ein drikk i same omfang som russar, og har meir eller mindre tilfeldig kopulering. Det einaste som manglar er knutane! Men knutane er der ser du, fordekt som diverse morosame "Årets"-utmerkingar. Kan det verta flauare? Naturlegvis, og Sparebloggen syner deg korleis.

Det er ei kjend sak at arbeidsplassar held julebord, sjå berre her. Men all den tid diverse lag og organisasjonar held julebord, og er gilde nok til å bruke alle medlemspengane på å fôre eit lite mindretal, bør du melde deg inn og eta gratis. Ein må imidlertid førebu seg på å verte uglesett. Organisasjonars indre kjerne er knallhard, og du vil lett kunne skilje deg ut som ein framand. Sparebloggen sitt triks er å kle seg som eitkvart anna organisasjonsmenneske, som Arnold Arnoldski, og med dette glir du rett opp til buffetbordet. Usett. Ei soge frå Sogn vil ha det til at eit organisasjonsmenneske klarde 24 julebord iløpet av desember. Kan ein tenkje seg ein betre julekalendar? Nettsida nyinorge.no er ein god innfallsport for mange, også for gode spararar. Ifølge nyinorge.no fins det "over 115.000 organisasjoner i Norge". Rekorden på 24 bør vera lett å slå. Brorparten av desse organisasjonane er nemleg sokalla frivillige, og med det følgjer inga medlemsavgift - men likevel eit gratis julebord. Forstå det den som kan. Meld deg inn den kommande veka og krev din rett for 2010! Går alt som planlagt får du med deg nokre frivillige tilbake på hotellet òg.

måndag 1. november 2010

Tilbod veke 44

av SR

Spar
Har 10-kronarsmarknad denne veka. Det er allereie utprøvd, og me kan gå god for mjølblanding (60% avslag) og leverpostei. Pass som vanleg opp for dårlege tilbod. Løft på tilbodslappen

Joker
Pizza ristorante til 14,90 er ikkje feil. Det er heller ikkje Dolmio pastasaus til 10 kr/glaset, for dei som ikkje lagar sausen sjølv. Elles lite å melda om.

Rimi
Juletilboda er på plass, og 18,90 kr/kg for ribbe er ikkje verst så lengje før jul. Pinnakjøtet får du til 89,90 kr/kg, lutefisk til 17,90 kr/kg, kalkun til 29,90 og julebrus til 6,90 for 1,5 liter er særs bra. Her luktar det billege julemiddagar ei stund framover!

Rimi førsetjer trenden frå sist veke, og byr i tillegg på klementinar til 12,90 kr/kg og kålrabi til 9,90 kr/kg.

Bunnpris
Har denne veka kotelettar til 19,90 kr/kg, agurk til 5,90 pr stykk og OMO color til 29,90. Dette er bra! Til gullrekka kan me tilrå to Bergene melk til prisen av éin.

ICA Maxi
Har 40% på ei rekkje varer denne veka, mellom anna mjølblandingar, cola-boksar og pølser frå Gilde. Synnøve Finden til 69,90 kr/kg kan verka freistande, men den nye standardprisen er no 59,90 kr/kg, og me kan lova at det snart kjem til den prisen snart.

Mega
40%-aren denne veka er utvald snacks frå Kims. Røykt svinekam til 49,90 kr/kg er bra mellom julemåltida som er på tilbod hjå Rimi. Heil kalkun til 24,90 kr/kg er veldig bra.

Obs
Eple, appelsiner og pære til 14,90 kr/kg er ein bra pris. Mjøl på tilbod. Er du hard på mandlane, eller i gong med heimelaga julegåver som me tipsa om i fjor, er mandlar til 39,90 kr/kg. Skal du ha ski før vinteren har Obs denne veka mange bra tilbod på skipakkar både for nedover- og bortoverski.

torsdag 28. oktober 2010

Brygging

av SR

Me har tidlegare blogga om den gong det var priskrig på øl, og lufta ideen om first price-øl. Men me bloggarane har òg brei erfaring innan brygging av både øl, sider og vin. Dette er både billeg, godt og spanande å laga, med andre ord noko for sparebloggen!

Fyrst av alt: Det er ein del byfolk som har fått det føre seg at det ikkje er lov å brygga vin, øl og sider. Dette er sjølvsagt feil, og skuldast nok at mange ikkje klarar å skilja mellom heimabrygg og heimabrend.

Grunnutstyr for brygging er 25-litersdunk, gjær, gjærlås og slange. Dette kostar eit par hundrelappar, noko som altså tilsvarar 1,5 sixpack. Her er det superviktig med reinhald for å få eit godt resultat. Dette gjer du med klorvatn.

Det enklaste er å nytta ferdigpakkar. Dette får du på ei rekkje jarnvarehandlar, og du kan få kjøpt vin i alle moglege smakar og alt frå lyst til mørkt øl.

Vil du gjera det meir spanande kan du laga det frå grunnen av. Underteikna har sett ein dunk med sider, og om litt kjem eg attende med oppskrift, erfaringar og test. Ein ekte tease der altså!

måndag 25. oktober 2010

Nye tilbod

av SR

Spar
Spar har denne veka lete seg inspirera av at Jan Thomas har fått nytt tv-program, og har denne veka pølsefest - 40% på alt av pølser frå Gilde, Prior, Finsbråten og Slakter'n. 200-gramsplater frå Freia til 19,90 kan vurderast om du ikkje kjøpte til 16,90 hjå rimi for nokre veker sidan. Elles ikkje noko nytt frå den kanten, framleis like dyrt.

Joker
Svinekotelettar til 29,90 kr/kg er greitt, men me har sett billegare. Likevel verdt å merkja seg at tilbodet gjeld både for frosne og ferske. Ved å velja dei ferske får du meir for pengane. Elles har dei ikkje klart å oppdatera kundeavisa denne veka...

Bunnpris
Òg Bunnpris har kotelettar til 29,90 kr/kg denne veka. Freia-sjokolade til 19,90 kr/200g er òg å få kjøpt her denne veka. Imponerar elles med lutefisk til 19,90 kr/kg. Erfaring tilseier likevel at bacon, ertrestuing, poteter og anna bør kjøpast andre plassar. Me let oss framleis imponera over 400 g kjøtdeig til 19,90 - fast pris.

ICA Maxi
Joikakakene feirar år i år, og ICA markerar dette med å selja ei boks for 24,90. Smågodt til 6,90 kr/hg og mandarinar til 12,90 kr/kg er heller ikkje feil.

ICA Nær
40% på all tex mex frå Santa Maria, samt ei rekkje merkjer med brus er god stemning.

Mega
10 kr for mykje frukt. Ikkje alt er pr. kilo, men det er likevel ein bra pris. Svinesteik med bein til 49,90 går òg an, men me oppmodar ikkje til hamstring. Torsk til 79,90 kr/kg er særs bra, med mindre du kjenner nokon i fiskeindustrien.

Rimi
Smågodt til 6,90 kr/hg og kotelettar til 29,90 kr/kg òg her. Norvegia til 59,90 kr/kg er bra, og kan godt hamstrast. Norske eple til 14,90 er relativt fint, men framleis dyrt.

måndag 18. oktober 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Røykt kjøtpølse frå Gilde 900g til 29,90 er eit tilbod me kan like i små dosar, pass på kolesterolet! Elles er det lite å hente på Jokeren denne veka.

* Rimi
Fersk indrefilet av svin til 99 kr kg. Prisen er god, og me tilrår hamstring. Potetene til måltidet bør du ikkje plukke opp hjå Rimi, men hjå Coop Obs.

* Kiwi
Dette var sorgens frå Kiwi. Kyllingfileten til FirstPrice har stige 50% i pris til 99 kr, fersk karbonadedeig 600g selgast til ågerpris 59,90. Ferdigsteikte, ferske karbonadekaker selgast derimot til 49 kr kg, likevel dyrare enn hjå Joker førre veke.

* Spar
Nygrilla kylling, på storleik med høns, 29,90 pr stk. Sumarfavoritten skinkeboks 16,90 kr, godt under veiledande pris.

* Coop Mega
Ingen særskilt gode tilbod denne veka.

* Coop Prix
Findus fiskegraten 450g til 19,90 er isolert sett særs billeg, men pass på for denne vara er ein tikronarsmarknadsparebloggfavoritt! Vent difor om du kan.

* Coop Obs!
40% rabatt på Coop sin kaffi, og diverse kakemiksar frå Toro. Elles selgast 5 Capricciosa-pizza for 50 kr, og 10 pk fiskepinnar for 100 kr (1 kr stk). Me minnar her om at FirstPrice sel til omlag halve prisen. Gilde 400g kjøtdeig til 22,90, me plar vente til 19,90 - men den hungrige bør plukke med seg eit par. Elles får du 3 x 400g kyllingkjøtdeig til 60 kr, denne er som kjend meir vassen enn den ordinære kjøtdeiga. 5 kg poteter 19,90. Diverse juice 1,5 liter 10 kr stk.

Oppsummert: Mykje bra hjå somme utvalde denne veka.

onsdag 13. oktober 2010

Ulike garantiar ein kan dra seg nytte av

av SR

For mange butikkar har det gått sport i å koma med garantiar som dei kan reklamera med. Dette trekk kundar, men kostar lite, då det er få som tek seg bryet med å reklamera på mangelfulle varer. Her kjem ei lita oppsummering av garantiane du kan dra deg nytte av:

Kiwi:
- Dobbel pris attende om du ikkje er nøgd med kvaliteten på frukt og grønt. Det er her altså lagt opp til ei subjektiv vurdering av kva som er god kvalitet, så her er det i prinsippet mogleg å gjera seg rik på frukt og grønt som eigentleg er av god kvalitet. Som sparar er me vande med å eta det andre ville ha kasta, men er det kjøpt på Kiwi kan det altså gjera deg rik. Noko me i bloggen har nytta oss av er å kjøpa varer som er dårlege i hyllene, for så å gå rett attende i kassa. Så ver alltid obs på ferskvarer som krydderplantar og bær.
- Finn du varer som går ut same dagen eller dagen etter kan du gå i kassa og få det gratis. Spelereglane opnar her for at det er lov å gøyma unna varer.

Bunnpris:
- Har same ordning som Kiwi med dobbel pris attende for frukt og grønt du ikkje er nøgd med kvaliteten på.

Alle COOP-butikkar:
- Smakar ikkje vara like godt som du trudde den ville, gir COOP deg pengane attende. Òg denne vurderinga er høgst subjektiv, og opnar for at ein kan eta seg mett, for så å få pengane attende. Det er det me i bloggen kallar god stemning!

COOP Marked:
- Viss det ikkje er ferskt brød i hyllene, får du eit COOP-lettbaka brød gratis.

Rimi:
- Uvisst om brødgarantien som gav deg 50 kr i gåvekort om dei var utselde for brød framleis eksisterar. Her er det likevel verdt å prøva seg. Dei reklamerar framleis om at du alltid får brød der vertfall.

Elkjøp:
Har full returrett dei 30 fyrste dagane etter kjøpet, og "komplett vare" kan leverast attende i "tilsvarende stand som når den ble kjøpt". Juridisk sett er det ikkje noko krav om at embalasje ikkje kan vera broten og slikt (med unntak for filmar og spel", noko som særleg kjem fram av at det blir presisert at garantien ikkje gjeld filmar og spel der embalasjen er broten.


Hugs: ta alltid vare på kvitteringa!


Denne lista er langt frå uttømmande. Veit du om ein garanti me ikkje har fått med? Legg den inn i kommentarfeltet. Gjerne frå andre bransjar enn matvarebransjen òg!

måndag 11. oktober 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
800g karbonader til 29,90. Tilbodet er særs godt, me tilrår at du fyller kvota. 2-liter Sørlandsis til 17,90 er heller ikkje dårleg. Findusgrateng 500g til 34,90 er ein vits, når tilsvarande i 450g-pakke stadig figurerar på diverse 10-kronersmarknadar.

* Spar
Sokalla Findus Fryseshow, 40% rabatt på fisk frå Findus. 5 kg poteter til 24,50. Forutan om dette styrar me klar av Spar, me let oss ikkje lure av 400g elgkarbonader (15% elg) til 39,90.

* Mega
Prisane på fårikålkjøt fell vidare, Mega sel no ferskt fårikålkjøt til 29,90 pr kg. Frå før veit me Kiwi førar frose fårikålkjøt til 27,90, me øynar framleis håpet om 19,90. 40-prosentaren denne veka er Dr. Oetker-pizza.

* Prix
Ferskt lammelår 69,90 pr kg frå Skjeggerød, eit rimeleg bra tilbod sjølv om det følgjer med noko bein på kjøpet. Som Joker førar Prix karbonader 800g til 29,90.

* Kiwi
69,90 pr kg for lammelår, elles lite frå Kiwi. Me ventar på Go'helg-tilbodet.

* Obs
50% rabatt på all Coop-kaffi, her trur me ein kan sikre seg mykje nedprisa kaffi! Det er om vintaren Sparebloggen et is, 40% rabatt på all is frå Diplom-IS. Årets billegaste kjøtdeig, Skjeggerød lammekjøtdeig 15,90 pr 400g!

* Rimi
Storlanserar Gilde si kjøtdeig 400g til 24,90, det endar naturlegvis i knall og fall denne veka. Det same gjer 800g karbonader for 39,90, ein tikronar over både Joker og Prix. Me har sett det betre frå Rimi.

Vekas tilbod: Obs si lammedeig 400g 15,90.

søndag 10. oktober 2010

Sprikande kosthaldsråd

av KR

Kosthaldsråda sprikar i alle retningar, kan VG melde, fagmiljøa er splitta mellom lågkarbo og lågkalori. Sparebloggen køyrer ei klårare linje; før eit billeg kosthald. I morgon ventar ny tilbodsrapport frå daglegvarehandelen. God sundag!

torsdag 7. oktober 2010

Fårikålet nærmar seg gryta

av KR

Me har lenge etterlyst lågare prisar på fårikålkjøt, og oppmoda til å vente til sesongen er på hell. I dag kom me over halverte prisar på Kiwi, vår herre skjenkar FirstPrice djupfrose fårikålkjøt til 27,90 pr kg. Me tilrår at ein vurderar eit par posar, i tilfelle me aldri får sett 19,90 i år.

Lat huset lukte av fårikål heile neste veke!

måndag 4. oktober 2010

Tilboda denne veka

av SR

Spar
Norvegia til 59,90 kr/kg har etterkvart blitt eit godt tilbod. Det er bittert for oss å måtte gjera det, men me tilrår altså no ost til 59,90 kr/kg, då tida for 49,90 om ikkje er over, så vertfall er særs sjeldan.

For den urbane kan me tilrå Smoothie på 40%, men ver obs på at det no er mykje billeg frukt og bær på marknaden, som gjer at det nok eg både billegare og betre å laga den sjølv.

Poteter til 19,90 for 1,5 kg er å bli pissa på, særleg for ein bloggar som har hatt helga i potetåkeren, og teke med meg poteter for eit halvt år framover - gratis!

Joker
400 g kjøtdeig (kylling eller storfe) til 22,90 er etande, og klart betre enn 24,90 som me har sett tidlegare. Treng du fersk kjøtdeig for å dela opp i mindre porsonar, kan me tilrå dette! Viss porsonering ikkje er like viktig, tilrår me det frysedisken har å tilby. Store Nidar-plater til 17,90 er heller ikkje å forakta, for den som likar slikt.

Bunnpris
Nedsette prisar på fisk frå Findus, men ver merksam på at det er opp til 40%, ikkje flat rabatt på 40%.

Fersk La Vita Pizza til 19,90 er særs bra, pris og smak sett saman.

Rimi
Har kjøtdeig på tilbod, men det er 24,90 for pakken, noko som altså er høgare enn på Joker. Pizza Riostorante til 19,90 er brillefint! Store sjokoladeplater frå Freia til 16,90 er veldig bra, og eit klart prov på at 40%-aren hjå Spar for nokre veker sidan var svindel.

Mega
40% på undertøy frå Pierre Robert er bra for dei av oss som ikkje er nøgd med det Sparkjøp har å by på.

Obs
Er du hard på på karbonadedeiga får du tre pakkar for 100 kr. Vidare får du fem Pizza Capriociosa frå Coop til 50 kr. Vidare står framleis tilbodet om ti pakkar fiskepinnar for 100 kr ved lag. Til dessert kan me tilrå grøne druer til 9,90 kr/kg, eller for helga Minde sine utvalde på 40% tilbod.

ICA Maxi
Har i skrivande stund tekniske problem, men ryktet skal ha det til 40% på ei rekkje varer, medrekna jogurt.

NB! På veg ut frå min snartur innom Kiwi i dag såg eg i augekroken noko som likna på ein 500g-pakke med fersk storfekjøtdeig frå First Price. Dette lovar bra, men prisen er altså framleis uklart kvar i lende prisen ligg.

fredag 1. oktober 2010

Ei god spareveke

av KR

Det har vore ei god spareveke. Gåvekorta frå Findus gjekk til å kjøpe 15 stk 450g Findus-fiskegrateng på ein 10-kronarmarknad hjå Obs. Det skulle halde til 20-30 middagar. Eg har bestilt gratis bygg- og kveiteris hjå Mølleren, og ikkje minst knipt på ein nærast tom bensintank heile veka. Sistnemnde er i grunn ikkje noko å vera stolt over, ettersom bilhald er galskap. Likevel må det gjerast så sparsomt som råd er.

Alt før den 30 mil lange turen ante eg at noko var gale, bensintankpila bikka for mykje til venstre; mot raudt. Som kjend er Sparebloggen økonomiske (og følgeleg miljøvennlege) sjåførar, og bensintanken heldt heile turen. Dagen etter varsla imidlertid bilen om tom tank, men underteikna køyrde på (i høge gir) i påvente av månadsskiftet. Med bensinkort sikrast ein nemleg rabattar og rentefri betalingsutsetjing med forfall kvar 30. dag i månaden. Undervurder aldri det rentefrie alternativet! Alt handlar då om å fylle tidleg i neste månad, snarare enn seint i inneverande månad.

Det vart nokre spanande køyreturar i påvente av 1. oktober, så klart. Tankane gjekk mot tom tank. Slagplan vart lagt, kven er det lurast å ringe? Lånar bensinstasjonane ut 5-literdunkar? Går det i det heile teke an å kontrollere bensinpistolen når ein fyllar på ein slik dunk? Spørsmåla var mange, og kilometrane gjekk. Onsdag kom. Eg var nær ved å trekke meg. Aldrig! Torsdag kom. Motet var på topp. Fredag kom. Kalendaren synte 1. oktober. Vegen gjekk mot bensinpumpa, kortet vart trekt og smilet kom. Lat heller pengane forrente seg på sparekontoen, enn å ta bensinrekninga nokre dagar før månadsskiftet. 16,5 kroner spart, inkl rabatten, og mange spanande køyreturar.

torsdag 30. september 2010

Gratis gratis!

av SR

ALARM!

Det er berre éin ting som er betre enn varer på tilbod: det som er gratis!

Nyleg har Mølleren kome med sitt alternativ til pasta og poteter: Bygg- og kveiteris med smak. Dette markerar Mølleren med å gje vekk gratisprøver, og det står ikkje noko om at mottakaren må betala for porto, og det er bra!

Så sjekk ut http://www.mollerens.no/Landingssider/

Her er det kanskje moglegheit for å tingja fleire!

God stemning!

måndag 27. september 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Vekas tilbod er Evergood 250g for 14,90. Det er rimeleg, men framleis det doble av Cirkel. Elles går BigOne-pizzaen til 29,90, også det relativt billeg - men dyrt i høve til alternativet. Me let oss stadig sjokkere over hermetikkprisane, denne veka Joikakaker til 39,90 pr boks. Styr unna!

* Spar
Ali kaffi til 10,90 pr 250g, noko som i fylgje kjøpmannen vert 17,90 pr kilo. Me tvilar. Elles ingen særskilt gode tilbod denne veka.

* Mega
Lite å hente her, men entrecôten går no for akseptable 139 pr kg.

* Obs!
3 BigOne-pizza for 90 kr, omlag på det jamne med Joker. 10-kronarmarknaden er imidlertid meir interessant, her finn du mellom anna klassikaren Findus fiskegrateng 450g til 10 kr, ilag med ei rekke nedprisa varer av ymse slag. Her finn du alt i frå pålegg, tøymyknar og ein 4-pk med tannkostar for 10 kr. Me tilrår ein tur på Obs denne veka!

* Rimi
Lammelår i skiver til 99 kr kg er det næraste me kjem tilbod her.

Oppsummert: Coop Obs!

onsdag 22. september 2010

ALARM! Styr unna Spar!

av SR

Dagens plan var å reisa på Spar for å kjøpa mjølk og Walters mandler på 40% tilbod. Me i bloggen har lengje vore viss på skyhøge prisar der i garden, og luretilbod. Men at mjølka no ligg på 15 kr/literen og at 200 g Walters mandler skulle liggja på 20 kr etter 40% nedjustert pris, var likevel utanfor det me i vår villaste fantasi hadde trudd dei skulle nedverdiga seg til. Åtvaringa mot å handla på Spar står med andre ord ved lag.


NB: Lukka var dertil større etter å ha opna konvolutten frå Bunnpris, som etter ei klage sendte meg eit gåvekort på 500 kr. Som sagt: det lønnar seg å klaga!

måndag 20. september 2010

Tilbod veke 38

av SR

Spar
Har denne veka karbonadedeig til 29,90 kr for 400 gram. Dette er verkeleg billeg, men for oss i bloggen er det usikkerheit rundt om det er verdt det, då me aldri har teke oss råd til å kjøpa karbonadedeig til opphaveleg pris. Spar har òg 40% på 200-gramsplater med sjokolade frå Freia. Det står med andre ord Walters på bordet neste laurdag!

Elles har òg Spar hivd seg på trenden med billege bleiar, og slår til med 50%. Me veit me har mange bleieskiftarar som lesarar, og tilrår her rema sitt bleietilbod.

Mega
40-prosentaren denne veka er på skiva ost frå Tine. Me reknar med alle framleis har att ost frå sist det var 40% frå mega på heil ost. Skiva ost er dyrt, og det hjelp då lite at det er 40%. Elles lite å melda.

Kort oppsummert: ikkje gå hit denne veka!

Joker
Slår denne veka stort opp kyllingfilet til 92,15 kr/kg. Her minnar me om First Price sine frosne bryst til omlag 125 for 2 kg. For den merkjemedvitne er det denne veka cola til 9,90 for 1,5 liter.

Rimi
Fårikålkjøt til 29,90 kr/kg er årsbeste denne hausten. Saman med kål til 1,90 kr/kg, ligg den an til fårikål. Denne veka er det òg tilbod på alle store sjokoladeplater frå Nidar til 16,90 kr.

Obs
Har tilbod på store innkjøp. For dei som likar fisk utan fisk, så er det 10 pakkar fiskepinnar til 100 kr. Du får òg åtte kartongar a 1,5 liter til 70 kroner.

Du får òg ein kg avokado til 19,90, noko som er særs bra. Det same er fem kg poteter til 19,90 kr.

Har du ungar som treng jakke, eller er du liten av vekst og treng du jakke, får du Swix-dunjakke til born i alderen 6-14 til 599,-. Er du fullvaksen må du derimot ut med 999 som ikkje er hakkande gale for ei kvalitetsjakke. Saman med ei skaljakke frå Missing Link til 299 er du klar for den norske vinteren med kald vind og yr i lufta.

torsdag 16. september 2010

Ten pengar på butikken sitt dårlege samvit!

av SR

Nøkkelen til suksess på sparefronten er som kjend å aldri vera nøgd og tota mangel på skam. Det er difor viktig å alltid klaga på den minste lille feil, men før du går til butikken må du gjera deg nytte av omlag halvparten av produktet. På den måten får du maksimal utnytting! Det gjer at du i det minste får ny vare, som jo er ein god bonus!

Er du riktig heldig (og dyktig) kan du venta deg større uttelling. I skrivande stund ventar eg på eit gåvekort frå Bunnpris etter å ha ytra min vrede over den lokale sjappa. Slike må rettast til det sentrale eller regionale leddet, då det er dei som er livredde for dårleg omtale, ikkje dei feite butikksjefane som hevar løn uansett. Her er det viktig å diskré leggja ved adressa di, slik at dei lett kan senda ut gåvekort. Dette fungerar - som kjend frå tidlegare innlegg - òg bra retta mot produsentar.


Det er med andre ord ikkje noko negativt om du blir behandla som drit av den kvisete fjortisen i kassa, eller du ser at ein i klovnekostymet på Kiwi legg frukta attende i disken etter å ha mista den på golvet. Dette kan føra med seg gode bonusar om du berre seg deg ned og skriv om det i ein mail, og legg til at "slikt går verkeleg ikkje an!".





Kiwikofta har blitt sett på som ei hån mot urfolket si folkedrakt. Slå det fast i ein mail, og kanskje det ventar eit gåvekort som avlat?

måndag 13. september 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Findus fiskegrateng 450g til 10 kr, etterkvart ein sparebloggklassikar! Me tilrår hamstring, då dette gjev middag til 5 kr per hovud pluss poteter. 400g blodpølse (og lungemos) til 10 kr er også særs billeg, omlag 70% rabatt i høve til veiledande pris. Diverse kjekspakkar til 10 kr kan vera verdt å ta med seg om du må dempe sukkersjuka. Elles tilrår me grovbakst 1 kg til 10 kr pr pk. Ingen lurejoker denne veka, tvert om mykje bra for 10 kr, me er imponerte over denne landhandelen!

* Mega
40% rabatt på fryste pannerettar og fisk frå Findus. I god Mega-tradisjon oppgjevast ingen pris, me vert skeptiske. Pastarettane til Findus er imidlertid billege til veiledande pris (22,90 for 600g), og eit kupp med 40% rabatt! Elles går 5 kg poteter til 19,90, ein sparebloggklassikar!

*Spar
Held òg 40%-fest på Findus sine ferdigrettar, elles lite som peikar seg ut.

*Rimi
Halv pris på bleiar, om du ikkje har folk til slikt. Elles selgast fårikålkjøtet til dyre 49,90 pr kg. Det hjelp ikkje at det er ferskt kjøt, dette skal kokast ihjel uansett! Me ventar framleis på 19,90 pr kg.
Diverse sjokoladeplater (200g) til 16,90.

Obs!
Eg trur piska deg det er bleiekrig omkring i landet! Også Coop-gruppen dumpar no bleieprisane, 2 for 1! Kjøtdeig 400g 22,90, kan tilrådast i små mengder - men vent med storhandelen til 19,90. Obs innleiar elles fårikålsesongen med hovudkål til 0,90 kr, no manglar berre kjøtet (jf det over).

Oppsummert: Ei bra tilbodsveke.

onsdag 8. september 2010

FirstPrice-perler

av KR

FirstPrice leverar stort sett varene i mi og di hushaldning. Me veit kva me får, og det er sjeldan eit billeg FirstPrice-produkt verkeleg imponerar oss på pris. Det er låg pris me forventar! Somme gongar derimot, vert eg rørt og våt i blikket der eg står og ser på prislappen. Eg hadde aldri trudd eg kunne sleppe unna med den prisen. Latteren brer seg så, og varar heile vegen heim. Me serverar denne veka tre utvalde FirstPrice-perler.

Som kjend skal ein ikkje bruke mykje pengar på personleg hygiene. Friske kroppar reingjer seg stort sett sjølv, berre du tek tida til hjelp. Innimellom kan det likevel vera verdt å reinske opp litt, som til juletider eller runde dagar.

*Tannkrem 75 ml kr 4,90
Dette er ei sann FirstPrice-perle, med fluor, som underteikna har nytta seg av dei siste 3-4 åra. Der Solidox sel 75-100 ml for gudane-veit-kva, får nok FirstPrice colgatesmilet til å stivne der tannkremen går med 85% rabatt!

*4 tannbørster kr 9,90
FirstPrice veit at tannhygiene er viktig, og gjev difor alle sjansen til å delta. 4 tannbørster til kr 9,90 er under kr 2,5 pr stk. Ikkje veit eg kor mykje ei tannbørste normalt kostar, men eg vil tippe frå 10x prisen og oppover.

*Sjampo 500 ml kr 7,90
Hårvasken er ikkje lenger noko problem -- med FirstPrice kan du vaske håret minst to gongar i veka! FirstPrice veit dei har med sparsomme folk å gjera, difor står det også "For daglig pleie" på etiketten. Nuvel! Gløym ikkje at dette er konsentrerte saker, som naturlegvis kan vatnast ut!

måndag 6. september 2010

Gode tilbod denne veka!

av SR

Spar
Heilgrilla kylling til 29,90 er ikkje feil, og held til fire middagar, eller to råflotte. Saman med ris, soyasaus og litt potetsalat snakkar me festmåltid. Når det kjem til ris er det denne veka 40% på jasmin- og fullkonsris frå Uncle Ben. Her er det likevel vikitg å samanlikna med andre merkje.
Spar reklamerar vidare med ost frå Synnøve Finden til 49,90. Ver likevel obs på at Spar som vanleg fristar å lura kundane, og sel 720 g til 49,90, ikkje ein kilo. Det er likevel billegare enn vanleg.

Poteter: 5 kg for 24,90.

Joker
Slår seg òg på osten, og har Norvegia til 59,90 kr/kg. Dette er dyrare enn det Mega hadde for nokre veke sidan, så har du att, kan du godt spara deg.

Poteter: Pissar på oss, og slår stort opp 10 kr/kg.

Mega
Har denne veka 10-kronersmarknad, med mellom anna 300 g potetgull frå Kims, 300 g pizza frå coop. Mykje bra, liten tvil om kvar eg skal denne veka. Synd tilbodsvarene ofte er utselde på Mega.

Poteter: 2 kg for 10 kr.

Rimi
God gammeldags fiskegrateng til 19,90 er billeg, men fiskegrateng til 19,90 er generelt ikkje særleg billeg, då det ofte er å få til 10 kr. Smågodt til 6,90 kr/hg er heller ikkje feil. Isbergsalat til 9,90 er ikkje til å grina over heller, men plommer til 29,90 kr/kg klarar me oss utan, og gå heller til naboen sin hage.

Poteter: Ukjend.

Bunnpris
Endeleg har det kome! Fersk kjøtdeig til 19,90 for 400 g. Dette var godt, når det nærma seg slutten på porsjonert kjøtdeig i frysen.

Poteter: Ukjend.

Obs
40% på alle supper frå Toro er bra for dei som er så evneveike at dei ikkje klarar å laga slikt sjølv. Obs har òg hive seg på trenden med Norvegia til 59,90 kr/kg.

Poteter: Ukjend.

torsdag 2. september 2010

Studentposar

av SR

Det sikraste teiknet på haust er når det står store pappkassar utanfor ulike utdanningsinstitusjonar med posar i. Eg snakkar sjølvsagt om dei ettertrakta studentposane!

Det er ikkje ofte merkjevareprodusentane er snille, men i desse dagar kan du få Toro-sausar, Friele-kaffi og Mr. Lie-nudlar hivd etter deg. Det er det me i bloggen kallar god stemning!

Men me skal gje deg nokre tips om korleis du kan utnytta deg endå meir av denne marknadsføringa:

1) Be alltid om to! Om dei nølar, så sei at det er til ein venn, kjærasten, bror din eller noko i den dur. Er det sokalla gute- og jenteposar, så er du ekstra truverdig om du ber om ein av kvar.

2) Kom attende! Dei som leverar ut posane leverar ut fleire hundre posar, og kjenner slik ikkje att meir enn maks 1%. Det er slik store moglegheiter for ei ny runde. Ver likevel obs på å ikkje gjera det om du har særlege kjenneteikn. Blir fort ein pinleg konfrontasjon av slikt. Gjer difor som KR, ta med deg to jakker eller huer denne dagen!

3) Reis frå fakultet til fakultet! Dei fleste høgskular og universitet har fleire fakultetsbygningar. Dette opnar for fleire utleveringar, og slik fleire posar.

4) Klag på produkta! Er det noko feil på produktet, må du ikkje kvi deg for å senda ein mail til produsenten. Her er det viktig å leggja ved adressa. Då ventar det nye forsyningar i posten.

No er det berre å setja i gong. Personleg rekord er seks posar frå same utlevering i 2008. Nokon betre?

tysdag 31. august 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Byrjar hausten med klassikaren surra svinesteik til 39,90 kr kg! Det er edelgris av den reinslege typen, skriv Joker. Elles er det 40% rabatt på sjokolade frå Freia, og er du framleis ikkje nøgd med kaffimaten plukkar du med deg Maryland cookies til 10 kr pr 200 g. Behersk dykk!

* Spar
Kyllingkjøtdeig er ikkje vår favoritt, men Spar førar både den og vanleg kjøtdeig til 24,90 pr 400 g denne veka. Me tilrår som vanleg å vente til 19,90 for kjøtdeig de ordinaire. Elles er det få gode tilbod, men me legg merke til at FirstPrice har lansert eigen ostepop - men prisen er stive 19,90 pr 250 g!

* Rimi
Byrjar så smått fårikålsesongen med å selge kjøtet til 29,90 kr kg. Me trur det er gode sjansar for å sjå 19,90 innan kort tid! Elles går 6 godmorgonyoughurtar til 39,90, billeg nok om du vil ete dyr frukost.

* Kiwi
Varslar denne veka priskutt, me trur dei har bomma på kalendaren.

* Mega
40% rabatt på kjeks frå Sætre. Indrefilet av svin til 129 kr kg er for dyrt, me ventar til dei slår av 40 kr kg. Elles pregast tilbodsavisa til Mega denne veka av slagordet "unn deg noe ekstra", alarmen for stive prisar og skitne triks hermed utløyst!

* Rema 1000
Berre faste tilbod.

* Obs!
Og då er hausten formelt komen, 5 kg poteter til 19,90 pr pk! Me gratulerar samtlege sparar i det ganske land. Som eit apropos fårikålsesongen sel Obs denne veka ei kasserolle på 7,5 l til 199 kr. Me har sett det til under halve prisen, men er du i beit for store kasseroller må dette tilbodet vurderast.

torsdag 26. august 2010

Prissjokk V

av OH

Under vil Dykk sjå to artige bilete frå Meny.
87,60 kr/kg er i utgangspunktet svindyrt. Ein fast lesar av Sparebloggen kjøper sjølvsagt aldri kaffi til utsalgspris.
500 grams forpakning(til høgre) må vel vere billigare enn 250 grams(til venstre), men den gong ei. 91,80 kr/kg er skremmande dyrt.

Her kjem Meny med nok eit skot i foten, og ikkje "Anbefalt av Spareblogen"-stempel denne gongen heller.

måndag 23. august 2010

Tilboda veke 34

av SR

Spar
Tradisjon tru midt i august har Spar ti-kronersmarknad. Her vil me særleg slå eit slag for fiskegrateng, mjølblanding og leverpostei. Som vanleg gjeld regelen om at det må løftast på tilbodsskiltet før du eventuelt hamstrar - ikkje alt hjå Spar er like gode tilbod.

Joker
Spekemat, pålegg og posteiar frå Gilde er denne veka 40% billegare enn vanleg. Er du ein påleggssnobb, er dette ein sjanse til å spara pengar. Er merket ikkje så viktig, så vurder prisane opp mot first price ol. før du eventuelt slår til.

Mega
Har på lik line med Joker 40% på "ferskt pakket pålegg" frå Gilde. Her er det verdt å merkja seg at Mega ikkje alltid har naturlege definisjonar av det dei har 40% på. Så dobbeltsjekk prisen før du legg noko i korga. Er du medlem av samvyrkjelaget kan me tilrå Go'morgen-jogurt til 4,90 pr. stykk. Dette er eit tilbod som er i alle coop-butikkar, og som grusar Spar sitt tilsvarande "tilbod" på 10 kr.

Rimi
Gjekk du glipp av Norvegia på tilbod hjå Mega sist veke, har Rimi Norvegia til 54,66 kr/kg. Vidare får ein pære, eple og appelsiner til 9,90 kr/kg. Vil du ha noko å leggja osten din på, kan me tilrå pizza orginale til 15,90.

Generelt merkjar me oss at potetene jamt over ligg like under åtte kr/kg no. Dette lovar bra, men me minner om at det vil koma under fire med tida.

måndag 16. august 2010

Tilbod veke 33

av SR

Nytt skulesemester er i gong, og i desse tider er det viktigare enn elles å ikkje følgja straumen. Nye og uerfarne studentar og studiner går som kjend naivt til næraste butikk. Link likevel opp med desse, og sprei den glade bodskapen om Sparebloggen!

Spar
Har denne veka 40% på både kaffi og melonar. Vidare fortsetjer trenden frå i sumar med bogskinke til 16,90. Elles noterar me oss at kiloprisen på reker har gått opp til 19,90 kr/kg.

Prix
Har denne veka 2 for 1 på eit mindre utval produkt, mellom anna dei svindyre knekkebrøda frå Solruta. Her er det mogleg å gjera eit kupp for den som allereie har lagt seg til dyre vanar.

Joker
"Ukens joker" er denne veka 40% på eit utval Big one og Grandis. Her er det verdt å merkja seg at viss det er tomt for tilbodsvarene, har ein krav på ein verdikupong som gir deg rett til vara neste veke for same pris. Slikt går ikkje upåakta hen!

10-aren denne veka er 12 tacoskjell. Dette må likevel kunne kallast eit dårleg tilbod, då tacoskjell er noko 90-tals.

Bunnpris
Slår stort opp om priskrakk på 20-50%. Dette skal likevel vera permanent, så det er liten grunn til å hamstra. Er det planar om å ha taco på menyen, tilrår me likevel ein tur innom Bunnpris. Elles lite å melda om utover dei faste prisane. Rådet om å ikkje kjøpa anna enn det som er på tilbod i denne butikken står framleis ved lag, og erfaring tilseier at ein bør vera merksam på datostemplinga.

Mega
40% på all ost av typen Norvegia gjer at orginalen no er å få til brillefine 50 kr/kg. Her er det berre å rekna på forbruket, sjå opp mot best før-dato, og kjøpa det du treng. Her i huset er tre kilo ost i kjøleskapet, KR har sikkert meir. Heilgrilla kylling til 29,90 er heller ikkje til å grina over, og utgjer fort fire måltid åleina. Har Freia Melkesjokolade til 19,90 for 200 gram, men me avventar til Walters kjem til 16,90. Er du glad i frukt og grønt, tilrår me sjølvplukk på utvalde frukter og grønasker til 10 kr/kg. Ein slik kilopris på mango er eit godt gamaldags røvarkjøp!

fredag 13. august 2010

Handlekørja

av KR

Me ser stadig sløseri på daglegvarebutikkane, og vil med dette koma med ei oppmoding til alt godtfolk. Legg i frå dykk handlekørja, handlevogna og andre artefaktar med stort volum. Daglegvarebransjen kan verke snill som byr på gratis handlekorg eller -vogn, men bak ligg det kyniske tankar. Jo større vogn du trillar rundt med, til meir ramlar også nedi. Gå difor rakrygga forbi handlevognene, målretta med di handleliste og bær med deg alt du skal ha i armkroken. Med dette handlar du meir rasjonelt, og unngår impulskjøp og anna fjaseri. Det du ikkje klarar og bære ut, treng du heller ikkje!

Om du mot formodning ikkje lyttar, og likevel nyttar, ei handlevogn. Sørg ihverfall for å putte på ei stoppskive istadenfor ein tikroning. Selg så handlevogna di til kunden som kjem forbi til kr 10. Kunden vil nok takke mykje, men aldri har du vel fått betre betalt for eit stoppskive.

måndag 9. august 2010

Vekas tilbod!

av KR

Er matlageret tomt etter sumaren, kanskje har du vorte fråstjåle hermetikklageret? Her er vekas tilbod!

* Joker
Vekas Joker er grillpølser til 48 kr/kg, ikkje særleg billeg med omsyn til andre pølser denne sumaren (~30 kr/kg). Vekas tikroning er ein bunt gulrot, vekt ikkje spesifisert.

* Kiwi
Har eit purrehovud som kundeavis denne veka, der dei skriv noko om moms på frukt og grønt og sånt.

* Mega
40% rabatt på frosenpizza, som vanleg ingen pris oppgidd. Synnøve gouda 1 kg kr 49,90, det er lenge sidan me har sett ost til under 50 kr/kg og tilrår difor folk å hamstre kvitost no! Fransk yoghurt 4x125g til 9,90, som er rimeleg billeg. Elles går ei rekke frukter til 10 kr/kg, me nemner bananar, druer, mv.

* Prix og Rimi
Inga kundeavis denne veka.

* Obs
40% rabatt på all Findus. Normalt er FirstPrice eit billegare alternativ kva gjeld fisk, men 40% rabatt på eindel av dei billege ferdiggryterettane kan vera rimeleg middag (veil pris 600g 23-24 kr). Elles sel dei denne veka kassegitar til 699 kr, kan vera eit bra sjekketriks om du vil verta ein guitar douchbag. Det held som kjend å mikse tre grep, og synge sårt om daglegdagse emner:



* Spar
Vartar òg opp med det dei kallar pizzafest, frosenpizza med 40% rabatt, men dei har ingen gitarar!

Vekas tilbod: 40% rabatt på Findus, av dei 75 produkta kan det her ligge nokre gulltilbod. Elles tilrår me handel på kvitost til under 50 kr/kg.

tysdag 3. august 2010

Vekas tilbod

av KR

Fyrst av alt ber me om orsaking til sparar i det ganske land for at spalta ikkje vart oppdatert måndag, slik tradisjonen tilseier.

* Joker
Lanserar denne veka kjøtdeig 400g til 24,90 pr stk, me reknar med dei fleste hamstra hjå Coop til 20 kr førre veke. Leverpostei frå Mills er vekas 10-kroning, og med 51 kr/kg kan me tilrå dette produktet på det sterkaste!

* Obs
2 steikepanner 20 og 26 cm diameter til 99 kr denne veka. Eit kupp for ei kvar hushaldning som til no berre har hatt høve til å koke maten! Røkte kjøtpølser til 33 kr/kg er også rimeleg bra. Bananar kjøpast aldri til over 10 kr/kg, og Coop innfrir så vidt denne veka med 9,90.

* Prix
Som førre veke.

* Mega
Heilgrilla kylling 26,5 pr/kg. Elles er det mange luretilbod hjå Mega denne veka, som døme kan nemnast den røktekjøtpølsa som hjå Mega kostar 70% meir enn hjå Obs denne veka.

* Rimi
Som førre veke.

* Kiwi
Grillpølser av svin og kylling 31,5 kr/kg. Elles har Kiwi har dårleg omsetnad på den dyre svinefileten sin i sumar. Dei har no marinert den, og sel den framleis til 149,90 pr/kg. Styr unna!

* Spar
40% rabatt på Evergood, men tru ikkje at den kaffien får ein folkeleg pris av den skuld. Me tilrår framleis Cirkel. Elles er det fleire 40%-tilbod utan nærare prisspesifikasjon i Spar si kundeavis. Dei er vel smerteleg klar over at dei normalt ikkje kan konkurrere på pris!

Vekas tilbod: 2 steikepanner til 99 kr!

torsdag 29. juli 2010

Test: First Price leverpostei

av SR

Sjølv om me som hovudregel er uvanleg positive til billegprodukta, legg me ikkje skjul på at ikkje alt er verdt å bruka pengar på, grunna dårleg kvalitet. Me ser det difor som naudsynt å testa produkta.

Faktaboks
Produkt: First Price leverpostei.
Pris: 78 kr/kg (billegaste på marknaden!)

Funksjonalitet 4 av 5
Enkel og grei pakning, som ikkje er fancy, noko som gjer den billegare. Minus for rund boks i staden for firkanta, då det blir vanskelegare å skjera posteien.

Appetitt 5 av 5
Om det er den lite fancy innpakkinga som gjorde det er uvisst, men eg hadde lenge ein sterk skepsis til posteien. Overraskinga var difor stor når eg såg den brillefine steikeskorpa. Når posteien kom på skiva var overraskinga total. Posteien er lett å smøra ut, og har ein herleg smak av gul- og kvitlauk. Saman med litt agurk snakkar me eit herremåltid til lunsj!

Fordøying 5 av 5
Glir lett ned, og medførar ikkje ekstrakostnadar knytt til toalettpapir og anna.

Sparebloggen; testar eitt steg lenger!

Tilråding: Kan absolutt gå god for dette produktet, og me har allereie bytta du den 2 kr/kg dyrare danske varianten til Tulip som fåast kjøpt på Rema.

måndag 26. juli 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Sumarstilla har senka seg over landet, og Joker trur kundane har teke siesta. Ingen gode tilbod denne veka.

* Spar
40% rabatt på diverse iskrem, men pass på prisen. Ytrefilet av svin til 99 kr kg, me etterlyste for litt sidan dalande prisar, her kan det vera meir å gå på.

* Rimi
Nytt solstikk. Dei førar framleis pølser til 130 kr kg.

* Mega
40% rabatt på diverse iskrem, også hjå Mega. Røra syltetøy 600g til 16,90 pr stk, trur me er billeg. Diverse grønsaker og frukt til 9,90 pr kg er ikkje å forakte.

* Obs
We're back! 5 stk kjøtdeig frå Gilde (400g) til 100 kr. Kom dykk åt kooperativet og kjøp! Nakkekotelettar til 29,90 pr kg som ein god nummer to. Potetprisane stupar som venta vidare, men 8,90 kr kg er ikkje heilt sparebloggpris.

fredag 23. juli 2010

Billeg rekelag

av SR

Media har den seinar tida både meldt om rekekrig og rekordhøge prisar på reker. Prisane går med andre ord både opp og ned. Alle butikkar har no frosne reker til omlag 15 kr/kg, noko som gjer at ein lett held seg innanfor den magiske 20 kr/person for middag, sjølv om reker av somme er sett på som eksklusiv mat.

Den ukritiske sløsar vil nok seia at både smak og storleik er betre for ferske reker. Sjølv har Sparebloggen den siste tida invitert og blitt invitert til fleire rekelag, og kan absolutt gå god for kvaliteten, og storleiken er heller ikkje noko å utsetja på!

Sjølv i tilfeller der du har kome opp i ein situasjon der du treng reker ASAP (ein særs sjeldan situasjon), er det heller noko som tilseier at du ikkje skal velja billege, frosne reker. Sparebloggen har motteke og prøvd ut eit husmortips som gjer frosne reker eteklare på kort tid. Du treng:

- Frosne reker
- Ein balje
- Varmt vatn
- Eit bord
- Aviser

Legg dei frosne rekene i baljen, og tøm varmt vatn over dei. La dei stå i fem-ti minutt, fyll gjerne på med varmt vatn viss det blir kaldt undervegs. Sil av vatnet, og legg aviser utover bordet. Tre sider i høgda er tilstrekkeleg. Sprei så rekene utover avisene, men unngå at dei ligg oppå kvarandre. Legg gjerne aviser oppå rekene igjen, så hindrar du floger ol. tilgong, samstundes som at rekene tørkar fortare. 20-30 minutt slik er tilstrekkeleg, og du har eteklare reker på 1-2-3 - og dei smakar som ferske!

onsdag 21. juli 2010

Prissjokk V

av OH

Denne plakaten ser ganske forlokkande ut, kiloprisen er under tilbodet til Joker denne veka.

Når eg gjekk lengre og lengre inn i butikken vart tilboda betre og betre. Som erfaren sparar, tek man sjølvsagt turen heilt inn i kroken i butikken ved panteautomaten.






Tilbodet ser jo fantastisk bra ut. Eg er i ferd med å ta med meg 1,2 kg grillpølser frå Gilde til under 32 kr/kg i det eg snur meg, og ser følgjande:






Det var rett og slett ikkje til å tru! Frosne grillpølser frå same produsent, til RÅFLOTTE 19,90 kr for 1,2 kg!! 16,58 kr pr kilo!

Er det mogleg? Dette må vere tiårets prissjokk! Sparebloggen anbefaler alle til å fylle opp frysar og det som er!

Rimi Sædalen i Bergen er vekas vinnar.
Godt det er noko som varmer ein ellers regnfull by når me les 21. juli i almanakken.

tysdag 20. juli 2010

Prispress på jordbær?

av KR

Ein ivrig lesar, og jordbæretar, har tipsa oss om at Grøntprodusentenes Samarbeidsråd no varslar prisauke på jordbær. Dei hevdar no at etterspørselen er større enn tilbodet, og at prisane berre kan gå ein veg. Dette marknadssynet underbyggjast òg av langtidsvarselet. Det same kan ein disponent hjå Coop bekrefte. Så klart vil etterspørselen auke når ei korg går til 10-15 kr stk, seier vår lesar, spørsmålet er kor vidt denne etterspørselen vil vedvare når prisane doblast eller tredoblast. Dette marknadsutspelet tek vår jordbæretar med stoisk ro, for han hamstra så seint som i dag tjue korger til 14,90 kr stk på Rema - og tilrår samtlege med stor frys å gjera det same før daglegvarehandelen får snudd seg rundt! Rundt om i distrikta er det, som i juni, framleis rå å få jordbær til 10 kr korga direkte frå bonden.

Dette var Sparebloggen sitt innlegg nr 100, me feirar med billege jordbær og gjer klare for 100 til!

måndag 19. juli 2010

Tilbod veke 29

av SR

Spar
Lite nytt frå Spar denne veka. Har grillpølser til 19,90, slik som alle andre i desse tider. Vidare imponerar ikkje Big One til 29,90.

Rimi
Er ein bløff som framleis brukar mange sider på å presentera produkt utan pris. Dette er nok eit tips dei har fått frå PR-rådgjevar, for prisane er ikkje særleg å syna fram.

Obs
Har teke sommarferie. Er det same tilboda som tidlegare.

Prix
40% på melonar er ikkje feil i sommarvarmen. Pin up og Lollipop til 16,70 er ikkje berre ein orginal pris, men òg ein bra pris for 10-pakk. Sommarkotelettar til 27,90 er òg bra. Med reker til 15,90 ligg det an til sommarfest!

Joker
Dr. Oetker Ristorante til 14,90 er særs bra for verdas einaste (særs) gode vegetarpizza. I desse tider med dyre poteter er det verdt å forsøka å erstatta det med blomkål til 10 kr stykk.

laurdag 17. juli 2010

Gjenbruk av kaffigrut

av KR

Kaffi. Desse brende bønnene som verkar oppkvikkande og vanedannande. Lenge var kaffien ei eksklusiv vare, men det losna på 1800-talet då importtollen vart redusert og produksjonen auka. Likevel kokte folk på same gruten veke etter veke utover 1900-talet, og etter kyrkjekaffien kunne det vera stor rift om den ferske kaffigruten. Ofte kunne det vera kaffien som gjorde folk til kyrkjegjengarar. Vanedannande det òg.

Dei siste tiåra har imidlertid daglegvarebransjen kutta prisane ytterlegare, og i dag kan ein nyte oppmalen Cirkel frå 35 kr kiloen. Likevel fins det store moglegheiter for sparing, då gamal lærdom i dag er gløymt. Kaffigruten er som århundra før oss, den kan brukast fleire gongar. Når kaffibøndene har brukt timar på plukking, burde du vise meir respekt enn å kaste bønnene etter ei trakting! Sparebloggen syner deg korleis.

Etter ei normal trakting ligg gruten i filteret att som støypeforma til ei trakt. I dette ligg det òg at mykje av gruten opp langs sidene på filteret knapt har rørt vatn. Ikkje berre er gruten god å trakte fleire gongar, men kaffitraktarane utnyttar gruten dårleg. Her ligg det ein dobbel besparelse i høve til tidlegare tiders kaffikoking, der all gruten vart eksponert for same mengde vatn. Ta difor fram ei skei og dytt gruten inn mot senteret av filteret, lag gjerne ein topp i senter då det er her vatnet i hovudsak treff. Fyll på med nytt vatn, men redusér mengda vatn med 1/3. Om du til vanleg traktar mild kaffi, kan du med fordel halvere mengda vatn.

Med dette er det ingen grunn til å fortvile når gjestane er i ferd med å drikke opp kaffien. Smil og spør om du skal sette på ei kanne til. Gode vertar les òg Sparebloggen!

Gjenbruk er ikkje berre besparande, det er miljøvennleg - og følgeleg moderne!

måndag 12. juli 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Gildepølser til 33 kr kg er fair, men framleis femkroningen under FirstPrice. Vannmelon til 6,90 pr kg er bra, og ihvertfall billegare enn anna vatn i daglegvarehandelen! Om du framleis ikkje er lei kotelettar sel dei Gilde sine til 39,90 pr kg, også dette vesentleg over FirstPrice sine tilsvarande.

* Spar
Heilgrilla og nygrilla kylling til 29,90 pr stk er ikkje gale når kyllingen er på størrelse med ei høns! Skinkeboks til 17,90 kr stk indikerar at spamprisane er på veg oppover att. Spar prøvar å fine seg inn hjå sjømatelskarane denne veka, men å tilby frosne reker til 19,90 pr kg og frosne kamskjell til 89,90 pr kg imponerar ingen. Krabbeklo til 139 kr kg synast også lite apetittvekkande... Om du då ikkje er på danskebåten, drita full på ein buffet.

* Mega
Tilbyr denne veka marinert flintsteik til 39,90, og har med andre ord har dårleg sal i kjøtdisken så langt denne mnd. Coop-kaffi 250 g til 9,90, framleis ei krone eller to dyrare enn Cirkel. Potetprisane stupar til 9,90 pr kg, me ventar likevel til hausten og 3,90 frå FirstPrice.

* Obs!
5 grandisar for 100 kr kan tilrådast dersom alternativet er dyrare kjappmat. At prisen på pork bellies er stigande har me registrert, og denne veka slår Coop til med svindelen "Sommerskinke" som i realiteten er noko så enkelt som ei surra skinkesteik til 119 kr kg! Pjuk og pjuk me lengtar attende til førjulsvintaren sine 34,90 pr kg! Det ligg då i korta at me heller ikkje kan gå god for ytrefilet av svin til 149 pr kg, her forventar me nærare 50% rabatt. Coop avsluttar tilbodsveka med å by på 40% rabatt på blåbær med slagordet "5 om dagen!". Det kan ein neppe klage på.

* Rimi
Har denne veka fått handleliste frå tidlegare eigar, Stein-Erik Hagen. Den rommar for det meste pølser, og det til 105 og 129 kr kg. Me styrar unna! Det same gjeld den frosne auren til horrible 134 kr kg. Kva då med kylling til 163 kr kg, eller karbonader til 193 kr kg? Me får lyst til å banne når farse kostar meir enn entrecôten i same butikk! Etter denne sørgelege førestillinga kjøper me med oss tørkerull frå Euroshopper til 20 øre meteren.

Dette er ikkje godt nok!

måndag 5. juli 2010

Historie: Den store ølkrigen 2003-2004

av KR

Sparebloggen veit det er stor interesse for forbrukarhistorie, og kva er ikkje meir interessant enn krigshistorie? I papiravisene 2003/04 kunne ein lese bekymringsmeldingar om stadig billegare alkohol, boikottar og storm i ølglasa. Me lanserar med dette historia om Den store ølkrigen, der underteikna var sentralt plassert på konsumentsida.

Opptakta - avtalebrotet på Vålerengen
Allereie i midten av mai 2003 kunne ein føle at stemninga hadde skifta. Fotballklubben Vålerenga hadde avbrote samarbeidsavtalen med austlandsbaserte Ringnes, og istadenfor skrive sponsoravtale med Hansa/Borg med base på Vestlandet. Ringnes gjekk til motangrep og inviterte Vålerenga fotball sine fans, Klanen, til vorspiel med sterkt subsidierte ølprisar i bryggeriet sine gamle produksjonslokale på Grünerløkka. Serveringa byrja så tidleg som kl 15 på dagen, og markerte byrjinga på samarbeidet mellom Klanen og Ringnes. Dei færraste kommentatorar kunne ha førestilt seg hendelsesforløpet etter maidagane 2003.

Boikott av Ringnes - Austland mot Vestland
Ringnes gav seg ikkje og gjekk til direkteåtak på Sørvestlandet si perle Tou bryggeri. 100 tapte arbeidsplassar sumaren 2003. Nedlegginga møtte kraftige reaksjonar, og sjølv næringsministaren ville ta del i boikotten av Ringnes. LO aksjonerte på lokalbutikkar, og meinte dei hadde rett til ransaking av handleposar. Ølbryteri vart det omtala som, det å kjøpe Ringnes, omlag like straffbart som streikebryteri.

Krigsutbrotet - seinsumaren 2003
Den følgjande biten av historia har to versjonar, omlag som norsk etterkrigshistorie fortalt av anten Francis Sejersted eller Berge Furre.

Hausten kom og prisane dalte med temperaturen. Når me såg oktober måtte Hansa rasjonalisere, og kutte 30 millionar kroner. Ringnes meinte det var Hansa som byrja, medan Hansa meinte Ringnes stod bak då dei i forsøk på å gjera seg populære etter Tou-nedlegginga hadde senka prisane kraftig. Dette fekk Ringnes til å skumme over av raseri, for i følge dei vart Ringnes tvungne til å senke prisane etter at Hansa hadde senka prisane på Borg-pilsen. Difor måtte Ringnes lansere Tuborg som eit lavprisøl. Både Hansa og Ringnes var imidlertidig einige om at dei begge tap(p)ar på priskrigen, og at konsumentane er dei einaste vinnarane.

Samtidig på Bankplassen 2: Svein Gjedrem kjempar hardt for å få opp prisveksten i Noreg ettersom kinesiske klede, flyreiser og øl stupar i pris. I tillegg styrkar kronekursen seg. Medan industriarbeidarane byrjar å frykte for arbeidsplassane sine igjen, så vart ihvertfall lønningspilsen billegare!

Skotet i Neckarsulm
Daglegvarekjedene melder seg på, og tryggar kontroll over priskrigen. Rema 1000 senkar Grans premium (0,33 l) til 8,50 per flaske. Bunnpris følgjer for eingong skuld opp og reduserar Seidel til 7,90 per flaske (0,33 l). Ein måtte attende til 1980 for å finne tilsvarande låge ølprisar i Noreg. I Baden-Würtemberg besluttar Lidl å innta norsk daglegvarebransje, og aktørane i Noreg fryktar dei vil nytte det tyske ølvåpenet. Med Big Bertha friskt i minne held Rema 1000 korta tett til brystet, vel vitande om at dei har forplikta seg til "bare lave priser".

Det bryggar opp til ny ølkrig
Og FrP sin helsepolitiske talsmann, klovn og sunnmøring god som nokon, Harald Tom Nesvik, jublar for billeg øl. Endeleg får det norske folket moglegheit til å kjøpe ei heilt lovleg vare til ein fornuftig pris, altså berre tre gongar dyrare enn elles i Europa. Helseministar Dagfinn Høybråthen (KrF) og sosialministar Ingjerd Schou (H) vil imidlertid sjå på om prissenkinga er lovleg. Det synte seg raskt at den var lovleg ettersom Staten mottok dei same avgiftskronene som tidlegare. Så langt er alt vel i Regjeringskvartalet, men me tilhøyrer som kjend eit korporativt system. Det slyngar merkeleg nok Juvente inn i debatten. Dei hadde lenge sett seg forbigått i diverse priskrigar på bensin, men fekk no endeleg sjansen til å sløkke brannen med gasolin. Dei minna aktørane om at det snart var russetid, og at ølsalet ville gå til himmels dersom dei låge prisane vedvarte så lenge.

Våren 2004 - øl til under kostpris
Dagen etter utspelet frå Juvente senka Kiwi, Rema 1000 og Coop Prix flaskepilsen til 6,50. Avgifter og moms på 0,33 l tilsvarte 6,61 kr. Ingenting er betre enn å verte påspandert pils, og ikkje eingong den norske avgiftspolitikken kunne lenger senke forbruket. Det hoppa folk ut glaset frå sosialministaren sitt kontor den dagen. Likevel; humørspreiar og helseministar Dagfinn Høybråthen (KrF) heldt fram at det er ein samanheng mellom pris og forbruk. Sjølvsagt riktig, og nettopp difor hadde regjeringa Bondevik vedteke ei kraftig auke i talet på Vinmonopol og senking av alkoholavgift eit halvt år tidlegare.

Samtidig omkring i Noreg; bareigarar vert dei nye kjendisane. Lokalaviser rapporterar om utepils til 10 kr, og eit totalt frislepp av chilinøtter.

Svenskeølet når grensa
Rema 1000 finn seg ikkje i at dei norske avgiftene på 6,61 kr per 0,33 l pils skal utgjera eit tak for norske ølprisar. Ein variant med 3,5% lanserast til 3,90 kr, og med det vart staten avspist for avgifter medan forbrukarane struta kvar ei flaske.

Øldunsten når direktoratet
Når norsk avgiftspolitikk vert truga i å verte skoten sund i småbitar plar byråkratiet å reagere raskt. Som seg hør og bør kallar Sosial- og helsedirektoratet inn til møte, og det endar i semje om å utarbeide ein veiledar om prisfastsetting av øl etter alkohollova. Korrekt og statleg styrt marknadspris vert heretter lik avgifter og moms pluss normal avanse. Kven hadde trudd norske myndigheiter skulle bry seg slik om daglegvaremilliardærane si avanse? Det gjorde ihvertfall ikkje SV ved Olav Gunnar Ballo som meinte at på dette området fungerte marknadskreftene akkurat slik dei burde gjera. Coop, NorgesGruppen, ReitanGruppen og den baren Arnie "Skiffle-Joe" Norse spelar på, reagerte straks - og varsla prisauke.

Kort tid etter fekk du kjøpt brus til 3,27 kr litaren, men det får verte ein annan gong!

Sparebloggen; din samtidshistorikar.