fredag 29. januar 2010

Horoskop for sparar del II

av KR

Normalt er me for sparsomme til å slite tastaturet med astrologi, men her kjem del 2 av den populære triologien "horoskop for spararar"!

Tyren
Sparinga med familien er for tida følelsesmessig og intens. Dine håp og draumar for framtida spelar inn, så grip moglegheitene. Spar inn der det gjer både godt og ondt.

Motto: Vel det rette for deg og dine si lommebok.

Tvillingane
Du vert for tida lettare rørt over god sparing, og det er på tide å dele dine spareerfaringar med dei som står deg nærme.

Motto: Del det beste med din neste.

Krepsen
Di eller din sambuar si sparing, eller eventuelt ei sparegruppe, set for tida i gong nokon sine følelsar. Du vil snart få ein god grunn til å feire, kanskje nokre kroner på gata eller noko anna kjem din veg det neste året.

Motto: Intense sparetider krever den rette.

Løva
Du opplever for tida eit stort ynskje om å opprette eit hushaldningsbudsjett. Tanken har modna lenge, og du har no endeleg turt å ta steget fullt ut. Ein av fullmånane dette året er ditt teikn, vis deg frå di beste side til dine sparevennar.

Motto: Dessutan står Mars i Venus.

onsdag 27. januar 2010

Horoskop for spararar del I

av SR

Steinbukken
Det byggjer seg opp til intrigar og maktspel i samband med jobben eller karrieren, men ikkje la det gå utover økonomien. No bør du vita kva du vil, og kva din makspris er.

Motto: Ver deg bevisst.

Vannmannen
Det kan skje ein av to muligheiter i samband med kjærleikslivet ditt denne veka. Anten blir nøydd til å kjøpa noko du ikkje burde, eller så kjem du og din kjære partnar til å semjast om sparing. Her kan det liggja ei konflikt i lufta. Ha det litt i bakhovudet før du bestemmer deg for kva du vil gjera.

Motto: Alt eller intet.

Fiskane
I jobben eller det du held på med til dagen kan det oppstå diskusjoner. Skal de gå for det billige, eller det det dyre men litt fancy. Har du ei overorda stilling, vil du merka tumultane på avdelinga, men hugs: tenk med lommeboka! Det kan bli vanskeleg i lengda om ikkje du røskar opp i økonomisk ukultur, i verste fall kan det gå på ditt velvære laus.

Motto: Behold hovudet kaldt.

Veren
Søkjer du tilboda, finn du dei hjå dine vener, kjende eller arbeidskollegaar. Det er aldri flaut å invitera seg sjølv på middag. Skal du delta på eit kurs eller et seminar, kan du rekna med du kan snika unna både såpe og mat under buffeten. Men du bør vita kva du gjer. Eit dårleg forsøk på snylting kan få større konsekvensar enn du anar.

Motto: Bruk dømmekrafta, og start i det små.

måndag 25. januar 2010

Ein dårleg start på veka

av SR

Spar: Aldri har vel namnet vore meir ironisk enn denne veka. Tidlegare har dei generelt dårlege tilboda blitt redda av kjøtdeig til 19,90 ein gong i mellom. Denne veka er prisen skrudd opp til 24,90, og det har til og med blitt slengt på eit "best pris"-merke. Sjølv etter Rema si prisjustering er fastprisen deira på kjøtdeig i snabb framleis billigare enn denne "tilbodsvara".

Er du av dei som vil leva ekstra sunt er det denne veka 40 % på alle varer frå Vita Hjertegod.

Joker: Det er gradiosaveke hjå Joker! Nasjonalretten frå Sunnmøre får du denne veka for 19,90.

Denne veka kan du òg få pærer av typen Conference til 9,90 kr/kg. Desse er ikkje ulike Keiserinnepærene, noko som gjer at dei fungerar godt som avføringsmiddel ved store inntak.

Jokerkuppet denne veka er likevel 6-pakk med store egg til 10 kroner. Dette er nesten tilsvarande prisen på 18 medium egg frå firstprice (27,90).

Mega: Har gått vekk frå 40% på saker og ting, og gått over til det mindre imponerande 25%. Denne veka er det snacks frå Kims.

Det som derimot er godt nytt frå Mega er Synnøve Finden sin kvitost til 49,90 kr/kg. Det skal bli vanskeleg å finna det billigare enn dette i år, sjølv om fjoråret baud på 39,90 ved eitt høve.

Skinkeboks på 325 g til 19,90 er heller ikkje feil!

Coop Extra: Denne matbutikken imponerar ikkje på mat, men lokkar denne veka med tre DVDar for 99 kr. Det går likevel ikkje fram kva filmar tilbodet gjeld, og Sparebloggen står slik ikkje ansvarlege viss det er NRK som smir seg på desperate foreldre med å landsera Drømmehagen på DVD.

Obs: 40 % på alle ferskvarer frå Prior (minus egg) er på ingen måte feil. Pass likevel opp for kyllingkjøtdeig som har fast låg(are) pris på hjå Rema.

Men alt er ikkje berre elende. Denne veka blei me merksame på at First Price har Penne (pastarøyr) til 6,90 kr/kg. Dette er godt nytt, og er eit bra utgangspunkt for pasta carbonara til 15 kr middagen.

laurdag 23. januar 2010

Gis bort - desse to vakre orda

av KR

Gå inn på finn.no, vidare til "Torget" og velg "Gis bort" i menyen over søkefeltet. Ei heilt ny verd vil opne seg; folk gir ikkje berre bort - dei opnar sin heim og ber deg koma inn og forsyne deg! Me er ikkje vanskelege å be, og vil i det følgande innrede ei leiligheit med gratisvarer frå finn.no:

Det viktigaste fyrst. Klassisk svartmale piano hentast gratis på Bøler, og bærast fem etasjer ned (apropos). 44 treff i kategorien "Data og tele" er nok for dei fleste, her finn ein for det meste stasjonære PCar, skjermar og skrivarar. Kan ein ynskje meir?

Jau, strikkemaskin busett på Inderøy gis bort. TVar gis bort over ein lav sko på finn.no, me klarde å finne oss ein gratis TV frå B&O. 48 treff i kategorien "Hvitevarer", her kan du velge mellom oppvaskmaskiner, mikrobølgeomnar, komfyrar, vaskemaskiner og andre kvitevarer.

Bord og stolar til di stove, samt ein eldre seksjon. Til dette treng du to stykk stilfulle lenestolar, med passande salongbord i eik. Til dette høver også ein dansk design-omn (sikkert gode greier).

Badet kjem ein ikkje unna, og med gratis vask og toalett kjem du langt, men gløym for all del ikkje bidé. Når badet er gjort må kjøkkenet naturlegvis takast, komplett Norema-kjøkken tilpassa ditt ringe behov.

For å samle all den gamle dritten din, kan du hente 60 banankasser gratis på Røyken.

måndag 18. januar 2010

Vekas manglande tilbod

av KR

* Joker
Joker fører kyllingfilet til 92 kr kg denne veka, som om ikkje dette var nok inneheld svindelen dei magiske orda "Maks 5 pk pr. kunde". Vidare billeg er det imidlertid ikkje, og Mega har same tilbodet til 89,90 pr kg. Neste vare på blokka er Ola Dunk-favoritten løvstek, som Joker sel til hasardiøse 174 kr kg. Styr unna, totalkollaps frå normalt solide Joker.

* Rimi
Vekas luretilbod frå Rimi er karbonadedeig til 39,90 per 400 g. Som vanleg ventar me til 19,90 for kjøttdeig. Som naudløysing for dei som er tomme kan kjøttdeig av svin nyttast, denne går for 24,90 per 400 g på Rimi (obs, maks ein pk per sparar!). Rimi tek ein Joker, men sel kyllingfileten til 166 kr kg. Rimi har lagt ut enno ei sparefelle denne veka, steinbitfiskekaker til 50 kr kg. Det dei imidlertid ikkje fortel oss er at desse sokalla steinbitfiskekakene inneheld 15% steinbit. Me gjekk nesten på kroken.

* Coop obs!
Ingen nemneverdig gode tilbod denne veka. Dei prøver seg også på kjøttdeigsvindelen.

* Mega
Kyllingfilteten kan under tvil tilrådast, sjølv om me ikkje har for vane å kjøpe kjøt til 89,90 pr kg. Styr langt unna karbonadedeiga til Mega, sokalla "fast lavpris" er 44,90 per 400 g. Dersom du let Mega gjera jobben for deg, sel dei ferdige karbonader til 32,90 per 800 g (!). Forstå det den som kan, men dette er ein definitiv godbit!

* Prix
Me gir oss ende over! Prix sel dei same karbonadekakene til 24,90 per 800 g! Her skin sola, dette var gule prisar!

Generelt ein særs dårleg start på veka, men Prix sine karbonadekaker kan tilrådast på det sterkaste!

torsdag 14. januar 2010

Spareunderhaldning på tv

av SR

Kringkastarane har dei seinare åra teke sparing meir og meir på alvor. Ikkje berre kuttar dei stillingar i stor stil, òg programma blir meir og meir relevante for oss. Me har tidlegare vore inne på Luksusfellen på TV3 som byr på alletidars fryd, altså skadefryd. Ikkje noko er som å sjå på dei taparane som ikkje er ein av oss.

Vidare har den elles så kostelege (på fleire måtar) Eyvind Hellstrøm òg gitt oss spararar eit andlete utad. Med sitt program Hellstrøm rydder opp, og dette på TV3, har han kutta ølprisane på Café Rampa, han har teke tak i dårlege og dyre innkjøpsavtalar, og ikkje minst har han vist at det går an å laga mat billig og likevel få det fancy!

NRK har no òg prøvd seg på sparetrenden. Rett nok er det berre éi episode, som i tillegg ikkje ein gong er sjølvprodusert, men det er ein god start. I dokumentaren er tv-teamet på jakt etter den mest gniene briten. Eg blei sjølv gjort merksam på dokumentaren av ein av våre lesarar, men hadde ikkje ein tv i nærleiken. Gleda var difor stor når eg fann ut at den er komen på nett-tv. http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/587236 Her er det mykje bra tips, berre ein ser vekk ifrå den truleg sløsete programleiaren som tydelegvis aldri har handla med lommeboka.

Slike program er nyttige, og måtte det vera meir der det kjem frå!

måndag 11. januar 2010

10 kr-veke

av SR

Spar: Også denne veka er det 10 kr-marknad hjå Spar. Som vanleg er det ikkje alt som er like bra, men 2 kg appelsiner er absolutt korrekt. Me har tidlegare åtvara mot kylligvingar til 100 kr/kg, men marknaden er tydlegvis der framleis, då Spar fleskar til denne veka òg.

Mega: Denne vekas 40% er pizza frå Orginale og Big One.

Rimi: Har lagt det til vane å pissa på oss spararane. 39,90 for 400 gram karbonadedeig er nok til at Rimi hamnar i karantene neste veke.

Obs: Også Obs har slege seg på tiarane denne veka. Er du av dei som kjem til lunsj med berre skiver og ei lita boks makrell? Makrell i alle typar saus til 10 kr. Her må me likevel åtvara mot pepparmakrellen, som smakar drit.

Joker: Til og med Joker går for 10-kroningane denne veka. Der kjem ei gamal kjenning, Findus fiskegrateng. Elles er det mykje det same som Spar.

Bergen kommune: Slår denne veka til med gratisbuss frå Oasen, Åsane, Loddefjord og Nestun.

fredag 8. januar 2010

Årsverste

av KR

Etter å ha levd på andre i fjorten dagar (velsigne jula!), vende eg heimatt til eiga stove og frysar. Lukta av daud mann kjem i mot meg då eg opna døra. Straumen er gåen. Eg stormar til det aller heilagste, frysaren, og riv opp loket i rein frykt. Sparevarene, billegvarene, tilbodsvarene flyt i frysaren. Saft frå kjøtt og fisk, som liksaft frå ein fuktig kyrkjegard, rann frå posane der eg sprang ut med dei. Eg brekk meg og bitt ullklede framføre munn og nase, før eg atter ein gong dykkar ned i frysen og prøvar å redde tilbodsvarer for fleire hundre kroner. Ingenting let seg redde, sjølv ikkje salting eller tørking ville ha redda maten som truleg hadde rotna i 7-10 dagar etter straumbrotet. Under utvasken av huset går tankane til spareåret 2010. Årsverste er unnagjort no, men det er kanskje ikkje ein dårleg start på året - for no kan det berre gå oppover! Måtte spareåret 2010 bringa nye, gode tilbod!

Til ettertanke: Eg levde på andre i fjorten dagar, åt truleg for like mykje som det tapte frå frysaren. Herren har vore god mot meg, alt jamnar seg ut for den kloke sparar.

måndag 4. januar 2010

Årets fyrste tilbod

av KR

Håhåhå! Kor det sydar av liv og varme i den kalde stova, når ein høyrer den knitrete lyden av årets fyrste tilbodsaviser. Me serverar:

* Joker
Byrjar året med 10-kronarsmarknad, og det kan me i utgongspunktet like! Det er imidlertid langt mellom dei verkeleg gode 10-kronartilboda. Dei prøvar seg med ein spansk ein og tilbyr spaghetti (500g) til 10 kr, dette er som kjend dobbel pris i høve til FristPrice. 1 kg grovbakst til 10 kr er imidlertid ein grei handel, men knapt rabattert. Det same gjeld ein liter med klorin. Me vil derimot framheve blodpølse (400g) til 10 kr. Dette er ein gjengangar på tikronarsmarknaden, som til vanleg kostar omkring det tredoble. Tine sine kremostar til 10 kr, samt diverse Denja-salatar, er òg gode tilbod. Sjå også over fruktdisken til Joker denne veka, epler og bananar til 10 kr kg.

* Spar
Spar-kjeda kan ikkje vera dårlegare og smeller til med Findus sin fiskegrateng (450g) til 10 kr. Dette er eit klassisk tilbod, og gjev særs rimelege middagar! Vidare må ein sikre seg kaffi frå Ali til 10 kr pr pk, samt 2 kg appelsiner frå FirstPrice til 10 kr (5 kr kg). Elles mykje likt i høve til Joker, kremostar, salatar, m.v.

* Rimi
Tilbyr ikkje kundeavis denne veka.

* Kiwi
Inga kundeavis denne veka, men som vanleg stort FirstPrice-utval hjå denne kjeda.

* Coop Mega
Bananar til 9,90 kr kan tolererast, men det kan ein ikkje med fiskegrateng til 29,90 ("fast lavpris") - me går til Spar!

* Coop Obs!
Har denne veka minus 40% på alle Findus-produkt, ver imidlertid obs og jf tilbod frå Spar samt FirstPrice sine fiskeprodukt. Pærer til 9,90 kr om du et slikt, tilsvarande gjeld gulrøter.

Veka tilbringast hjå Spar og dernest Joker.

søndag 3. januar 2010

Sjå framover!

av SR

Var du ein av dei som fnyste av sparebloggen før jul, og no sleikar dine økonomiske sår? Eller har du funne ut at kredittkort ikkje var så fantastisk som det kunne virke som i fyrste augekast? Fortvil ikkje, Sparebloggen har tenkt å sjå deg i nåde likevel.

For mange kjem innkjøp av julegåver som julekvelden kjem på kjeringa. Driv du litt med kjøpmannsblogg på fritida veit du sjølvsagt å utnytta deg av dette. Det betyr at dei som er ute i siste liten blir flådd, noko som sjølvsagt er til pass for dei. Det er difor lett å tenkja at det heldigvis er eit heilt år til neste gong, men det er ei sanning med visse modifikasjonar. Det er no det må kjøpast julegåver, for det er no det er nyttårssal! Butikkane kastar prosentar etter deg som ein tyrkisk skinnselgar, så her må ein berre smi så lengje jarnet er varmt.

- Cubus lokkar med 50-70 %
- Elkjøp og Expert har lurt nok sistelitenhandlarar i desember til å no feira det med å skru ned prisen mykje og mangt.
- Til og med Sparkjøp har 70% på sine varer.

Dette er berre eit lite utval. Det er stort sett alle butikkar som sel unna no, for så å ta inn att tilnærma identiske varer til dobbel pris om eit halvt års tid. Men tenk ikkje berre på julegåver, skal garderoben fornyast er dette tidspunktet. Hugs likevel: ikkje mist grepet! Ikkje kjøp meir enn du faktisk treng, ein boxer har til dømes minst to sider.