laurdag 27. februar 2010

Hårklyppen 2010

av KR

Våren ser ut til å nærme seg, og fleire av våre lesarar etterlys no hårpleietips. For de av dykk som klypper bort vinterisolasjonen når det vårast i lufta, har Sparebloggen sjølvsagt gode tilrådingar å koma med. Eit besøk hjå frisøren kan vera både kostbart og stressande. For det fyrste må ein avtale time, for det andre må ein småsnakke og for det tredje må ein betale. Istadenfor å snakke om været og Knausgård med din lokale frisør, tilrår me heller at lommeboka di snakkar for deg. Underteikna har sidan hausten 2003 brukt 129 kr samla på hårpleie. Formelen har gått i arv på Sunnmøre, og Sparebloggen leverar den no vidare til deg:

Expert sel fleire typar hårklypparar. Me treng berre ein, og vel den billegaste til 199,- (Philips QC5015 hårklipper). Den observante sparar merkar seg inflasjonen sidan 2003 (død over seddelpressa). Med i pakken frå Expert følgjer det heile to kammar, ein til skjegget, så klart, og ein sokalla frisørkam.

Biltema førar noko dei omtalar som hårtrimmar (varenr 84073). Denne er imidlertid 20 kr dyrare enn Expert sin, om enn noko meir avansert - eller skal me seie mindre avansert? Her følgjer det i god Biltema-stil med smøreolje til blada, noko som antydar at maskina ikkje er sjølvlubrikerande (som Expert sin). Dette løysast rett nok av seg sjølv med litt feitt hår, så pass på å ikkje vask håret for ofte.

OBH Nordica sin hårklyppar kjøpast hjå Elkjøp til 149,- (varenr NOR5536). OBHN er kjende for kvalitet og design, og leverar her enno ei hushaldningsmaskin som i seg sjølv kunne ha vore eit møbel. Upåklageleg frå tidlegare Joffe Marketing AB, godt dei skifta namn.

Clas Olhson har vorte dyrare sidan 2003, og tek no heile 298 for ein hårklyppar. Den tidlegare så solide kjeda når difor ikkje opp i denne samanhengen. Lat dette vera ei påminning til spararar i det ganske land; mykje har forandra seg sidan førre tiår.

Som eit apropos stiller Jula med ein enkel hårtrimmar til klassiske 129,- (varenr 804060). Med åtte justeringar og rustfrie knivar for smidig hårklypping synast denne billegmaskina å kunne tilby det meste. Ho er også trådlaus, og det følgjer med ladestasjon, saks, kam, børste og smøreolje (brylkrem?).

Det er ei ære å kunne utnemnde Jula sin hårklyppar til vinnaren i denne pristesten, med OBH Nordica som ein god nummer to (skandinavisk design kostar).

Me sparar ordspelet vårklypp/hårklypp til neste år/vår.

tysdag 23. februar 2010

Det store mammutsalget 2010

av KR

Nei, dette er inga episode av The Flintstones, men forlagsbransjen si største salsveke. Som seg hør og bør trekk gode sparar fyrst til bokhandlaren når ein vert tilbydd opptil 85% rabatt. Ein triumf for måtehaldet, me listar opp våre favorittar (knausgårdfritt!):

Me går ut i frå at din omgongskrets er leseføre, nytt difor høvet til å sikre deg julegåvebøker.

* Dostojevskij - Idioten 1 & 2 (128,-) til menn 20-60
* Ragde - Berlinerpoplene (99,-) til kvinner 20-60
* Undset - Kristin Lavransdatter (69,-) til kvinner 0-100
* Petterson - Ut og stjæle hester (99,-) til folk flest med interesse for hestar
* Gore - En ubehagelig sannhet (159,-) til ukritiske vestreradikale i alle aldrar
* Westlie - Fars krig (99,-) til din frontkjemparslektning
* Gahr Støre - Å gjøre en forskjell (139,-) til den overfladiske
* Andersson - Partering av vilt (139,-) lær dine kjøttstykker (alle aldrar)
* Wedøe - Hvorfor faller ikke skyene ned? (99,-) til di ureflekterte tante
* Ørnes - Antikvitetsleksikon (99,-) finn skrap som kan selgast dyrt, ein sparebloggfavoritt!
* Sørbø - Norges kunsthistorie (99,-) til den kunstliksominteresserte
* Wansik - Derfor spiser du mer enn du tror (139,-) til bullemikaren i din familie
* Kant - Kritikk av den rene fornuft (149,-) til den som brukar bokhylla som sjekketriks
* Hegel - Rettsfilosofien & Åndens fenomenologi (149,-) ditto
* Schliewen - Akvariet mitt (89,-) til frimerkesamlaren utan hobby nr 2
* Bjørneboe samla verk bind 1-16 (690,-) 16 julegåver (43 kr stk)

måndag 22. februar 2010

Tilbodsveka

av KR

* Joker
Tilbyr 40% rabatt på sjokolade frå Freia. Sjølv ein sparar kan unne seg fruktnøtt eller firkløver så lenge den kjem med 40% rabatt. Obs: ver nøktern. Surra svinesteik til 49,90 pr kg kan også tilrådast. Dette vil gje deg ein middag til 10-12 kr om du legg i nokre FirstPrice-poteter og lagar saus av kjøttkrafta og noko kveitemjøl.

* Spar
Gjer som Joker for nokre veker sidan, sokalla pølsefest med 40% rabatt. Me gjer igjen som Otto von Bismarck og styrar unna. Er du hungrig på pølser kan du kverne sjølv med svinekjøtt frå Joker (sjå over) eller røkt svinekam hjå Spar til 49,90 kr kg. Ei blanding med 1/4 kjøtt, 1/2 innmat og 1/4 mjøl vil gje deg pølser til 20 kr kg.

* Mega
40% på alle Big One og Pizza Originale. Tilbyr også Freia-sjokolade til 16,90 per 200 g, jf mot tilbodet til Joker. Trass i dette sjokoladeskredet må det seiast at Europshopper sel kokesjokolade til 6,90 pr 100g. 40% på kyllingfilet er også verd å ta med seg.

* Rimi
Ingen oppsiktsvekkande gode tilbod denne veka. Dei leverte imidlertid betre enn på lenge førre veke.

* Coop Obs!
5 grandisar til 100 kr er kanskje billeg, men neppe særleg mettande. Karbonadedeig til 39,90 pr 400g veit me er dyrt, og reknar med du hamstra kjøttdeig på Rimi til 19,90 førre veke.

* Prix
Gryteklart pinnekjøtt til 49,90 kr kg er, som SR ville ha sagt, ikkje feil. Det same vil eg seie om karbonader til 31,13 kr kg, ein klassikar frå Prix! For ikkje å snakke om fryste reker til rekordbillege 15,90 pr kg. Det anmodast om fleire Prix-butikkar landet ikring.

Neste onsdag byrjar Luksusfellen att på TV3!

måndag 15. februar 2010

Skreien er komen!

av SR

Er det noko som varmar, så er det å sjå at det blømer rundt sparefamilien. Og endleg såg eg i dag ei studine på lesesalen min som var inne og studerte ulike tilbodsannonsar. Slikt varmar!

Spar
Ikkje berre har skreien kome, den har òg kome på tilbod! 59,90 kr/kg er absolutt ikkje feil for fersk torsk! Elles har Spar denne veka Grandis til 19,90. Verdt å merkja seg er at Grandiosa har inngått avtale med konsernet som har sett sløsing i system, SAS, og skal du ut å fly kan du sikra deg 100 kr rabatt i tillegg til pizzaen.

Joker
Butikken gjekk tydlegvis på ein smell for to veker sidan med synnøve til 39,90, for denne veka skjemmer dei seg ut med kjøtdeig til 24,90. Minner om at Rema i sofall har knalltilbod på tilsvarande vare året rundt. Elles ikkje noko nytt å melda frå den fronten.

Rimi
Der Joker sviktar, står for ein gongs skuld Rimi fram. 19,90 for fersk kjøtdeig er slik det skal vera på tilbod! Elles legg dei òg opp til taco med lefser på tilbod, men hugs at både Landlord og Firstprice har lefser òg!

Ica
Nær/super har denne veka sokalla fryseshow, dvs 40% på findus. Det kan ikkje kallast feil. Appelsiner til 8,90 kr/kg er heller ikkje til å kimsa av.

Godt nytt: Kiwi og Rema har gått i priskrig på frysevarer, dette er godt nytt!

laurdag 13. februar 2010

Sparehoroskop del III

av SR

Jomfrua

Sparing, særleg saman med andre, berre svevar av garde så dette blir ei lukkeleg tid. På tilbodsfronten kan du rekna med at nye ting skjer. Saker ordnar seg. Grip sjansane og la ting spire og gro, så kjem òg bankkontoen din til å vekse. Det er ei kjensleladd tid, så hald hovudet kaldt og nervane rolege.

Motto: Det blir så bra!

Vekta
Jobb, familie og bekjente kjem inn i bilete på ein eller annan måte. Dette kjem til å koste pengar! Det kan liggja forandringar i lufta som gjer at du må søkja gode råd frå vener og erfarne spararar. Dette kan gjera deg rådvill og forvirra. Du må vera kreativ, men strukturert nytenking må til. Då løysar du det.

Motto: Ikkje drøym endå.

Skorpionen
Denne veka blir det viktig å vera øm og kjærleg overfor familien eller spararar som står deg særleg nær. Ikkje alle har hatt tid eller moglegheit til å hamstra på billigsal. På jobben kan det demma opp til ei stormfull tid som følgje av ulik handsaming. Kor hardt du vil kjempe er opp til deg sjølv, men hugs at det ikkje må gå utover eigen økonomi. Freist heller å finna gode og kreative løysingar, ingen har nokon gong teke skade av ei kvit lygn.

Motto: Ikkje berre meg sjølv, men pay yourself first.

Skytten
No får du nokon av dei herlegaste dagane denne våren som sparar. Økonomiplaneten Merkur går saman med Venus og opnar opp for både gåver, tilbod og funn. Ei betre tid for sparing finn ein knapt. Har du familie bør du vurdera å setja av fortenesten, for slikt kostar.

Motto: Sjå opp, ned og til sides!

måndag 8. februar 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Sokalla pølsefest (40% rabatt) på Joker denne veka, me gjer som Otto von Bismarck og styrar unna.

* Spar
1 kg Norvegia til 54,90 denne veka. Dette tilbodet er like smaklaust som osten, me vonar røynde spararar lasta opp med ost på Joker førre veke (1 kg 39,90). 40% på bogskinke kan tilrådast.

* Rimi
Inga ny kundeavis denne veka, me klarar oss då også fint utan!

* Coop-konsernet
Reindyrka denne veka. Coop obs sel deg kjøttdeiga til sparebloggtilrådde 19,90 per 400g, medan Mega byr på 40% rabatt på alle tex mex-varer. Her ligg det an til sleiking av munnviker og lyden av tacoskjell som brekk. Den som har Prix i nabolaget bør òg sikre seg nokre pk med karbonader til 31,13 kr kg.

Vekas høgdepunkt må vera kjøttdeiga til klassiske 19,90 per 400g.

måndag 1. februar 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Me er bønnhøyrde! Synnøve sin kvitost (med cholecalciferol) selgast til 39,90 pr kg. Me kjøper minst fem. Resten er ikkje noko tess.

* Rimi
Vekas luring frå Rimi er kyllingfilet 650g til 69,90 - styr unna! Det same må seiast om fiskegrateng til 40 kr, me kjøpte tilsvarande på Joker for nokre veker sidan til 10 kr. Eller kva med skinkesteika til 79 kr kg, som gjekk for det halve for 5-6 veker sidan? Me har att i frysaren og held oss langt, langt unna Rimi (også) denne veka.

* Spar
Fryseshow 40% rabatt på alle Findus-varer. Meir enn det veit me ikkje, for kundeavisa er utilgjengeleg etter omlegginga på spar.no.

* Mega
Fersk laks til 39,90 kr kg er tåleleg bra, men FirstPrice sel til same kiloprisen ferdig oppkutta (og nedfryst).

* Coop obs!
Svinekotelettar til 29,90 kr kg kan me like. Elles ikkje mykje å bringe til torgs.

* Prix
Prix ryddar i juledisken og dumpar svineribba til 19,90 pr kg. Underteikna oppnådde halv pris av dette igjen, då emballasjen var øydelagt - tilrådast.

Konklusjon: Vekas tilbod er definitivt kvitosen frå Synnøve, laup og kaup!