måndag 31. mai 2010

Priskrig, i følge Aftenposten

av KR

Krigen er eit faktum, skriv Aftenposten. Den var diverre uunngåeleg, og no synast enkelte styrkar å angripe frå fleire frontar.

"I løpet av uken har både Kiwi, Rema 1000 og Coop satt ned prisen på Gildes grillpølser. Til vanlig koster en pakke med 600 gram Gilde grillpølser 35 og 45 kroner. Nå selger Kiwi og Rema pølsene til 18,90. Hos supermarkedskjeden Meny koster de 19,90."

Me er her vitne til eit oppsiktsvekkande bakhaldsangrep frå Kiwi, Rema og Meny, og kan ikkje anna enn å applaudere og håpe dei krigførande vert verande lenge i skyttargravene. Ja, lat oss få ei reprise av slaget ved Verdun overført til norsk daglegvarehandel! For blodet renn alt på slettene og "Tall fagbladet Dagligvarehandelen har fått tilgang til, viser at produktene selges med en negativ margin på mellom 40 og 70 prosent."

Dette er blodraudt, og me likar det me ser! Gilde senkar seg no nærast ned på FirstPrice-nivå (grillpølser 27 kr kg), og det er snart forsvarleg for einkvar sparar å kjøpe Gilde.

Og no over til noko heilt anna, dei ordinære tilboda:

* Joker
Kjøttdeig frå Gilde 400g til 24,90 er 'så där'. Dei som er tomme for farse bør kjøpe ein pk, men hamstre ikkje før 19,90! Elles kan me like 500g Denja potetsalat til 9,90, jf grillkrigen. Vekas tikroning på Joker er visst nok 2 pk med hjertesalat, det høyrast rimeleg ut for mine øyrer, men me minnar om at løvetannblad og skvalderkål er eit gratis alternativ frå hagen.

* Spar og EuroSpar
40% rabatt på kjøtpålegg og posteiar frå Gilde. Elles er det lite å springa til Spar for, og når dei sel 250g minigulrot til 14,90 vert det heile berre tragisk.

* Mega
Ingen oppsiktsvekkande gode tilbod denne veka. Skuffande frå Mega, men butikken tilhøyrer som kjend luksussegmentet av daglegvarehandelen.

* Prix
Inga kundeavis denne veka.

* Coop Marked
Bananar til 10,90 pr kg er tåleleg. Elles var det skuffande, og eit snev av lureri når dei tilbyr 350g kvitost til 33 kr stk. Som kjend handlar Sparebloggen berre ost til 50 kr kg eller lågare.

* Coop Obs!
Ei kundeavis som legg opp til lureri denne veka. Unormalt svakt frå Obs, som normalt har 1-2 gode tilbod i veka.

* Kiwi
Inga retteleg kundeavis denne veka, berre noko fjas om at dei har kutta momsen.

* Rimi
Frosne reker til 15,90 pr kg har etter kvart byrja å verte eit fast innslag på Rimi. Me set pris på tilbodet, ettersom alternativet er så mykje dyrare i høve til smaken.
10-pk med klassikarane Pin-up eller Lollipop til 16,70 kr er eit tilbod det smakar søtt av. 1,67 kr pr is er billeg nok til at ein kan vurdere å opne isbar i varmen.

Tilbodsveka ber noko av preg av siesta, sjølv om kalendaren berre syner 31. mai.

torsdag 27. mai 2010

Ferietips del IV - Reisa

av SR

Sjølv om utgiftene knytt til sjølve feriereisa har gått kraftig ned dei seinare åra, er det likevel visse feller å sjå opp for. Her som elles gjeld hovudregelen om at ein må styra unna søkjemotorar, om ein ikkje er kritisk og gjer ei grundig undersøking samstundes.

Fly
Her handlar det om å vera tidleg ute, eller veldig seint ute. Sjekk hovudsakleg ut dei kjende billegselskapa som Norwegian og Ryanair. Sjå gjerne på dei kriseramma flyselskapa òg, SAS har td. ein del statleg subsidierte billettar ute på marknaden. Alternativet er å ha kofferten pakka og hoppe på noko meir eller mindre uspesifisert på kort varsel. Google "restplass" eller liknande og få ei rekke nyttige treff.

Bil
Eigen bil er noko av det dyraste du kan skaffa deg, både i prisfall, springande utgifter og avgifter. Har ein likevel kasta seg ut i galskapen, kan ein full bil gjera ferieturen billegare. Samstundes blir det fleire artige historier av ein haltande bil i framandt land enn av ein rask flytur.

Har du ikkje bil, må du for all del ikkje låna deg ein bil, med mindre du får det gratis! På www.returbil.no kan du utnytta deg av sløsarane som køyrer leigebil frå A til B eller andre som treng å få flytta bilen sin. Dette er gratis eller særs billeg bilreise!

Kollektivtransport
Buss og tog er mange stadar prisa etter kor tidleg ein kjøpar billettane. Det er slik lurt å vera tidleg ute, viss ikkje kan det bli veldig dyrt! Skal du reisa i utlandet (og på visse strekningar i Noreg) vil det vera lurt å sjekka opp prisar hjå ulike transportleverandørar. Her kan skilnadane vera store. Skal du reisa mellom fleire land, eller mykje innanfor eitt land, vil ofte ein interrailbillett lønna seg. Sjekk likevel grundig opp i prisar i landet du skal reisa i. Dette funn du ut av ved å google "bus + [landet du skal til] + travel" og liknande.

God tur!

tysdag 25. mai 2010

Tilboda veke 21

av SR

Spar
Var sjølv innom dørene på denne butikken i dag, men snudde i døra då mjølka var 10% høgare enn på Rema. Denne veka slår Spar stort opp røykte kjøtpølse frå Gilde til 33 kr/kg. Dyrare enn Nordfjord sine hjå Rema. Elles diskar Spar opp med 40% på store sjokoladeplater frå Nidar og 30% på kakemiksar frå Toro for den late/sjanselause bakar.

Joker
Sørlandsis til 17,90 er eit kjend fenomen. Det same er store Nidar-plater til 16,90. Bananar til 10 kr/kg er heller ikkje feil. Men ikkje noko til å detta av krakken av frå Joker denne veka altså.

Mega
For den som er kresen på kva ein puttar i røvi har Mega denne veka 40% på alt dopapir som ikkje er av deira privat-label. Har Pizza Orginale og Ristorante til 19,90 for dei som blir mette av slikt. Elles ikkje noko å skriva heim om.

ICA Maxi
Har denne veka stort 10 kr-marknad. Me åtvarar som vanleg likevel mot luretilbod. To avokadoar eller mangoar til 10 kr fell så abslolutt ikkje inn under den kategorien, vertfall så lengje det ikkje er av same kvalitet som det Rimi kunne by på for to veke sidan.

Rimi
Hadde me vore Rimi, hadde me lete vera å bruka pengar på reklame. Ein kan nytta så mykje pengar ein berre vil på marknadsføring, men 1,5 kg poteter til 24,90 vil aldri bli billeg. Styr unna lommene til Rimi-Hagen eller kven det no er som sit bak kassa!

laurdag 22. mai 2010

50% på SparKjøp!

av KR

Sparebloggen har tidlegare rapportert frå SparKjøp. Den gongen fekk me kritikk frå familien Knudsen grunna vår lite flatterande skildring av butikkjeda sitt klientell, om enn så mykje me fokuserte dei låge prisane! Me ynskjer med dette å gje ei oppreising til Knudsen, som kan kle opp heile Noreg til "onder hondrelappen". Denne veka er det til og med rabattar på SparKjøp. Du veit det ikkje er mykje gevinst att til Knudsen når SparKjøp tilbyr 50% rabatt. Sparebloggen kler deg med dette opp til sumaren:

Undertøy med og utan gylf frå 19,50 til 79,- per del, dame og herre.
Badetøy frå 69,-, dame og herre. Med speedos skal stranda erobrast.
Bukser (dongeri og anna fint stoff) frå 79,-, dame og herre.
Fleecegensar er framleis på moten, iallefall til 59,-.
Til den bereiste kvinne tilrår me tunika til 99,-.
Sokalla fritidssko i kunstskinn 99,- dame og herre.
T-skjorter 44,50.
Diverse gensarar 49,50.
Diverse jakker frå 149,50.

Om det byr deg i mot å betale meir enn 100,- for ei jakke, tilrår me at du kjøpar fleecegensaren til 59,-. Det er sumar og varmt i veret, og fleecegensar fungerar godt som ytterjakke til ut i september.

Med dette kan sumaren koma!

torsdag 20. mai 2010

Ferietips del III - Opplevingar

av SR

Som tidlegare omtala, har feirepengane dei seinare åra i større grad blitt skrudd over på å bli brukt på opplevingar, og ikkje overnatting. Dette veit sjølvsagt aktørane å dra nytte av, og tek seg slik litt ekstra godt betalt. Som den gode sparar sjølvsagt veit, er det naturleg nok mogleg å oppleva minst like mykje for ein brøkdel av prisen berre ein tenkjer litt utanfor boksa.

Guiding
Desse karane veit å ta seg godt betalt, særleg viss dei kan skandinaviske språk. Det dei derimot ikkje er flinke til er å halda styr på kven av dei i halen som har betalt. Dermed er det berre å hangja seg på næraste mann eller kvinne med ein stor blom, paraply, klut ol. løfta over hovudet. Økonomisk fungerar dette sjølvsagt alle best der det ikkje heller er inngangspengar, men skulle det likevel vera det, kan ein trøysta seg med at pengar spart er pengar (ikkje tent), ja nettopp spart!

Folklore
Er du av dei som må få med deg den lokale folkedansen for at ferien skal vera vellukka? Desse tilsynelatande idealistiske dansarane er anten særsk griske, eller offer for folkedansen sitt svar på menneskehandel og bakmenn. Er du ute etter å spara litt pengar, og kanskje få dansa endå litt meir bør du ta kontakt med den lokale leikaringen der du er. Mi erfaring med desse er at dei meir enn villig tek imot nye deltakarar. Kjem du i tillegg med nokre røvarhistorier om din bakgrunn frå norsk leikaring (her er det berre å vera oppfinnsam), bjørnejakt og ulveflåing, kan du vera viss på at du får deg ein svingom!



Lokal mattradisjon
Kven er vel betre skikka til å gje deg eit innblikk i lokal matkultur enn den pengelense greske bestemora som står på verandaen og bankar tepper? Her handlar det berre om å by seg sjølv fram: Eg betalar for maten til deg og din familie, om du lagar den og eg får vera med på kjøkenet. På den måten kan du både driva uhjelp og sparing! Tru meg: dette er ei oppleving du neppe vil gløyma, uansett kor dement du blir. Det er på denne måten du får eit realitstisk innsyn i lokal kultur.

Einaste utfordringa vil ofte vera å koma i kontakt med dei lokale. Ofte kan dei ikkje eit språk du kan. Dette kan likevel enkelt løysast med å ta kontakt med ungdom i strøket rundt. Dessutan er pengar eit språk som ofte talar for seg sjølv. Elles er det ikkje noko i vegen for å utnytta studentar. Dei heng ofte på visse caféar, er språkdyktige og meir enn villig til å få påspandert middag mot å måtte laga den sjølv.


Liten tvil om at denne dama veit korleis billeg mat skal lagast!

tysdag 18. mai 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
14,90 på bogskinke er nærast halv pris, og om du likar spam er 46 kr kg det du må betale på tilbod. Sumarkotelettar til 49,90 og 39,90 styrar me klar av, og minnar om at FirstPrice har til 27,90 kr kg. Ferdigkokt rømmegraut på sal etter 17. mai er ein sparebloggklassikar, og denne veka dumpast det 350 g til 10 kr.

* Mega
40% rabatt på diverse snacks frå Kims og Maarud. 29,90 kr kg for sumarkotelettar kan me gå god for, om du ikkje klarar å oppdrive FirstPrice. Det same gjeld Coop kaffe 9,90 kr for 250 g dersom du ikkje finn Cirkel i din lokale landhandel.

* Prix
Sumarkottisar til 27,90 kr kg frå Gilde. 15,90 pr kg for frosne reker og grillpølser til 25,8 kr kg gjer prix til vekas vinnar!

* Obs!
40% rabatt på all frukt og grønt.

* Kiwi
Hakket bak Prix. Same tilboda, men grillpølsene går for 33,28 kr kg frå pk á 1,8 kg.

* Rimi
Ingen særskilt gode salsobjekt denne veka.

laurdag 15. mai 2010

Prissjokk III

av OH

Det nærmar seg 17. mai, og ingenting passar vel betre enn Noregs nasjonalrett Grandiosa. Ryktene om tilbod på Grandiosa hadde nådd heimen, så eg tok turen til Mega (ein butikk eg aldri har satt mine bein innom)...


...men eg visste lite om at tilbodet var på brutale kr 33,90.


Eg flytta blikket ein halv meter, der hadde dei Grandiosa 2-pk til kr 73,80. Kvifor ikkje kjøpe 2-pk vil ein uerfaren sparar tenkje!

På min arbeidsplass gir me rabatt ved kvantum, ikkje pristillegg.

No òg på facebook!

av SR

Som nok mange allereie har fått med seg er no sparebloggen òg på Facebook. Det er framleis her på bloggen mesteparten av aktiviteten vil skje, men facebook-sida er meint som eit forum der ein kan komma med innspel om kva ein ynskjer skal bli skrive om og liknande. Så bli fan av bloggen på facebook, og bli ein del av storfamilien! Sunn personleg økonomi is the new cool!

torsdag 13. mai 2010

Ferietips del II - Overnatting

av SR

Har du funne deg ein billeg flybillett og flydd på ferie, eller kome deg til ein plass på andre måtar (haiking er stort sett gratis), er ofte utfordringa å finna billeg overnatting. Her er det mange som feilar, difor ynskjer me å gje deg ein guide for korleis du styrar unna dei kostbare hotella.

Sjølv om det dei siste åra har vorte eit større fokus på å bu billeg, og heller bruka feriepengane på opplevingar, er det likevel ingen heksekunst å finna ein rimleg plass å bu.

Fyrst av alt: ikkje la deg lura av diverse søkjemotorar på nett som reklamerar for å vera dei billegaste. Det er berre hotella som tek seg råd til å betala for å vera med der som du får opp, og søkjemotoren skal i tillegg ha sitt mellomlegg. Slikt blir det meirkostnadar av, som det til sist er du som må ta. Det er sjølvsagt visse unntak, men ikkje stol blindt på noko.

Ei av våre faste lesarar har personleg gått god for www.hotwire.com som baserar seg på dei romma som til ei kvar tid står tomme. Ein bestiller altså rom dagen før ein treng det. Ein kan avgrensa det til ein by og gjerne eit gitt område av byen, men får adressa fyrst ei lita stund før ein kjem dit. Det kostar ein brøkdel av opphavleg pris, og finn ein det billegare hjå ein annan aktør, gir Hotwire deg mellomlegget x 2!

Det fyrste du gjer når du kjem til ein by du skal overnatta er å gå til turistinformasjonen. Dei er tilsette for å promotera turistverksemder, òg dei som ikkje har råd til reklame. Spør etter det billegaste dei har, og du vil bli overraska over kor låg pris det er mogleg å ta for eit dobbeltrom.

Finn du ingen turistinformasjon, spør du personar som ser ut til å ha vore på reis ei stund. Dei har garantert ikkje råd til Hilton, og kan lett guida deg dit du bør. Dei kjenneteiknast av langt skjegg, flokete hår og ulike flagg sydd på sekken.

Er du på tur åleine kan vandrarheimar tilrådast. I til dømes Tyskland er mest alle herberg samla på http://www.jugendherberge.de/. Pass likevel på å ikkje bli lurt. Som me veit er ikkje alle herberg like gjestfrie, og mange plassar er det dyrare for to å bu på 8-mannssal, enn det er på eit hotell i byen. Ofte kan det difor vera lurt å ta ein tur rundt i byen og sjå kva ein støyter på.

Skulle det vera verkeleg krise, er det alltid eit siste håp. Sjømannskirken finn ein spreidd rundt over heile verda, og dei er alltid glade for å hjelpa. Overnattig der er prøvd, og kan tilrådast!

Til sist eit generelt tips: Styr unna overnattig med mat i prisen. Anten er maten så fin at det trekk prisen alt for høgt opp, eller så er den så dårleg at du ikkje har lyst på den, men uansett må betala for den. Gå heller på butikken tvers over vegen og kjøp rundstykke, skiva ost (einaste gongen du har lov til å kjøpa skiva ost!) eller banan. Betre og billegare.

måndag 10. mai 2010

17. mai-tilbod

av SR



Spar
Diskar denne veka opp med 2 liter i fire variantar til 17,90. Eit godt og billegare alternativ enn dei på pinne. Vidare er reker til 19,90 kr/kg heller ikkje til å kimsa av.

Elles kjekt å sjå at Spar svarar på prissjokket me presenterte sist veke med å by kundane på spekeskinke til 99 kr/kg.

Joker
Både sunne og vanlege grillpølser til 19,90 kr for pakken gjer at grilling snart er rimeleg. Heilgrilla og krydra kylling (850 gram) til 29,90 er òg noko som gir oss sumarstemning. 10-aren denne veka er 6 egg frå prior. Rett nok blir det 2 kroner og 10 øre dyrare for 18 egg, samanlikna med First Price, men her er egga noko større.

Rimi
Me har venta på at 18-pakken med kroneis skal koma slik som i fjor, og no er den her i god tid til 17. mai. 89 kr gir isane ein stykkpris på 4,94 kr, noko som er akseptabelt for ekte kroneis. Saman med 500 g jordbær (kan fort bli meir, berre legg nokon ekstra i korga) til 19,90 er det duka for 17. mai! Vidare får ein grillpølser til same kilopris som på spar, berre i større kvantum.

Klår årsbeste frå Rimi!

Mega
Har denne veka 40% på all dessertis frå Diplomis. Vidare får ein brunost til 49,90 kr/kg og 500 g jordbær (sjå tips over) til 19,90.

Coop Extra
Har sommarkottelettar frå gilde til 26,90 kr/kg. God kvalitet til endå finare pris altså!

Rema 1000
Sjølv om Rema ikkje har tilbod, men "faste lave priser", vil me likevel koma med ei generell oppmoding om å ta turen innom for å sjå på Grillkongen Craig sine tilbod. Mykje god økonomi i den karen!

laurdag 8. mai 2010

Kvitt TVen!

av KR


Etter at NRK allierte seg med aktørane i det digitale bakkenettet, har det vorte vanskelegare å sjå TV gratis. For det fyrste må ein betale abonnement til Viasat, RiksTV, mv, berre for å få inn signala. For det andre kan desse kunderegistera samkøyrast opp i mot lisensregisteret. Dette gjer det umogleg å sleppe unna TV-lisensen. På to år har det norske folket med andre ord vorte ilagt å betale minimum 4-5000 kr berre for å sjå på TV. Dette er pengar som til dømes kunne, kremt, ha kome allmennyttige føremål til gode.

Sparebloggen tilrår difor å kvitte TVen.

Det fins mange gode alternativ på nettet, som alle er gratis. Frå før har ein innlagt internett, og denne kostnaden bør utnyttast til det fulle. Underteikna har dei siste to mnd vore utan TV-boks, men likevel sett TV-program. På nettet.

NRK.no sender dei fleste program live, og legg alt ut i opptak i minst 3 veker etter sendedato. No er det mange leverandørar som reklamerar mykje for opptaksmoglegheiter, men denne fins allereie gratis på nrk.no - som du alt har tilgong til gjennom PCen din.

TV3.no legg ut eigne produksjonar på nettet, og her kan ein mellom anna grafse i Luksusfellen og Hellstrøm sine oppgulp. Gratis.

Andre mindre moderne kanalar, som TV2, tilbyr TV på nettet frå 499 kr året. Altså langt billegare enn alternativet.

Vidare fins det ei lang rekke streamingtenester som tilbyr populære seriar gratis. Eit google-søk på til dømes 'Lost stream' gjev fleire titals nettsider spesialdesigna for føremålet. Er du meir sofistikert kan du laste ned programvare som gjev deg fleire hundre TV-kanalar gratis på PCen. For å syne variasjonen og tilbodet kan me nemne JLC's Internet TV som tilbyr alt frå TVInnlandet til Bloomberg. Eit google-søk på til dømes 'internet TV download' gjev ei rekke peikarar til aktuell programvare.

Pay yourself first!

fredag 7. mai 2010

Prissjokk II

av OH

Etter ein kjapp tur innom Rimi idag la eg merke til prisforskjellen på nudlar.


Mr. Lee-nudlar kostar 19,20 kr for 65 gram, dette vert ein kilopris på heile 295,38 kr! Du får riktignok med deg ein kopp, men kva skal ein med det når det er oppvaskmaskin på jobb?







Rimi har også eit billegprodukt frå Kina til 3 kr for 85 gram, det vert ein kilopris på 35,29 kr.







Etter fem år i bygningsbransjen har eg lært nokre salgstriks, men dette held ikkje mål Rimi! Me kundar er ikkje såå dumme at me ikkje ser at 19,20 kr/65 gram ikkje vert 58,18 kr/kg!

torsdag 6. mai 2010

Ferietips del I - Charterferie

av SR

Sommaren nærmar seg, og sjølv om ein skal spara, betyr det som kjend ikkje at det skal gå ut over vanlege gjeremål, slik som ferie. Sparebloggen vil i den samanheng dei komande vekene ta for oss ulike tips til korleis ein kan avvikla ferie på ein økonomisk forsvarleg måte.


Denne veka: Charterferie


Er du ein av dei som kunne tenka deg å leva livet glade og bekymringslause dagar som denne sjarmerande karen?


www.youtube.com/watch?v=90T_z-ngVYI


...då gjeld det å ha is i magen!


Når eg var liten var det ikkje uvanleg å høyra snakk om bestilling av ferie før nyttår. Dette er kanskje løysinga for dei som er fanatisk oppteken av å koma seg til éin plass eller eit visst hotell. For oss andre, er det berre å ta det med ro.


Som kjend går det alltid eit tog, men det ikkje alle veit er at det òg alltid går eit charterfly med tomme sete. Det er alltid nokon plassar som ikkje blir selde, eller som kjem på marknaden att pga. sjukdom, skilsmisse og liknande. Det er slike plassar oss spararane reiser på. Ikkje sjeldan er det òg fine hotell som høyrer til, og det beste av alt er at det er til ein brøkdel av prisen, gjerne rundt 2000 kr for fly og hotell i to veker.


Slike restplassar dukkar opp kvar einaste dag gjennom heile sommaren, så det er berre å planleggja ferie som vanleg, og byrja å leita rundt om lag ei veke (helst endå mindre) før planlagd avreise.


Fine forum for å finna resteplassar finn du på:

www.FINN.no/Restplasser

www.restplass.no/

www.reisefeber.no/

måndag 3. mai 2010

Vekas (manglande) tilbod

av KR

* Joker
1 kg Norvegia til 54,90 er tilrådeleg, sjølv om me føretrekk kvitost til 49,90 per kg. Bunkre forsiktig opp. Forutan om osten er det særs lite å hente på Joker denne veka.

* Rimi og Kiwi
Inga ny kundeavis denne veka.

* Spar
Alt av barnemat på boks; ta fem betal for tre. 40% rabatt på pizza frå Dr Oetker, om du stolar på den tyske farmasøyten.

Faktaboks: Dr August Oetker er mest kjend for å ha funne opp bakepulveret 50 år etter at britiske Alfred Bird gjorde det same. Die Oetker-Gruppe nyttast framleis den vidgjetne bakepulveroppskrifta til den oppfinnsame doktoren. Ein heller Kopf minnt stets Oetker!

* Mega
Ingen særleg forlokkande tilbod denne veka.

* Prix
Same tilbodsavis som førre veke.

* Obs
Hårklyppemaskin frå Philips til 179 kr, elles få gode tilbod. Sjå òg spesial om hårklypparar.

Oppsummering: Grillsesongen er kanskje igong for butikkane, men prisane smakar framleis lite av sol og sommar. Coop-kjeda har lanserar no sokalla Miks-tilbod, men ver på vakt!