onsdag 21. desember 2011

Julekvelden kom tidleg - Sparebloggen på razzia hjå Kiwi!

av KR

Velsigne juleskrømtet, for det har vore godt mot meg i år - og held fram så det steamar. Høyr berre her! I går kveld skulle eg nett innom Kiwi for å kjøpe meg ein pose kaffi. Eg plar stoppe så vidt ved kjøthyllene berre for å sjekke korleis dei ligg an med datoane, vel vitande om garantiordninga som vedkjem halvt og heilt utgådde varer. Brått peikte ein kylling på meg. Nærare bestemt litt av ganske mange kyllingar. Eg kvapp til; 1,2 kg kyllingfilet med utløpsdato 21.12.11. Eg stod der dagen før dagen.

Faktaboks:
Kiwi gjev deg vara gratis dersom ho går ut den dagen du handlar eller dagen etter. Du får erstatningsvare dersom vara er utgått på dato, og pengar dersom erstatningsvare ikkje fins/kan gjevast.

Roleg og beherska la eg i frå meg kaffiposen, bretta opp eitt erme og skreid til hyllene! Meir kyllingfilet venta, datoar vart sjekka og varer lagt i korga med smil om munnen. Så langt totalt 4,8 kg kyllingfilet frå FirstPrice. Ikkje berre billeg, alt skulle vera gratis. Eg dobbeltsjekka med beteninga, fekk stadfestinga. Vidare til hyllene. To pk grytekjøt frå Gilde kom også fram, totalt nærare ein kilo. Sum 650 kr gratis kjøt denne dagen. Nok til å koke middag for i ein heil månad. Alt av finaste, reinskore kjøt. Det bugna av gratisvarer i hyllene, og eg merka straks at enkelte datoar fordra retur neste dag og dagen der på.

Dag 2. Juleferien er i gong, enno betre tid til å romstere i hyllene til Kiwi. Denne morgonen galdt det å koma seg til hyllene før beteninga luktar lunta (les: varene). Eg hadde spesifikk kjennskap til eit par entrecôtar frå i går, som skulle vera merka 22.12.11 - og følgeleg kunne plukkast gratis i dag. Skuffelsen var stor, eg hadde i min kyllingrus dagen før sett feil pakkedato - ikkje utløpsdatoen. Eg ante likevel råd; gårsdagen synte at dei ikkje hadde kontroll i hyllene. No måtte eg gå grundigare til verks, sjekke kvar ei vare i kvar rad og hylle. Suksess! Ei heil hyllerad med kyllingstrimlar, totalt 10 pakkar (4 kg) merka utløpt 22.12.11. Eg raska det til meg. Alt gratis etter garantiordninga, og til alt overmål også nøkkelholmerka. Ikkje berre gratis, sunnast i klassen skal det vera dette Prior-kjøtet. Eg som har forbant meg på denne merkinga. Turen gjekk vidare. Kalkunfiletar ramla opp i korga, også det merka 22.12.11. Så møtte eg motstand i hyllene til Gilde. Mykje merka såvidt over nyttår, eg la det på minnet - og leita vidare. Langt bak dukka det opp nokre gamle varer merka 16.12.11, faktisk utgådde på dato i ordets rette forstand. Det var tale om langtidsmørna-serien til Gilde, faktisk tala. 2 pk pepparbiff og 1 pk indrefilet. Garantiordninga sikra her erstatningsvare og dagen var fullendt.

Kjøpmannen som passerte burde kunne ane uråd der han såg meg lesse korga full av dyrt kjøt, men han ante nok ein god handel og helste pent. Heilt korrekt! Ein sjeldan god handel: 11,5 kg reinskore, fint kjøt til ganske nøyaktig 1500 kr samla over to dagar. Alt gratis.

4 x 1,2 kg kylling, FirstPrice, sum 469,20
2 x 450g grytekjøt av storfe, Gilde, sum 172,49
10 x 400g kyllingstrimlar, Prior, sum 499
2 x 300g kalkunfilet, Prior, sum 123,80
1 x 240g langtidsmørna indrefilet av store, Gilde, sum 93,34
2 x 410g langtidsmørna pepparbiff av storfe, Gilde, sum 140,62

Når slike mirakel skjer så stutt oppunder jol, fer det meg til å tenkja på juleskrømtet - og Elias Blix. Gledeleg jol! Med dette gode gamle ordet helsar me kvarandre i denne sæle joletida. Yver heile sparebloggredaksjonen gjeng songen til dei mange tusund munnar der ute:

Glade jol! Heilage jol!

måndag 19. desember 2011

Tilbod veke 51

av SR

Spar
40% på pære, eple og appelsin i laustvekt, samt Evergood-kaffi. Elles berre luretilbod.

Joker
Skinkesteik til 29,90 kr/kg er ein god gamal jokerklassikar. 330 gram twist til 39,90 trur me er ein bra pris.

Rimi
Krydra svineribbe til 39,90 kr/kg er bra for den som ikkje gidd å krydra sjølv, eller som oppdagar for seint at ribba ikkje er krydra. Klementinar til 8,90 kr/kg er bra, men me hadde rekna med at det skulle bli billegare på denne tida av året. Lutafisk til 17,90 kr/kg er vel kanskje av den billegaste fisken ein kan få.

Mega
40% på diverse småis og dessertar frå Diplomis. Elles får du 40% på lettbaka brød frå coop. Kva som ligg i dette, vitast ikkje. Heil torsk til 69,90 kr/kg er heller ikkje til å klaga over.

ICA Nær
Har denne veka pinnekjøt til 99 kr/kg, men pass opp for berre bein. Vidare får du klementinar til 8,90 kr/kg og kalkun til 29.90 kr/kg. Det er òg fem store sjokoladeplater for 99, men her vil det heller lønna seg med Rema sitt 2 for 30-tilbod.

ICA Supermarked
òg her på du heil torsk til 69,90 kr/kg, klementinar til 8,90 kr/kg og 330 g twist til 39,90.

ICA Maxi
Fem sjokoladeplater for 100, men Rema er som sagt betre. Elles lite å skryta av.

Obs!
Byr på pinnekjøt frå Henriettes til 139,90 kr/kg, noko som er billeg for så god kvalitet. Elles får du 10 x 1,5 liter Pepsi/Pepsi Max for 100 kr. Kalkun til 24,90 kr/kg er heller ikkje å forakta. Du får òg 1,5 liter farris til 9,90.

Konklusjon: Ikkje den mest imponerande veka eg har sett, men ok pluss. OBS imponerar med Henriettes, men eg saknar framleis billeg kvitost!

torsdag 15. desember 2011

Planka

av SR

Som me tidlegare har vore inne på er skilje mellom sparing og snylting stundom minimal, og med ein desj skamløyse kjem ein langt. Ein av våre lesarar tipsa oss på facebooksida vår om fenomenet Stockholmsfenomenet planka. Planka er likevel berre i Oslo.

Som Planka Oslo sjølv skriv på si heimeside er:

Planka Oslo er en aksjonsgruppe som jobber for en avgiftsfri, skattefinansiert kollektivtransport. Gruppa ble startet opp i januar 2011, etter inspirasjon fra svenske planka.nu. I tiden fremover vil vi jobbe for en bedre, mer inkluderende og en arbeider- og brukerstyrt kollektivtransport i Oslo.

Medlemmene i Planka Oslo er organisert gjennom P-kassa: en ordning hvor medlemmene kollektivt betaler eventuelle bøter de enkelte medlemmene måtte få. Planka Oslo er i tillegg en del av den verdensomspennende sosiale bevegelsen Free Public Transports.


Månadsavgifta er 250 kr, med andre ord ein del rimelegare enn eit vanleg månadskort. Me har ikkje sjølve testa dette ut, så me oppmodar til å undersøkja nærare før du eventuelt betalar deg inn. Når det kjem til den etiske vurderinga, kan det vera greitt å rådføra seg med lommeboka.

måndag 12. desember 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
400g karbonadedeig til 29,90 er kanskje billegare enn vanleg, men denne karbonadedeigsvindelen hiv ikkje me oss på. Vent heller nokre veker og kjøp 400g kjøttdeig til sedvanlege 19,90 eller lågare. 40% rabatt på ferdigrettar frå Findus kan romme nokre billege middagar, me tilrår her særleg å sjekke prisen på pastarettane - som no burde ligge godt under 20 kr (2 porsjonar). Forutan dette er det tynt i hyllene, men me tek med oss pærer til 10 kr kg.

* Spar
Iskake frå Diplom til 17,90 kan vera greitt å ha i frysen når det nærmar seg høgtid for kaffibesøk. Elles vil feinsmeckaren finne 4 kg mandelpoteter til 39,90, ikkje av dei billegaste mandelpotetene me har sett - men gitt at julaftan nærmar seg går me god for dette tilbodet om du har råd til å skeie ut i jula. Prisane på surkål må imidlertid koma kraftig ned dei neste to vekene, 5,90 pr pk er ikkje godt nok!

* Obs
Kalkunen ligg på rabatterte 24,90 kr kg, men ser me under 20 kr kg før nyttår? 1,5 liter Farris itl 9,90 er då billeg nok til å plukke med seg, om ein har for vane å betale for vatn med co2. 6-pk Clausthaler til 19,90 kan me også gå god for, om du køyrer til julebordet. Epler og klementinar til 9,90 pr kg er også prisa til eit forsvarleg nivå.

* Mega
Ingen særskilt gode tilbod denne veka, når 40% rabatt på Fjordland sine dyre ferdigrettar er det beste dei kan hoste opp, så styrar me klårt unna Mega denne veka.

* Prix
Er framleis for dyre på både kalkunen og ribba, til at me kan tilrå julehandelen hjå Prix. Det same må seiast om surkålet som går til latterlege 13,90 for 450g. Ikkje akkurat Prix si veke dette.

* Ica
Maxi let skinkesteika gå til 29,90 pr kg denne veka - kan tilrådast! 40% rabatt på diverse taco-varer kan vurderast. Me tek elles med oss brunosten til 44,90 pr kg.

laurdag 10. desember 2011

Sparebloggen sine gulljulegåver

av KR

Me reknar med dei færraste av dykk har kjøpt julegåver enno. Ikkje fordi det er så travelt eller vanskeleg i desember, men for at pengane skal forrente seg lengst mogleg på kontoen. Sparebloggen serverar her årets gulltips på julegåvefronten, me rår til to butikkar dette året:

Sparkjøp
* 3pk truser kr 99, det sler aldri feil med truser under treet - ein sikker vinnar i alle kjønn og aldrar.
* Stillongs og trøye kr 99 pr del, kven kan vel gje ei sur mine når ein får ulltøy på kaldaste vintaren?
* Ullhandskar kr 39 pr par, budsjettalternativet til den som frys om vinteren.
* Lue, skjerf og sjal frå kr 39,50, ditto!
* Bestefarstrøye kr 249, helst i dyraste laget - passar nok best til den som også har bursdag i romjula.
* Sokkar frå kr 7,50 pr par, aldri meir hol ved ankel eller storetå.
* Fritidssko i skinn m/ borrelås kr 99, bli moteriktig med Sparkjøp!
* Hovudskjerf kr 4,75, alle kjenner ein Little Steven-lookalike.

Play.com (fraktfritt)
* Borat's mankini, gjer det klar til badesesongen for berre 5 pund!
* 5CD Rock 100 hits, alt frå Alice Cooper til The Troggs til berre 1 pund per CD!
* Diverse skjerf og huer til 5 pund pr stk, om du ikkje finn fram til Sparkjøp.
* Oppblåsbar spasérstokk 5 pund, må brukast med varsemd når det er kaldt i lufta.
* Narnia gjekk via NRK si avdeling på 80-talet og rett på DVD. Kostar no 5 pund, dvs 45 kr.
* Når me fyrst er inne på NRK, 'Allo 'Allo sesong 1 og 2 til berre 5 pund.
* Diverse Pixar-filmar til berre 5 pund, billegsal på kvalitetsanimasjon.
* Diverse Family Guy 5 pund, eit fantastisk tilbod for den som ikkje har tilgong til thepiratebay!
* 3 pk Puma-sokkar til 5 pund, for den motebesvimte sparar.
* Diverse Alan Partridge 5 pund, utgitt med støtte frå Radio Norwich!

måndag 5. desember 2011

Ei veke på det jamne

av SR

Spar
Den gamle men ikkje fullt så imponerande spartravaren kjøtdeig til 24,90 er teken opp av hatten. Meir imponerande er 40% på div. frosne grønsaker og bær frå eldorado. Elles bryr spar på vekas mest oppfinnsame: Bananar til 7,90 pr. pose - storleiken på posen er ukjend.

Joker
Har denne veka bananar, pære, appelsin og eple til 12,90 kr/kg. Vidare er det 40% på sørlandsis. 10-aren denne veka er 370 g flattbrød frå Ideal.

Obs!
For oss som har byrja på siste osten frå sist hamstring er det godt nytt med norvegia til 59,90 kr/kg. Berre så synd overteikna ikkje har ein Obs i ei avstand eg ikkje er avhengig av buss. 1,5 liter cola til 10 kr er heller ikkje feil for dei som likar slikt. Du får òg 40% på ulike tannhelseprodukt frå Colgate.

ICA Maxi
Byr denne veka på røykt svinekonke til 19,90 kr/kg! Elles er det heller ikkje noko å seia på lasagne frå Knorr til 10 kr pakken og 40% på alt frå Findus.

Ica Supermarked
Me har sett den ferske lettsalta torsken billegare, men 89,90 kr/kg er høveleg. Du får òg 40% på pizza tradizionale, samt appelsiner til 9,90 kr/kg.

ICA Nær
Imponerar ingen denne veka.

Mega
Det er denne veka 40% på både big one, originale og gul og raud kaffi frå Coop. Røykt svinekam til 29,90 kr/kg er det heller ikkje noko å seia på. Det er òg 30% på div. sun-produkt. Sjå likevel opp for billegvariantane. Er du samyrkemedlem kan du gleda deg over appelsiner til 7,90 kr/kg.

Rimi
Same som sist veke - lite å ta turen for anna enn appelsiner til 9,90 kr/kg.

Konklusjon: Det er ei veke på det jamne. For min del nærmar det seg slutten på sist hamstring av kvitost, så mitt store ynskje er at kvitosten kjem på tilbod att i ein nærare butikk neste veke.


Til sist eit lite tips i smørkrisa. Folk har ikkje berre gått av skaftet mtp. lågkarbo, men det har òg pris. I Sparebloggen held me oss til heimelaga høgkarbobrød, og styrar pent unna dyrt smør. Margarin er smakar det same, funkar til det same og kostar mindre, og aller billegast er First Price og Landlord. Lat dei galne om galskapen kivast!

torsdag 1. desember 2011

Fyrste luka er opna!

av KR

Me trur det er fyrste adventsdag i dag, sjølv om fyrste sundag i advent var for nokre dagar sidan. Me ber ikkje om nokon logikk, alt me ventar på er nemleg romjulssalet - og då er som kjend "ventetida" over. Likevel ynskjer me å markere denne fyrste dagen i advent, ettersom fyrste luke for underteikna kom frå FirstPrice i form av reklamasjonsvarer. Sant skal seiast, det byrjar då å verte ein vane. Når ein nesten har gløymt kva ein reklamerte på, så har ein anten snev av dårleg hukommelse eller reklamerar ofte nok. Beinsplint i FirstPrice-fårepølsa var det, og beinsplinten kastar godt av seg må vite:

* 155g pasta formaggio - rett nok utan blåmuggost, men 1,1% ostepulver får duge.
* 2 par vaskehandskar - nett som bestilt frå oven då det alt er to hol i mine gamle.
* 25 serviettar ansiktsrens - er dette eit forsøk på ein fornærmelse?
* 1 boks champignon 184g - ei forbruksvare god som noko
* 2x150g sjokoladecookies - omsider noko attåt kaffien
* 2x246g tomatsuppe med makaroni - 8 porsjonar = middag i 8 dagar!
* 8 stk firstpricebatteri - bør eigentleg batteri sendast ilag med matvarer?

Dette var ein rørande adventspresang frå FirstPrice, som nok eingong står til gull kva kjem til kundeservice!

måndag 28. november 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
40% rabatt på alle fiskeprodukt frå Findus kan romme nokre gode tilbod, og me tilrår alltid kapteinens fylte til under 20 kr. Elles går 1 liter Nora eplejuice til 10 kr, sikkert billeg for den som har dyre vanar.

* Spar
Zzz, familieribbe og tynnribbe til 29,90 pr kg. Berre latterlege tilbod frå Spar denne veka, lammelår til 199 kr kg, svinefilet til 149 kr kg og Ali kaffii til 21,90 pr pk. Styr unna!

* Rimi
Appelsiner til 9,90 pr kg går me god for, fersk svineribbe til 39,90 pr kg er ikkje godt nok.

* Kiwi
Kalkunen kostar 29,90 pr kg, Sparebloggen har spådd priskrig på denne vara i år - framleis forheld troppane seg i ro. Vekas Go'helg-tilbod er pepparbiff til 112 kr kg, kan romme nokre gode stykker - men bruk sansane!

* Obs
Der kom kalkunen me har venta på, førebels årsbeste til 24,90 pr kg! Kan Sparebloggen ha truffe spikaren kva gjeld årets priskrig på julevarer? Me tilrår å vente i det lengste før ein handlar på 24,90. Elles plukkar me med oss bananar til 9,90 kr kg, all frukt er billeg under 10 kr kg.

* Mega
40% rabatt på pålegg frå Gilde, men framleis dyrare enn FirstPrice. Skinkesteik til 29,90 er høveleg billeg om du vil ha forandring i høve til dine mange ribbemiddagar i november... Elles lite imponerande, men Coop-medlem får epler til 7,90 kr kg denne veka.

* Ica
Lite å hente hjå Maxi denne veka, til nøds fiskekaker til 39,90 kr kg - strengt tatt ikkje noko å hoppe i taket for. Supermarked-kjeda sel fisk frå Findus og diverse chips med 40% rabatt. Elles forundrar det oss stadig at Ica held fram å tape ein halv milliard i året med desse prisane. Ica Nær har årets billegaste pinnekjøt så langt, 89,90 kr kg - men som tidlegare åtvarar me mot billege fettslintrar av noko pinnekjøt.

Konklusjon: Ingen høgdepunkt for ein kresen sparar, men no skal det eindel til for å imponere underteikna prismessig.

onsdag 23. november 2011

Test: First Price sjampo

av SR

Produkt: First Price Sjampo.
Pris: 7,90 for 500 ml.

Funksjonalitet 5 av 5
Berre det at flaska er stor gjer at eg får lyst å gje toppscore. Når det i tillegg er ei kork som er veldig enkel å opna og lukka, samt eit praktisk design på flaska, er dette ein klar femmar.

Kvalitet 3 av 5
Sjampoen har fin fylde, noko som trekk opp. Det som derimot trekk klart ned er at lukta ikkje er heilt slik den skal vera. Det er ei udefinerbar lukt som ikkje er heilt slik me er van med frå andre leverandørar. I tillegg blir det lite skum, noko som gjer at det blir meir ei sjamposørpe som renn ned i augene. I tillegg følast det som at sjampoen svir meir enn vanleg. På den andre sida slå blir ein faktisk rein, som jo er det viktigaste med sjampo, så det er grenser for kor mykje dette kan trekka ned.

Ettersom eg har gått over til klyppemaskin med innstilling på 12 mm, er det vanskeleg å seia noko om korleis sjampoen påverkar glansen i håret.


Tilråding: Her er det eit stort sprang mellom kvalitet og det praktiske, og det er ikkje alltid samanheng mellom kvalitet og kvantitet. Produktet fungerar, og er du ein kresen sparar, kan eg på det varmaste tilråda sjampoen som kroppssåpe, slik at du sparar den dyrare sjampoen til berre å nyttast i håret.

måndag 21. november 2011

Ei bra veke!

av SR

Spar
Sjølvplukk av eple, pære og appelsiner til 14,90 kr/kg er ein bra pris, men skal du ha appelsiner får du dette billegare ma. hjå ICA Nær. Elles er det òg denne veka 30% på hygieneprodukt for gapet frå Colgate, det same med diverse luftfriskarar frå Surf. Dårleg veke.

Joker
Byr denne veka på svinekotelettar til 29,90 kr/kg, både for ferske og frosne. 1,5 liter coka cola til 9,90 er heller ikkje feil for dei som likar slikt. Mango og avokado til 10 kr stykk er relativt bra, men me minnar om at desse studom dukkar opp til to for 10.

Mega
Denne veka er det 40% på alle store sjokoladeplater frå både Freia og Nidar. 40% er det òg på produkt frå Biola. For den som likar smågodt, og føretrekk eit større og mindre nedstøva utval enn det som er på europris, kan me tilrå Mega denne veka - 7,90 kr/hg. Du får òg lys og mørk brunost frå Synnøve til 29,90 for 500 gram. Etter kiloprisen å dømma kan me lett få det billegare, men om ein har eit lite forbruk, er dette billeg for denne storleiken. Som om ikkje dette var nok, får du òg fersk seifilet til 39,90 kr/kg. Som medlem av samyrkelaget får du òg klementinar til 7,90 kr/kg. Litt av ei veke!

Bunnpris
Familieribba får du her til 29,90 kr/kg. Denne skal som kjendt ned med tida. Heil røykelaksside får du for 79,50 kr/kg. Mi erfaring er likevel at røyksmaken kan vera så som så, men eit triks her er å strø på meir salt oppå heile sida. Brokoli til 6,90 pr/stykk er heller ikkje feil.

ICA Maxi
Har denne veka fersk torsk til 49,90 kr/kg, noko som er ein veldig fin pris. Det blir òg lokka med 40-90% på is frå Hennig Olsen.

ICA Supermarked
Pinnekjøtet er no nede i standardprisen 99 kr/kg. Etter fjoråret å dømma kan me ikkje venta noko særleg lågare enn dette, men det er ingen grunn til å forhasta seg. Elles er det 30% på diverse spekemat. Du får òg 4 kg poteter til 24,90, noko som er bra.

ICA Nær
Ikkje før hadde eg skrudd ned forventingane mtp. prisen på pinnekjøt, så slår ICA Nær til med 89,90 kr/kg. Dette er likevel gryteklart, med andre ord utvatna. Dette gjer at du får mindre kjøt pr. kg, men òg mindre arbeid. Appelsiner får du til 12,90 kr/kg.

måndag 14. november 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Hiv seg på ribbetrenden og tilbyr familieribbe til 29,90. Det er maks pr 5 kunde, men ingen familieformrestriksjonar. Elles fallbydast Freia-sjokoladen 40%, uvisst kva veiledande pris her er - men me tippar at ein no kjem ned på standardtilbodet smått under 20 kr pr 200g. Kaffi har så smått vorte ei luksusvare når Ali kaffe 250g kostar heile 19,90 - me hugsar denne gjekk for 10-12 kr berre for få år sidan. Spar difor på gruten.

* Spar/EuroSpar
Oh, du herlega jul. Kalkunen kostar no 29,50 pr kg, og det er ikkje ein gong nattefrost på desse kantar. Elles er me vitne til årsverste på kveitemjølet når Spar let det gå 17,90 kroner per 2 kg. Dobbel pris og vel so det, skammeleg! For våre premenstruelle lesarar kan me tilrå OB til 19,90 kr.

* Rimi
Tynnribba går til 29,90, elles tynt i rekkene.

* Ica
Maxi sel denne veka Findus fiskegrateng 500g til 20 kr pr stk. Dei som var innom Coop Obs førre veke fekk 450g til 10 kr pr stk, me har bunkra opp! Ica har ingen nye tilbod denne veka.

* Mega
Nygrilla kylling til 39,90 er for stivt, her må ein slå av 10 kr sjølv om dette er monsterkyllingar (1,1 kg). 30% på eindel frysevarer frå Findus er ikkje godt nok for Sparebloggen, vel FirstPrice-alternativet i same frysedisk. Du får òg denne veka 40% på jogurt frå Go morgen og Sprett, samt diverse reinhaldsprodukt.

* Obs
Klassikaren 400g kjøtdeig frå Gilde til 19,90, bunkre opp om du ikkje sikra deg hjå Joker i førre veke! Det er påfallande kor jamnt desse tilboda fell omlag kvar 10-12 veke, underteikna har akkurat tømt frysen før neste 19,90-tilbod dukkar opp. Elles er lutefisken alt komen i disken, men då til 39,90 pr kg - noko som er dobbel pris. Me betalar hòn ikkje nærare 40 kr kg for fisk som er ille førebudd i lut. Om du ikkje nytta deg av Sparebloggen si fenalåroppskrift tidlegare (59,90 kr kg), må du no ut med heile 199 kr kg for fenalåret.

* Kiwi
Også her førar dei ribbe til 29,90 kr kg, og FirstPrice sitt pinnakjøt er nede i 94,90 pr kg. Me frårår desse fett- og beinslintrane av eit pinnekjøt på det sterkaste, unn deg heller noko til tredoble prisen julaftan. Når det gjeld pinnekjøt er det faktisk ein samanheng mellom pris og kvalitet, og det er noko Sparebloggen langt i frå kan seie om dei fleste andre varer i handelen.

Konklusjon: Om du gløymde deg ut på kjøtdeiga førre veke, kan me tilrå hamstring. Elles var det ikkje rare greiene på tilbodsfronten denne veka, men me er då også kresne!

onsdag 9. november 2011

Smalhans

av SR

Med kokeboka Smalhans har Gunda Djupvik levert eit standardverk i matlaging for spararar, og eg vil gå så langt som å ty til tidenes floskel i desse tider: Denne boka kjem til å liggja under juletreet til mang ein sparar.

Med kapitteloverskrifter som "«Gått ut på dato»", "Å redde mat" og "Å planlegge innkjøp" er det vanskeleg å ikkje få ein klump i halsen for oss som snur på femøringen. Dette er verkeleg boka me har venta på, og noko så sjeldan som eit litterært verk som varmar hjarterota til ein sparar.

Når den i tillegg blir toppa med velplasserte spark mot matvarebransjen som lurar kundane sine til å betala meir enn me må med sine luretilbod og villeiing rundt kva varene kostar. Når det i tillegg er gode og billege oppskrifter, toppa med flotte bilete, kan me vanskeleg be om meir.

Som ein ekstra bonus kan eg nemna at boka er fri for cupcakes. Den har på den andre sida oppskrifter på gode gamle blåbærmuffin. To sikre teikn, i tillegg til spareprofilen sjølvsagt, på at det ikkje er nokon rosabloggar som står bak boka.

Me tilrår denne boka både til eige hushald, som gåve til spararar, og ikkje minst til dei som ikkje er spararar, men alltid er blakke. På toppen av det heile er den òg relativt billeg. Og kjøper du på nett får du den endå billegare. Sparebloggen gir med tryggheit Smalhans sitt godkjendstempel!

måndag 7. november 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Det er alarm! Ein tilbodsklassikar denne veka, 400g kjøtdeig 19,90 - maks 5 per kunde. Me tilrår hamstring og lausskjegg. Elles er det lite å hente på Joker.

* Spar
Stor tikronarsmart vert det reklamert, men mart'n er spekka med luretilbod. Me tilrår likevel kremosten, jædersylta og påleggsalatar frå Denja. Likevel; dette var skuffande for å vera 10-kronarsmarknad. Den sokalla familieribba ligg på 29,90 pr kg, me avventar hamstring og forventar prisras fram mot jul.

* Obs
2 Pizza Originale til 40 kr samla er kanskje ein rask middag, men langt i frå noko Sparebloggen kan stå inne for. Kystens fiskegrateng 450g til 10 kr kan me imidlertid tilrå på det kraftigaste. Med poteter attåt har du her middag til 6 kr per person. Skal du på tikronarsmarknad denne veka er Obs å føretrekke, mellom anna inkluderast yoghurt 500g, gulrøter pr kg, bananar pr kg, denjasalatar, kremostar, div tex mex og blodpølse 400g i tikronarsmarknaden. Dette er ein tikronarsmart slik me hugsar den frå gamledagar.

* Mega
Ein parodi av dei sjeldne, karbonadedeig 400g m/ nøkkelholmerke til 39,90. Haha, me ler der me heller plukkar 400g kjøtdeig frå Joker til 19,90 u/ nøkkelholmerke.

* Rimi
Også her går ribba, men då tynnribba, til 29,90 pr kg. Let's play the waiting game. Klementinar til 12,90 pr kg kan tilrådast om du er på randen til skjørbuk.

* Kiwi
Klagar sin nød over at Regjeringa no vil auke matmomsen, etter at Kiwi har kutta denne på somme varer dei seinare åra. Regjeringa gjer berre det einkvar annan god kjøpmann ville ha gjort når nokon tek rekninga på den måten Kiwi har gjort i tilfellet matmomsen. Lat Regjeringa auke, og Kiwi kutte på nytt!

* Ica
Maxi førar denne veka 6 Pizza Originale til 100 kr samla, eit tilbod under tvil kan tilrådast. 3 stk Kapteinens fylte til 100 kr kan også vera bra om du vil skeie ut, med poteter gjev det middag under 20 kr per person. I overkant dyrt for hardcorespararar.

Konklusjon: Turen går garantert innom Obs og Joker, der det skal storhamstrast fiskegrateng og kjøtdeig.

onsdag 2. november 2011

Sparebloggen sine straumsparartips

av KR

Kong Vinter kjem krypande, seier klisjéane, men me legg oss ikkje flate for vinterkulda. Oktober til mars er den viktigaste perioda for straumsparing, slik me ser det. Sjølv om straumbørsen Nordpool peikar mot vesentleg lågare prisar i år enn i fjor vinter, let ikkje den gode sparar seg lure til å fyre litt ekstra - for slik å skru opp straumprisane. Her serverar me straumsparartipsa du aldri får lære av Enova.

Redd ein kubikk vatn, spar ein kwh! Sparebloggen syner deg korleis:

*Gløym sparedusjen, bruk heller vaskefat og klut. Der ein sparedusj kostar deg 10 liter vatn i minuttet, vil eit vaskefat romme éin liter i timesvis. Er du så skitten at du treng dusje, burde du skamme deg!

*Senk all varme til eit minimum nattestid, det er steikje kaldt å stå opp uansett!

*Hald maksimalt temperaturen på 16 grader, og kle deg heller godt innomhus. Kast ikkje av deg ullgensaren og ullsokkane straks du kjem inn, lat heller plagga vera på. Det er ikkje meininga å gå med tskjorte inne i norske hus midtvinters. Ta aller helst på deg ullundertøy om du skal sitje i ro framføre TVen.

*Invitér folk til gards, det er mange kwh i kvar kropp - særleg om dei er gode og mette før dei kjem.

*Tøm ikkje ut potetvatnet, lat det stå i daglegstova og varme opp rommet. Alternativt tømmer du potetvatnet på termos, og nyttar det i varmeflaska i senga seinare på kvelden.

Del gjerne dine beste sparetips i kommentarfeltet. Det er miljøvennleg å spare straum, følgeleg også moderne!

måndag 31. oktober 2011

Tilbod

av SR

Spar
Byr denne veka på 10-kronersmarknad. Mykje bra, slik som 2x200 g tomatpure til 10 kr. Sjølv er eg mest spent på kva pæreeple (2 for 10 kr btw) er for noko. Blir nok ein tur innom Spar denne veka, men som vanleg: Sjå opp for luretilbod!

Joker
Denne veka er det 40% på kaffi frå evergood og farmers. Har du tyggis som ei last i kvardagen, får du 2 x extra for 10 kr. Det er òg billeg storfe ("høyrygg" utan bein), berre 99 kr/kg.

ICA Nær
400g kjøtdeig til 24,90 er ikkje så mykje å skryta av. Men me tilrår 4 kg poteter (ukjend sort) til 24,90. Det er ikkje på gamle høgder, og sjølv har eg raida åkeren og fylt opp kjøleskapet.

ICA Maxi
Gir berre ein liten teaser på nett, då dei satsar på avisene. Men røykeknoke til 19,90 kr/kg er veldig bra. I same slengen kan du òg få produkt frå Lilleborg til 40%.

ICA Supermarked
Byr på nygrilla kylling (1000-1100 gram) til 29,90, 450 gram røyka kjøtpølse frå Gilde til 24,90, klementinar til 12,90 kr/kg.

Mega
40%-aren denne veka er snacks frå Kims. Viss du ikkje hamstra ost for nokre veker sidan, får du Norvegia til 59,90 kr/kg. Du får òg kjøtdeig av svin til 19,90 for 400 gram. Høyryggen får du her med bein til 69,90 kr/kg. Filet av torsk til 99 kr/kg er ikkje kjempebilleg, men sett med den føresetnad at det ikkje er like mykje vatn i denne som den Rema har i frysedisken, kjem det omlag likt ut. Blåskjell til 34,90 kr/kg er mogleg billeg, har aldri kjøpt det før, då eg har trudd det har vore dyrare. For den hårfine er det 25% på ei rekkje hårprodukt.

Rimi
Denne veka får du klementinar til 12,90 kr/kg, 400 g julepølse 12,90 kr/kg. Vidare er det klar at tynnribbekrigen blir eit fenomen òg i år. Fyrste bud er 29,90 kr/kg, nokon billegare?

Bunnpris
I tillegg til dei faste dagstilboda, får du òg her klementinar til 12,90, i tillegg til store sjokoladeplater frå Freia til 3 for 2, det same med go'morgen-jogurt.


Oppsummering: Ei bra veke, og ein bra start på juletilboda.

onsdag 26. oktober 2011

Avslørt gjennom nøkkelholet

av KR

Ein av våre sparevennar har tipsa oss om at det no er påvist at nøkkelholkampanja til Kiwi ikkje gjev ei billegare handlekorg for folk flest. Folk biter på og kjøper fleire nøkkelholprodukt enn tidlegare, ei varegruppe som generelt er overprisa i høve til alternativt produkt.

Akkurat dette spådde Sparebloggen dagen då Kiwi slapp bomba, og Rema og Rimi forflytta troppane og heiv seg inn i priskrigen. Den smarte merkevarebygginga rundt kvasisunne nøkkelholprodukt har over tid medført prisauke til den naive forbrukar. I tillegg ser me av Dine Penger sin artikkel at priskrigen på desse produkta også er eit spel for galleriet. På 23 av 25 varer har Kiwi og Rema på øret identisk pris. Dette vitnar meir om lyssky kikking gjennom nøkkelholet til konkurrenten, enn ein reell priskrig på nøkkelholprodukta. Akkurat slik Sparebloggen tenkte seg i mars. Det heile er ei velregissert PR-kampanje for å styrke nøkkelholmerkevaret, og der igjennom selge fleire varer med høge marginar.

Me gjentek oppmodinga, sjå på pris - ikkje på merkevare!

måndag 24. oktober 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Norvegia går til 59,80 kr kg denne veka, men då frå pakkar á 500g. Om du er tom, og absolutt treng smaklaus ost, kan me tilrå ein pakke. Normalt plar me vente til osten kjem ned på 50-55 kr kg. Vekas tilkroning er 1 kg gulrøter frå Gartner, ein fair pris no på haustparten. Elles var det tynt i hyllene til Joker, det vert neppe ein tur denne veka.

* Spar/EuroSpar
Grilla kylling til standardprisen 29,90 pr stk (1,2 kg). Ein får billege middar ut or dette beistet av ein kylling, og særdeles om ein kokar gryte/suppe på skrotten. Kan fôre fem mann på ein kylling i dag. Kyllingkjøtdeiga går elles til 19,90 per 400g, ein pris me tilrår om du likar kyllingkjøtdeig. Elles går Fiskemannen sin fiskegrateng 450g til 14,50 - i grunn ein bra pris ut i frå pris per middag - men skammeleg når ein kjenner Rema sitt standardtilbod på 8,90 og dei sedvanlege gratengane på tikronarsmarknad.

* Rimi
Frå ein versting til ein annan, lyt ein vel seie. Rimi flaggar 4x1,5l Pepsi Max til 57,90. Om dette er billeg anar ikkje Sparebloggen, då me drikk vatn (eller gjer det om til vin).

* Obs
40% rabatt på alle varer frå Findus, det burde bety FirstPrice-prisar i frysedisken til Coop. Elles er det eindel rabattert sjokolade denne veka. Til sist nemner me klassikaren Snurring til 24,90. Snurring er eit festmåltid, men hermetikkprisane i dette landet har for lenge sidan fått Christian August Thorne til å snu seg i grava.

* Mega
Det er ikkje berre juletider no, det er nyttår snart òg! Kalkunen er denne veka i handelen til 29,90 pr kg, me tilrår at spararen drøyar han i det lengste. I fjor såg me kalkun ned til 19,90 pr kg. Kjøtdeig frå Gilde 400g til 22,90 er ikkje godt nok til å medføre hamstring. Me ventar til ein bikkar under 20 kr.

* Ica
Maxi har denne veka 40% på Findus-varene sine, kan romme nokre hyggelege tilbod - mellom anna dei ferdige gryterettane og kaptein-serien. Elles var det tynt i rekkene, og når Tine Yoghourt 0,5 l til 14,90 lanserast som eit tilbod, seier vel det det meste om ståa - det er då veiledande pris, Ica! Supermarked-kjeda har 40% på pizza frå Stabburet, med dette får du vel ein Grandiosa til prisen av ein større, fyldigare heimelaga pizza...

Konklusjon: Ei laber tilbodsveke. Det vert neppe handletur på underteikna, måtte i tilfelle vera ein tur innom Ica Maxi for å sjå i frysedisken etter ferdigrettar... Eg har min ringe tvil.

torsdag 20. oktober 2011

Instruks for first price-tannkrem

av SR

I mars hadde me ein test av first price-tannkrem, ein av firstpriceperlene. Me fekk då tilbakemeldingar i fleire medium om at det var vanskeleg å spretta forseglinga. Her kjem difor ein instruks.

Før du tek tak i den nye tannkremtuba er det viktig å sikra seg at den gamle er heilt tom. Her ser du ei eksemplarisk tømt tube. Legg merke til brettinga heilt fremst i tuba som gjer det lettare å få ut dei siste slantane:


Slik ser den nye tuba ut:


Når ein skrur av korka møter ein denne forsegla tuten, og det er denne som skapar problem for mange:


Det som bokstavleg tala er nøkkelen til å opna forseglinga. Denne finn du på toppen av korka:


Nøkkelen for å opna forseglinga nyttar du på denne måten. Trykk korka ned, og ha eit hardt trykk medan du skrur rundt:


Når dette er gjort er forseglinga laus, og kan enkelt fjernast:

måndag 17. oktober 2011

Tilbod veke 42

av SR

Spar
Slår til med 40% på alle pølse frå Gilde, Prior og Findsbråten. Mykje er dyrt i utgangspunktet, men her er det mogleg å frysa ned fancy pølser til grillsesongen 2012. Grøne druer til 19,90 kr/kg og tomatar til tilsvarande er heller ikkje feil.

Joker
Karbonadedeig er etter vår meining kjøtdeig i ei dyrare innpakking. Skulle du likevel sverja til denne farsa får du den til 29,90 kr for 400g denne veka. Langt under standardpris med andre ord. Det er òg 40% på tex-mex frå Old el Paso. Det er òg to gode 10-arar denne veka: 1,5 liter Cola vanleg og zero, samt tomatar i lausvekt (historisk billeg?).

Rimi
Rimiklassikaren smågodt til 8,90 kr/hg er attende, det same er skinkesteik til 38,60 kr/kg. Norske eple til 19,90 kr/kg er dyrt for oss som er van med å ha det i hagen, men billeg i ein butikkmålestokk.

Mega
Etter å å kjøpt nærare 10 kg ost til heimen (eitt pålegg i kjøleskapet-prinsippet) til bra pris sist veke har Mega gått opp i kurs hjå meg. Likevel ikkje noko like imponerande denne veka.

40%-aren denne veka er div. kyllingfiletar frå Prior. Me tilrår likevel framleis frosne frå Firstprice til omlag 115 kr for 2 kg. Biola til 19,90 er òg billeg for dei av oss som har lagt til seg dyre vanar. Nygrilla kylling (1125 gram) til 39,90 er òg ein fin pris på ein rask middag. òg her er det eple til 19,90 kr/kg.

Bunnpris
Ikkje noko nytt utover dagstilboda.

ICA Maxi
Har ikkje kundeavis denne veka, og synar til annonse i avisene. Ikkje akkurat i samsvar med vår ideologi å heller kjøpa annonseplass enn å leggja ut på eigne nettsider.

ICA Supermarked
Tikronersmarknad denne veka. Som vanleg gjerld det å løfta på prislappane for å sjå kva det vanlegvis kostar.

ICA Nær
6 x Go Morgenjogurt for 49,90 er billegare enn vanleg, men me er framleis ikkje nøgd. Har sjølv ikkje handla det sidan tilsvarande var til 39,90. Eple får du òg her til 19,90 kr/kg.

onsdag 12. oktober 2011

Gratis mat

av KR

"There's no such thing as a free lunch", skreiv Milton Friedman. Og sjeldan har vel ein nobelprisvinnar i økonomi teke så feil! Ikkje berre delar daglegvarebransjen ut gratis lunsjar, dei delar ut frukostar, middagar og kvelds også. Dette kan me no sjå og lære på NRK.

Det dreiar seg sjølvsagt om dumpster diving, friganisme eller berre romstering i søppelbøtter om du vil. Sparebloggen rapporterte tidlegare i år at dette no både var kome på moten og funne prisverdig. Det er her tale om utmerka mat, ofte godt lagra og modna, som kastast pga datohysteriet i norsk daglegvarebransje.

Sparebloggen har tidlegare oppmoda samtlege om å snakke med sin kjøpmann eller -kvinne, og be vedkomande halvere prisen på varer som er i ferd med å gå ut. Underteikna har sjølv opplevd kjøpmannen sin motvilje mot dette, då han heller føretrekk å kaste godt lagra og modna mat. So kan det vera. Vil du ikkje selge godt lagra og modna mat til 50%, kan eg godt plukke den opp att frå dynga bak lageret ditt!

Sparebloggen oppmodar med dette samtlege om å romstere i djupe søppelbøtter i skumle bakgater rundt om det ganske land. Men romstere forsiktig, så de ikkje vekkjer rottene (les: kjøpmenna).

måndag 10. oktober 2011

Vekas tilbod

av KR

Joker
40% rabatt på pizza frå Stabburet. Prisane på ferdigpizza har dei siste par åra stige vanvittig, så denne rabatten medførar ikkje noko meir enn ordinære prisar. Farris Bris 1,5l er vekas 10-kronar. Ali kaffi er på tilbod til vanvittige 19,90. Dette siste ranet oppsummerar veka hjå Joker, me styrar unna.

Spar
40% på ferdigrettar frå Findus, noko som burde bety Carbonara og Bolognese 600g til 17-18 kr. Ein rimeleg middag for to om du sper på med nokre brødskiver. Kyllingkjøtdeig 400g til 19,90 er billeg og kan tilrådast prismessig.

Obs
Held sokalla Is-Show denne veka, det involverar ikkje disneyfigurar på skøyter, men 50% rabatt på all Diplom-Is. Forutan dette er det usedvanleg tynt i tilbodsrekkene til Obs.

Rimi
Når lammelåret går til 119 kr kg, seier det seg sjølv at me ikkje eingong vågar oss innanfor døra. Stryk til Rimi atter ein gong, kor lenge kan me halde fram med å rapportere frå dette underbruket av underskotsføretaket Ica?

Kiwi
Lammelår til 69,90 pr kg, elles lite å hente utanom ordinære prisar.

Mega
Held fram med sine dagstilbod for på ein slik måte å lokke spararar i det ganske land innom bua kvar dag! Nuvel, alt er ikkej gull. Måndagstilbodet er 3 stk tortillaposar frå Santa Maria til 30 kr samla. Eit par kroner billegare enn lefsene frå FirstPrice. Torsdagstilbodet er 3 valfrie BigOne til 100 kr, ihvertfall billeg i høve til veil pris. Ingenting av dette får oss til å gå mann av huse. 40% på Norvegia er likevel bra på ein fredag, men me minnar om at EuroShopper og FirstPrice har billegare kvitost.

Ica
Maxi har denne veka (også) sokalla "gigantisk 10 kroners marked", for vår del unnlét me å kommentere gigantiske skrivefeilar her på bloggen. Av tikronarane dukkar fleire varer som normalt prisast til 8,90 og 9,90 opp, både pasta 500g og kokesjokolade 100g. Det same gjeld nok fiskegratengen frå Enghav, om ein kikkar til Rema. Tine Kremost er imidlertid ein klassikar og kan godt tilrådast til 10 kr når veil pris no ligg kring 15 kr. For å vera ein tikronarsmart var dette imidlertid skuffande og neppe verdt turen.

Konklusjon: Det vert neppe nokon tur på kolonialen for underteikna, for dette må vera årsverste på tilbodsfronten.

torsdag 6. oktober 2011

ALARM!

av SR

Var nettopp innom ICA i Nygårdsgaten i Bergen. Der var det 400g kjøtdeig grå Matmesteren til 19,90. Dette er same kjøtdeiga som eigentleg kostar 29,90 på "tilbud". Grunnen er at den går ut på dato 8. oktober. Nullstress joggedress, fyll opp frysen! Her i husstanden er tolv pakkar klar for frysing.

måndag 3. oktober 2011

Tilbod

av SR

Spar
Du får denne veka 400g kjøtdeig frå Gilde til 22,90 kr. Dette er omlag same prisen som for frosen kjøtdeig. Du får òg 40% på tex-mex-produkt frå Santa Maria. Det har òg kome ein serie hausttilbod, mellom anna mexikansk gryte til fine 19,90.

Mega
40%-aren denne veka er diverse produkt frå Lano, Solidox og Sun. Du får òg røykt svinekam til 49,90 kr/kg og lammelår til 79,90 kr/kg. Lammelåret skal ned i pris.

Joker
800 gram karbonader får du denne veka til 29,90. Det er òg 40% på gryter frå Toro. 10-aren denne veka er lasagne frå Knorr.

Rimi
Fårikålkjøt av lam får du denne veka til 49,90 kr/kg. Elles er det ikkje noko å rapportera om.

Bunnpris
Har lammelår til 69,90 kr/kg. I tillegg til pastakrakk og dagstilboda, er det denne veka òg fryseshow! Dette tek seg tilsynelatande opp, men prisane er likevel stive som hoftene til ein 100-åring.

ICA Maxi
Har denne veka head and shoulders shampoo og balsam til 14,90. Elles ikkje noko å skriva heim om.

ICA Supermarked
40% på big one og tropicana jus, samt norske eple til 19,90 kr/kg er etter forholda fint, men likevel alt for dyrt.

ICA Nær
Poteter i lausvekt til 7,90 kr/kg er ok, men det blir billegare utover hausten. Elles er det mange luretilbod.

laurdag 1. oktober 2011

Billig rus

av AH

Nå når høstmørket endelig senker seg og det er slått fast en gang for alle at sommeren aldri kom, er det lett å la tankene vandre bort til spritskapet. Selv oss sparere vet å sette pris på en god rus, men så snart man ser prislappen på polet er man mer edru enn noen gang. Hjemmebrent er heller ikke alltid så lett, og man skal ha både plass, tid og smørevillige naboer for å få det til. Håpet kan raskt blekne i møte med slik en hverdag, men frykt ikke! Det finnes flere lovlige måter å ruse seg på som både er enkle og billige. Her er noen tips:

Feber med musikk
Du er sjelden mer fantasifull enn når du har feberfantasier. Ligger du syk hjemme med fem lag ull, så er du allerede "spacet ut" og på god vei til en rus. Sett på litt psykedelisk trance, lukk øynene og la deg lede! Dette kan bli ganske intenst avhengig av hvor kraftig feberen er, men vær ikke redd - det er helt ufarlig! Og veldig, veldig gøy. Rave/drum n bass kan også prøves ut, her er det rom for eksperimentering!

Søvnmangel med lyd- og lysorkester
Dersom du skulle være så uheldig å ikke ha feber kan samme effekt oppnås ved søvnmangel. Stå opp ekstra tidlig, men skru gjerne også på et strobelys om du skulle være så heldig å ha det liggende (selges ofte på loppemarkeder). Døende lysstoffrør kan også benyttes.

Kaffe á la Trygve Berge
Dette er et hot tips fra vårt lands eneste yrkesfossil. Kok litt ordentlig sterk kaffe (helst kokekaffe eller annet ufiltrert) og sprut et eggeglass (eller mindre, etter behov) inn i anus. Dette skal gi en god og helsebringende rus. Gjør Berge det, kan du det også!

Hjernebølgestimulering
Lite kjent blant menigmann er såkalt "Brainwave Entrainment". Dette går ut på å spille bestemte frekvenser som stimulerer hjernen til hva det måtte være: konsentrere seg, slappe av, drømme søtt eller rett og slett trippe litt. På nettet finnes det flusst med prøveversjoner av programmer som gjør slikt, for eksempel Neuro Programmer. Undertegnede bruker selv dette, blant annet til såkalt "lucid dreaming". Dette kan gi deg rus både i våken tilstand og mens du sover. Noe lesing før bruk må påregnes.

Rød fluesopp
Fullstendig lovlig, benyttet av sjamaner i tusenvis av år og høyst sannsynlig voksende et steinkast unna utgangsdøren din! De fleste tror at denne soppen er dødelig, men dette er helt feil - faktisk har så godt som ingen dødd av rød fluesopp. Plukk det du kan, men pass på å tørke soppen før du spiser den, helst med litt varme. Den smaker forferdelig (og er ikke det sunneste du kan få i deg), men er da også gratis! Innta heller ikke brus eller annen kullsyreholdig væske sammen med soppen (men ha gjerne litt mat i magen). Og husk: ikke vær grådig, noen få gram kan være nok!

Rå løk
Dette tipset kommer rett fra selveste KR. Dersom du hiver i deg en hel, rå løk, er det mulighet for et "galloperande hjarta og noko som kunne minne om ein kort rus", for å sitere sparesjefen.

onsdag 28. september 2011

Test: Tørkerull frå First Price

av SR

Det er lengje sidan me har testa billegprodukta som er på marknaden, men no er me endeleg attene!

Produkt: First Price tørkerull.
Pris: 33,90 for to rullar a 100 meter.

Funksjonalitet 5 av 5
Tørkerull kan nyttast stort sett til det meste. For min del går det mest med til å tørka av teflon gryte/panne etter å ha vaska med vatn. Fara med det store bruksområdet er at papiret blir eit lettvindt og dyrt alternativ. Til dømes kan ein bruka klut til å tørka bordet.

Dette er av typen som mange vel å ha i ein haldar, alla offentlege toalett. Ikkje berre er det noko kvalmande å ha noko som gir slike assosiasjonar på kjøkenet, men det er òg unødig bruk av pengar. Rullen står seg fint åleine, og det er enkelt å riva av papiret du treng.

Appetitt 5 av 5
Papiret loar ikkje, og syg godt til seg både vatn og anna meir tjuktflytande. Det kan unekteleg vera litt lite delikat å måtte halda i papiret som er fullt av noko du helst vil ha fjerna frå bord, golv ol., men det ligg i tørkerullen sin natur, og det kan slik heller ikkje trekkjast noko her.

Fordøying 1 av 5
Dette er ein test som primært er meint for matvarer. Punktet om fordøying må likefullt med, og papiret er testa, og står til strykkarakter på dette punktet.

Tilråding: Viss du er eit tørkerullmenneske er dette eit bra og rimeleg alternativ. Sjølv brukte eg sist år under éin pakke på mi einmannshushaldning, så du får mykje for pengane her!

måndag 26. september 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Tidenes billegaste beinfrie surra svinesteik denne veka til fantastiske 29,90 pr kg! Sjå Sparebloggen si oppskrift og få deg middag til under 10 kr alt inkludert. Elles tilbyr Joker 500g pastasaus til 10 kr, noko som er eit godt tilbod og høver som basis til alt frå pasta til gryter. Forutan om dette plukkar me ikkje med oss meir denne veka.

* Spar
40% rabatt på alle findusprodukt, noko som senkar prisane ned til fristpricenivået. Med dette kan ein forvente å få kapteinens fylte-serien til omlag 20 kr, eller 10 kr pr person. Tilrådast. Spar sel denne veka surra svinesteik til 49,90 kr kg, altfor stivt når Joker har kutta prisen til 29,90!

* Mega
40% rabatt på diverse Toro-produkt, herunder supper og gryterettar. 200g-sjokolade til 19,90. Elles lite å hente.

* Rimi
Stivt prisa fårikålkjøt 49,90 kr, me styrar unna.

* Coop Obs
3 Pizza Originale for 60 kr er kanskje eit raskt måltid, men ein temmeleg dyr pizza per gram. Bak din eigen! Då er Kystens fiskegrateng frå Findus til 10 kr noko heilt anna. Mange føretrekk denne tikronarklassikaren over Rimi sin billege variant, då den inneheld meir fisk og er generelt meir smakfull. Ein slik grateng er nok til to pers eller middag i to dagar, me reknar 6 kr per middag inkl poteter. Andre tikronarfavorittar hjå Obs denne veka er kremosten, div påleggsalatar, blodpølsa, div såpe og meir til!

* Ica
Maxi sel som tidlegare i september storfekjøt til 59,90, dette må tilberedast i gryte sjå Sparebloggen si oppskrift. Elles dalar potetene ned til nesten fornuftige nivå, Ica tel no 7,90 pr kg for nypoteter. Supermarked-delen av Ica sel denne veka fiskegrateng til dobbel pris i høve til Obs, me styrar klar.

Konklusjon: Eindel bra tilbod denne veka, me trekk særleg fram Joker si steik og tikronarsgratengen til Obs.

onsdag 21. september 2011

Prissjokk VI

av OH

Prissjokk-spalta er tilbake - verre enn nokonsinne.
Rimi har ikkje fått toppkarakter for gode tilbod under vekas tilbod. Det er gjerne ikkje så veldig rart når dei presterer å prise italiensk salat frå Delikat til blodpris. Spesielt 200 gram for same prisen som 350 gram.


Betre lukke neste gong, Rimi!

måndag 19. september 2011

Tilbod veke 38

av SR

Spar
Historisk bra veke hjå spar! Kvit Synnøve til 49,90 kr/kg, 40% på fiskepålegg frå Stabburet, samt heil, nygrilla kylling til 29,90. Dette er det berre å klappa for!

Joker
Har denne veka 40% på ei rekkje frosne fiskevarer frå Findus. 10-aren denne veka er 350 gram rømmegraut frå Fjordland. Dette er på det jamne med fastpris frå Nordfjord hjå Rema.

Mega
40 % på jus frå tine og coop. Elles får du Freia melkesjokolade til 19,90 og 25% på ei rekkje hygieneprodukt. Elles er det høg grad av luretilbod denne veka.

Rimi
Same utilgjengelege tilbodsavisa denne veka som sist veke.

ICA Maxi
Gjer seg vanskelege denne veka - annonserar i avisene, ikkje på nett...

ICA Nær
Satsar på fårikål denne veka: Kjøt frå lam til 49,90 kr/kg, sau 39,90 kr/kg og kål til 1,90 kr/kg. Me tilrår å avventa kjøtkjøpinga nokre veker. Elles får du store plater frå Freia til 19,90.

ICA Supermarked
Heil og fersk torsk til 69,90 kr/kg er etter sesongen bra.

Bunnpris
Same gamle. Me er kjende med at det er mange som møter tomme tilbodshyller hjå sin lokale Bunnpris. Me tilrår å forfatta eit tårevått og sirleg brev til Bunnpris der ein klagar over at ein alltid møter tomme hyller. Då dukkar det brått opp eit gåvekort om du kan kunsten. For deg som ikkje kan kunsten, les her.

fredag 16. september 2011

Lag ditt eige bondesmør!

av KR

Kvifor i all verda skal ein kjøpe smør når ein kan lage sitt eige på fem minuttar, og samtidig halde i hevd stolte tradisjonar og seterkultur? Sparebloggen gjev deg svaret!

For 500g smør treng du:
1 liter fløte
2 boksar rømme
6-7 teskjeer salt

Bland alt i miksmastar eller anna kjøkkenmaskin, og lat køyre for full maskin. Om du ikkje vil ha buttermilk og smørklattar på tapetet kan du dekke til kjøkkenmaskina. Etter 3-4 minuttar vil det ha danna seg smørklumpar som du pressar saman til eit feitt smørstykke. Gratulerar! Du har nettopp kasta bort 75 kroner og fleire minutt av ditt liv. Kvifor i all verda skal du gjera dette når 500g smør frå FirstPrice kostar 9,90? Dropp dette tullet, og kjøp FirstPrice-smør du òg!

onsdag 14. september 2011

Spenol - Norges beste kjøp?

av AMS

Glem svindyre fuktighetskremer, kvinner og menn! Glem all reklame om hvilken fuktighetskrem som er best – og billigst. Spenol slår alle andre fuktighetskremer ned i støvlene - også i fjøset. Grei kvalitet til uovertreffelig pris. Her er priseksempler på 250 ml Spenol i oslobutikker: Kr 8,40 (Kiwi) og kr 8,90 (Bunnpris). Vi har også undersøkt prisen hos Joker, som må gå i skammekroken: Kr 15,90. Uhørt. Joker kan være glade for at vi ikke lenger har en prislov med forbud mot urimelige priser! Hvorfor bare smøre inn spenene? Gakk hen og gjør likeså!

måndag 12. september 2011

Tilbod

av SR

Kiwi
Ein ivrig lesar har tipsa om fårikålkjøt til 29,90 kr/kg. Dette er ein bra start på hausten!

Spar
Denne veka er det 40% på alt oppskåre pålegg frå Prior, Gilde og Findsbråten. Vidare får du mørk og lys brunost frå Tine til 59,90 kr/kg. 19,90 kr/kg for grøne druer er uvanleg billeg. Synd det er lite eigna for hamstring!

Joker
Har 10-kronersmarknad, og byr mellom anna på 300 gram røykt kjøtpølse, stor boks med makrell i tomat er alle gode tilbod. Fiskegrateng til 10 kr er bra, men på rema får du til 8,50 fast, men det er truleg noko mindre fisk i rema sin.

Rimi
Har gjort "tilboda" sine veldig lite tilgjengeleg på nett, men det eg såg var ikkje noko som imponerte meg.

Bunnpris
Har denne veka, som dei tidlegare, pastakrakk, samt dagstilboda på laks, kjøtpølse, strimla svinekjøt, kjøtdeig og kylling.

Mega
40%-aren denne veka er eit utval tørke- og toalettpapir. Vidare får du 700 g Jarlsberg til 59,90 kr - ikkje billegost, men økonomisk for den fisefine. Vidare får du pizza ristorante til 19,90, noko som er bra. òg Mega byr på lys brunost til 59,90 kr/kg denne veka. Store sjokoladeplater frå Nidar får du for 19,90.

ICA Nær
Hovudkål til 1,90 kr/kg lovar bra for fårikålen, men kjøtet er endå ikkje billeg nok. Vidare får du store sjokoladeplater frå Freia til 19,90.

ICA Maxi
Denne veka får du 40% på all kaffi frå Friele. Vidare er fersk seifilet til 49,90 kr/kg bra.

ICA Supermarked
Har tilbod på kjøtdeig i lausvekt denne veka - 59,90 kr/kg. Dette er likevel ikkje noko å ropa hurra for. Hovudkål til 1,90 kr/kg får du òg her, i tillegg til wasa knekkebrød på 30% tilbod.

torsdag 8. september 2011

Underhaldning

av SR

Det er ikkje noko nytt at me er faste sjåarar av Luksusfellen, og den hakket drøyare Lyxfällan frå Sverige. "Skallen" er vår helt og vår ledestjerne, og ikkje minst er skadefryd den beste fryd. Me reagerar likevel sterkt på dei feite gåvene deltakarane får fordi dei har vore så "flinke" den siste veka. Men me seier som Kjell Kjellen Bigset, "la gå!", for me er sjølvsagt i ekstase over nye episodar på skjermen. Kan nesten ikkje venta med å sjå neste episode med han som har fått varsel om utkasting neste veke.

Men det er ikkje berre Skallen som stiller opp med god underhaldning for oss spararar. Det er meir regelen enn unntaket at rosabloggarane er reine sløsebloggarar. Eit kort sitat frå alle rosabloggarar sitt store idol, Jan Thomas, seier meir enn tusen ord: "14 800 kr er jo ikke noe for en pen veske!".

Sjølv kjem eg til å følgja denne bloggen i tida framover, og eg trur nok denne bloggaren bør svinse innom her ein tur òg. Særleg med tanke på at fyrste innlegg hadde tittelen "Ting jeg måtte ha som jeg ikke visste".

måndag 5. september 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Grandiosa til 19,90 er nok billeg, men ikkje særleg bra for deg! 1 kg Synnøve-ost til 49,90 - ein klassisk og tilrådd pris her på bloggen. Det byrjar verte lenge sidan me har sett kvitosten under 50-lappen, og me tilrår difor storhamstring.

* Spar
40% rabatt på BigOne og Originale, me tilrår heller Grandisen om du skulle befinne deg mellom dei to. 200g nøttesjokolade frå Freia 19,90. Ferdig pizzabotn går til 29,90, noko som visst nok skal vera under veiledande pris. Me tilrår at du heller bakar di eiga deig til 5 kr (0,7 l mjøl, 0,3 l vatn og 0,5 pk tørrgjær).

* Mega
Me gir oss ende over, det er litt av ei tilbodsavis Mega har denne veka. Det beste tilbodet til Mega denne veka er nok ferdig pizzadeig til 36,90. Dette skal òg tilbodspris. Styr unna! Kva skjer i dette landet, har folk vorte fullstendig åndssvake? Me tek til sist med druene til 14,90 pr kg, men ein tur innom fristar ikkje etter dette.

* Prix
Fårikålkjøtsesongen er så smått i gong, 34,90 pr kg for fryst sauekjøt gjev ein billeg middag. Kyllingfilet til 85 kr kg er heller ikkje så gale, men langt i frå årsbeste.

Bunnpris
Det er krakk hjå Bunnpris no, påstår dei, 30-50% rabatt på diverse pasta. Do a killing in pasta this week!

* Rimi
Rimi har droppa den tradisjonelle kundeavisa denne veka, og det er kanskje like lurt når dei frontar tilbodet sitt som er 500g druer i kurv til 24,90. Årsverste i grøntdisken.

* Kiwi
Har heller inga retteleg kundeavis denne veka, dei reklamerar framleis for momssvindelen sin.

* Ica
Ica Supermarked har denne veka 40% rabatt på pålegg frå Gilde og varer frå Findus. Ica Maxi har måndag til onsdag storfebog/høgrygg til 59,90 pr kg, billeg middag som kan tilrådast. Du har her to alternativ. Sørg for å få eit mørna stykke, eller lat det mørne heime hjå deg sjølv (dvs lat ligge over datomerkinga). Brunast fyrst nokre få minutt. Reserver deretter steikomnen i 2,5 timar om steika per 1,5 kg, lat steike på 125 grader. Alternativt kan du lage gryterett av kjøtet, del stykket opp i høvelege bitar på 100g, hell i høveleg med poteter, gulrot, erter og purrelauk - og lat småkoke i minst ein time. Tidsklemme? Pføy! Denne middagen gjer seg sjølv i omnen, så cut the crap.

* Obs
Sel denne veka Norvegia til 59,90 pr kg, styr unna til fordel for Joker sitt Synnøve-tilbod. Diverse frysevarer nedsett med 40%, dette er typisk overprisa ferdigmiddagrettar som no kjem ned til 20-25 kr pk. Bananar til 9,90 pr kg kan tilrådast. Hovudkål til 2,90 pr stk er kanskje billeg, men ikkje i fårikålsesongen - vent til me ser krona! Til sist tek me med ein liten luring frå Obs denne veka, 1 kg karbonadekaker til 30 kr kg for medlemmar (club de exclusive) av Coop. Denne klubben møtast ikkje i Nedre Vollgt 19, men er open for medlemskap.

fredag 2. september 2011

Studentposar

av SR

Studiestart er tradisjon tru gratis vareprøver. I skrivande stund sit eg med to stykk studentposar som eg fanga med meg på veg attende til lesesalen etter å ha førehandsrøysta.

Innhaldet er historisk bra, og det er som me seier i Sparebloggen: Det er ikkje noko som speglar velstanden i samfunnet så godt som studentposane. På store delar av sist tiår var studentposane ein oase. Men rundt årsskiftet 2007/2008 kom finanskrisa. Dette gjekk hardt utover innhaldet i posane. Det var mykje gratis papir, men lite det faktisk gjekk an å bruka til noko.

No er alt på stell igjen, og det er mindre papir enn nokon gong tidlegare. Dette lovar bra for framtida!

måndag 29. august 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Horre steikje! Spareblogg-klassikaren 400g kjøtdeig frå Gilde til 19,90 er tibake i hyllene (5 pr kunde). Gjer klar for hamstring, lausskjegg og falsk legg. Elles er det lite å hente på Joker denne veka.

* Rimi
For den som likar mild ost er Norvegia til sals for 54,66 kr kg (pk á 730g). Elles må me gratulere Rimi med "tilbodet" på kjøtdeig, som berre er 67% dyrare enn Joker denne veka.

* Spar
Når ikkje heilt opp denne veka med milde Norvegia til 59,90 pr kg. Ikkje godt nok.

* Kiwi
Pushar framleis dyr karbonadedeig. Vekas "Go'helg"-tilbod er kyllingfilet 160g til 16,90. Ingen höydare.

* Obs
Fløtemysost og Gudbra...nei, brunosten går denne veka til 49,90 pr kg. Lettsalta torskefilet til 79,90 pr kg er heller ikkje gale.

* Mega
Sel aurefilet til 99 kr kg denne veka, styr unna - og plukk heller med deg rund aure frå frysedisken til 25-30 kr kg.

* Ica
Maxi har framleis stor 10-kronarsmarknad. Elles er det lite å hente på Ica.

Konklusjon: Vekas tilbod er kjøtdeiga til klassiske 19,90, vekas kaktus går til Rimi si kjøtdeig.

fredag 26. august 2011

Sokalla spareferie

av KR

På oppfordring er eg beden om å referere frå min sokalla spareferie. Det går nemleg rykter om det. Spareferie?! Pfføy, seier no eg! Høyr berre her:

Det heile starta med ein køyretur frå sørvestlandet og nordover 30 mil i bil. Ikkje så blodig som illustrasjonsbiletet indikerar, men blodraude tal i rekneskapen likefullt! Bensinprisen tør vera kjend, bompengar og ferjesamband like så. Berre bilturen kosta meg over 500 kr. Så var det dagesvis med tapte kilokaloriar, og tilhøyrande tapte feltrasjonar og spekemat. Eg tør knapt anslå matbudsjett, fyringskostnadar og overatting, men lat oss seie 300 kr for ei langhelg. Så var det å vende nasen nedover i dalen, og attende til sivilisasjonen. Der gjaldt det å leve på andre nok til å tene inn att reisekostnadane. Det gjekk vel med 8-9 dagar med fullpensjon hjå mine foreldre, som naturlegvis ikkje kunne ta seg betalt for mi veitsle. Der levde eg som ein pleietrengande til eg måtte returnere sørover, ei reise som kosta meg nye 500 kr i bil og billettar. Ferietur nr 1 kom inn på 1300 kr. Argh!

Så var det ferietur nr 2, ikkje særleg meir kreativ - då vinnarresepten i grunn vart funnen i ferietur nr 1. Bilturen gjekk denne gongen noko lengre nordover, men med same målet; feltrasjonar og fulle spisskammers. Nøkkelen bak spareferiar er nemleg gratis overnatting og apostlenes hester. Sparebloggen vil difor nok eingong minne om at det er gratis ferdsel og overnatting i utmark heile året. Me vil tilrå nødbuene som står kringom i landet, som gratis overnattingsalternativ om teltet skulle vera søkkvått, og Sparebloggen vil her særleg framheve den eksklusive Lordehytta. Her finn du både gratis benk og ved - er du heldig også noko hermetikk i skapet! Sjølv fann eg berre tomme etterlatenskapar av tysk fabrikat (Erdnüsse). Gratis er det likevel langt i frå å reise rundt i dette landet, for ferietur nr 2 kom inn på 1500 kr - 1 veke i utmark og 1 veke i innmark. Sum ferie nr 1 og 2 = 2800 kr. Dobbelt-argh!

Trøste og bære, berre 95% av feriepengane gjekk på sparekonto dette året.

måndag 22. august 2011

Tilbod veke 34

av SR

Spar
Òg denne veka er det 10-kronersmarknad. Det ligg an til taco til middag når alle tex-mex-produkt frå Old el Paso er til 10 kr!

Joker
Ulike supper frå Toro til 9,90 kr er ikkje feil. Svinekotelettar til 29,90 er ein gamal slager, men me har sett billegare tidlegare i sommar. 10-aren denne veka er isbergsalat. Fint for den som ikkje vil påspandera gjestane agurk og tomat.

Bunnpris
Har denne veka 30-50% på alle typar pasta. Dette inkluderar òg first price-pasta! I tillegg kjem dagstilboda som me tok opp att sist veke. Ikkje verst dette her!

Mega
40%-aren denne veka er diverse pålegg frå Gilde. Elles får du 1125 gram grilla kylling til 39,90, noko som er bra! Du får òg brunost frå Tine til 49,90 kr/kg.

Obs!
Denne veka er det 40% på alt av frukt og grønt. Elles er det lite å skriva heim om, med mindre du er coop-medlem om skal kjøpa koss porta pro. Det får du til 189 kr denne veka. Me er usikre på om eit Nikon 03000 speglreflekskamera (testvinnar) til 2990 kr er billeg, men me heller mot at dette kan vera eit bra kjøp.

Rimi
Har same tilboda som sist veke. me tilrår osten.

ICA Maxi
Har 10-kronersmarknad denne veka òg. Elles kan eg melda om at eg kjøpte 10 kg poteter til 49 kr på maxi i Åsane sist veke!

ICA Supermarked
Har same gode ostetilbod som sist veke. I tillegg får du 6 go morgen-jogurtar til 49,90 - me avventar.

ICA Nær
Same som sist veke.

onsdag 17. august 2011

Billeg overnatting

av SR

Det seiast at ferie både er dyrt og luksus, og er det ein ting som er sikkert, så er det at det må førast som ei ekstrautgift som kunne vore unngått. Nokon av dykk vil nok retta dette til "tap".

Eg skal ikkje seia meg ueinig i dette, men stundom kan jo sjølv me spararar unna oss litt luksus. Om ikkje anna kan me kalla det ei studiereise til livet me gjer narr av resten av året.

Tidlegare har me kome med ei rekkje tips om korleis ferien kan bli både billeg, gratis og noko ein tener på. I fortsetjijnga av dette vil eg fortelja om noko eg prøvde ut denne sommaren.

At München kan vera ein dyr stad å overnatta er det liten tvil om. Til alt hell kom eg difor over The tent. Som namnet seier har dette hostellet innreia ei rekkje store party/sirkustelt med senger. Når ein opererar med 100-mannsrom blir det naturleg billeg, og for ei matte på golvet kan du få overnatting til 7,5 euro, og for ei seng 10,50 euro. Ikkje noko å seia på slike prisar. I tillegg fekk eg ei oppleving for livet då broren til Borat sov i senga under meg. Minneverdig på mange måtar med andre ord. Dette er eit alternativ som er midt i blinken for dei som vil bu billeg, likar teltlivet, men som helst vil sova i ei seng likevel. Sparebloggen går god for denne plassen, og set vårt godkjend-stempel på The tent.

Diverre vart sparinga med denne overnattinga overskugga av at eg blei svindla for 20 euro av ein gjeng døvstumme i Paris [sic]...

Og til slutt ein liten teaser: Neste veke kjem KR med eit referat frå sin spareferie!

måndag 15. august 2011

Tilbod veke 33

av SR

Spar
Tradisjon tru på desse tider av året er det 10-kronersmarknad på Spar. Ikkje alt er like bra, men suppe, fiskegrateng, leverpostei og ulike typar kjeks er gode tilbod. Styr unna det som normalt ligg på tilsvarande pris - havregryn, go'morgen jogurt ol. - det er ikkje noko poeng å hamstra her. Faktisk frå du havregryn hjå rema til under 9 kr.

Joker
Har denne veka 40% på oppskore kjøtpålegg og posteiar. I tillegg er det 40% på 200-gramsplatene med sjokolade frå Freia. I tillegg får du 30% på munnhygiene frå Colgate. Her minnar me likevel om at både first price og landlord har tannkrem til under fem kroner.

10-aren denne veka er Hamarpålegg, betre kjend som HaPå

Rimi
Den billege osten er attende i hyllene. 730 g Norvegia til 39,90 gir ein kilopris på 54,66, noko som er bra. Sjølv har eg allereie vore på Rimi og teke med meg seks pakkar til mi hushaldning. Osten går ut i slutten av oktober, så her er det berre å sikra seg. Sjølv vurderar eg ei runde til.

Elles får du appelsiner til 9.90 kr/kg. Ut over desse to tilboda vil me tilrå å ta handelen ein annan stad. Kjøtdeig på "tilbod" til 33,20 for 400 gram er jo til å bli flau av.

Bunnpris
Har framleis dagstilboda sine. Desse er:
Måndagar: 4x100 gram laks til 29 kr.
Tysdagar: 840 gram røykt kjøtpølse til 19 kr.
Onsdagar: 300 gram strimla svinekjøt til 19 kr.
Torsdagar: 750 gram kyllinglår til 29 kr.
Fredagar: 400 gram kjøtdeig til 19 kr.

Denne veka får du òg Norvegia til 59,90 kr/kg, noko som er bra, men ikkje like bra som hjå Rimi.

ICA Maxi
I tillegg til 10-kronersmarknad, får du denne veka same tilbodet på Norvegia som på Rimi - 39,90 kr for 730 gram.

ICA Stormarked
Òg her er det 10-kronersmarknad denne veka.

ICA Nær
Butikk nummer tre som har 730 gram Norvegia for 39,90 kr! Fersk kjøtdeig til 24,90 for 400 gram er greitt, men me tilrår heller å ta turen innom Bunnpris på fredag, eller å kjøpa frosen kjøtdeig.

Mega
Har denne veka 40% på skiva ost frå Synnøve og Tine. Dette er likevel sinnsjukt dyrt. Norvegia, som du får til under 55 kr/kg i ei rekkje butikkar denne veka, kostar omlag 85 kr/kg etter rabatten!

Du kan få 800 gram kjøtkaker til 39,90, noko som er heilt ok.

Obs
Har du blitt urban i løpet av ferien, kan me tilrå 3x iskaffi frå Starbucks til 30 kr. Elles er 3x pizza originale for 60 kr heller ikkje feil. Er du hard på kvikk lunsjen kan me tilrå 4 x 6-pack med kvikk lunsj (!) til 100 kr. Elles er det òg her ei rekkje varer på 10-kronersmarknad.


Elles
Denne veka er det studiestart for mange av våre lesarar. I den samanhengen vil me tilrå å styra unna øl frå dei dyre bryggeria. Ein gylden regel er at du vertfall ikkje skal betala meir enn 40 kr/literen. Men her er det mogleg å komma ned på vertfall 35 kr/literen. For vindrikkarar er det berre å gå for det billegaste som er på polet - amigo på treliterskartong. Smaken er ikkje topp, men du kjem uansett ikkje til å hugsa noko av smaken viss du er på fadderarrangement.

For den seriøse spararen er det likevel eit anna og betre alternativ - brygg sjølv!

måndag 8. august 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Nok ei veke med 40% på diverse ferdigpizza, denne gongen Joker. Er det verkeleg slik at daglegvarebransjen har oppdaga at folket ikkje vil betale 60-70 kr for ei tynn pappskive med ost? Vekas tikroning er 1 kg 4-kornmjøl med gjærpose, tilrådast på det sterkaste! Dette er perfekt som basis i mjølblanding for brødbakst. Sjå Sparebloggen sitt heimelaga brød.

* Spar
1 stk grilla kylling, på storleik med høns, til 29,90 gjev fleire middagar og opptil 10 liter suppe.

* Kiwi
Som førre veke.

* Mega
20 kr for bogskinke 325g er ikkje sumarens billegaste. Elles held Mega 10-kronarsmarknad denne veka. Klassikaren 400g blodpølse er verdt å plukke med seg, ilag med 400g fiskepudding til same prisen. Diverse denjasalatar til 10 kr er også bra nedprisa.

* Obs
900g røykt kjøtpølse til 29,90 er billeg, men pass på kolesterolen! Surra oksesteik 99 kr tilrådast.

* Ica
Maxi selger diverse kyllingrestar til 19,90 pr kg (klubbar og vingar). Perfekt for suppe eller gryter.

Brannfakkel: Noreg er Europas billegaste land målt etter inntektsnivå!

tysdag 2. august 2011

Lisenskontrollen sendt på dør

av KR

Ahh, nok ein lisenskontrollør sendt på dør med følgande beskjed: "Nei, eg har ikkje TV - eg har nett-TV!" Denne kontrolløren gjekk også med på at eg ved å sjå NRK via nett-TV nytta meg av eit utilsikta hol i regelverket, som ikkje har vorte revidert i takt med den rivande utviklinga. Samtalen vart avslutta med ein god latter frå begge partar. Slikt varmar nesten like mykje som dei sparte tusenlappane.

Sparebloggen vil på ny nytte høvet til å be samtlege spararar kvitte seg med TVen, og få ein god latter på kjøpet!

måndag 1. august 2011

Vekas tilbod

av KR

Framleis sumarstille på Sparebloggen, men her kjem vekas tilbod!

* Joker
400g karbonadedeig til 34,90 er kanskje under veiledande pris, men ein horribel pris samanlikna med 400g kjøtdeig og sparebloggprisen 19,90. Eit anna luretilbod frå Joker denne veka er 250g Ali kaffi til 19,90. Styr unna!

* Spar/EuroSpar
Sumarklassikaren bokskinke 325g går til akseptable 14,90. Spar legg på 100 kr på ytrefilet av svin, som selgast til stive 189 pr kg. Ikkje godt nok!

* Coop Obs
Framleis usunne tilbod der Grandiosa selgast med 40%, samt 10 flasker 1,5-liter Pepsi til 100 kr. Kyllingfilet derimot selgast inn som tilbod til 122 kr kg, me som kjenner frysedisken og FirstPrice-kyllingfileten veit me får 2 kg til den prisen. Elles nemner me at Obs denne veka sel Phillips hårklyppar til 199 kr, tilrådast!

* Rimi
Ei kundeavis nærast utan oppgidde prisar er kanskje lurt dersom du trur kundane dine er sumarsløve. Sparebloggen handlar i mindre og mindre grad på Rimi.

* Ica
Ica Maxi selger flintsteik til 29,90 pr kg, ein pris som kan tilrådast. Bogskinka derimot selger Ica Nær til doble prisen av kva den kostar på Spar denne veka, så pass på!

* Kiwi
Etterkvart ein klassikar i daglegvarebransjen, 3 x 600g grillpølser frå Gilde til 49,90 (27,72 kr kg). Elles nemner me Go'helg-tilbodet frå Kiwi, som denne veka er grillmarinert svinefilet 240g til 16,90 (70 kr kg). Det er to filetar i pakken, og med poteter attåt har du rask middag til under tikroningen.

måndag 18. juli 2011

Tilbod veke 29

av SR

Spar
Denne veka får du sommarkotelettar til 19,90 kr/kg. Det verkelege kuppet er likevel ytrefilet av storfe til 149 kr/kg.

Joker
29,90 for 500 gram marinerte laksestykker er særs bra, kan faktisk ikkje minnast sist dette skjedde, så her er det berre å hamstra! 10-aren denne veka er 500 g potetsalat frå Denja.

Obs
40% på coop-kaffi og nidarfavorittar luktar det kaffibesøk av. To pakkar med karbonadedeig for 60 kr er heller ikkje feil for dei som ikkje tykkjer kjøtdeig er bra nok. Bananar til 8,90 kr/kg og t-skjorter frå adidas, puma, quicksilver mm. på 50% sal er absolutt noko eg kan tilrå.

Mega
40%-aren denne veka er jus frå Sunniva og coop, noko som er bra. Picnic-skinke til 19,90 er billegare enn vanleg, men det er likevel ikkje grunnlag for hamstring. Er du coop-medlem får du 1,5 liter bris til 6,90 + pant, noko som er veldig bra. Du får òg aktivia jogurt til 25% rabatert pris. 25% er det òg på sjampo og balsam frå head and shoulders.

ICA Maxi
På same måte som sist veke er det 10-kronersmarknad denne veka.

ICA Supermarked
Lite å melda om, einaste måtte vera 30% på jus frå sunniva for dei som ikkje har høve til å gå på Mega.

Rimi
Er framleis mest oppteken av alt mogleg anna enn å presentera tilboda denne veka.

tysdag 12. juli 2011

Tilbod veke 28

av SR

Spar
Denne veka er det 40% på sørlandsis, heilgrilla kylling til 29,90 kr og jordbær frå Noreg til 19,90 pr. korg. Dette er bra, men sjølv var eg ein tur i åkeren, og eigaren skulle berre ha 50 kr for 5 kg.

Joker
Skinkeboks til 14,90 er populært i våre kretsar. 10-aren denne veka er ballerinakjeks. Elles lite å melda om.

Bunnpris
Reklamerar stort for grillmat. 600 g grillpølse til 15,90 er på ingen måte feil. I tillegg kjem dei faste tilboda som varierar frå dag til dag. Det er i tillegg 3 for 2 på kjeldsberg-kaffi.

Obs
Fire lano-produkt til 50 kr, tre flytande blenda- eller omo-produkt til 100 kr, tre literskartongar med Sunniva-jus til 30 kr og tre brød til 39 kr er fine kvantumsrabattar.

Eple til 12,90 kr/kg og 40% på ulike diplomis-isar er heller ikkje feil.

Mega
40%-aren denne veka er skiva ost frå Synnøve og Tine. Kva som er bra pris på nektarinar er me litt usikre på, men me trur 12,90 kr/korg skal vera bra. 500 g scampi til 49,90 kr er bra om du skal imponera ein kveld.

ICA Supermarked
40% på ulike "multipack" med is. 79,90 kr/kg for laksefilet er heller ikkje feil. Du får òg 40% på pizza ristorante.

ICA Maxi
69,90 kr/kg for laksefilet er ein bra pris. Vidare er det 10 kr for ei rekkje varer, mellom anna cherrytomatar, leverpostei frå Grillstad og mellomstore boksar med makrell i tomat ol..

ICA Nær
9,90 kr/kg for vannmelon og 29,90 for 6-pakk med kroneis er bra begge delar. Elles lite å melda om.

Rimi
Skal rimi forventa at me skal ta turen innom, må dei laga ei meir oversikteleg tilbodsannonse. Det eg fekk med meg var likevel ikkje noko å hoppa i taket for. Blomkål til 9,90 går likevel an.

måndag 27. juni 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Ferske nakkekotelettar til 29,90 pr kg kan me tilrå. Elles er det ikkje stort å hente, frosne reker til dyre 29,90 er eitt av mange gjesp hjå Joker denne veka.

* Spar/EuroSpar
40% rabatt på allereie overprisa kaffi, ferdigkutta salat og brød. Sommarskinka går til svindyre 99 kr kg, surra svinesteik skal under 40 kr kg for å vera bra (sjå prisstatistikken). Årsverste frå Spar.

* Rimi
Sommarskinke til 59,90 kr kg er framleis for dyrt for oss. Frosne reker til 19,90 er imidlertid OK, men langt i frå billeg. Flintsteika går atter eingong for 49,90 kr kg. Heller inga bra veke for Rimi.

* Kiwi
Go'helg-tilbodet denne veka er ytrefilet av svin til 105 kr kg, ikkje særleg billeg - men OK i små mengder.

* Mega
Nakkekotelettar til 39,90 er ikkje godt nok denne veka heller, sjå Joker. 40% rabatt på Tine yohurtar kan romme nokre greie tilbod, me nemner her 500g-begeret til veil 14,90 - no under tikronaren.

* Obs
Dei frosne sumarkotelettane frå Gilde går framleis til 27,90 kr kg, og elles er det skuffande lite å hente på Obs denne veka.

* Ica
Maxi har umarinert flintsteik (dvs ferskare) til 29,90 kr kg, noko som er særs billeg. Supermarked har 40% på frosenpizza, medan Ica Nær legg doblar prisen på flintsteika (marinert) i høve til Maxi. Oppsiktsvekkande dyr marinering frå Ica!

Konklusjon: Ei skuffande veke, men flintsteika på Ica Maxi trekkast fram som vekas høgdepunkt.

måndag 20. juni 2011

Tilbod veke 25

av SR

Spar
Sommaren er unekteleg komen, og denne veka får du 40% på alle "sparepakkar" med is. 19,90 for ulike typa grillpølser frå Gilde er heller ikkje feil. Elles lite å melda om.

Joker
500 g grillpølse frå Findsbråten til 14,90 er kanskje årsbeste, om ein ser vekk frå dei frosne som det aldri blir reklamert for. På ispinnefronten får du Isabella og Friskis til 16,90, noko som gir ein finfin stykkpris. 10-aren denne veka er 350 gram rømmegraut, sjå heller Obs.

Rimi
Reker til 19,90 kr/kg er smaken av sommar, men me ventar oss ein endå sterkare smak dei kommande vekene, men det er likevel grunnlaget for ein billeg middag. 129 for 24 boksar med cola er ikkje spesielt billeg. Ikkje lengje sidan eg såg det same til 89 og 99.

Mega
Marinert flintsteik til 49,90 kr/kg er korkje fugl eller fisk (det er svin høhøh). Ikkje noko å hamstra etter med andre ord. Spekematen til Jonsokafta kan du kjøpa hjå Mega, der det er 40%. Men styr unna rømmegrauten, den er dobbelt så dyr som på Joker. 1 kg nektarinar til 12,90 kr er rimeleg bra.

Obs!
3x600g grillpølse får du til 48,90, noko som er bra. Du får òg treningsskjorte og shorts frå kappa for tilsaman 199, noko som er veldig bra! 800 gram rømmegraut til 19,90 er ein veldig fin pris, det same er 40% på ei rekkje Findusprodukt.

ICA Supermarked
Norvegia til 59,90 kr/kg er verdt å kjøpa meir av, men ikkje for mykje. Elles diskast det opp med pærer til 9,90 kr/kg.

ICA Maxi
Lite å melda om frå denne kanten, einaste er Koss porta pro til 199 kr. Hugs kvitteringa, så har du hovudtelefonar resten av livet - det er livstidsgaranti!