måndag 31. januar 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Byrjar veka med eit "så där"-tilbod, kjøtdeig til 22,90 per 400g. Me tilrår forsiktig kjøp, men ikkje hamstring før 19,90. 1 kg epler frå FirstPrice til 10 kr går også an i små mengder denne tida på året.

* Kiwi
Ingen særskilt gode tilbod denne veka.

* Obs
2 x 400g kyllingkjøtdeig til 40 kr får vår velsigning, særleg i desse "kvitt kjøt"-tider. Elles tilrår me bananar til 9,90 pr kg.

* Mega
1 kg kvitost frå Synnøve til 59,90 går an, men me tilrår som kjend fyrst hamstring ved 49,90 på kiloen (sjå Spar!). Sitrusfrukter til 9,90 pr kg. 40% rabatt på Grandis, ja om du et slikt.

* Rimi
6 stk Go'morgen til 39,90 er halv pris i høve til veiledande, men framleis ein dyr frukost!

* Bunnpris
Sokalla priskrakk på gryterettar frå Toro, minus 30-50% kan romme juvelar av nokre ferdigrettar. Høver godt som basis, som deretter spes ut.

* Spar
Der kom han! Kvitost frå Tine til 49,90, gjer klar ryggsekken.

Konklusjon: Ei lite imponerande tilbodsveke, med unnatak av kvitosten hjå Spar.

Elles rapporterar media at daglegvarebransjen skrur opp prisane frå 1. feb. Sparebloggen vert med dette ein enno viktigare institusjon i samfunnet, for me sparar klarar alltid å sno oss unna prisløfta! Følg med!

torsdag 27. januar 2011

Ullent frå FirstPrice

av KR

Ein ulldott i middagsrisen har gjeve stor økonomisk uteljing på sørvestlandet denne veka. Det kan Sparebloggen i dag avsløre.

I ein pose med 2 kg FirstPrice Middagsris fann underteikna ein blå ulldott. Rett nok var ulldotten mindre enn det eg nokonsinne har drege ut or navlen. Likevel; UNIL AS som marknadsførar FirstPrice vart kontakta om hendinga, og ei klage vart levert - og i dag kom svaret får UNIL. Dei orsaka og synte til sviktande rutiner, kanskje kunne det vera ei eingongshending? I alle høve skulle det ikkje skje att, og vedlagt låg eit gåvekort på 300 kr. Du kan leve lenge på 300 kr. Til dømes kan det rekke til over 30 kilo middagsris, og kanskje ein blå ulldott til?

måndag 24. januar 2011

Storstilt pølsefest denne veka!

av SR

Spar
Denne veka er det fersk heilgrilla kylling til 29,90. Kokar du opp ris, og delar kyllingen i to, er det berre å invitera ein kamerat til karakveld - han kjøper øl. Elles er 900 g røyka kjøtpølse særs bra. Samstudest er det bittert for underteikna som sjølv kjøpte tilsvarande for ein langt høgare pris på ICA sist veke. Trøysta for vera at det var for bruka opp eit gåvekort som var resultat av ei klage. 400 g kjøtdeig av svin for 22,90 er òg bra! Ei bra veke dette her altså, men ikkje la deg freista til å ta heile handelen her, då misser du vinninga, pluss litt til.

Joker
Kan melda om pølsefest (40% på pølse frå Gilde, Prior og Finsbråten). Elles er det lite å melda om frå den kanten.

Rimi
520 g Wienerpølse til 29,90 er bra. Det same er 39,90 kr/kg på euroshopper nakkekotelettar, men det er fastpris, og slik ikkje hamstrverdig.

Mega
Denne veka er det ti-kronarsmarknad hjå Mega. Mellom anna kan dei freista med 300 g Kims potetgull, Ballerina og ei mengd frukt (ikkje alt er pr. kilo!). Sjå likevel som vanleg opp for luretilboda.

I tillegg er det nokre tilbod for to tiarar. Her kan me tilrå biola med smak. Dette er billeg for å vera Biola, og er du hard på jogurten, er dette eit bra alternativ både økonomisk og smaksmessig.

Bunnpris
Har 30-50% avslag på ei rekkje gryter (ikkje som i kjele) frå Toro. Av desse er Taco-lasagne til 17,90 kr det desidert beste tilbodet! I tillegg får du Norvegia til 59,90 kr/kg. Grøne eple til 9,90 kr/kg er heller ikkje feil (og er td. halve prisen av kva Kiwi som "har teke vekk matmomsen" tilbyr).

ICA Maxi
Har 2 for 1 på ei rekkje varer denne veka, mellom anna røykte kjøtpølse (her òg!) og Pizza Orginale. I tillegg får ein Synnøve Finden for 59,90 kr/kg. Kilopakke blir kalla for økonomipakke, men som kjend er alt mindre enn ein kilo idiotpakke.

ICA Nær
Har denne veka fryseshow, dvs 40% på ei mengd frosne varer frå Findus. I tillegg får du kjøtdeig av svin til 19,90 kr for 400g, noko som er veldig bra!

OBS!
Har denne veka 40 dorullar eller 20 tørkerullar frå Lambi til 99 kr. Dette er veldig bra, og hadde eg ikkje måtte teke buss for å komma meg på OBS, hadde eg putta pengar i det, sjølv om det framleis er dobbelt så dyrt som First Price.

I tillegg er det 40% på pølse og kyllingfilet frå Prior, samt gul og raud coop kaffi, produkt frå Proteinfabrikken (men det treng du alvorleg tala ikkje)

onsdag 19. januar 2011

Test: First Price frosne kyllingbryst

av SR

I serien der me testar kvaliteten på billegprodukt, har me denne gongen kome til:

Produkt: First Price frosne kyllingbryst.
Pris: 117,90 kr/2kg på Kiwi, men omlag 150 kr på Spar, så trå varsamt!


Funksjonalitet 4 av 5
Brysta er pakka inn i ein plastpose som det ikkje går an å lukke etter at den er opna. Dette gjer at det over tid dannar seg ein del snø inni posen. Dette er det einaste som gjer at femmaren glipp. Kjøtstykka er ikkje samanfrosne, og er slik lett å forsyna seg av.

Appetitt 5 av 5
Mange av billegmerka har små og slintrette kjøtstykker. First Price har derimot store og fine kjøtstykke, noko som klart aukar appetitten. Rett nok er det stundom frysemerkje på stykka, men dette er ikkje til å unngå når det trass alt er eit frose produkt. Smaken er vidare utmerkja!

Fordøying 5 av 5
Eg har sjølv ete mange kilo av dette produktet, og ikkje minst diska opp med dei lekraste rettar basert på denne kyllingen. Eg har aldri opplevd at det har vore tomt for toalettpapir etter ein slik middag, noko som talar for seg sjølv.

Tilråding: Kan absolutt gå god for dette produktet. Har sjølv hamstra tilsvarande produkt i Sverige ved tidlegare høve, men dette er klart betre. Stykka er finare, prisen er billegare og sjansen for matforgifting er mykje mindre.

måndag 17. januar 2011

Gratis trening og færre bilringar

av KR

Det er visst dyrt å trene i Noreg, ja dette i følge VG. Er kanskje det grunnen til at bilringen min stadig får tilført meir luft? Uvisst! Månadsprisar kring 4-500 kr er visst standarden over heile landet, ja dette i følgje VG. Ikkje berre ét det norske folket dyrt, dei betalar faktisk dyrare for å kvitte seg med overskotsmåltida! Er det rart hushaldningsbudsjetta sprekk kring om det ganske land?

Nuvel! Etter Sparebloggen sine opplysningar er det fri ferdsel til fots i utmark heile året. For den røynde spararen tilbyr òg utmarka feriemoglegheiter, og her er du langt unna bleike, britiske solturistar og sleske, tyske bratwürster. I tillegg sparast du for ei rekke overivrige svenske reiseleiarar, og dertilhøyrande bingo- og quizkveldar.

Sparebloggen meinar at det norske folket openbart har det for godt. Livsfarleg godt. Det norske folk ét seg til døde. Byt difor ut middagsfatet med frukostfatet, og halvér porsjonane i dag! Dette sparar du pengar på i alle ledd, både overfør kjøpmannen - og ikkje minst overfor treningssenteret. Matbudsjettet kan altså lett halverast, og halverast enno ein gong om du følgjer Sparebloggen sine innkjøpstips.

Sprei den glade bodskapen, pay yourself first!

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Omsider! No er han her! Tine kvitost til 49,90 kr/kg. Mange av oss har måtte ta til takke med Europris sin til omkring 55 kr/kg, og med det følt oss regelrett svindla over lang tid. No skal det hamstrast. Maks 5 pr kunde, åtvarar Joker, men dette løysast med lausskjegg og andre props. Forutan om dette er det ingenting å hente på Joker denne veka, pfføy og fysj!

* Spar/Eurospar
400g kjøttdeig til 22,90 går til nøden, men hamstring tilrådast berre på 19,90. Elles er det tynt i rekkene av tilbod, for å gje eit døme på tilstanden er kvitost frå Synnøve 450g til 39,90. Hald dykk til Joker sin kilo til 49,90.

* Rimi
I følgje kundeavisa 400g kjøttdeig til 24,90 og tapar dermed kampen i høve til Spar-kjeda, men Rimi-butikkar i bergensområdet rapporterast å selge til 19,90! Her mottek Sparebloggen gjerne fleire forbrukarrapportar. Grandis til 24,90 imponerar ikkje, gitt alternativet som er heimelaga pizza til langt lågare pris per porsjon. Euroshopper røkt kjøtpølse til 30 kr/kg kan imidlertid vera greitt å ta med seg. Elles går eit klesvaskepulver av merke Shiny color 1,1 kg til 17,90, noko som tilsynelatande er ein grei pris.

* Kiwi
Diverse bær til stiv pris, som blåbær og bringebær til 150 kr kg, nei til moms og alt det der. Eit tips til Kiwi-kjeda er å rydde opp i fruktdisken, før dei stuar ytterlegare dårleg haldbare varer ned i båsane.

* Rema 1000
Har nok ein gong eit oppskriftshefte som kundeavis. Det høyrer med at oppskriftene føreset dyre råvarer, og me styrar klar.

* Bunnpris
2 kg appelsiner til 13,90 kr er eit kupp. Det same gjeld 250g servelat til 12,90. Kverna karbonadedeig til 39,90 for 400g er imidlertid landevegsrøveri av frekkaste sort, men noko må dei vel hente inn att tapet på appelsiner og servelat!

* Mega
40% rabatt på Findus kan by på nokre gode tilbod, men som kjend tilbyr billegmerka gode og ofte billegare alternative. Vidare føretrekk me å kjøpe Findus på 10-kronarsmart'n. 400g karbonadedeig 44,90 tek kaka denne veka, me styrar klar og gremmast over frekkheita.

* Obs
40% rabatt på all frukt - også økologisk - presiserar Coop Obs, og det trur me trengs! Vidare tilbyr dei 5 frosenpizza til 50 kr samla, tilbodet kan vera bra i ein hektisk kvardag. Elles ber Obs om hjelp til å tømme lageret denne veka. Me kan vera behjelpelege me, det står ikkje på det, men senk prisane fyrst!

Konklusjon: Vekas tilbod er kvitosten på Joker til 49,90 kr/kg. Ein etterlengta vinnar.

måndag 10. januar 2011

Tilbod veke 2

av SR

Spar
Same 10-kronersmarknad som sist veke. Me går gode for mykje av varene, opp til 60-70% avslag er jo ikkje til å kimsa av.

Mega
40%-aren denne veka er toalettpapir og tørkerull, minus billegprodukta. Heilgrilla kylling til 29,90 er òg bra. 600 gram grillpølse og wiener frå Prior til 19,90 er den nye standard tilbodsprisen. Er du glad i Guldbrandsdalsost eller fløtemysost, får du det til 49,90 kr/kg, noko som jo er veldig billeg. Brokkoli til 9,90 kr/kg og tomatar til 19,90 kr/kg er bra etter at eg blei lurt inn Spar i helga, og måtte betala 49,90 kr/kg for tomatar...

Joker
Denne veka er det 40% på fiskeprodukt frå Findus. 10-aren denne veka er ein liter appelsinjus frå Nora, First Price er likevel billegare. Elles lite å melda om.

Obs
Òg Obs har 10-kronersmarknad denne veka, men heller ikkje her er alle tilboda like gode. Langrennspakke frå Rossignol med sko og bindingar for vaksne til 799 kr, og junior til 599 kr, er rett og slett fantastisk, og mykje billegare enn treningssenter.

Bunnpris
2-kilosnett med appelsiner til 13,90 er veldig bra, og kan tilrådast til hamstring. Elles har tilbodsavisa ikkje noko særleg å melda om.

ICA Maxi og Nær
Òg hjå denne svenske matvaregiganten er det denne veka 10-kronersmarknad.

Rimi
Har denne veka appelsiner til 10 kr/kg, noko som er bra, men ikkje billegast. Det same kan seiast om Grandiosa (pepperoni og kjøtdeig og lauk) og 400g kjøtdeig til 24,90 kr. Når det gjeld kjøtdeiga tek me opp att det faktum at det er billegare å finna kjøtdeig i frysen. Elles lite å melda om.

Rema 1000
Innsideinformasjon skal ha det til at det ikkje berre er faste låge prisar, men at det varierar òg her. Dette har me òg merka på kroppen når det skulle hamstrast kjøtdeig i snabb for 16,90, medan prisen var justert opp til 19,70. Rema brukar likevel denne veka 62 sider på å presentera oppskrifter, og ikkje tilbod...

torsdag 6. januar 2011

Gratis internett

av SR

Det er mykje god sparing i god snylting, seier eit gamalt kinesisk ordtak. Òg sanneleg kunne me ikkje sagt det betre sjølve. Her kjem difor triksa for å sleppa å betala for internett.

Det klassiske trikset er sjølvsagt å surfa på naboen sitt opne nettverk. Det har diverre blitt færre og færre naboar som ikkje veit det går an å setja passord på internetten, noko som har vanskeleggjort dette. Men fortvil ikkje, det er framleis nokre nyttige idiotar der ute, og på marknaden er det å få kjøpt eksterne antenner til pcen. Desse er mykje sterkare enn det som er innebygd i vanlege datamaskiner, og gjer slik at du får inn eit større område. Større moglegheit for å komma over eit ope nettverk.


Skulle dette syna seg å ikkje fungera, er det framleis håp. For sjølv om naboen kanskje har fått augene på gløtt for datatryggleik, er han framleis rimeleg blåaugd. Ring difor på hjå han/ho, og forklar at det er noko feil med internetten din, men at det blir fiksa innan ei veke. Spør deretter fint om ikkje du kan få passordet (det heiter å "låna internetten") den lille stunda. Dette er det sjølvsagt berre sosialt tilbakeståande som seier nei til. Når det har gått ei veke kjem du på døra att med ei flaske vin som takk for "lånet". Naboen blir då i ekstase, og inviterar deg truleg på besøk seinare, noko som betalar inn flaska fort. Sjølv har du framleis passordet, og surfar gratis. Når du er på eitt av dine middagsbesøk hjå naboen kan du gjerne klaga over at internetten din har gått sakte den siste tida. Sei gjerne noko om at sidene blir tyngre og tyngre å lasta etter kvart som teknologien spring framover, og at du har landa på gå opp ei eller to hastigheiter. Truleg vil naboen kjenna seg att, og gjera det same. Og vips, rask gratis internett!

måndag 3. januar 2011

Årets fyrste tilbod

av KR

Ah, no er dei er her - og året byrjar godt!

* Joker
Tikronarsmarknad med Findus fiskegrateng (450g), Fiskemannen fiskekaker (400g), Gilde blodpølse (400g), diverse kjekspakkar og grovbakst også 10 kr.

* Spar
Tikronarsmart her òg. Me forstår det ikkje, trur det knapt. Kyllinglår 10 kr pr kg, 22 kr pr pose av 2,2 kg! Det er ingen skrivefeil har me fått stadfesta. Elles omlag som Joker.

* Kiwi
Go'helg-tilbod frå fredag, ytrefilet av svin 93 kr/kg. "Så där".

* Rema
Ei kundeavis blotta for tilbod, men spekka med dyre matoppskrifter.

* Bunnpris
Ingen særskilt gode tilbod, men mindre du gjer som Stein Erik Hagen og har to grandisar i frysen til ei kvar tid. I tilfelle må du ut med 2 x 19,90.

* Mega
Picnic skinkeboks 19,90 (325g) 1,5 l juice 9,90, epler, bananar og appelsiner til 9,90 pr kg.

* Rimi
Farris 1,5 l er akseptabelt til 7,90. Elles styrar me klar "kampanjetilbodet" der findusgratengen går til doble prisen i høve til Joker og Spar denne veka. Norvegia til 59,90 kr/kg er derimot akseptabelt, men innbyr ikkje heilt til storhamstring (tilråding 49,90 pr kg).

* Obs
40% på fisk frå Findus, men me tilrår no gratengen til 10 kr som synt over. 900g kjøtpølse frå Gilde til 29,90 er derimot bra, men pass på kolesterolen! Ytrefilet av svin til 139 styrar me klar, er du hungrig så gå for Go'helg hjå Kiwi.

Konklusjon: Året byrjar bra med høgdepunkt som findusgrateng og blodpølse til 10 kr, som tilsvarar ein rabatt i høve til veil på 70%! Kyllinglår til 10 kr kg er vidare eksepsjonelt billeg. Middagar til 5 kr stk teiknar ikkje i retning av matpriskrise, som annonsert i Akersgt for få veker sidan.

Pay yourself first!

Ikkje heilt som andre bloggar

av KR

Sparebloggen gjer ikkje som "Voe", men tek no fatt på eit nytt spareår!

Følg med!