måndag 28. mars 2011

Vekas tilbod

av KR

Direkte inne frå Sunnmøre, for tida her nord på studietur. Tradisjonen tru, her følgjer vekas tilbod!

* Joker
Grandis til 19,90 er rett nok billeg, men lite for pengane i høve til heimelaga pizza. Kyllingfilet til over 100 kr kg styrar me klar, sjå heller etter FristPrice sin 2-kilos til halve prisen i frysedisken. Gryter frå Toro kan du framleis plukke opp til store rabattar hjå Bunnpris, Joker sitt lokketilbod 29,90 lurar ikkje oss.

* Spar
Nygrilla kylling, på storleik med høns, til 29,90 pr stk. Dette er tåleleg bra, og etterkvart ein gjengongar. Prøv å koke suppe på dette beistet, og du har middag i 7 breie og 7 lange! Tapp 2 liter vatn og gjerne nokre buljongterningar om du har slikt. Ha beistet ned i vatnet, og gje det eit lett oppkok. Kapp deretter opp 2 store løk, 2 gulrøter, 1 purre, 2-3 fedd kvitlauk og smak til med salt, pepar og gjerne noko basilikum om du er fin på det.

* Bunnpris
Framleis priskrakk på Toro-gryter!

* Kiwi
Dei har kutta momsen på dei dyraste varene i butikken, men nøkkelholprodukt er framleis dyrare enn billegmerka.

* Rimi
500g Findus fiskegrateng til 19,90 er kanskje ein billeg middag for to, men det er doble prisen i høve til 450g Findus fiskegrateng til kr 10 på einkvar tikronarsmarknad landet i kring. Vent difor på neste 10 kr-sjanse. Elles lite å hente her, unnateke nokre 200g sjokoladeplater til 17,90. Me merkar oss at surra svinesteik, normalt 30-40 kr kg, no har fått påske-label og kostar 60 kr kg. FFS!

* Coop Obs!
40% rabatt på kjeks frå Sætre kan romme nokre tørre bomber. 3 karbonadedeig 400g for 100 kr er ikkje heilt der oppe, me ventar på kjøtdeig de ordinaire 400g 19,90. Alternativt plukkar du opp Nordfjord kjøt sin fryste 400g import til 17-18 kr i frysedisken til Coop Obs! Skinkesteik 39,90 pr kg er eit betre påsketilbod enn det Rimi serverar, men no driv dei som kjend meir lureri enn colonial.

* Mega
40% rabatt på dopapir er eit tilbod med tørkar oss bak med, så lenge dei berre legg ut det fløyelsmyke og fløyelsdyre toalettpapiret med rabatt. Dette tilbodet vert ein nummer to, for me tørkar oss med einaren FirstPrice.

* Ica
Ein 2 for 1-spesial, som rommar eindel lureri. Likevel finn me umiddelbart at 2 strandamør til prisen av 1, 125 kr kg, kan vera eit bra tilbod. Det same gjeld 2 Pringles for prisen av 1, altså 19,90, er eit høveleg bra tilbod samanlikna med veiledande pris. Her skal ein ha tunga beint i munnen om ein vågar seg innom Ica denne veka.

tysdag 22. mars 2011

Pizza: First Price vs Coop Xtra

av AH

Vi lever i en hektisk hverdag. Arbeidet krever sitt, og kemneren finner stadige nye triks for å fravriste deg dine sårt oppsparte skilling. Derfor kan det i latskapens navn av og til være rom for å nyte noen av fruktene av vår moderne og høyteknologiske levestandard. Jeg snakker så klart om frossenpizzaen: Både uoffisiell nasjonalrett, ungkarens redning og alenemorens dårlige samvittighet. Matvaren vi elsker å hate, og hater å gå tom for.

Hvordan skal så en sparsom kar ta del i denne orgien av ferdigmat? Grandiosa, som for 10-15 år siden var den nye silden, er nå priset for å flå. LOs mulighet til endelig å engasjere seg i noe av betydning blir dog forspilt - men det er en annen artikkel.

Likevel, håpet er ikke ute. Takket være lavtlønnede EU-borgere er det mulig å få seg en slik frossenpizza uten å miste en finger. Som en god sparer har du sikkert lagt merke til First Price sin variant til 16,90. Men litt mindre kjent er også Coop sin nye Xtra-pizza til to kroner mindre. Vi har skrudd på ovnen og testet dem begge!

First Price

First Price sin pizza formelig bugner av fyll. Ikke bare er det den største (460g vs 420g), den har også mest fyll. 14,5% mozarellaost (fancy fett) og hele 12,5% skinke. Men ikke nok med det - denne skinken er så og si uten vann og dermed fri for lureri. Bravo, First Price! Det virker ikke som det er spart på noe annet enn prisen, hvilket varmer et sparerhjerte (og der hjertet er varmt trengs mindre fyring).

Smaken er det heller ikke noe å si på. Bunnen er sprø utenpå og myk inni, og rangerer blant de beste frossenpizzabunner jeg har smakt. Virkelig fortreffelig! Nok engang applauderer vi First Price, deres fornuftige produkter samtidig som vi noterer oss at den er produsert i Tyskland; et kvalitetstegn for slike matvarer.

Fyllet og osten fungerer godt sammen, og vissheten om at vi fråtser i skinke høyner smaksopplevelsen. Bedre enn dette kan man nok ikke få for 16,90. Skal vi allerede utrope en vinner av testen? Nei, det ville vært uprofesjonelt. Vi må gi Xtra-pizzaen en sjanse (selv om den nok ikke har noen, ho ho).

Men så skjer det. Det blir overskyet, hornmusikken surner og en merkelig følelse stiger frem. Det er noe galt med pizzaen, magen føles ubehagelig. Sulten er ikke lenger gjeldende, samtidig som metthetsfølelsen glimrer med sitt fravær. De siste par stykkene svelges pliktskyldigst, og det som for litt siden var en solskinnsfylt sommerdag med fuglesang og livsglede er nå en litt kjedelig septembermorgen med en anelse om at alt ikke er helt som det skal være.

Noe galt er det med denne pizzaen. Kanskje vi var for grådige og bare burde spist halvparten; er det samvittigheten som gnager? Det kan forsåvidt også være på grunn av bunnens noe uortodokse sammensetning, men sikkert er det at dette endte ikke så bra.

Coop Xtra

Coop sin pizza er fra innholdsfortegnelsens side nærmest en vits i forhold til First Price. Her er det bare 6% skinke, og en temmelig utvannet som sådan. Like fullt, også her brukes det jåleost (12%). Vi hånler, putter pizzaen i ovnen og plystrer gammel jegermarsj mens vi venter.

Etter endt steking er det tydelig at deigen er av en ganske annen type. Den har hevet kraftig og minner om tilsvarende hos Big One (eller den nye 100-kroners Grandiosaen, om du (gud forby) skulle ha kjøpt smakt denne). Den ser litt tørr og fæl ut, og fordommene strømmer på. Nei, her må det handles! Og vi setter tennene i.

Men nok en overraskelse venter på oss, for denne var slett ikke så ille! Tomatsausen er smakfull (med en anelse om at det kan gå begge veier) og totalopplevelsen ganske all right. Ikke samme frelse som med First Price, men man er samtidig skånet for skjærsilden etterpå. I tillegg tar det mye lenger tid å spise opp hele (den krever sine tygg), noe som drøyer ut og kan være til stor hjelp dersom det er knapt ved middagsbordet. Det bør også opplyses at den, sine skarve 420 gram til tross, gir en ok metthetsfølelse og lar deg unngå depresjon post-euus.

Oppsummering

First Price
Pris 16,90
Vekt 460g
Pris pr gram 3,67 øre
Kjøtt 12,5%
Ost 14,5%
Smakskurve Ekstatisk -> trivelig -> svikefull

Coop Xtra
Pris 14,90
Vekt 420g
Pris pr gram 3,54 øre (-3,6%)
Kjøtt 6%
Ost 12%
Smakskurve Trivelig -> trivelig -> behagelig

Prisene er henholdsvis fra Kiwi og Coop Prix.

Hver pizza har sine fordeler, og First Price er på papiret en overlegen vinner. Like fullt, det er opplevelsen som teller, og vi ser oss derfor nødt til å utrope Coop Xtra som vinner av denne duellen. God middag!

måndag 21. mars 2011

Tilbod

av SR

Spar
Denne veka får du 40% på frosenpizza frå dr. Oetker og Casa di Mama. Her kan det vera greitt å vera obs på at Rema vertfall sist veke hadde 600 gram fersk taco-pizza til 19 kr. Elles får du Synnøve Finden til 49,90 kr/kg. Rimeleg bittert for meg som kjøpte to kilo til 59,90 sist veke. Du får òg 40% på ferdigsalatar frå Dole, men så lat og dum er du vel ikkje...

Joker
Byr denne veka på ein god gamal klassikar - 400 g fersk kjøtdeig frå Gilde til 19,90. 10-aren denne veka er ein ferdigpose med vafle. Dette er billegare enn om du skal laga det frå botn av, men mykje meir usunt.

Rimi
Har denne veka har Rimi Wienerpølse til 29,90 kr for 520 gram. Eg er ikkje så stø på prisnivået på denne typen pølse, men noko seier meg at det ikkje er så veldig billeg. Elles noterar me oss at standardprisen på store Freia-plater på tilbod har gått opp med éi krone til 17,90, men det kan godtakast då det er ein billeg måte å få testa ut den nye Walters no 156. Druer i korg til 19,90 går òg an viss korga er på 500 gram eller meir.

Bunnpris
Har denne veka fryseshow på fiskeprodukt frå Findus. Reklama seier ikkje noko om før-pris, og dei prisane som er stilt opp imponerar meg ikkje. Men er du trufast til butikken med det misvisande namnet er det berre å slå til. Du får òg 400 gram Go og Mager-kjøtdeig for 19,90. For min del avstår eg frå den lokale Bunnpris etter at det blei påvist skadedyr der for ei veke sidan.

ICA Nær
Same som sist veke.

ICA Maxi
Satsar stor på 2 for 1 denne veka. Me veit at ei av våre faste lesarinner er glad i smash og har irritert seg over at det har gått opp i pris. Denne veka får du to for 49,90, Kristin! I tillegg er mellom anna bacon, kaviar, brød, kjøtpålegg og karbonader på same tilbodet.

Mega
40%-aren denne veka er tex-mex produkt frå Santa-Maria. Elles får du ferske nakke-/svinekotelettar til 34,90 kr/kg. Greitt nok, men ikkje meir enn som så.

Kiwi
Har "kutta momsen" på nøkkelholprodukta. Og hald deg fast, det er faktisk billegare enn tidlegare! Kjøpte 2x400g kylligkjøtdeig til 17,90 pr.stykk i helga. Det gjorde at det totaltsett faktisk var billegare enn å kjøpa 700 gram med first price kyllingkjøtdeig.

Obs
Har denne veka 800 gram brunost frå Synnøve til 39,90. Det er billeg. Kristin kan òg her gleda seg over billeg Smash, men rett nok til 29,90 pr.stykk, som jo er dyrare enn hjå ICA Maxi. Appelsiner får du til 7,90 kr/kg, men mi erfaring dei siste vekene er at appelsinene ikkje er særleg gode for tida...

NB! Er du Coop-medlem har alle butikkar eit utval varer til 10 kr. Mellom anna gjeld dette fleire typar ferdigblandingar med mjøl frå mølleren's.

måndag 14. mars 2011

Ei god veke

av SR

Spar
Denne veka er det pølsefest, dvs. 40% på alle pølser frå Gilde, Prior og Findsbråten. Dette kan tilrådast! First Price appelsiner til 9,90 kr/kg er òg bra, særleg med tanke på at Spar har teke 24,90 kr/kg for appelsiner ei god stund no.

Joker
Har òg hive seg på trenden med 40%-arar, og slår til med tilbod på oppskåre og ferskt pålegg frå Gilde, samt posteiar. Mykje av dette er pålegg som held seg lenge, så her kan det hamstrast. Ha i minne at det snart er påske, med alt det førar med seg av fenalår og spekemat.

Mega
40%-aren denne veka er kyllingfiletar frå Prior. Ha likevel i mente at det er mykje billeg i frysedisken. Du får òg smågodt til 8,90 kr/hg, men her er Rimi billegare. Frokostjus til 12,90 for 1,5 liter er ikkje gale, og saman med bacon til 79,90 kr/kg ligg det an til ein bra frukost.

Rema 1000
Har fått insideinformasjon om at det denne veka er mange gode tilbod, mellom anna mango til 5 kr/stykk og eple til 10 kr/kg. Framleis ei gåte kvifor slikt ikkje kan bli reklamert for.

Rimi
Same som sist veke. Legg særleg merkje til Synnøve Finden til 59,90 kr/kg, smågodt til 6,90 kr/kg og appelsiner til 9,90 kr/kg.

Obs
Har denne veka 40 rullar toalettpapir eller 20 rullar tørkerull frå Lambi til 99 kr. Dette er bra! Du kan òg få fem 300g-frosenpizza til 50 kr. Bra for den med liten mage. To snøfrisk (alle typar) for 30 kr er òg ein fin pris. Obs kan òg by på årets billegaste appelsiner med 7,90 kr/kg! Saman med 40% på alle poteter er dette ei bra veke for Obs!

Bunnpris
Same som dei siste 10 vekene.

ICA Nær
40% på ei rekkje gryterettar frå Toro.

ICA Maxi
Svinekam til 29,90 kr/kg er særs bra! Du får òg 40% på Dr.Oetker-pizza og diverse middagsprodukt frå Den stolte hane. Fersk skei til 59,90 kr/kg er òg ein fin pris.

torsdag 10. mars 2011

Lasagne - billegare og betre

av SR

Etter litt prøving og feiling har eg kome fram til denne laurdagsklassikaren av ei lasagne. Markert billegare og betre enn både heil og halvfabrikat. Eit raskt overslag tilseier at dette får ein prislapp på omlag 60-65 kroner viss du brukar frosen kjøtdeig til fastpris. Det varierar litt alt etter kor mykje salat du lagar, men det held vertfall til tre.

Det du treng:
Salat
Lasagneplater

Kvit saus:
1 stor SS margarin
2 SS mjøl
4 dl mjølk
3 middels fedd kvitlauk
5 skiver ost

Kjøtsaus:
400 gram kjøtdeig
1 boks tomatpuré
5-6 dl vatn
4 SS mjøl
1 TS salt
1 SS oregano
1/2 TS peppar

Framgangsmåte-
Set omnen på 225 grader

Kvit saus:
- Smelt smøret i ei gryte, og bland inn mjølet med ein visp.
- Tilset mjølka.
- Press kvitlauken opp i gryta og tilset osten.
- Rør rundt så det ikkje svir seg til sausen har kokt opp. Då skal den bli noko tjukkare. Den kan då setjast til side.

Kjøtsaus:
- Steik kjøtdeiga i ei panne
- Ta ein shaker eller eit sylteglas. Hell i vatn, og tilset mjøl og tomatpuré. Rist til det ei éi masse. Hell dette så over i panna med den ferdigsteika kjøtdeiga. Det vil ofte vera ein fordel å fordela det over to runder med shaking.
- Tilsett salt, peppar og oregano.
- Rør rundt til det har puttra i 5-10 minutt. Då skal sausen ha blitt mørkeraud.

Ferdigstilling:
- Finn fram ei eldfast form
- Legg eitt lag med kjøtsaus og eitt lag med kvit saus i forma. Legg så på plater, og gjenta dette til det ikkje er meir att. På toppen bør det vera kjøtsausen som blir lagt på sist.
- Strø ost på toppen med litt oregano oppå der igjen.
- Lat det heile stå i 20-25 minutt midt i omnen.


Lukke til!

måndag 7. mars 2011

Vekas tilbod - ein kikk gjennom nøkkelholet

av KR

Tidlegare dette året har Sparebloggen påvist at den varsla prisauka på daglegvare ikkje finn rot i verkelegheita. No bryggar det opp til priskrig på sunne varer i daglegvarebransjen. Det er nøkkelholsprodukta som hamnar under kniven. Denne smarte og ekskluderande merkevarebygginga har over tid medført prisauke til forbrukar, men no tek daglegvaremilliardærane samfunnsansvar! Me har imidlertid våre tvil om dette verkeleg er ein priskrig, eller om det faktisk er tale om ein PR-kampanje for å selge fleire varer med høge marginar (les nøkkelholprodukt flest). Me hellar mot det siste, og ser på framleis på pris - og ikkje på merkevare! Her kjem vekas tilbod.

* Joker
Freia 200g usortert til 16,90 er ihvertfall godt under veiledande pris, men i Sparebloggen ventar me til påske før me et sjokolade. Klassikar på tapetet året rundt: Surra, beinfri skinkesteik 34,90 pr kg. Det går ikkje an å svelte i Noreg med slike middagsprisar! Omnsbakt leverpostei 195g vekas tikroning. Ein rimeleg bra vekestart.

* Mega
Aurefilet til 99 kr kg er raka vegen i luksusfella, kjøp heller rund aure i frysedisken til ein tredjedel av prisen. 40% rabatt på pålegg frå Gilde kan romme somme bomber, særleg i servelat- og skinkeavdelinga. Mykje billegare enn den generelle nøkkeholrabatten.

* Spar
22,90 per 400g kjøtdeig frå Gilde er halvgodt. Kan du vente, så vent på heilgode 19,90. 40% rabatt på produkt frå Vita hjertego' burde borge for normalprisar hjå desse overprisa sjarlatanane. Dessutan er det mykje billegare enn nøkkelholrabatten, nytt sjansen fru Fransen!

* Ica
Tikronarsmarknad som førre veke.

* Obs
Kvitost frå Tine til 49,90 tilrådast på det sterkaste for dei som missa Joker sitt tilsvarande Synnøve-tilbod førre veke. Skinkesteika kjøper me hjå Joker, som er 15 kr billegare pr kg enn Obs. På tampen tek me med gummistøvlar str 35-46 til 169 kr pr par, eignar seg nok best på veg og i snillare terreng då solen er mjuk.

* Rimi
Me forstår oss ikkje på Rimi (eller jau me kjenner dei for godt!), som denne veka omtalar karbonadedeig 400g 39,90 for eit tilbod. Dette er regelrett svindel. Like kvalmande vert det når Rimi promoterar priskrig på nøkkelholprodukt og lanserar kyllingfilet med nøkkelhol til 167 kr kg og skinkeboks 300g til over 30 kr (veil 26,90, Kiwi 23,60). Pju og pjuk! Me trudde ikkje det var mogleg, men Rimi har no nådd eit nytt lågmål.

* Bunnpris
Me må le av Bunnpris, som atter eingong køyrer på grytekrakket sitt. Låg omsetnad på tilbodsvarene?

* Kiwi
Har teke alvor av nøkkelholkrigen, og syner før- og etterpris på sine varer. Her går det fram at dei fleste nøkkelholvarer er prisa ned med 12-13%. Prisane er likevel lite imponerande på majoriteten av varer, og denne PR-kampanjen bit ikkje på oss.

Konklusjon: Gløym nøkkelhol, følg ordinære tilbod!

fredag 4. mars 2011

Vårens vakraste eventyr

av KR

Nedteljinga har i grunn byrja for lenge sidan, men no nærmar det seg skrekkeleg. Sparebloggredaksjonen skjelv i forventingsfull fryd. Luksusfellen på TV3 byrjar onsdag kl 20.30! Denne gongen betre enn nokon sinne, meinar me. Ørjasæter har joina topteamet - og sler seg no ilag med skallen Kvadsheim. E24-Ørjas burde tilføre programmet både økonomisk tyngde og slåsshandskar etter sine år som hovudjegar. Kvadsheim elles stø i faget, kjend bankmann med sparebloggfaktor.

Likevel; me har i grunn høyrt det før. "For to år siden kjøpte Janne og Thomas i Vestfossen et hus som måtte pusses opp. De økonomiske problemene tårnet seg derimot opp på grunn av Thomas sin gamle kredittkortgjeld." Difor vonar me Ørjas og skallen kan gjera programmet tøffare denne sesongen. Me er leie av silkehandskane, og må be dei gå attende til røtene. Den svenske serien. Serien der budjettavlan er eit reint helvete. Der Bofögdbestyrelsen er synonymt med døden.

Så medan de ventar på norske sossisar tilrår me ein titt på svenske Lyxfällan, samt eldre episodar på det eminente tilbodet www.tv3play.no og www.tv3play.se (gratis naturlegvis).

onsdag 2. mars 2011

Test: Tannkrem frå First Price

av SR

I serien der me testar kvaliteten på billegprodukt, har me denne gongen kome til:

Produkt: First Price tannkrem.
Pris: 4,90 for ei tube på 75 ml.

Funksjonalitet 5 av 5

Sjølve tuba er som andre, og det er korkje lettare eller vanskelegare å klemma ut dei siste restane. Ein dag eg får anden over meg skal eg eg laga ei fotoreportasje over korleis ein får tuba til å vara 3-4 gongar ekstra.

Elles har eg brukt mykje billegtannkrem, og då stort sett First Price. Når eg var til tannlegen i sommar, fekk eg skryt, så det er ikkje noko å seia på effekta heller.

Appetitt 2 av 5
Smaken er tam, og gir ikkje noko sterk frisk kjensle i munnen. Sjølv er eg tilhengjar av sterk mentolsmak, og slik sett er denne tannkremen skuffande. Det er likevel klart at produsenten har utbetra den noko det siste året, då det før var endå mindre smak. Smaksskilnaden frå sløsemerket Zendium er likevel ikkje så stor.

Vidare er det på det reine at den skummar lite, noko som trekk ned.

Fordøying 5 av 5

Bruk av denne tannkremen byr korkje på problem i den eine eller andre enden. Eg har likevel ikkje ete dette produktet, berre pussa med det, og kan slik ikkje gå god for eventuelle verknadar knytt til slik bruk.

Tilråding: Dette er eit produkt me kan gå god for, som eit middel for den som eine og åleine tenkjer på munnhygiene og pris. Er du nøyen på smak, er ikkje dette tannkremen for deg. Men hugs, då må du òg opp i pris!