måndag 28. november 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
40% rabatt på alle fiskeprodukt frå Findus kan romme nokre gode tilbod, og me tilrår alltid kapteinens fylte til under 20 kr. Elles går 1 liter Nora eplejuice til 10 kr, sikkert billeg for den som har dyre vanar.

* Spar
Zzz, familieribbe og tynnribbe til 29,90 pr kg. Berre latterlege tilbod frå Spar denne veka, lammelår til 199 kr kg, svinefilet til 149 kr kg og Ali kaffii til 21,90 pr pk. Styr unna!

* Rimi
Appelsiner til 9,90 pr kg går me god for, fersk svineribbe til 39,90 pr kg er ikkje godt nok.

* Kiwi
Kalkunen kostar 29,90 pr kg, Sparebloggen har spådd priskrig på denne vara i år - framleis forheld troppane seg i ro. Vekas Go'helg-tilbod er pepparbiff til 112 kr kg, kan romme nokre gode stykker - men bruk sansane!

* Obs
Der kom kalkunen me har venta på, førebels årsbeste til 24,90 pr kg! Kan Sparebloggen ha truffe spikaren kva gjeld årets priskrig på julevarer? Me tilrår å vente i det lengste før ein handlar på 24,90. Elles plukkar me med oss bananar til 9,90 kr kg, all frukt er billeg under 10 kr kg.

* Mega
40% rabatt på pålegg frå Gilde, men framleis dyrare enn FirstPrice. Skinkesteik til 29,90 er høveleg billeg om du vil ha forandring i høve til dine mange ribbemiddagar i november... Elles lite imponerande, men Coop-medlem får epler til 7,90 kr kg denne veka.

* Ica
Lite å hente hjå Maxi denne veka, til nøds fiskekaker til 39,90 kr kg - strengt tatt ikkje noko å hoppe i taket for. Supermarked-kjeda sel fisk frå Findus og diverse chips med 40% rabatt. Elles forundrar det oss stadig at Ica held fram å tape ein halv milliard i året med desse prisane. Ica Nær har årets billegaste pinnekjøt så langt, 89,90 kr kg - men som tidlegare åtvarar me mot billege fettslintrar av noko pinnekjøt.

Konklusjon: Ingen høgdepunkt for ein kresen sparar, men no skal det eindel til for å imponere underteikna prismessig.

onsdag 23. november 2011

Test: First Price sjampo

av SR

Produkt: First Price Sjampo.
Pris: 7,90 for 500 ml.

Funksjonalitet 5 av 5
Berre det at flaska er stor gjer at eg får lyst å gje toppscore. Når det i tillegg er ei kork som er veldig enkel å opna og lukka, samt eit praktisk design på flaska, er dette ein klar femmar.

Kvalitet 3 av 5
Sjampoen har fin fylde, noko som trekk opp. Det som derimot trekk klart ned er at lukta ikkje er heilt slik den skal vera. Det er ei udefinerbar lukt som ikkje er heilt slik me er van med frå andre leverandørar. I tillegg blir det lite skum, noko som gjer at det blir meir ei sjamposørpe som renn ned i augene. I tillegg følast det som at sjampoen svir meir enn vanleg. På den andre sida slå blir ein faktisk rein, som jo er det viktigaste med sjampo, så det er grenser for kor mykje dette kan trekka ned.

Ettersom eg har gått over til klyppemaskin med innstilling på 12 mm, er det vanskeleg å seia noko om korleis sjampoen påverkar glansen i håret.


Tilråding: Her er det eit stort sprang mellom kvalitet og det praktiske, og det er ikkje alltid samanheng mellom kvalitet og kvantitet. Produktet fungerar, og er du ein kresen sparar, kan eg på det varmaste tilråda sjampoen som kroppssåpe, slik at du sparar den dyrare sjampoen til berre å nyttast i håret.

måndag 21. november 2011

Ei bra veke!

av SR

Spar
Sjølvplukk av eple, pære og appelsiner til 14,90 kr/kg er ein bra pris, men skal du ha appelsiner får du dette billegare ma. hjå ICA Nær. Elles er det òg denne veka 30% på hygieneprodukt for gapet frå Colgate, det same med diverse luftfriskarar frå Surf. Dårleg veke.

Joker
Byr denne veka på svinekotelettar til 29,90 kr/kg, både for ferske og frosne. 1,5 liter coka cola til 9,90 er heller ikkje feil for dei som likar slikt. Mango og avokado til 10 kr stykk er relativt bra, men me minnar om at desse studom dukkar opp til to for 10.

Mega
Denne veka er det 40% på alle store sjokoladeplater frå både Freia og Nidar. 40% er det òg på produkt frå Biola. For den som likar smågodt, og føretrekk eit større og mindre nedstøva utval enn det som er på europris, kan me tilrå Mega denne veka - 7,90 kr/hg. Du får òg lys og mørk brunost frå Synnøve til 29,90 for 500 gram. Etter kiloprisen å dømma kan me lett få det billegare, men om ein har eit lite forbruk, er dette billeg for denne storleiken. Som om ikkje dette var nok, får du òg fersk seifilet til 39,90 kr/kg. Som medlem av samyrkelaget får du òg klementinar til 7,90 kr/kg. Litt av ei veke!

Bunnpris
Familieribba får du her til 29,90 kr/kg. Denne skal som kjendt ned med tida. Heil røykelaksside får du for 79,50 kr/kg. Mi erfaring er likevel at røyksmaken kan vera så som så, men eit triks her er å strø på meir salt oppå heile sida. Brokoli til 6,90 pr/stykk er heller ikkje feil.

ICA Maxi
Har denne veka fersk torsk til 49,90 kr/kg, noko som er ein veldig fin pris. Det blir òg lokka med 40-90% på is frå Hennig Olsen.

ICA Supermarked
Pinnekjøtet er no nede i standardprisen 99 kr/kg. Etter fjoråret å dømma kan me ikkje venta noko særleg lågare enn dette, men det er ingen grunn til å forhasta seg. Elles er det 30% på diverse spekemat. Du får òg 4 kg poteter til 24,90, noko som er bra.

ICA Nær
Ikkje før hadde eg skrudd ned forventingane mtp. prisen på pinnekjøt, så slår ICA Nær til med 89,90 kr/kg. Dette er likevel gryteklart, med andre ord utvatna. Dette gjer at du får mindre kjøt pr. kg, men òg mindre arbeid. Appelsiner får du til 12,90 kr/kg.

måndag 14. november 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Hiv seg på ribbetrenden og tilbyr familieribbe til 29,90. Det er maks pr 5 kunde, men ingen familieformrestriksjonar. Elles fallbydast Freia-sjokoladen 40%, uvisst kva veiledande pris her er - men me tippar at ein no kjem ned på standardtilbodet smått under 20 kr pr 200g. Kaffi har så smått vorte ei luksusvare når Ali kaffe 250g kostar heile 19,90 - me hugsar denne gjekk for 10-12 kr berre for få år sidan. Spar difor på gruten.

* Spar/EuroSpar
Oh, du herlega jul. Kalkunen kostar no 29,50 pr kg, og det er ikkje ein gong nattefrost på desse kantar. Elles er me vitne til årsverste på kveitemjølet når Spar let det gå 17,90 kroner per 2 kg. Dobbel pris og vel so det, skammeleg! For våre premenstruelle lesarar kan me tilrå OB til 19,90 kr.

* Rimi
Tynnribba går til 29,90, elles tynt i rekkene.

* Ica
Maxi sel denne veka Findus fiskegrateng 500g til 20 kr pr stk. Dei som var innom Coop Obs førre veke fekk 450g til 10 kr pr stk, me har bunkra opp! Ica har ingen nye tilbod denne veka.

* Mega
Nygrilla kylling til 39,90 er for stivt, her må ein slå av 10 kr sjølv om dette er monsterkyllingar (1,1 kg). 30% på eindel frysevarer frå Findus er ikkje godt nok for Sparebloggen, vel FirstPrice-alternativet i same frysedisk. Du får òg denne veka 40% på jogurt frå Go morgen og Sprett, samt diverse reinhaldsprodukt.

* Obs
Klassikaren 400g kjøtdeig frå Gilde til 19,90, bunkre opp om du ikkje sikra deg hjå Joker i førre veke! Det er påfallande kor jamnt desse tilboda fell omlag kvar 10-12 veke, underteikna har akkurat tømt frysen før neste 19,90-tilbod dukkar opp. Elles er lutefisken alt komen i disken, men då til 39,90 pr kg - noko som er dobbel pris. Me betalar hòn ikkje nærare 40 kr kg for fisk som er ille førebudd i lut. Om du ikkje nytta deg av Sparebloggen si fenalåroppskrift tidlegare (59,90 kr kg), må du no ut med heile 199 kr kg for fenalåret.

* Kiwi
Også her førar dei ribbe til 29,90 kr kg, og FirstPrice sitt pinnakjøt er nede i 94,90 pr kg. Me frårår desse fett- og beinslintrane av eit pinnekjøt på det sterkaste, unn deg heller noko til tredoble prisen julaftan. Når det gjeld pinnekjøt er det faktisk ein samanheng mellom pris og kvalitet, og det er noko Sparebloggen langt i frå kan seie om dei fleste andre varer i handelen.

Konklusjon: Om du gløymde deg ut på kjøtdeiga førre veke, kan me tilrå hamstring. Elles var det ikkje rare greiene på tilbodsfronten denne veka, men me er då også kresne!

onsdag 9. november 2011

Smalhans

av SR

Med kokeboka Smalhans har Gunda Djupvik levert eit standardverk i matlaging for spararar, og eg vil gå så langt som å ty til tidenes floskel i desse tider: Denne boka kjem til å liggja under juletreet til mang ein sparar.

Med kapitteloverskrifter som "«Gått ut på dato»", "Å redde mat" og "Å planlegge innkjøp" er det vanskeleg å ikkje få ein klump i halsen for oss som snur på femøringen. Dette er verkeleg boka me har venta på, og noko så sjeldan som eit litterært verk som varmar hjarterota til ein sparar.

Når den i tillegg blir toppa med velplasserte spark mot matvarebransjen som lurar kundane sine til å betala meir enn me må med sine luretilbod og villeiing rundt kva varene kostar. Når det i tillegg er gode og billege oppskrifter, toppa med flotte bilete, kan me vanskeleg be om meir.

Som ein ekstra bonus kan eg nemna at boka er fri for cupcakes. Den har på den andre sida oppskrifter på gode gamle blåbærmuffin. To sikre teikn, i tillegg til spareprofilen sjølvsagt, på at det ikkje er nokon rosabloggar som står bak boka.

Me tilrår denne boka både til eige hushald, som gåve til spararar, og ikkje minst til dei som ikkje er spararar, men alltid er blakke. På toppen av det heile er den òg relativt billeg. Og kjøper du på nett får du den endå billegare. Sparebloggen gir med tryggheit Smalhans sitt godkjendstempel!

måndag 7. november 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Det er alarm! Ein tilbodsklassikar denne veka, 400g kjøtdeig 19,90 - maks 5 per kunde. Me tilrår hamstring og lausskjegg. Elles er det lite å hente på Joker.

* Spar
Stor tikronarsmart vert det reklamert, men mart'n er spekka med luretilbod. Me tilrår likevel kremosten, jædersylta og påleggsalatar frå Denja. Likevel; dette var skuffande for å vera 10-kronarsmarknad. Den sokalla familieribba ligg på 29,90 pr kg, me avventar hamstring og forventar prisras fram mot jul.

* Obs
2 Pizza Originale til 40 kr samla er kanskje ein rask middag, men langt i frå noko Sparebloggen kan stå inne for. Kystens fiskegrateng 450g til 10 kr kan me imidlertid tilrå på det kraftigaste. Med poteter attåt har du her middag til 6 kr per person. Skal du på tikronarsmarknad denne veka er Obs å føretrekke, mellom anna inkluderast yoghurt 500g, gulrøter pr kg, bananar pr kg, denjasalatar, kremostar, div tex mex og blodpølse 400g i tikronarsmarknaden. Dette er ein tikronarsmart slik me hugsar den frå gamledagar.

* Mega
Ein parodi av dei sjeldne, karbonadedeig 400g m/ nøkkelholmerke til 39,90. Haha, me ler der me heller plukkar 400g kjøtdeig frå Joker til 19,90 u/ nøkkelholmerke.

* Rimi
Også her går ribba, men då tynnribba, til 29,90 pr kg. Let's play the waiting game. Klementinar til 12,90 pr kg kan tilrådast om du er på randen til skjørbuk.

* Kiwi
Klagar sin nød over at Regjeringa no vil auke matmomsen, etter at Kiwi har kutta denne på somme varer dei seinare åra. Regjeringa gjer berre det einkvar annan god kjøpmann ville ha gjort når nokon tek rekninga på den måten Kiwi har gjort i tilfellet matmomsen. Lat Regjeringa auke, og Kiwi kutte på nytt!

* Ica
Maxi førar denne veka 6 Pizza Originale til 100 kr samla, eit tilbod under tvil kan tilrådast. 3 stk Kapteinens fylte til 100 kr kan også vera bra om du vil skeie ut, med poteter gjev det middag under 20 kr per person. I overkant dyrt for hardcorespararar.

Konklusjon: Turen går garantert innom Obs og Joker, der det skal storhamstrast fiskegrateng og kjøtdeig.

onsdag 2. november 2011

Sparebloggen sine straumsparartips

av KR

Kong Vinter kjem krypande, seier klisjéane, men me legg oss ikkje flate for vinterkulda. Oktober til mars er den viktigaste perioda for straumsparing, slik me ser det. Sjølv om straumbørsen Nordpool peikar mot vesentleg lågare prisar i år enn i fjor vinter, let ikkje den gode sparar seg lure til å fyre litt ekstra - for slik å skru opp straumprisane. Her serverar me straumsparartipsa du aldri får lære av Enova.

Redd ein kubikk vatn, spar ein kwh! Sparebloggen syner deg korleis:

*Gløym sparedusjen, bruk heller vaskefat og klut. Der ein sparedusj kostar deg 10 liter vatn i minuttet, vil eit vaskefat romme éin liter i timesvis. Er du så skitten at du treng dusje, burde du skamme deg!

*Senk all varme til eit minimum nattestid, det er steikje kaldt å stå opp uansett!

*Hald maksimalt temperaturen på 16 grader, og kle deg heller godt innomhus. Kast ikkje av deg ullgensaren og ullsokkane straks du kjem inn, lat heller plagga vera på. Det er ikkje meininga å gå med tskjorte inne i norske hus midtvinters. Ta aller helst på deg ullundertøy om du skal sitje i ro framføre TVen.

*Invitér folk til gards, det er mange kwh i kvar kropp - særleg om dei er gode og mette før dei kjem.

*Tøm ikkje ut potetvatnet, lat det stå i daglegstova og varme opp rommet. Alternativt tømmer du potetvatnet på termos, og nyttar det i varmeflaska i senga seinare på kvelden.

Del gjerne dine beste sparetips i kommentarfeltet. Det er miljøvennleg å spare straum, følgeleg også moderne!