onsdag 21. desember 2011

Julekvelden kom tidleg - Sparebloggen på razzia hjå Kiwi!

av KR

Velsigne juleskrømtet, for det har vore godt mot meg i år - og held fram så det steamar. Høyr berre her! I går kveld skulle eg nett innom Kiwi for å kjøpe meg ein pose kaffi. Eg plar stoppe så vidt ved kjøthyllene berre for å sjekke korleis dei ligg an med datoane, vel vitande om garantiordninga som vedkjem halvt og heilt utgådde varer. Brått peikte ein kylling på meg. Nærare bestemt litt av ganske mange kyllingar. Eg kvapp til; 1,2 kg kyllingfilet med utløpsdato 21.12.11. Eg stod der dagen før dagen.

Faktaboks:
Kiwi gjev deg vara gratis dersom ho går ut den dagen du handlar eller dagen etter. Du får erstatningsvare dersom vara er utgått på dato, og pengar dersom erstatningsvare ikkje fins/kan gjevast.

Roleg og beherska la eg i frå meg kaffiposen, bretta opp eitt erme og skreid til hyllene! Meir kyllingfilet venta, datoar vart sjekka og varer lagt i korga med smil om munnen. Så langt totalt 4,8 kg kyllingfilet frå FirstPrice. Ikkje berre billeg, alt skulle vera gratis. Eg dobbeltsjekka med beteninga, fekk stadfestinga. Vidare til hyllene. To pk grytekjøt frå Gilde kom også fram, totalt nærare ein kilo. Sum 650 kr gratis kjøt denne dagen. Nok til å koke middag for i ein heil månad. Alt av finaste, reinskore kjøt. Det bugna av gratisvarer i hyllene, og eg merka straks at enkelte datoar fordra retur neste dag og dagen der på.

Dag 2. Juleferien er i gong, enno betre tid til å romstere i hyllene til Kiwi. Denne morgonen galdt det å koma seg til hyllene før beteninga luktar lunta (les: varene). Eg hadde spesifikk kjennskap til eit par entrecôtar frå i går, som skulle vera merka 22.12.11 - og følgeleg kunne plukkast gratis i dag. Skuffelsen var stor, eg hadde i min kyllingrus dagen før sett feil pakkedato - ikkje utløpsdatoen. Eg ante likevel råd; gårsdagen synte at dei ikkje hadde kontroll i hyllene. No måtte eg gå grundigare til verks, sjekke kvar ei vare i kvar rad og hylle. Suksess! Ei heil hyllerad med kyllingstrimlar, totalt 10 pakkar (4 kg) merka utløpt 22.12.11. Eg raska det til meg. Alt gratis etter garantiordninga, og til alt overmål også nøkkelholmerka. Ikkje berre gratis, sunnast i klassen skal det vera dette Prior-kjøtet. Eg som har forbant meg på denne merkinga. Turen gjekk vidare. Kalkunfiletar ramla opp i korga, også det merka 22.12.11. Så møtte eg motstand i hyllene til Gilde. Mykje merka såvidt over nyttår, eg la det på minnet - og leita vidare. Langt bak dukka det opp nokre gamle varer merka 16.12.11, faktisk utgådde på dato i ordets rette forstand. Det var tale om langtidsmørna-serien til Gilde, faktisk tala. 2 pk pepparbiff og 1 pk indrefilet. Garantiordninga sikra her erstatningsvare og dagen var fullendt.

Kjøpmannen som passerte burde kunne ane uråd der han såg meg lesse korga full av dyrt kjøt, men han ante nok ein god handel og helste pent. Heilt korrekt! Ein sjeldan god handel: 11,5 kg reinskore, fint kjøt til ganske nøyaktig 1500 kr samla over to dagar. Alt gratis.

4 x 1,2 kg kylling, FirstPrice, sum 469,20
2 x 450g grytekjøt av storfe, Gilde, sum 172,49
10 x 400g kyllingstrimlar, Prior, sum 499
2 x 300g kalkunfilet, Prior, sum 123,80
1 x 240g langtidsmørna indrefilet av store, Gilde, sum 93,34
2 x 410g langtidsmørna pepparbiff av storfe, Gilde, sum 140,62

Når slike mirakel skjer så stutt oppunder jol, fer det meg til å tenkja på juleskrømtet - og Elias Blix. Gledeleg jol! Med dette gode gamle ordet helsar me kvarandre i denne sæle joletida. Yver heile sparebloggredaksjonen gjeng songen til dei mange tusund munnar der ute:

Glade jol! Heilage jol!

måndag 19. desember 2011

Tilbod veke 51

av SR

Spar
40% på pære, eple og appelsin i laustvekt, samt Evergood-kaffi. Elles berre luretilbod.

Joker
Skinkesteik til 29,90 kr/kg er ein god gamal jokerklassikar. 330 gram twist til 39,90 trur me er ein bra pris.

Rimi
Krydra svineribbe til 39,90 kr/kg er bra for den som ikkje gidd å krydra sjølv, eller som oppdagar for seint at ribba ikkje er krydra. Klementinar til 8,90 kr/kg er bra, men me hadde rekna med at det skulle bli billegare på denne tida av året. Lutafisk til 17,90 kr/kg er vel kanskje av den billegaste fisken ein kan få.

Mega
40% på diverse småis og dessertar frå Diplomis. Elles får du 40% på lettbaka brød frå coop. Kva som ligg i dette, vitast ikkje. Heil torsk til 69,90 kr/kg er heller ikkje til å klaga over.

ICA Nær
Har denne veka pinnekjøt til 99 kr/kg, men pass opp for berre bein. Vidare får du klementinar til 8,90 kr/kg og kalkun til 29.90 kr/kg. Det er òg fem store sjokoladeplater for 99, men her vil det heller lønna seg med Rema sitt 2 for 30-tilbod.

ICA Supermarked
òg her på du heil torsk til 69,90 kr/kg, klementinar til 8,90 kr/kg og 330 g twist til 39,90.

ICA Maxi
Fem sjokoladeplater for 100, men Rema er som sagt betre. Elles lite å skryta av.

Obs!
Byr på pinnekjøt frå Henriettes til 139,90 kr/kg, noko som er billeg for så god kvalitet. Elles får du 10 x 1,5 liter Pepsi/Pepsi Max for 100 kr. Kalkun til 24,90 kr/kg er heller ikkje å forakta. Du får òg 1,5 liter farris til 9,90.

Konklusjon: Ikkje den mest imponerande veka eg har sett, men ok pluss. OBS imponerar med Henriettes, men eg saknar framleis billeg kvitost!

torsdag 15. desember 2011

Planka

av SR

Som me tidlegare har vore inne på er skilje mellom sparing og snylting stundom minimal, og med ein desj skamløyse kjem ein langt. Ein av våre lesarar tipsa oss på facebooksida vår om fenomenet Stockholmsfenomenet planka. Planka er likevel berre i Oslo.

Som Planka Oslo sjølv skriv på si heimeside er:

Planka Oslo er en aksjonsgruppe som jobber for en avgiftsfri, skattefinansiert kollektivtransport. Gruppa ble startet opp i januar 2011, etter inspirasjon fra svenske planka.nu. I tiden fremover vil vi jobbe for en bedre, mer inkluderende og en arbeider- og brukerstyrt kollektivtransport i Oslo.

Medlemmene i Planka Oslo er organisert gjennom P-kassa: en ordning hvor medlemmene kollektivt betaler eventuelle bøter de enkelte medlemmene måtte få. Planka Oslo er i tillegg en del av den verdensomspennende sosiale bevegelsen Free Public Transports.


Månadsavgifta er 250 kr, med andre ord ein del rimelegare enn eit vanleg månadskort. Me har ikkje sjølve testa dette ut, så me oppmodar til å undersøkja nærare før du eventuelt betalar deg inn. Når det kjem til den etiske vurderinga, kan det vera greitt å rådføra seg med lommeboka.

måndag 12. desember 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
400g karbonadedeig til 29,90 er kanskje billegare enn vanleg, men denne karbonadedeigsvindelen hiv ikkje me oss på. Vent heller nokre veker og kjøp 400g kjøttdeig til sedvanlege 19,90 eller lågare. 40% rabatt på ferdigrettar frå Findus kan romme nokre billege middagar, me tilrår her særleg å sjekke prisen på pastarettane - som no burde ligge godt under 20 kr (2 porsjonar). Forutan dette er det tynt i hyllene, men me tek med oss pærer til 10 kr kg.

* Spar
Iskake frå Diplom til 17,90 kan vera greitt å ha i frysen når det nærmar seg høgtid for kaffibesøk. Elles vil feinsmeckaren finne 4 kg mandelpoteter til 39,90, ikkje av dei billegaste mandelpotetene me har sett - men gitt at julaftan nærmar seg går me god for dette tilbodet om du har råd til å skeie ut i jula. Prisane på surkål må imidlertid koma kraftig ned dei neste to vekene, 5,90 pr pk er ikkje godt nok!

* Obs
Kalkunen ligg på rabatterte 24,90 kr kg, men ser me under 20 kr kg før nyttår? 1,5 liter Farris itl 9,90 er då billeg nok til å plukke med seg, om ein har for vane å betale for vatn med co2. 6-pk Clausthaler til 19,90 kan me også gå god for, om du køyrer til julebordet. Epler og klementinar til 9,90 pr kg er også prisa til eit forsvarleg nivå.

* Mega
Ingen særskilt gode tilbod denne veka, når 40% rabatt på Fjordland sine dyre ferdigrettar er det beste dei kan hoste opp, så styrar me klårt unna Mega denne veka.

* Prix
Er framleis for dyre på både kalkunen og ribba, til at me kan tilrå julehandelen hjå Prix. Det same må seiast om surkålet som går til latterlege 13,90 for 450g. Ikkje akkurat Prix si veke dette.

* Ica
Maxi let skinkesteika gå til 29,90 pr kg denne veka - kan tilrådast! 40% rabatt på diverse taco-varer kan vurderast. Me tek elles med oss brunosten til 44,90 pr kg.

laurdag 10. desember 2011

Sparebloggen sine gulljulegåver

av KR

Me reknar med dei færraste av dykk har kjøpt julegåver enno. Ikkje fordi det er så travelt eller vanskeleg i desember, men for at pengane skal forrente seg lengst mogleg på kontoen. Sparebloggen serverar her årets gulltips på julegåvefronten, me rår til to butikkar dette året:

Sparkjøp
* 3pk truser kr 99, det sler aldri feil med truser under treet - ein sikker vinnar i alle kjønn og aldrar.
* Stillongs og trøye kr 99 pr del, kven kan vel gje ei sur mine når ein får ulltøy på kaldaste vintaren?
* Ullhandskar kr 39 pr par, budsjettalternativet til den som frys om vinteren.
* Lue, skjerf og sjal frå kr 39,50, ditto!
* Bestefarstrøye kr 249, helst i dyraste laget - passar nok best til den som også har bursdag i romjula.
* Sokkar frå kr 7,50 pr par, aldri meir hol ved ankel eller storetå.
* Fritidssko i skinn m/ borrelås kr 99, bli moteriktig med Sparkjøp!
* Hovudskjerf kr 4,75, alle kjenner ein Little Steven-lookalike.

Play.com (fraktfritt)
* Borat's mankini, gjer det klar til badesesongen for berre 5 pund!
* 5CD Rock 100 hits, alt frå Alice Cooper til The Troggs til berre 1 pund per CD!
* Diverse skjerf og huer til 5 pund pr stk, om du ikkje finn fram til Sparkjøp.
* Oppblåsbar spasérstokk 5 pund, må brukast med varsemd når det er kaldt i lufta.
* Narnia gjekk via NRK si avdeling på 80-talet og rett på DVD. Kostar no 5 pund, dvs 45 kr.
* Når me fyrst er inne på NRK, 'Allo 'Allo sesong 1 og 2 til berre 5 pund.
* Diverse Pixar-filmar til berre 5 pund, billegsal på kvalitetsanimasjon.
* Diverse Family Guy 5 pund, eit fantastisk tilbod for den som ikkje har tilgong til thepiratebay!
* 3 pk Puma-sokkar til 5 pund, for den motebesvimte sparar.
* Diverse Alan Partridge 5 pund, utgitt med støtte frå Radio Norwich!

måndag 5. desember 2011

Ei veke på det jamne

av SR

Spar
Den gamle men ikkje fullt så imponerande spartravaren kjøtdeig til 24,90 er teken opp av hatten. Meir imponerande er 40% på div. frosne grønsaker og bær frå eldorado. Elles bryr spar på vekas mest oppfinnsame: Bananar til 7,90 pr. pose - storleiken på posen er ukjend.

Joker
Har denne veka bananar, pære, appelsin og eple til 12,90 kr/kg. Vidare er det 40% på sørlandsis. 10-aren denne veka er 370 g flattbrød frå Ideal.

Obs!
For oss som har byrja på siste osten frå sist hamstring er det godt nytt med norvegia til 59,90 kr/kg. Berre så synd overteikna ikkje har ein Obs i ei avstand eg ikkje er avhengig av buss. 1,5 liter cola til 10 kr er heller ikkje feil for dei som likar slikt. Du får òg 40% på ulike tannhelseprodukt frå Colgate.

ICA Maxi
Byr denne veka på røykt svinekonke til 19,90 kr/kg! Elles er det heller ikkje noko å seia på lasagne frå Knorr til 10 kr pakken og 40% på alt frå Findus.

Ica Supermarked
Me har sett den ferske lettsalta torsken billegare, men 89,90 kr/kg er høveleg. Du får òg 40% på pizza tradizionale, samt appelsiner til 9,90 kr/kg.

ICA Nær
Imponerar ingen denne veka.

Mega
Det er denne veka 40% på både big one, originale og gul og raud kaffi frå Coop. Røykt svinekam til 29,90 kr/kg er det heller ikkje noko å seia på. Det er òg 30% på div. sun-produkt. Sjå likevel opp for billegvariantane. Er du samyrkemedlem kan du gleda deg over appelsiner til 7,90 kr/kg.

Rimi
Same som sist veke - lite å ta turen for anna enn appelsiner til 9,90 kr/kg.

Konklusjon: Det er ei veke på det jamne. For min del nærmar det seg slutten på sist hamstring av kvitost, så mitt store ynskje er at kvitosten kjem på tilbod att i ein nærare butikk neste veke.


Til sist eit lite tips i smørkrisa. Folk har ikkje berre gått av skaftet mtp. lågkarbo, men det har òg pris. I Sparebloggen held me oss til heimelaga høgkarbobrød, og styrar pent unna dyrt smør. Margarin er smakar det same, funkar til det same og kostar mindre, og aller billegast er First Price og Landlord. Lat dei galne om galskapen kivast!

torsdag 1. desember 2011

Fyrste luka er opna!

av KR

Me trur det er fyrste adventsdag i dag, sjølv om fyrste sundag i advent var for nokre dagar sidan. Me ber ikkje om nokon logikk, alt me ventar på er nemleg romjulssalet - og då er som kjend "ventetida" over. Likevel ynskjer me å markere denne fyrste dagen i advent, ettersom fyrste luke for underteikna kom frå FirstPrice i form av reklamasjonsvarer. Sant skal seiast, det byrjar då å verte ein vane. Når ein nesten har gløymt kva ein reklamerte på, så har ein anten snev av dårleg hukommelse eller reklamerar ofte nok. Beinsplint i FirstPrice-fårepølsa var det, og beinsplinten kastar godt av seg må vite:

* 155g pasta formaggio - rett nok utan blåmuggost, men 1,1% ostepulver får duge.
* 2 par vaskehandskar - nett som bestilt frå oven då det alt er to hol i mine gamle.
* 25 serviettar ansiktsrens - er dette eit forsøk på ein fornærmelse?
* 1 boks champignon 184g - ei forbruksvare god som noko
* 2x150g sjokoladecookies - omsider noko attåt kaffien
* 2x246g tomatsuppe med makaroni - 8 porsjonar = middag i 8 dagar!
* 8 stk firstpricebatteri - bør eigentleg batteri sendast ilag med matvarer?

Dette var ein rørande adventspresang frå FirstPrice, som nok eingong står til gull kva kjem til kundeservice!