onsdag 19. desember 2012

Varsel om priskrig: kalkun

av KR

Me venta på det i 2011, og no er kalkunkrigen eit faktum. Daglegvarehandelen hadde ein innbitt svineribbekrig i 2010, og har sidan mangla ei retteleg julevare å krige om. Måndag melde me at Rema hadde 18,90 kr kg for kalkun, og i dag fann underteikna kalkun for 19,90 på Rimi. Den gamle 29,90 er med andre ord forlatt, og me vonar fleire følgjer på. Lat oss sjå 14,90 før nyttårsaftan!

Billege middagar er mogleg heile året, til og med når det skal vera høgtid. Sparebloggen gjev deg oppskrifta på kvardagskalkunen, og den skal vera som om det var fest.

Finn fram ein kalkun på minst 5 kg, rens ut innmaten.
Fjern låra, skjær ut ryggbeinet og nakken. Hiv dette så opp i ei steikepanne eller gryte ilag med pepar, laurbærblad, nellik, timian og grønsaker som kvitlauk, gulrot, selleri, lauk, nokre tomatar og rikeleg med poteter. Legg på lokk og svak varme i eit par timar, og etterfyll med vatn ved behov. Her har du ei perfekt kalkungryte til kvardag og fest.

Kvifor ikkje hive heile fuglen inn i omnen? Fordi kjøtstykka treng ulik steiketid.

Difor går du no frå lår, rygg og nakke over til brysta som framleis sit på skroget. Press noko bacon/baconfeitt eller smør under brystskinnet, for å tilføre kjøtet saftigheit. Pepre og salte godt, og set inn i omnen på 150 grader. Pass på å etterfylle med vatn her også, og ause sky over fuglen ein gong i kvarteret. Lat stå i 1,5 time. Serverast med alt frå ris til poteter, pass på å lage til noko saus av skya.

Gjer du dette på ein sundag, har du middag i 14 dagar framover.

Sparebloggen ynskjer alle lesarar ei god jul, og eit godt, nytt spareår!

måndag 17. desember 2012

Tilbod

av SR

Joker
Familieribbe til 49,90 kr/kg imponerar ingen. Bananar får du denne veka til 10 kr/kg.

Spar
Òg desse har familieribbe til flåpris 49,90 kr/kg. Det er elles 40% på appelsiner, eple og pære. Mandelpotet til 7,90 kr/kg går fint an!

Mega
WTF? Familieribbe til 49,90 kr/kg her òg, snakkar me prissamarbeid? Coop kaffi gul og raud får du til 25 kr for to posar. 6,89 kr/hg for smågodt er ikkje feil, det same med 40% på dessertis frå Diplom is.

Obs!
Henriette-pinnekjøt til 149 kr/kg er ikkje feil, coop sitt får du til 94,80. Kålrabi er denne veka til 6,90 kr/kg. Julebrus til 7,90 for 1,5 liter er ikkje feil. Òg her er det  40% på dessertis frå Diplom is. Julegåvetips: Philips Senseo kaffimaskin til 399.

Extra
Tynnribbe til 39,90 kr/kg er òg noko over det me forventar, men det lønnar seg aldri å vera seint ute, med mindre du handlar julepynt - denne veka er det 50% på all julepynt.

Rimi
Køyrer på med 2 for 3.

Rema
Kalkun til 18,90 kr/kg er ein klassikar som aldri slår feil! KR sin spådom frå i fjor om priskrig på kalkun, ser ut til å verte ein realitet i år. Elles er det interessant at den ferdig krydra tynnribba er billegare enn den ubehandla. 5 kg mandelpotet kostar 29,90, og pinnekjøt får du heilt ned til 94,50 kr/kg. Kålrabi til under tre kroner imponerar.

Prix
Òg her er tynnribba som er krydra til 39,90 kr/kg.

fredag 14. desember 2012

Sauseskulen - Brun saus

av SR

Sauseskulen går vidare, og denne gongen er det ein ny klassikar som står for tur, nemleg brun saus.

Som med den brune sausen startar òg denne med å smelta 2-3 ss smør, tilsett så 2-3 ss kveitemjøl, og lat det stå å surre i nokon minutt med hissig omrøring. Viss du er skikkeleg i slaget kan mjølet ristast litt i ei tørr panne før det tilsetjast smøret.

Når mjøljamninga er ferdig surra, heller du i ein halv liter vatn, samt ein kjøtbuljong. Smak så til med pepar ol. Skal sausen nyttast til julemat kan buljongen med fordel erstattast med ribbefeitt eller liknande.

No sit du med ein beige saus. Er du veldig fin på det kan du kosta på sausen ein sprut med sukkerkulør (eller Negro som det gjekk under i gamledagar, så blir den mørkebrun og fin.

Sausen er no fiks ferdig, og nesten gratis. Om du hiver i litt lauk kan du forfina han endå litt meir og kalla den for lauksaus.

måndag 10. desember 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Vekas tikroning er skuffande nok 1 kg bananar, forholdsvis daglegdags og me har då sett det billegare òg. Derimot; surra svinesteik 29,90 pr kg er rekordbilleg generelt, og nærme jul spesielt. Me er overraska over at Joker tek denne, når dei kunne teke den doble med juleetikett! Ei stor stjerne i boka til Joker, som sikrar rekordbillege middagar. Vidare er det stadig prisras på svinekjøtdeig, og for dei som har ganane i orden må ein seie det var på tide. Aldri så gale at det ikkje er godt likevel, for 15 kr pr 400g smakar godt nok for underteikna.

* Spar
40% rabatt på karbonadedeig er nok billeg, men håplaust å rekne eksakt på så lenge Spar held attende prisen sin. Skal me tippe 22-23 kr pr 400g? I tilfelle konkurransedyktig i høve til Joker sin vassete svinekjøtdeig. Sokalla julemandelpotet til 7,90 pr kg, men langt i frå billegast i marknaden. No er mandelpoteta ei soppassa sterk merkevare at å besudle denne med jule-prefixet faktisk gjer meg meir skeptisk enn godt er.

* Rimi
Stadig lureri og 3 for 2.

* Kiwi
Ingen særskilte tilbod denne veka, men at dei har kutta momsen på økologiske varer har faktisk gjort nokre merkverdige utslag. Her om dagen var det økologiske rømmebegeret omlag 1 krone billegare enn den ordinære rømma. Dei økologiske bøndene har no omsider skjønt det, alt handlar om pris - og ikkje berre lågare produksjon per dekar.

* Ica
Nygrilla kylling til 34,90 er ikkje godt nok, denne hønsa skal me ha under 30. 4 kg poteter til 24,90 pr pose må karakteriserast som bra, så lenge det berre er sekunda vare. FirstPrice si tredjesortering går for 19,90.

* Bunnpris
Tynnribbe til 29,90 er bra, men pass på pakkedatoen! Du vil ikkje ha gris som har overvintra på lageret. Mandelpotet til 29,90 for 5 kg er særdeles bra.

* Obs
Coop ynskjer å drepe kundane sine før jul, og sel denne veka 10 x 1,5l Pepsi Max til 100 kr samla. For oss enkle sjeler er ei mandelpotet, ei mandelpotet. Det er forvirrande nok som det er med denne ordsamansettinga, men når Obs sel 2 kg for 29,90 svartnar det for oss. Kalkun til 29,90 pr kg er framleis bra, og kan etast både før og etter nyttår. Rekordbillege middagar!

* Mega
Feirar 25-årsjubileum, men kotelettar til 25 kr kg er då ikkje noko å invitere til fest på i desember. Billeg ja, men ingen jubilant verdig.

* Europris
"Mer til overs" reklamerar dei, og det stemmer nok så lenge du styrar unna all nipsen dei sel. Apropos nips; denne veka sel ein 180 cm kunstig juletre til 149 kr. Dette er særs billeg, og lågare enn Sparebloggen sitt utgongspunkt for tidlegare berekning av lønnsemda med plast vs trevirke i julestova. Så om du på død og liv skal trekke ein trestokk inn i stova, kan du likegodt gjera det på billegaste og minst motbydelege måte (med 20.000 insekter og midd mindre). Sparebloggen tilrår plast.

måndag 3. desember 2012

Tilbod

av SR

Joker
Gjengangaren 40% på div. big one er òg å finna denne veka. Elles er Sørlandschips til 15 kr ikkje til å kims(a) av. For dei som er fine på det, og ikkje vil ha first price såpe, kan me denne veka tilrå Palmolove-såpe til 10 kr.

Spar
Byr denne veka på klassikaren heil grilla kylling til 29,90 kr. Kan elles lokka med mandelpotet i sekk til 7,90. Ver merksam på at Rema brukar å dumpa prisen på slike sekkar over nyttår, så ikkje kjøp for meir enn ein månad.

Mega
Her kjem det meir ferdigpizza: 40% på alle typar grandiosa. 40% er det òg på hårfarge frå L'Oréal. Vidare er det 2 coop gul/raud kaffi til 25 kr, det same gjeld store sjokoladeplater frå Nidar.

Rimi
Held fram med 3 for 2.

Rema
Heil kalkun til 19, 90 kr/kg er ikkje feil. Elles får du ferdigvatna pinnekjøt til 89,90 kr/kg. Me er usikre på kor mykje tyngre pinnane blir etter vatning, men går utifrå at det framleis er billegare å vatna sjølv (129,90 kr/kg). Noko som har erfaring på dette planet? Ferdigkrydra tynnribbe ligg forøvrig på 39,90 kr/kg. To store Freiaplater til 30 kr er heller ikkje å forakta.

onsdag 28. november 2012

Lever sunt på sparebluss

av KR

Stadig fleire oppdagar at myta om den dyre, norske daglegvarehandelen er reinspikka tøv. Det er BT som formidlar gladsaka om bergensarar på sparebluss.

Me tillét oss å vidareformidle oppskrift på chili con carne ala Nyberg:

200 g kjøttdeig: 13,54 kr
1 boks hakkede tomater: 5,3 kr
2 små gul løker: 1,3 kr
1 boks hvitebønner i tomatsaus: 6,90 kr
1 boks kidneybønner: 6,4 kr
300 g (ca. 2 stk.) paprika: 7,26 kr
½ boks tomatpuré: 2,1 kr
Ris 8 porsjoner: 7,2 kr
Krydder (kjøttbuljong+salt+pepper+spisskummen+paprikakrydder+2 hvitløksfedd+chilipulver): 3 kr

Totalsum 8 porsjoner chili con carne: 53 kr ... 6,63 kr pr. porsjon
Som den røynde sparar kan sjå, er det meir å knappe inn her om ein handlar på tilbod. Til dømes er kjøtdeiga i oppskrifta kjøpt inn godt over tilrådd sparebloggpris 19,90.

Matkjedeutvalget v/ Einar Steensnæs kan nok ein gong ta seg ein bolle!

måndag 26. november 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Gilde si kjøtdeig av storfe 400g til 22,90 er billeg, men me ser helst at hamstring skjer under 20 kr. Sjølv nøyer eg meg med lager av billeg svinekjøtdeig enn so lenge. Risgraut 450g til 10 kr er ein billeg og rask middag, men det er frameis billegast å koke sjølv på billeg grautris.

* Mega
Røykt svinekam til 29,90. Norvegia til 59,90 pr kg er billeg, men me plar hamstre under 50-lappen. Bananar til 8,90 pr kg.

* Obs!
Holmens pinnekjøtt 89,90 er sesongen lågaste, men Sparebloggen er generelt skeptisk til billeg pinnekjøt på julaftan. Høver imidlertid fint i lapskausgryter. Kalkun 29,90 er i handelen, får knapt billegare middagar enn dette. Steik, del opp og frys ned. Obs har denne veka Kenwood Major 900w til 2490, kjøttkvern og blendar følgjer med. Er du derimot meir verdiorientert vil Philips 350w handmiksar med bolle (3l) til 299 vera eit godt kjøp. Med denne har underteikna traktert store brøddeiger (4+ kg) med i ei årrekke, langt utover det tilrådelege etter manualen, men då må handmiksaren koplast av og brukast i eigen, større bolle.

* Spar
Framleis familieribbe 29,90 pr kg, definitivt billege middagar - året rundt. Me trur imidlertid nedside framleis er til stades. Sokalla julemandelpotet til 7,90 tilrådast.

* Rimi
Framleis 3 for 2 med få sparemoglegheiter.

* Coop Extra
Klementinar til 7,90 pr kg er bra. Smålege rabattar på Coop karbonadedeig 400g, tilbodspris 2 for 60 mot ordinær pris 34,50 pr 400g. Sjølv har me bunkra opp med så mykje kjøtdeig av svin til 10 kr pr 400g, at det vil vera uforsvarleg å ha meir farse i frysen.

* Ica
Appelsiner til 9,90 pr kg, men elles er det horrible prisar på alt i frå skinkesteik til laks. Ikkje akkurat julestemning på Ica! 40% på alle texmexprodukt torsdag til sundag.

* Prix
Ingen nye tilbod denne veka. Me ventar på desemberdealen neste veke.

* Europris
Framleis billeg spylevæske hjå Europris, 3x4 liter for 50 kr. Når såg du sist ein bensinstasjon selge 4 liter spylevæske under 50 kr? 40% rabatt på kokekar frå moteriktige OBH Nordica.

onsdag 21. november 2012

Sauseskulen: Kvit saus

av SR

Som lova lanserar me denne veka vår sauseskule. Kva passar vel då betre enn å starta med rolls roysen av sausane - den kvite sausen?

Kvit saus er i bunn og grunn ein base som med få grep kan tilpassast det ein skal ha den til. Eg tek difor fyrst til med basen. Då vanlege suppeposar ofte svarar til 5 dl saus, tek eg denne menga som utgangspunkt.


  • Smelt 3 ss first price margarin i gryta.
  • Tilsett 2 supertoppa ss kveitemjøl, og rør det saman.
  • Hell deretter i 5 dl mjølk.
  • Smak til med salt og peppar.

Tilsett så det som passar til retten du skal laga. Her er nokon døme:
  • Kvit lasagnasaus: tilsett 2-3 fedd kvitlauk og den ostemaolen som du ikkje klarar å høvla meir av.
  • Til fisk: tilsett 1 fiskebuljong (eventuelt kraft om du har det) og litt muskat.
Med denne framgangsmåten får du saus til omlag prisen av tilsvarande mengde mjølk. Smaken er vidare upåklageleg.

måndag 19. november 2012

Vekas tilbod

av SR og KR

Mega
Vaskemiddel frå Omo til FirstPrice-pris denne veka, 19,90 for 1,2 kg.

Spar
Har denne veka 480 g Synnøve til 29,90 kr. Ikkje heilt der me vil ha det, men framleis markert under standardpris. Elles er det 40% på Big One-produkt, samt 2 kg-sekkar med poteter (desse brukar å vera sinnsjukt dyre, så ikkje la deg lura). 5 for 3 på torosausar er bra, men mykje kan lagast sjølv. Me kjem attende med ein sauseskule.

Bunnpris
20-40% på alt reingjeringsutstyr kjem godt med, mtp. At det er ein del sparar som slit med hygienen.

Europris
Her er det mykje nips, og berre det å gå inn i denne butikken kan påføra deg eit dyrt restitusjonsopphald, då mange av desse butikkane er eit sant kaos innvendig. Skulle du likevel ta sjansen, kan me tilrå ei sokalla ribbepanne til 99 kr. Denne ser bra ut til å baka brød, kaker ol. I, og er eit must, med mindre du har ei djup langpanne frå før av sjølvsagt. Tilsvarande er langt over doble prise på Claes Ohlson.

Rimi
Framleis eindel tvilsame 3 for 2-tilbod.

Rema
Me har tidlegare skrytt av "månedens redskap", men denne månaden er det berre ein vits. Salt- og pepparkvern til 149 kr er utestengingsgrunn her på bloggen. Me tek dette likevel som eit døme på trøndersk humor, og ler falskt med. Elles berre ei rekkje oppskrifter.

Joker
Familieribbe til 29,90 pr kg byrjar å verte standard, sjølv ventar me på at tynnribba skal falle ned på same prisen.

Obs
Lite bra denne veka. 5 kjøpepizza for 100 kr er kanskje billeg i høve til veil pris, men framleis dyrt og smaklaust i høve til heimelaga alternativ. Henriettes pinnekjøt til 149 kr kg er greitt, det same er Farris 1,5l til 9,90.

måndag 12. november 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
40% rabatt på alle pizza frå Stabburet, men hugs det er billegare å lage pizza heime enn på Stranda. Elles er det magert i tilbodshyllene til Joker denne veka.

* Spar
40% rabatt på fryseprodukt frå Findus. Svineknoke til 39,90 pr kg er kanskje billeg i høve til veiledande pris, men i relasjon til at svinesteika går for same prisen nærast kvar veke er det hinsides all forstand. Familieribba framleis 29,90 pr kg, tynnribba har me ikkje sett so langt.

* Obs
Svinesteik av bog til 39,90 kr kg, gjev særs rimelege middagar. Bananar til 8,90 kr kg er ein fin desert. Kjøtdeig 400g til 24,90 er ei direkte hån, når me nyleg har hamstra kjøtdeig til 10 kr pk. 25% på denjasalatar er ikkje godt nok, når dei same er fast innventar på 10-kronarsmarknadar landet rundt. Edameren er komen i handelen, men 79,90 for 850g er ei skam. Me oppfordrar desse mjølkemonopolistane om å heller subsidiere edameren enn eksportjarlsbergen når oppunder juletida.

Obs har denne veka førebudd seg på vintaren, og sel ei rekke omnar til rekordlåge prisar. Ein 2000w konvektoromn kostar berre 149 kr, du får ein 2000w vifteomn til 129 kr og ein 700w oljeomn til 199 kr. Me veit mange vert skeptiske når dei ser slike prisar på elektriske omnar, men dei er alle nemko-merka og godkjend av regjeringa. Gjør ret, frygt intet. Kjøp din omn på Obs!

* Prix
November-dealen: Kjøper du 500g Dolmio-saus til 19,90 får du med 400g kjøtdeig av svin. Dette er eit tilbod som er på høgde med både FirstPrice-saus og kjøtdeiga me såg på 10-kronarsmarknaden. Normalt sett seier me oss nøgde med kjøtdeig til 19,90, og her får du altså med ein prima pastasaus til same prisen! Fersk tynnribbe til 49,90 er derimot ikkje så bra, så me ventar med spaning på desember-dealen. Sølv-vinnaren frå i fjor, Henriettes røykte pinnekjøt, går denne veka til 169 kr kg.

* Ica
Framleis 10-kronarsmarknad på Ica. Kronekaffi 250g til 10 kr er bra, særleg med dei gallopperande kaffiprisane siste året. 40% rabatt på Sørlandschips.

* Mega
Går Bunnpris i næringa og innførar "dagskupp". Måndag er det 40% rabatt på juice og nektar. Tysdag er det 40% rabatt reingjeringsmiddel frå Lilleborg, men her er FirstPrice likevel overlegne i pris. Onsdag 40% på coopkaffi 250g, men ta heller turen innom Ica for kaffi denne veka. Torsdag og laurdag 40% rabatt på pølser og pizza, medan ein på fredag køyrer ei sunnare linje med 40% rabatt på frukt og bær. Me er ikkje imponerte, aller minst av manglande oppgitt pris. Her vert det ingen megatur denne veka heller.

* Bunnpris
20-40% rabatt på reingjeringsmiddel. I tillegg stiller dei med ein "Jif Mopp Startpakke" til sokalla "Ren galskap"-pris, noko som viser seg å bety 75% rabatt. Sjølv vaskar me golv med klut og langkost.

* Rimi
Har framleis diverse 3 for 2-tilbod til ein utgongspris som ikkje imponerar nokon.

* Europris (ny!)
Denne veka tek me inn Europris, til ære for somme av våre lesarar. Den som føretrekk ferdigutblanda spylevæske, og er så dumme at dei eig bil, kan denne veka kjøpe 3 x 4l spylevæske til 50 kr. Ein høveleg bra pris for ei vare som varierar sterkt i pris. Også her får ein kjøpt billege omnar denne veka, mellom anna 2000w vifteomn til 99,99 kr.

laurdag 10. november 2012

Gratis møblering

av KR

BT har denne helga ei fabelaktig reportasje om korleis ein skal innrede. Sparebloggen har tidlegare reklamert for gis bort-seksjonen til finn.no, og me tykkjer det er flott at denne no får merksemd av tradisjonelle medier.

måndag 5. november 2012

Tilbod

av SR

Joker
Poteter til 10 kr/kg er ikkje så mykje å ropa hurra for, 800 g karbonader frå Gilde til 29,90 er derimot innanfor.

Ica
Stor 10-kronarsmarknad med mellom anna 250g Krone-kaffi, div taco og elles dei velkjende 10-kronarsvarene som blodpølse og div pålegg.

Spar
Du veit jula nærmar seg når det blir priskrig på ribbe. Det lovar bra for førjulstida når me allereie no ser familieribbe til 29,90 kr/kg! Elles held ti-kronersmarkaden fram, men kjøtdeiga har dei klokeleg fjerna etter å ha lese om Sparebloggen sin razzia på sørvestlandet.

Mega
Har denne veka 40% på tekstilar frå Pierre Robert og La Mote. Elles noterar me oss at fyrst bud på Gilde sitt pinnekjøt er på 179 kr/kg. God det er lengje att til jul! Når det er sagt ligg X-tra sitt på 119 kr/kg.

Bunnpris
Byr på fryseshow på varer frå Findus. Klementinar til 13,90 kr/kg er det heller ikkje noko å seia på.

Obs!
Har denne veka mange kjende varer til 10 kr. Av dei meir utradisjonelle 10-kronarsvarene vil særleg framheve 2x125g laks (40 kr kg). Her er det mogleg å gjera nokon kupp, men løft alltid på prislappen! I tillegg har Obs denne veka Philips hårklyppar til 199 kr, sjå også Sparebloggen sin test av hårklypparar.

laurdag 3. november 2012

10-kronarsmarknadsfrenzy

av KR

Det var ei av desse vekene med 10-kronarsmarknad på Spar. Og denne gongen var det for godt til å vera sant. Lat oss kort gjenta denne vekas høgdepunkt; 10 kr 400g kjøtdeig (rett nok av svin, men lell). Me kjem frå ei tid der kjøtdeiga helst er billeg på 19,90, og ein sjeldan gong ser me ho på 17,90. Spar lot denne gå for 10 kr, usalta og uvatna. Slikt kan ikkje passere, når dei i tillegg sel 400g blodpølse til 10 kr, 6 stk halvstekte pitabrød til 10 kr, Bixit til 10 kr, og ei rekke påleggsartiklar til same prisen. Kort og godt er dette 10-kronarsmarknadsfrenzy. Kjøpmannen er dømd til å tape på dette, så lenge ein kalkulerar og held hovudet kaldt.

Og det var nettopp det som skjedde.

Underteikna gjekk inn på spar.no, og slagplanen vart lagt. Det var 4 Spar-butikkar mellom meg og ein avtale eg hadde 1. november. Legg merke til denne doble detaljen; å handle på 1. november betyr nemleg betalingsutsetjing på ditt rentefrie kredittkort (med Trumf-bonus) heilt fram til 15. desember. Ikkje berre betalingsutsetjing, men også kilometergodtgjerdsle om du har ordna deg. Køyreruta måtte planleggast. Køteori og køyreruteteori vart studert.

Kilometer vart substrahert, dividert og ikkje minst addert. 4 butikkar kunne nåast innanfor 30 minutt, og ein lyt rekne 6-7 minutt i kvar butikk. Som sagt så gjort, og resultatet var ei køyrerute som ikkje fordra ein einaste 180-graders sving vart konstruert. Perfekt!

Det var likevel éi hindring, den sedvanlege "maks 5 pr kunde". Sidan eg hadde fire butikkar på mi rute ville eg nødig utfordre denne regelen i særleg grad, men fann å kunne legge 6 pakkar kjøtdeig i korga i kvar butikk. Det fins ingen i kassa som vil protestere på noko slikt, og dei har uansett ei dårleg sak i høve til reglementet. Litt folkeskikk må ein likevel utvise når ein er ute hjå folk, så å utfordre grensene ørlite får vera nok. Og det gjekk bra. Særleg når eg lot 2 kjøtdeigpakkar fare fyrst på bandet, og la dei 4 neste sist. Korttidshukommelsen hjå dei som scannar varer plar vel vera svak. Så fremt det ikkje kjem nokre eksepsjonelle kombinasjonar så klart. Nok om det.

Etter veiledande pris reknast utbyttet:

24 pk 400g kjøtdeig á 10 kr = 240 kr som gjev ein besparelse på 24 x 14,90 = 357,60 kr
5 x King Oscar-sardiner i tomat á 10 kr = 50 kr eller 5 x 12,90 = 64,50 kr spart
4 x 6-pk pitabrød á 10 kr = 40 kr eller 4 x 5,5 = 22 kr spart
1 x 3 stk paprika 500g á 10 kr = 10 kr eller 15 kr spart.
5 x Tine kremost á 10 kr = 50 kr eller 24,5 kr spart.
3 x Gilde blodpølse á 10 kr = 30 kr eller 71,7 kr spart.
3 x Bixit á 10 kr = 30 kr eller 14,7 kr spart.
= 570 kr spart

Bør me nemne at handelen kosta 450 kr? Dette kan utgjera basis til middag for ein person i 2 mnd + eindel frukostar innimellom. Me har framleis ikkje rekna på overskotet av kilometergodtgjerdsla, sjå innlegget om billeg bilhald. På tide å kansellere myta om at det er dyrt å bu i Noreg!

torsdag 1. november 2012

First prize to First Price!

av SR

Så er det klart, det er ikkje alltid prisen det kjem an på! Det er med stor glede me noterar at First Price får 20 i stil i nok ein test! Ser fram til den dagen rosabloggarane skriv om dette.

Berre sjå her!

måndag 29. oktober 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
480g Synnøve Finden-kvitost til rekordbillege 19,90.

* Spar
Kanonveke med 10-kronarsmarknad. 400g kjøtdeig til 10 kr, maks fem per kunde løysast med lausskjegg.

* Obs
40% rabatt på Texmex, men framleis dyrare enn FirstPrice. 2 stk 200g freiasjokolade til 35 kr.

* Mega
40% rabatt på Findus kan romme nokre godbitar som td Kapteinens fylte-serien.

* Bunnpris
450g Findus fiskegrateng 9,90.

Det vert definitivt ein tur innom både Joker, Spar og Bunnpris!

måndag 22. oktober 2012

Tilbod

av SR

Spar
Taco på 40% er ein klassikar. Denne veka er det Old el Paso som står for tur. Vidare er det 30% på ei rekkje kjølevarer frå Fiskemannen.

Joker
Byr på karbonadedeig til 29,90 kr/400g denne veka. Elles lite å melda om. Brokkoli er 10-aren denne veka.

Mega
Er du Santa Maria-typen, då du det på 40% avslag hjå Mega denne veka. Elles får du kalkun til 29,90 kr/kg. Her er det moglegheit for mange billege middagar!

Rimi
Norske eple til 19,90 kr/kg er vel så billeg som ein får det, om ein ikkje går for villepla til First Price. Vidare er smågodt til 7,90 kr/hg ein klassikar. 400 gram kjøtdeig av store og svin får du denne veka til 19,90. Denne hybriden er prøvd, og den fungerar særs bra.

Rema
Same som sist

Bunnpris
Tomatar til 14,90 kr/kg er ikkje feil. Det same gjeld 2-pack Pizza Ristaurante til 39,90.

Coop Obs!
Har denne veka 40% på ei rekkje SUN-produkt, alle kjekt frå Sætre, produkt frå proteinfabrikken (styr unna!), samt alt frå La Mote og Pierre Robert.

laurdag 20. oktober 2012

Vitskapeleg tilnærming

av SR

Ein ivrig lesar, sparar og nettv-sjåar har tipsa oss om dette klippet som er ei økonomisk-psykologisk vinkling på sparing og sløsing.



Det er vel grunn til å tru at mange av oss fell inn under 0,5%-kategorien, utan at det er noko feil med det!

måndag 15. oktober 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
40% rabatt på alle varer frå Tex-Mex, men framleis hakket dyrare enn FirstPrice sine alternativ i same klasse. 10 kr pr kg for bananer. Høyrygg i skiver frå storfe til 129 kr kg finn me særs urimeleg, ettersom hausten normalt er tid for anna og billegare grytekjøt - sjå etter halve prisen.

* Obs
3x2kg kveitemjøl til 29,90 gjev kilopris på 4,98 kr. Eit bra tilbod som einkvar brødbakar bør nytte seg av. Kyllinglår til 29,90 pr kg, frå pakkar á 2 kg til 59,80 kr.

* Spar
40% rabatt på pølser frå Finsbraaten, Gilde og Prior i sokalla "pølsefest". 1 kg kyllinglår til 59,90 er rimeleg friskt når ein får det doble til same prisen på Obs. Me styrar klar Spar denne veka.

* Rimi
Du veit karriera di er på hell når CDen din selgast på Rimi til 99 kr på kamanjetilbod, og det er akkurat dette Karpe Diem opplever denne veka. Like dårleg held det fram for Rimi sine 3 for 2-tilbod, der ein denne veka mellom anna flaggar svinefilet - til rådyre 133 kr kg inkludert 3 for 2-rabatten.

* Mega
Høyrygg og bog av storfe kr 69,90 (m/ bein), bryst og bringe av storfe (m/ bein) 49,90. Dette er grytekjøtet me etterlyste, og her kan du sjå føre deg mange billege middagar. Kjøtdeig av svin 22,90 pr 400g, og kjøtdeig av lam 24,90 pr 400g. Me reknar med mange hamstra lammekjøtdeig frå Coop førre veke til 19,90.

* Bunnpris
2 pk kjøtpålegg frå Grilstad til 40 kr, eller 200 kr kg. 400g kjøtdeig av svin til 19,90, sokalla "go' og mager"-merka. Det å vera go' eller go'e forbindar me ikkje med å vera mager, her på Vestlandet ihvertfall.

* Ica
Ytrefilet av svin til 79,90 kr kg er noko me går go'e for, og eit prisnivå me lenge har etterlyst på dette kjøtstykket.

fredag 12. oktober 2012

Tilbodet eg fyrst takka nei til, og angra, men (nesten) fekk att 3 år seinare

av KR

Ny fast spalte på Sparebloggen: "Tilbodet eg fyrst takka nei til, og angra, men (nesten) fekk att 3 år seinare". Her ynskjer me dykk velkomne til ettertanke og framsyn i ein elles hektisk sparekvardag. Me i Sparebloggen er kjende for å vera så gnitne at me av og til let sjølv gode tilbod passere, berre fordi me i jakta etter den siste krona ikkje skjønar vårt eige beste.

Det var oktober 2009. Ein månad som hadde vore prega av fleire gode handlerunder. Denne haustmånaden i 2009 hadde Rimi ei fårikålgryte på 10 liter til sals for 79 kr. Eg lot dette tilbodet passere, og angra meg straks deretter. Sorga over det tapte tilbodet vart delt med dykk her på bloggen, men eg kom aldri over denne 10-litarsgryta. På kvart eit kjøken eg gjekk, såg eg andre kose seg med sin 10-litar.

Me sa den gongen at slike tilbod aldri kjem att. Det har me nok rett i, men denne veka er me nærme. Coop Obs selger ein 10-litar til 99 kr, og denne har til gjengjeld glaslokk i motsetnad til Rimi-gryta i heilstål frå 2009. Me har rekna og rekna, og ved hjelp av Noregs bank sin priskalkulator har me funne ut at dei 20 kronene i mellomlegg, hensyntatt glaslokket, gjer dette til eit høveleg bra tilbod. Eit tilbod me ikkje kan seie nei til.

Lat det koke frå gryterettar og lapskausar over det ganske land denne hausten! Tenk kor mange middagar du kan fryse ned berre etter eitt oppkok. Her kan du spare fleire år av ditt liv framføre komfyren. Smertene sidan 2009 har vore for store, og dei heilt store lapskausgrytene har mangla. Tilbodet er for godt til å late passere, kjære lesar, og sjølv underteikna har no omsider sikra seg ein 10-litar.

Lat aldri eit slikt tilbod gå dykk hus forbi ein gong til, ta turen innom Obs på laurdag!

måndag 8. oktober 2012

Tilbod

av SR

Spar
Byr på 40% på alle typar Grandiosa, samt alle typar sopp. Det er med andre ord moglegheit for å sprita opp pizzaen. Ein kuriositet denne veka er at du får 150 gram rips til 14,90. Dette er dyrt, då det er ei kjend sak at: 1) dei som har rips i hagen aldri plukkar dei, 2) rips er altfor surt, og 3) det er sinnsjukt å betala så mykje for rips.

Joker
Denne veka er det 40% på alle fiskeprodukt frå Findus. Vidare er det 3 for 2 på store sjokoladeplater frå Freia. Er du hakket sunnare er 15 kr/kg for grøne druer absolutt å tilrå. Elles lite

ICA
Har tekniske problem denne veka...

Mega
Har denne veka ti-kronersmarknad. Klassikarar som 500 g jogurt, leverpostei og nacho chips er med andre ord attende! Vidare får du biola til 20 kr, og 2 x store nidarplater til 30 kr.

Obs!
Har 40% på ferske grønsaker, solidox tannkrem, Findus sine ferdigrettar. 19,90 kr for 400g lammekjøtdeig. Vidare får du 20 L-egg til 39,90 kr, og 1 kg lys og mørk brunost frå Tine til 49,90 kr/kg. Kenwood-maskina me dømde ned prismessig i førre veke, er no senka med 1000 til 1490. Byrjar å verte billeg nok!

Rema
Har poteter til 6,90 kr/kg, biola til 19,90, Vidare får du Høyang-Polaris gryte eller panne til 299. Ikkje feil!

Rimi
Har framleis 3 for 2 på ei rekkje varer. Vidare får du denne veka norske eple til 19,90 kr/kg.

måndag 1. oktober 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Ferske og fryste svinekotelettar til 29,90 pr kg er rimeleg bra, og gjev rimelege middagar for oss småkårsfolk. Vekas tikroning er Denja sin italienske salat frå 200g pk, framleis ikkje i nærleiken av FirstPrice sin italienske på kiloprisen. Entrecôten går til 199 kr kg, noko med helst skulle sett 15-20% lågare.

* Prix
Ny månad, nye moglegheiter. Oktober-dealen er å kjøpe Santa Maria wraptortilla til 31,20, og få med 400 Gilde kjøtdeig. Då billegaste wrap på marknaden ligg omlag 10 kr, tyder dette at du får kjøtdeiga for vel 20 kr. Rimeleg bra.

* Spar
250g Evergood til 19,90 er bra, særleg sett i lyset av siste tids opptur i kaffiprisane der sjølv Cirkel har nærma seg 20-kroningen. Løp og kjøp! Eit anna bra tilbod er picnicskinka 325g til 17,90. Kanskje ikkje det billegaste kjøtet, men du verda kor enkelt. Elles er 800g karbonader til 39,90 høveleg greitt, sjølv om me helst skulle hamstra karbonader i Tr. heim (jf alarmen).

* Obs
2 x 400g kjøtdeig frå Gilde for 50 kr likar me ikkje særleg, då denne skal vera under 20 kr pk. Obs har sikra seg eit parti med Kenwood Major-maskiner som går for 2490 inkl blendar og kjøttkvern. Dette er småbilleg, men ikkje meir fantastisk enn at mpx.no har denne prisen som veiledande. Got wood? Me er særs lunkne til kapasiteten, då denne kenwooden berre har 900w og to uttak. Vent på noko betre før du fleskar til.

* Mega
Byr denne veka på pølse frå Gilde til 40% rabatt. Røykt svinekam til 49,9 kr/kg er heller ikkje feil. Vidare kan du metta mange munnar med ein stor nygrilla kylling til 34,90. Er du coop-medlem kan me tilrå 500g steinfrie druer til 12,50 kr.

* ICA Nær
Fårikålkjøt av lam til 59,90 kr/kg imponerar ingen. Store sjokoladeplater frå Freia til 19,90 er vidare standard tilbodspris. Bunkre opp til sommaren: 50% på is frå DiplomIs!

* ICA Supermarked
Karbonadedeig til 89,90 kr/kg er kanskje fristande, men tyder 36 kr pr 400g. Me vil gjerne sjå 400g karbdeig til 29,90. Fersk torsk til 49,90 kr/kg kan vera bra, om fisken faktisk er fersk - noko me betvilar. Bruk luktesansen meir enn synsinntrykka, dei er flinke til å pynte fisken! Vidare er det 40% på tex-mex frå santa-maria, krabbeskal, krabbeklør, heil krabbe og kongekrabbe. Kva det tyder prismessig er det berre Ica som veit, så ver varsam.

* Rimi
Av mange 3 for 2-tilbod er det berre kaffien som når opp til desken, og det er så vidt. Effektiv pris på Friele 250g vert 18 kr pr pk.

* Extra
Coop Extra, daglegvarehandelens Dr Jekyll & Mr Hyde. Dei kan vera så svindyre som Bunnpris i lange tider, men brått glimte til som denne veka. Når alt såg som svartast ut for kaffiprisen, trør Extra til med coop-kaffi 250g for 15 kr pr pk.

fredag 28. september 2012

Spareblogg-alarm!

av KR

Alarm! Alarm! Det er alarm på vegne av vanvittig mange spararar i det ganske land! For andre gong denne veka går alarmen i Tr.heim, Rema 1000 Tiller.

Det er tale om Nordfjordkjøt 800g karbonader til ni - 9 - kroner pakken. I fylgje vår meldar i bartebyen er det tale om ferske karbonader i anførselsteikn. Lat denne helga vera patenthelga:

"Patent ala Aasen"
Smør godt på to brødskiver, med smør naturlegvis! Finn deretter fram to karbonader, nokre kvitostblingsar og to egg. Hiv smør i panna, lat det brunast og hiv i karbonadekakene. Senk temperaturen og lat stå, hiv deretter i egga og legg osteblingsane på toppen. Lat stå på svak varme til osten er smelta. Pepre og salte, og tyll i deg maten.

onsdag 26. september 2012

Tax Free

av SR

Den gode sparar veit naturleg nok å reisa på ferie til ein stad der ein kjem billeg unna med det - og aller helst med forteneste. Det er difor Svinesund er eit ettertrakta reisemål for oss. Sjølv om prislappen sjølvsagt er det viktigaste, er det likevel avgjerande å òg tenkja på momsen!

Sjå etter denne logoen, eller berre spør i kassa!
Det for meg framleis ei gåte kvifor eg ikkje tidlegare har blogga om dette temaet, men Tax Free er altså ikkje berre noko som er på flyplassar og color line sine party- og familiebåtar. Tax Free er å få i ei rekkje butikkar, så lengje du tek med deg vara ut av landet innan rimeleg tid.

Dette gjer at du i tillegg til å få buksa 40% billegare i Noreg, i tillegg kan få att endå litt til! Ja, det er musikk, ikkje sant?

Det einaste du treng å gjera er å:
1) be om å få Tax Free på vara
2) fylla ut eit lite skjema
3) visa skjemaet hjå tollen i landet du reiser frå

Vips, så sit du att med ein fin slump pengar som du anten kan få utbetalt kontant eller overført til konto!

måndag 24. september 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
500g Norvegia til 29,90 er i grenseland, er du tom kan du plukke med deg eit par. 1 kg spaghetti er vekas tilkroning, eit høveleg bra tilbod - men sjå opp for evt FirstPrice-bomber.

* Spar
1 kg kvitost frå Synnøve til 59,90 ligg i same grenselandet, me ynskjer normalt ikkje å hamstre før prisen bikkar 50 på nedsida. 500g fiskegraten til 24,90 er ikkje særleg bra, då denne jamnleg figurerar på 10-kronarsmarknadar.

* Prix
Ingen særskilt god septemberdeal, ta til dømes kjøper du Toro pizzadeig (480g) til 25,50, får du med Coop si kjøtdeig av storfe 400g. Også denne veka er det svinekjøtdeig til 19,90 eller 20 kr å oppdrive hjå hhv Rimi og Obs. Toro-deiga som då medfølgjer dealen er 5,50 kr, eller 11,50 pr kg. Dette er godt over kiloprisen i butikk for pakkar på 4x2kg.

* Rimi
Ta tre Friele og betalt for ein, og med det ein pris pr pk smått under 18 kr. Hovudkålet er prisa til 1,90, men på hausten skal dette av prinsipp vera 1 kr stk. Også her selgast Synnøve sin kvitost til 59,90 denne veka, anar me eit omfattande prissamarbeid på kvitost?

* Obs
10-kronarsmarknad denne veka med klassikarar som Tine Kremost, denjasalatar, sviskekompott (455g), blodpølse (400g) og diverse kjekspakkar.

* Mega
40% rabatt på diverse coopjuice og findusvarer. Lammelår til 89,90 er ikkje godt nok, me ynskjer denne vara ned på 50-/60-talet. Hovudkål til 2,90 er ei skam!

* Ica
Endeleg! Hovudkål 1 kr stk. Elles selgast "hel laks rett fra fiskedisken" til 39,90 kr kg. Billege middagar for all del, men frosen, rund laks går normalt 10 kr billegare.

* Bunnpris
Stadig på botn og stadig sokalla priskrakk på gryterettar, men det imponerar ikkje særleg.

***

Alarm! Det er alarm! Telexen går varm! Frå ein telex i Tr.heim får me vite at Rema 1000 Dronningens gt sel 300g strimla svinekjøt til 9 kr pk. Det skal vera enorme mengder av det rosa gullet.

fredag 21. september 2012

Billeg bilhald

av KR

Fyrst av alt vonar me at særs få av våre faste lesarar eig bil. For å eige bil er det same som å fyrst verte flådd levande, og deretter legge hovudet på blokka for å få meir blodsutgytelse. Eg er sjølv ein av desse sadistane av nokre bileigarar, men prøvar å gjera det med måte. Å føre eit billeg bilhald er ein kunst, og Sparebloggen lærar deg korleis.

* Fyrste leksjon: Ein billeg bil
Det største tapet ved å eige bil er avskrivingane. Det er som dei seier at ein ny bil straks reduserast 50 000 når han trillar ut frå forhandlar, og det stoppar nemleg ikkje der. Gjennomsnittsbilen fell 50% i verdi dei fyrste fem åra. Så kva fortel dette spararen? Lat andre ta verditapet, så klart! Ikkje lat deg skremme av åtvaringane om dyre reparasjonar, det folk normalt seier om 5-10 000 kr, for det er langt dyrare å eige ein bil som tapar seg 20-50 000 kr i året. Sparebloggen tilrår 10 år gamle bilar til 20-25 000 kr, og i den klassa er det mykje fint for tida. Dette er bilar som knapt har verditap, kanskje eit par tusen kroner i året, men dei har 10-15 år att i levetid.

* Andre leksjon: Ikkje bry deg om småfeil
Har du skrapa opp lakken? Har vindauget på venstre bakdør hengt seg opp? Får du ikkje låst bagasjerommet? Ikkje bry deg med å kaste bort tusenvis av verkstadkroner på å fikse småfeil, som uansett ikkje påverkar bilen si evne til å gå frå A til B. Underteikna har siste året gjort dette til ein sport, og går no inn passasjerdøra sidan sjåførdøra har gått i vranglås. Ingen grunn til å late verkstaden få 5000 kr for ein slik jobb, når det tilsvarar halve verdien av bilen. Pay yourself first!

* Tredje leksjon: Bytt dekk sjølv
Bruk eit par timar i året på å bytte til sumar- og vinterdekk sjølv, og spar 1000 kr. Dette er greitt betalt for timar du elles ville ha skusla bort framføre PC eller TV. Pass på å setje skruane inn med grease, så du slepp stå der i uføret neste gong du skal i elden. Det imponerar ingen å stå der å hoppe på pipenøkkelen.

* Fjerde leksjon: Bytt olje sjølv
Eit oljeskift varierar kraftig i pris, men felles for alle "gratis" oljeskift er at olja du får på tanken er svindyr. Gjer difor som Sparebloggen og kjøp olje på Biltema, der du får 4l til 179 kr. Sett av ein halvtime og bytt olje sjølv ein gong i året. Annankvart år kan du slenge på eit oljefilterbytte, og legge 79 kr ekstra på rekninga.

* Femte leksjon: Køyr varsamt
Sjølv om me likar statskassa, treng me ikkje overdrive innbetalingane. Sparebloggen oppmodar difor samtlege om å halde fartsgrensene, og soleis spare tusenvis av kroner i året.

* Sjette leksjon: Køyr varsamt II
Bilen er mest effektiv når motoren ligg mellom 1500 og 2500 omdreiningar i minuttet. Dette betyr køyring i høge gir, og at du på veg opp til femte-/sjettegiret gjerne hoppar over nokre gir. Sjølv starta eg ein Passat i andregiret ei periode, men har no gått over til å starte i fyrstegiret og deretter gå rett over til tredjegiret. Passar det seg slik, setjast bilen deretter rett i femte. Samstundes må du ute i trafikken sjå framover og planlegge neste manøver. Unngå unødvendige nedbremsingar, og dersom du må bremse bør du heller bremse på giret enn på klossane. Over tid vil du her spare nokre lappar på utslitte bremser. Dette kjem frå ein som normalt ligg i andregiret ned fjellovergongane her til lands. Ingenting er som å koma ned til bygdene med avkjølte bremser. Lat det difor heller lukte av kronasje enn av svidd gummi!

* Sjuande leksjon: Drivstoffet
Det er velkjend at drivstoffet av marknadsomsyn er billegast på sundagar og måndagar før kl 12. Fyll difor drivstoff på desse dagane, og aller helst som eit mellomstopp på veg til anna ærend. Her vil me samstundes nytte høvet til å lansere eit sparetips frå ein gamal stortingspensjonist på sørvestlandet: Når du står ved pumpa må du passe på å løfte slangen opp, slik at du får med dei siste restane. Dette er restar du (og forgjengaren din) har betalt for, som elles ville vorte liggande att hjå bensinstasjonen.

* Åttande leksjon: Det mest elementære
Ikkje ver så dum at du kjøper deg bil.

måndag 17. september 2012

Tilbod

av SR

Spar
Denne veka får du klassikaren nygrilla kylling til 29,90. Vidare er det 40% på druer, og 30% på div. ferdigrettar frå Findus og Vita Hjertego-produkt.

Joker
Du får denne veka surra svinesteik til 39,90 kr/kg, som gjev rekordbillege middagar. Kombinert med jegergryte frå Toro til 15 kr ligg det an til fest. Elles lite.

Bunnpris
Gryterettar er i vinden. Hjå Bunnpris er det 25-50% på alle gryterettar. Reint gastronomisk tilrår eg å styra unna tacogryta. Vidare er det ikkje noko å seia på grøne druer til 14,90 kr/kg. Elles ligg lammelåret på 69,90 kr/kg.

ICA Supermarked
Òg her er lammelåret til 69,90 kr/kg. Fersk seifilet til 39,90 kr/kg er meget oppegåande. Frå torsdag til laurdag er det på div. skalldyr samt alt frå Synnøve Finden.

ICA Nær
2 x Kronekaffi til 20 kr er akseptabelt, men gå heller til Bunnpris for å handla druer, for Ica er 10 kr dyrare pr. kg.

Rimi
Òg her ligg dei tiaren over Bunnpris på druer. Svinekjøtdeig til 19,90 for 400 gram er ok, men på nivå med fastpris i ei rekkje butikkar ma. Kiwi og Rema.

Mega
40% på tacoprodukt er ein gjengangar. Vidare er det 25% på allergivarer og 2 x Maarud potetgull for 30 kr.

Obs
40% rabatt på all Coop-kaffi, noko som burde tilseie forsiktig hamstring gitt dei galopperande kaffiprisane. 14,90 kr for mørke druer her òg. Lammelår i skiver til 129,90 kr kg tilseier at du heller burde kutte låret sjølv. 8,90 kr 1,5l for Farris.

måndag 10. september 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Ein større tikronarsmarknad denne veka, med mellom anna Findus kystens fiskegrateng 450g til 10 kr, som gjev deg middag til to for 6 kr inkl poteter. Andre varer til 10 kr er Farris 1,5l, diverse frosne grønsaker, kjekspakkar, Tine kremost og Denja-salatar.

* Spar
2l Sørlandsis til 19,90 er billeg nok for Sparbloggen. Forutan om dette er det mykje lureri hjå Spar denne veka, som td svinefilet til 149 kr kg og bayonneskinke til 99 kr kg.

* Mega
Dyr sjømat er ein Mega-spesial, og me styrar unna denne veka.

* Ica
Kvart 5. brød er gratis, men kva hjelp det når dei kostar 30 kr stk? Bak heller med Sparebloggen til ein liten brøkdel av prisen! Det er fårikålsesong og hovudkål til 1 kr stk takkar me særs gjerne ja til, men når kjøtet går til 59,90 kr kg vert det ikkje fårikål denne veka heller.

* Bunnpris
Sokalla priskrakk på gryterettar frå Toro, og med dette er mange av Toro-rettane tilbake på det låge 20-talet. Obs: Må berre brukast som basis, spe det godt ut med vatn, pasta/ris, andre grønsaker, mv.

* Rimi
Svinekjøtdeig 400g 19,90 er tåleleg bra, elles er det tynt i hyllene.

* Obs
For ei avveksling i fredagstacoen prøv lammekjøtdeig 400g 24,90, lat oss kalle det "shawarma på norsk". Apropos; 4 grandisar til 100 kr er kanskje billeg i høve til veiledande pris, men det fins billegare måtar å ete papp på.

Konklusjon: Vekas beste tilbod finn på du Joker, og er Findus-grateng til 10 kr.

måndag 3. september 2012

Tilbod

av SR

Spar
Shit, pommes frites! Me har (til nøds) blitt van med 59,90 kr/kg som tilbodspris på Norvegia, og no kjem Spar med ein ny "tilbodspris" på 69,90 kr/kg. Spar lever ikkje opp til namnet sitt, det har me visst lenge, men dette var dråpen! 40% på skiva spekeskinke, spekepølse og ferdigsalatar kjem heilt i bakleksa, og det er symptomatisk at det er dei dyraste produkta som er på tilbod.

Joker
400 gram kjøtdeig til 22,90 er ikkje verst, og er du av typen som ikkje bakar brød sjølv kan me tilrå grovbrød til 15 kr. 10-aren denne veka er seks egg, noko som er bra for ein slik storleik, samt 1 kg gulerøter.

Mega
Jarlsberg til 59,90 kr/kg er bra etter tilhøva, og faktisk nesten same pris pr. kg som spar sin "tilbodsost". Elles er det 40% på toalett- og tørkepapir. Banan til 9,90 kr/kg er heller ikkje feil.

Rimi
Fårikålkjøt av sau til 29,90 kr/kg er ein grei start på sesongen, men prisane skal ned. Vidare får du store sjokoladeplater frå Nidar til 17,90.

ICA Nær
Kjøtdeig får du her til 24,90 kr for 400 gram. Elles er det 40% på div. frysevarer frå Findus, samt Nidar sjokoladeplater til 17,90. Poteter til 7,90 kr/kg er heller ikkje å forakta, men òg her skal prisen ned utover hausten.

ICA Supermarked
40% på all ferskfisk, samt 500 gram skiva einerrøykja laks til 79,90 kr er ikkje feil. òg bra med blomkål, brokkoli og gulerøter til 10 kr/stykk og kg. Det er òg her 40% på ei rekkje frosne bestseljarar frå Findus.

Extra
2x4-pk med jogurt til 30 kr er bra. Det same kan seiast om 2x 400 g karbonadedeig til 60 kr.

Obs!
Denne veka er det 40% på div. frå Findus, tomatar, matglede ferdigmat, Lerøy sushi, div palmolive-produkt, samt diplomis. Vidare får du ein sekk med lambi tørkerull/dopapir til 119 kr.



onsdag 29. august 2012

Ein sparar sin draum - ei økonomisk reiseskildring

av SR

Som tidlegare varsla har overteikna no teke turen til Island for å nyta godt av krisa sine etterdønningar. Allereie no merkar eg at det er bittert at særleg matvarer eignar seg dåleg til å ta med heim når den tid kjem. Ta til dømes Skyr som med brask og bram blei introdusert på den norske marknaden for nokre år sidan. Heime ligg ei lita boks på omlag 15 kr. Tilsvarande produkt (men med mange fleire smakar - ta til dømes banansplitt) får du her til omlag seks kr. Slår ein til med 15 kr (som altså er norsk pris) får du 500 gram. Ikkje feil med andre ord.

Elles har me i lengre tid slått alarm om at mjølkeprisane har hatt ein drastisk oppgang dei siste åra - ein oppgang som ikkje står i samsvar med produksjonskostnadane. Medan ein i fleire butikkar i Noreg må ut med nærare 15 kr for ein liter, kostar mjølka her 9 kr for 1,5 liter! Heller ikkje dette kan seiast å vera feil, særleg med tanke på at ein ved å lesa på kartongane får eit interessant innblikk i islandsk språk, då dei brukar dette som arena for å presentera nye islandske avløysarord!

Utover det kan eg med dette avliva myten om at det er dyrt å gå på bar i Reykjavik. Pils pluss den lokale akevitten Svartadaudi til ein femtilapp er ikkje noko å seia på. Vidare er det til helga fri bar for utvekslingsstudentar på ein av dei nye plassane i sentrum. IKKJE FEIL!

 

måndag 27. august 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Reklamerar for 40% rabatt på frossenpizza frå Stabburet, men som me veit er det likevel billegare og betre å bake sjølv. Det same må vel seiast om jubileumsbrødet til Joker som kostar 15 kr stk, bak heller sjølv og få 4 til prisen av 1. Vekas tikroning er 220g italiensk salat. Nei og nei, Joker, FirstPrice sin er då 400g og kostar 9,90. Skandaleveke for Joker!

* Spar
40% på alle frosne papprodukt frå Findus, men framleis dyrare enn FirstPrice. Ikkje noko å rope høgt om dette, Spar. Det einaste me under tvil kan gå med på er at prisen på "Kapteinens fylte"-serien no ihvertfall liknar mindre på grisen.

* Obs
1 kg Norvegia til 59,90 byrjar diverre å verte veiledande tilbodspris. Den knallharde sparar held ut, og ventar på dei sjeldne 49,90-tilboda. Elles er bananar til 8,90 kr kg bra, og burde vega opp for evt kjøp av 2 chipsposar frå Kims til 30 kr. Obs prisar også ned Santa Maria-produkt med 40%, når kjøpte nokon sist tacoprodukt til fullpris?

* Mega
Holy mother of pork! Svineprisane byrjar å stupe, som seg hør og bør på denne sida av sumaren. Skinkesteik med bein går no til 39,90, noko som gjev ein særs billeg middag, men me trur prisane skal ytterlegare ned utover hausten! 40% rabatt på diverse ferdigmat frå Fjordland, "kupp" kallar Mega det - fjas kallar Sparebloggen det.

* Ica
Slår stort opp at dei spanderar kvart 5. brød, og det bør dei jaggu gjera òg når brøda kostar 29,90 pr stk. Bak sjølv. Fårikålkjøtet byrjar å trekke til hyllene, men 39,90 er då framleis stivt sjølv for ferskt kjøt.

* Bunnpris
Me høyrer frå Molde at sinnabloggar Linnea Myhre har byrja å jobbe på Bunnpris att, og det likar me særs godt - her luktar det gjesteinnlegg på Sparebloggen etter ein lang og hard arbeidsdag! Denne veka er det imidlertid lite å smile av på Bunnpris. Bananar for 9,90 kr kg er rett nok billeg - men ikkje i landstoppen denne veka.

* Rimi
17,90 for diverse sjokoladeplater som brått har  vorte 30-50g lettare iløpet av sumaren. Snedig måte å auke prisen på! Sjå opp for fleire skitne triks frå produsentleddet i takt med oppkjøp og mindre konkurranse. Elles er tilbodsveka fattig på Rimi, BigOne til 39,90 er då dyrare enn ein heimelaga bakeformpizza.

måndag 20. august 2012

Vekas tilbod

av KR

Sumarstilla avsluttast brått med Orkla sitt milliardkjøp av Rieber, og ei ytterlegare forverring av konkurransen i produsentleddet til norsk daglegvarebransje. Sparebloggen har tidlegare hevda at problemet ikkje er daglegvaremilliardærane, men produsentmonopolistane som Tine, Gilde, Prior og Orkla. Dette inntrykket er forsterka av dagens hendingar, så ta deg ein bolle matkjedeutvalsleiar Steensnæs! Her følgjer vekas tilbod:

* Joker
40% rabatt på pølsepålegg frå Prior, Gilde og Finsbraaten, og med det skulle dei nærme seg FirstPrice-nivået... 500g Dolmio-spaghettisaus er vekas tikroning, høveleg greitt om ein brukar det som basis over fleire middagar. Bananar selgast til 10 kr kg, me tilrår på generelt grunnlag frukt til denne prisen pr kg.

* Obs
40% rabatt på all frukt og bær denne veka. Forutan om dette er det langt mellom dei gode tilboda, og heller tettare mellom luretilbod som 1 kg kyllingfilet for 120 kr.

* Spar
Denne veka er klassikaren "kyllingsnacks" 2,2 kg for berre 10 - ti - kroner attende. Perfekt for supper og gryter med høns som tema. Om det er dyrt å leve i Noreg? Tullprat! Det er elles 10-kronarmarknad på Spar denne veka, alt i frå tacoprodukt til blodpølse 400g (for øvrig enno ein billeg middag).

* Prix
Det er heller sjeldan me let oss imponere av Prix sine månadstilbod "ta den og få den med på kjøpet", og det same gjer seg gjeldande denne månaden. Ein skal til dømes få ein pølsepakke med på kjøpet om ein kjøpar ein pose potetstappe til 29,90, eller ein 6-pk egg med på kjøpet om ein kjøper bacon til 250 kr kg. Det er lenge sidan "Prix gule priser" var "garantert billig, garantert billig".

* Mega
Nygrilla kylling (ca 1,2 kg) til 34,90 er "så där", sjølv om me føretrekk 29,90. Denne veka derimot er det kyllingsnacks frå Spar som tel. For den som treng noko feitt i lapskausen tilrår me røykt middagspølse til 29,90 for 900g.

* Rimi
Norvegia sin kvitost til 55 kr kg er rimeleg greitt for den som likar smaklaus ost, men me ser helst at ein bikkar under 50-lappen. Forutan om dette har Rimi diverse 3 og 2-tilbod, som ikkje når opp i høve til dei tilboda som normalt dukkar opp.

fredag 17. august 2012

I natt jag drömde

av KR

Rettare sagt; det var eit mareritt.

Det er ikkje ofte eg hugsar kva eg har drøymt om, men det fins klåre unnatak frå regelen: Utgådde varer på kiwigaranti. Ja, slik er den - småkårsfolket sin våte draum.

Det er den draumen...

Sparebloggen har etterkvart vorten vidgjeten for sine datoraid på Kiwi, men me er ikkje mette av den grunn. Det har då vorte litt fangst også i sumar, men 7 pk spesialpølser frå Gilde er lite å skrive heim om. Måndag denne veka merka eg meg ein handfull pakkar marinerte spareribs på den lokale kiwibutikken. Sumaren er som kjend ikkje komplett før noko slikt har vore på grillen. Faktisk var utløpsdatoen 18.08.2012, akkurat på hell av sumaren, og varene kunne etter kiwigarantien hentast gratis 17.08.2012.

Ventetida var lang denne veka, og dagane var drøye. Dette skulle koma til å verte den lengste veka i mitt liv. Det var meg mot beteninga. Sparar versus kolonialist. Den gode mot den onde.

Det er den draumen me ber på...

Slagplanen vart lagt dagen før dagen. Her galdt det å stå opp i otta, og vera på plass før beteninga fekk summa seg mellom lukta av spareribs med og utan dato. Trikset er å koma før kl 0800 slik at minst mogleg av freebie-dagen går tapt. Og ganske riktig. Heile søvnprogrammet måtte forskyvast for å rekke denne dagen, klokka stilt 30 minutt fram.

Alt skulle likevel ikkje gå som planlagt denne natta. Det var tropevarme på Vestlandet, og underteikna måtte vri seg i søvn mellom svettetoktene. Det var uro i lufta.

Det er den draumen me ber på at noko vidunderleg skal skje...

Denne natta drøymde eg om kjølediskar på Kiwi. Det veit eg, for eg ville ikkje vakna. Eg drøymde om kjølediskar fulle spareribs utgått på dato. Faktisk var der nokre t-bonesteaks òg, men det er ei annan historie. Eg bråvakna kl 0700, svulten som ei løve. Dette var dagen å berre spasere inn på Kiwi og hente premien. Eg kunne høyre stemmer i bakhovudet mitt som minna om Olsenbanden "helmaks", "alt er taima og tilrettelagt", "det er bare å forsyne seg", "gi deg du'a, Kjell". Eg spaserte inn på Kiwi akkompagnert av Bent Fabricius-Bjerre.

Det heile var nedslåande! Kjøledisken var rydda. Spareribsa bortydda i butikk. Det var ikkje Kongen og knekten, det  var beteninga som hadde vore der kvelden før. "Amatører! Idioter! Pappskaller og hengerumper!"

Sparebloggen kjem sterkt attende, allereie måndag med vekas tilbod!

fredag 10. august 2012

Skalk lukene og spar straum; hausten er nær!

av KR

Sjølv om straumprisen i dag er 5 øre pr kwh, og me no berre kan klage over nettleiga, må ein byrje å planlegge for verre tider. Hausten nærmar seg. Hausten er ei kaldere tid enn sumaren, seier dei. Hausten er følgeleg ei god sparetid.

Lat deg difor ikkje lure av spotprisane på Nordpool, men skalk lukene før det er for seint! Sparebloggen legg her fram sine årvisse og stadig vidareutvikla straumsparartips:

*Pulsårene på mennesket ligg farleg nær overflata. Dette medførar, forutan eindel blodsøl på My Chemical Romance-konsertar, mykje varmetap frå kroppen. Ein av våre faste lesarar har tipsa oss om pulsvarmarar. Om du ikkje allereie kan strikke, bør du difor skaffe deg ei bestemor som kan dette.

*Senk all varme til eit minimum nattestid, det er steikje kaldt å stå opp uansett!

*Senk all varme til eit minimum døgnet rundt! Hald maksimalt temperaturen på 16 grader, og kle deg heller godt innomhus. Kast ikkje av deg ullgensaren og ullsokkane straks du kjem inn, lat heller plagga vera på. Det er ikkje meininga å gå med tskjorte inne i norske hus midtvinters. Ta aller helst på deg ullundertøy om du skal sitje i ro framføre TVen, eller vent litt:

*Lisensen - ta ein dobbel ilag med Sparebloggen! Kvitt deg med den straumslukande TVen, og spar samstundes på lisensen. Sparebloggen fortel deg korleis.

*Er du av den sosiale typen kan du også sjå TV hjå dine vennar, tipsar ein av våre lesarar. Nytt difor sjansen til å slå av all straum heime hjå deg sjølv, og samstundes dukke opp rundt middagstider. Er du heldig får du både med deg Dagsnytt18 på NRK2 og ein gratis middag. Obs, pass på å bli til kvelds. Det er ikkje lett å koma heim svulten til eit iskaldt hus før sengetid.

*Invitér folk til gards, det er mange kwh i kvar kropp - særleg om dei er gode og mette før dei kjem. Start difor kaffeslabedaset seinast kl 19, og avslutt i god tid før kvelds.

*Har du få eller ingen venner, fortvil ikkje! Eit stearinlys skal varme like mykje som eit menneske, skriv ein av våre lesarar. Me tilrår i tilfelle desse billege telysa på Nille og Europris. Ja, me er kjende med at dei kan eksplodere - men kva skal ein stakkar gjera der utan TV?

*Tøm ikkje ut potetvatnet, lat det stå i daglegstova og varme opp rommet. Alternativt tømmer du potetvatnet på termos, og nyttar det i varmeflaska i senga seinare på kvelden.

*Varme frå middagen kan trekkast vidare, skriv ein av våre lesarar til oss. Det heile er så enkelt som det er genialt; opne døra på steikomnen når middagen er klar, og lat all varme sige ut i rommet. Er du så heldig å ha open kjøkkenløysing er denne metoden ekstra heldig, leve moderne arkitektur!

*Når me fyrst er inne på dette med innredning, som kan vera eit vanskeleg fag, får me tips om at gardiner isolerar godt. Ein lyt imidlertid passe på å trekke dei frå slik at ein rekk solgongen ila dag og kveld, men straks trekke for når sola er gått ned. Dette skapar eit skyddande og isolerande lag mellom deg og dei kalde vindauga - kuldebro numero uno!

*Gløym sparedusjsvindelen for no, bruk heller vaskefat og klut. Der ein sparedusj kostar deg 10 liter vatn i minuttet, vil eit vaskefat romme éin liter i timesvis. Er du så skitten at du treng dusje, burde du skamme deg!

Spar ein kubikk vatn, spar ein kwh!

fredag 13. juli 2012

Restekjærleik

av SR

Sommar er sesong for gjestar, med alt det inneber av restar. Me har tidlegare omtala korleis restemiddagar kan få sin renessanse under namnet tapas. Når me kom over boka Restekjærlighet, låg det i dagen at me måtte ta oppatt tråden frå Smalhans.


Denne boka er på same måte som Smalhans i sparebloggen sin and. Her blir verdiane restar representerar understreka, og heile konseptet er bygd på å få full effekt av alt ein har i kjøleskapet.

Når det er sagt så er det naturleg nok ikkje slik at ein finn ein fullverdig rett for ein kvar rest. Boka er bygd opp på den måten at ein tek utgangspunkt i den resten ein har, og at ein kan bruka den i ein annan og ny rett. Her kjem det geniale stikkordsregisteret bakerst i boka til full nytte. Der kan ein td. slå opp på brun saus eller øl, og ein finn rettar der ein kan bruka restar frå desse varene.

Boka gir òg ei innføring i mellom anna oppbevaring, tining og når ein kan eta gamal mat. Det mest ekstraordinære med denne boka er likevel den fantastiske delen der forfattarane tek for seg delar av dyra som elles ikkje blir servert. Underteikna meinar likevel dei undervurderar lesarane når torsketunge og smalahove er lista opp her. Men la gå!

Når det kjem til pris er den å få i både innbunden utgåve og pocket. Pocketen får du på capris til under 200 kr, noko som ikkje er feil, men eg meinar å ha sett boka på Rema 1000 til 150 kr.

Det er freistande å gje boka fem av seks moglege sparegrisar, men eg nøyer meg med poeng.

laurdag 30. juni 2012

Kleshjørna

av KR

Den røynde sparar veit at veiledande prisar hjå Sparkjøp berre er halve sanninga. Innimellom er det nemleg dyrt med ei dongeribukse til kr 74,50 og ein boksar til kr 59. Lat dette vera vår andre oppreisning til familien Knudsen, etter vår fyrste og lite flatterande omtale av Sparkjøp sitt klientell. Me presenterar her tjuekronarsmarknaden til Sparkjøp - både på nett og i butikk:

* Diverse gensarar til kr 20 til båe kjønn. Her finn ein både gråe og blåe gensarar, med og utan krage - alle med tidsriktige trykk. For den kresne kunde selgast både tunika (eller trøyeliknande kjortel, som underteikna plar seie) og diverse cardigans (eller røykejakke, som underteikna plar seie) for same prisen.

* Er du lei av å gå til gymnastikken med ein plastpose frå kolonialen? Då er ein gymbag med fotballmotiv noko for deg og dine. Snøre i toppen, tidsriktig illustrasjon med ellevilt påtrykt utrop "Goaaal!".

* Kjenner du også nokon som har sviktande hygiene? Då er gåveøskja til kr 20 perfekt. Denne inneheld diverse såpeartiklar, kroppssalve, såpeskrubb og badesalt. Heile 160 gram for berre kr 20, der altså!

* Det treng ikkje vera dyrt å hamna i uløkka når Sparkjøp sel borneklede til 20 kr plagget. Overraske difor bornet med ei sparkebukse, ei hettejakke, lue og sjal eller ei baggybukse til kr 20! Likar ikkje bornet prikkar eller striper? Gløym det, grining vert det vel uansett.

* Har du aldri noko å ha på deg? Då er Sparkjøp sin kjole med lengde 140 cm til berre kr 20 eit perfekt val. V-ringing med drapering er då på moten, tør me påstå. Frå den sokalla Lifetime-serien til Sparkjøp, utan at me av den grunn tør tilrå denne for alle aldrar.

* Boksarar i ulike fargar og mønster til berre kr 20. Slitesterkt stoff og strikk, og så fargesprakande at dei må vera siste mote.

* Har du skapet fullt og førebur deg på haustgarderoba allereie? Fortvil ikkje! Sparkjøp si kåpe til kr 20 er både fòra, har klaff og stikklommer - og burde tåle sjølv den sterkaste haustbrisen.

Kast difor tønna du har gått rundt i sidan Lehman-konkursen, og kle deg moteriktig med Sparkjøp!

måndag 25. juni 2012

God sommar

av SR

Sparebloggen ynskjer alle våre lesarar ein god sommar. Me tek no ferie, men vil komma med nokon drypp gjennom sommaren.


tysdag 19. juni 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Kyllinglår 960g kr 39,90 er eit høveleg bra tilbod, sjølv fråtrukke for beinmengde. 520g grillpølser frå Finsbråten til kr 15 er sumaren så langt billegaste pølser.

* Spar
Diverse ispakkar til 40% rabatt denne veka, men framleis kostar Kroneisen meir enn ei krone. Sumarkotelettar til 29,90 kr/kg byrjar å verte ein standardpris, men FirstPrice er framleis billegast i klassa til kr 27,90.

* Rimi
Held fram sine 3 for 2-tilbod, men ver varsam.

* Obs
Kottisar til 29,90 pr kg også her. 1,3 kg rømmegraut til 49,90 er kanskje billeg og enkelt, men me forventar priskrakk på desse pakkane etter jonsok - så følg med! Farris til 7,90 pr 1,5 l til Coop-medlem.

* Prix
Ingen nemneverdig gode tilbod denne veka.

* Meny
Munkholm til 3,90 pr 0,33 l er kanskje billeg, men gjev ikkje store sommarbrisen. Rømmegrauten går til 34,90 for 800g, altså smått dyrare enn hjå Obs.

* Ica
Maxi er under avvikling og varer går for tida med 50% rabatt!

* Mega
Heilgrilla kylling til 39,90, me føretrekk denne til 29,90. Tikronarpåslaget til Mega gjer seg også gjeldande for flintsteiken, som me heller ser senka til 49,90 pr kg. 40% rabatt på spekemat og pølsemat frå Grillstad og Stranda.

* Bunnpris
Den sokalla ventepølsa selgast frå pakkar á 10 kr stk, eller 33 kr kg. Ut i frå kjøtinnhaldet i pølsene trur me ventetida vert kort, og ein heller byrjar på resten av grillmaten jo før jo heller.

laurdag 16. juni 2012

Eit framifrå kvinnfolk!

av SR

Kunne i dag lesa om eit framifrå kvinnfolk i Bergens tidende. Her er ei som veit å utnytta seg av butikkane sine store ord, og det er slikt me likar!

At dei i kassa slår seg vrang overraskar meg ikkje, då slike har ein tendens til å engasjera seg litt vel personleg i deltidsjobben sin. Når sjefen peikar på tvilstilfelle og linkande, minnar me om prinsippet om at kunden alltid har rett. I tillegg minnast eg ei reklame frå Kiwi på 90-talet der ein mann fekk dobbel pris attende for ein banan som var bøygd feil veg.

Her er det som vanleg berre å krevja sin rett, og det med butikken sine reklamefilmar i ermet.

måndag 11. juni 2012

Tilbod

av SR

Spar
Denne veka er det 40% på grillpølse av både svin og kylling. Same gjeld eple i lausvekt. Vidare er det 30% på alt av fiskeprodukt frå Stabburet.

Joker
Ikkje så mykje å skriva heim om, men me tek med oss ein pakke Ali-kaffi til 9,90. Elles er ti-aren denne veka kroneis og isbergsalat.

Mega
Diverse tex-mex frå Santa Maria får du denne veka 40% billegare enn normalpris. Det same gjeld joggurt frå Tine. Flintsteik til 39,90 kr/kg er heller ikkje til å klaga over, og svinekjøtdeig til 19,90 er noko under standardpris på rema, kiwi ol.

ICA Nær
Har denne veka klassikaren 10-kronersmarknad.

ICA Supermarked
Har denne veka kotelettar til 29,90 kr/kg. Vidare får du fersk laks til 29,90 kr/kg, makrell til 39,90 kr/kg og 40% på big one-pizza. Ei korg nektarinar til 19,90 er òg bra for sesongen. Torsdag til laurdag er det 40% på alt kjøtpålegg (ikkje spekemat) frå Gilde.

Rimi
Held fram med sine 3 for 2-tilbod.

Rema
Slår til med kulegrill til 49,90 kr! Her er det ikkje grunn til å tvila, spesielt når kokkar landet over går for kol framfor gass, og kulegrill er sagt å vera den beste. Elles er Rema mest oppteken av oppskrifter.

Obs!
Karbonadedeig til 29,90 pr 400 gr er billeg i forhold til veiledande pris.

måndag 4. juni 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Gilde karbonadedeig til 29,90 for 400g er billegast i klassen, og for den som vil betale for kjøtprosent og lågt feittinnhald kan denne tilrådast. 15 kr for diverse makrellhermetikk. Me tykkjer hermetikkprisane her i landet er på ville vegar, når ei lita boks makrell i tomat til 15 kr omtalast som eit tilbod. 2 kvitlauksbagissar frå Hatting til 10 kr kan me gå god for.

* Spar
29,90 for frosne nakkekotelettar luktar det sumar av, men me minnar om FirstPrice til 27,90. Fersk pizzadeig er kanskje noko av det største svineriet du finn i daglegvarehandelen, men denne veka er faktisk prise nær halvert - 19,90 for 550g ferdigdeig. Likevel minnar me om at det kostar deg 5 kr å bake sjølv.

* Obs
3x4 pk Pepsi Max til 59,90 + pant er kanskje billeg, men jeggu er det kvalmt òg! Elles er det lite å hente på Obs i daglegvareavdelinga, men somme vil vel plukke med seg 1 kg Norvegia til 59,90. Forutan om maten tilrår me einkvar til å sjekke ut lågprisa sumartelt, frå 199 kr for eit høveleg sumartelt kan me gå god for sumarsdagen om sovepose og liggeunderlag er godt. Skal du opp i høgfjellet bør du sjå på modellane over 500 kr. Ingen grunn til å kjøpe ekspedisjonstelt til 5000 kr, med mindre du har for vane å sove i telt midtvinters.

* Rimi
Ei rekke "3 for prisen av 2"-varer denne veka òg. Me er generelt skeptiske til slike kampanjar, men i tilfellet Rimi synast prisane å vera uendra i høve til normalen. Den jamne Rimi-kunde vil difor kunne knappe inn nokre kroner ved storhandel.

* Mega
Heilfryst laks til 29,90 tilrådast på det sterkaste. Me gjentek vårt mantra; det er ikkje dyrt å bu i Noreg, så lenge du har augene med deg.

* Ica
Stor tikronarsmarknad med dei gamle tikronarklassikarane Tine Kremost, blodpølse 400g og div kjekspakkar.

* Meny
6-pk kroneis for 29,90 er kanskj så billeg som det går an å få kroneisen i 2012. Elles går sjokolade frå Freia med 30%-rabatt og BigOne-pizza selgast til 39,90. Sparebloggen føretrekk heimebaka langpannepizza til same prisen.

torsdag 31. mai 2012

Krainer vs Krainer

av KR

Ei historie frå det verkelege livet. 17. mai er gjerne dagen for å skeie litt ut, eg snakkar ikkje om å gå i overprisa ullklede - men å skeie ut i matvegen. Sjølv her på Sparebloggen kan me å skeie ut litt, men me gjer det på ein lønsam måte. Det hadde seg difor slik at underteikna dagen før dagen kjøpte nokre pølser frå Gilde sin nye, eksklusive serie. Krainer var merket. 3 pølser for 29,90 er ikkje daglegdags kost for småkårsfolk. Ei slik utskeiing kan setja eit heilt hushaldningsbudsjett over styr til minst over sumaren. Det var difor med frykt eg vandra mot kassen.

Fortvil likevel ikkje, for det meste går godt for den røynde sparar!

Pølsa var god nok den, for all del, men noko smaklaus i høve til forventningane som hadde bygd seg opp. Prisen er då ein ting, ilag med eksklusiv branding. Slikt straffar seg, for når pølser til 10 kr stk ikkje er eksepsjonelt gode, sendast straks ei klage til Gilde si forbrukaravdeling. Pølsene var verkeleg meir smaklause enn ein hadde grunn til å forvente ut i frå omstenda. Gilde aksepterte dette og sende 100 kr i retur få dagar seinare. Dei skal ha det, bøndene, dei kranglar ikkje på kronene.

Omlag 70 kr pluss frå ein pølsemiddag 17. mai er då noko, men som seg hør og bør jagast tilboda like snart sjølv etter nokre gode oppturar. Det hadde seg difor slik at eg på min neste handletur, like etter Krainer-insidenten, kom over eit parti nær utgådde Krainer-pølser på Kiwi. Dagen før utløpsdatoen kan vara som kjent fåast gratis i kassen. Som sagt så gjort, og eg spaserte ut med tre nye Krainers. Desse vart fortærte og var like smaklause, men då pølsene var erverva gratis kunne eg ikkje ha dei same smaksforventningane som sist. Klage ikkje sendt, pølsene fortærte - og aldri kjøpt igjen.

Det ordnar seg alltid for den røynde sparar!

tysdag 29. mai 2012

Tilbod

av SR

Spar
Denne veka stiller Spar med kjenningane heilgrilla kylling til 29,90, samt synnøve finden sin kvitost til 59,90 kr/kg. Elles lite å melda om.

Joker
Har strimla svinekjøt til 49,90 kr/kg denne veka! Elles er ti-aren denne veka 1,5 liter farris samt heil ananas.

Mega
Denne veka får du 40% på ei stor mengde tørkepapir og dopapir. Vidare får du Biola til 21 kr. Det er òg 30% på diverse posar frå Nidar, samt svineflatbiff til 89,90 kr/kg (me tilrår heller kotelettar).

Meny
Stiller med sine "faste knallkjøp". Ikkje noko som får meg til å detta av stolen, men heilt på det jamne.

Rema
Byr som vanleg på produkta til kapitalist-Craig. Ikkje alt som imponerar like mykje prismessig, men sommarkotelettar til 29,90 kr/kg er ikkje feil. Elles er Rema på trenden til Rimi med 3 for 2. Mellom anna på diverse pakkar med is. Elles er det vert å merkja seg at ein kan få kjøpt 50 kubikks scooter til 8490 på rema denne veka(!).

ICA Nær
Flintsteik til 49,90 kr/kg er heilt på det jamne. Tilrår elles ei boks blå druer til 19,90.

ICA Supermarked
Byr denne veka på heil fersk laks til 39,90 kr/kg. Pass som vanleg opp for kor gamal han eigentleg er. Indrefilet av svin og steinbitfilet til 99 kr/kg er heller ikkje feil.

ICA Maxi
Har tysdag og onsdag nykverna kjøtdeig (utan salt og vatn) til 59,90 kr/kg, dette er bra! Vidare får du fersk makrell til 39,90 kr/kg og 40% på diverse pizza frå Dr. Ötker. Det er òg her kvantumsrabattar på ei rekkje varer, mellom anna frosne bær og frukt, dopapir med meir.

Obs!
Har denne veka ei rekkje varer til 10 kroner. Mellom anna smørostar frå Tine, div. frå Arla, ulike typar leverpostei, kjeks, sausar og flattbrød. Koss porta pro headset får du til 199 (hugs å ta vare på kvitteringa - livstidsgaranti!).

Rimi
Har òg denne veka 3 for 2 på ei rekkje varer. Prøvde ut Choritzo-grillpølsa i helga. Den var bra, og ikkje minst billegare enn "eitt hakk over"-pølsene til både Rema og Coop.

torsdag 24. mai 2012

Utlandet neste

av SR


Sjølv om du kanskje ikkje vil bli minna på det, så nærmar det seg ubønnhørleg nytt semester, sjølv om vårsemesteret for mange framleis har ei stund att (humaniora og samfunnssynsarar kan sjå vekk frå det siste). Livet er hardt for den som er student i verdast rikaste land, så kvifor ikkje vera verdas rikaste student i eit anna land?

Finanskrisa har kome som ei velsigning på norske spararar i utlandet. Dette gjer at me vanskeleg kan sjå nokon aktverdig grunn til å berre nytta utlandet til ferie. Dei kriseråka landa er like billege året rundt, om ikkje billegare, då ein er utanfor turistsesong.

Sjølv set eg kursen mot det kriseråka Island til hausten. Valet sto mellom Island, Hellas og Portugal, men for å unngå å òg bokstavleg tala bli ein red neck, blei det Island. 

Rykta skal ha det til at ein i Slovakia kan bu på campus for 2.500 kr pr. semester. Kan ikkje klaga då, særleg ikkje når ein får kasta etter seg ERASMUS-stipend og anna over ein låg sko. Ikkje berre er det billeg å bu og leva. Kombiner det med ferieturen din, og du kan putta reisestipendet frå Lånekassa rett i lomma. Er du ekstra freidig melder du deg opp i eit fag på det lokale morsmålet, og du er sikra eit heftig stipend for å ta nokon timar med gratis språkundervisning.

Ting du skal sjå etter når du vel land for utveksling eller anna:
- Høg arbeidsløyse.
- Politisk uro og misnøye.
- Låg pensjonsalder.
- Statsleiarar som går på strømpelesten på internasjonale samlingar og stryrer klår Angela Merkell.
- Befolkning som håpar på at landet ikkje vinn mgp, for å unngå ytterlegare utgifter.

måndag 21. mai 2012

Vekas tilbod

av KR

Fyrst av alt må me beklage den milde siestaen som har innteke Sparebloggen i det siste, me kjem sterkt attende seinare denne veka.

* Joker
Dei briskar seg denne veka, og byr på kyllingfilet til 88 kr kg. Me er imidlertid vanskelege å imponere når det kjem til fjøyrkre, men Joker er her nær ved å matche FirstPrice sitt beste kyllingtilbod (dei frosne i 2 kg pk til rundt 120 kr) - så er du i beit er det lov å plukke med seg nokre få filetar frå Joker denne veka. Flintsteika høyrer sumaren til, og sumaren er som kjend godt i gong i daglegvaren. 49,90 kr kg for marinert flintsteik er så billeg som det er mogleg å få ho, ihvertfall etter historiske prisar å rekne.

* Spar
250g  Evergood til 19,90 pr stk er då billegare enn veiledande, men framleis dyr kaffi. Gapet ned til konkurrerande lågprismerker er imidlertid lågare enn på lenge med dette tilbodet.

* Ica
Maxi-kjeda er under avvikling, og me ventar spent på opphøyrssalet. Reknar med det kan dukke opp eindel gode, lokale tilbod framover etterkvart som gamle merker skal bytast ut. Denne veka derimot er ikkje svinekottisane kome lågare enn 29,90 pr kg, billeg for den med tom frys rett nok.
Supermarked-kjeda sel Friele til 19,90 pr 250g, om det står mellom kaffi frå Ica og Spar denne veka - går me for Spar grunna rabatt mot veiledande.

* Obs
Epler, pærer og bananar til 10 kr kg tilrådast som vanleg her på Sparebloggen, men pass på; det er nok med fem i veka. Elles byrjar me å merke at spesialvarene til grillsesongen har mykje å gå på i pris -- nedover. Det er då ikkje nok å lage ei amerikanskinspirert reklame, og tru ein kan ta seg marginar på både 200 og 300%.

* Prix
Månadens tilbod med spekemat og rømmegraut står framleis ved lag, sjølv om 17. mai er passert. Me kjøper då ikkje slikt til fullpris etter 17. mai. Forvent priskrakk på rømmegraut framover!

* Meny
Kyllingkjøtdeig 400g til 19,90 er då billeg middag nok for Sparebloggen, men av personlege preferansar styrar ein klar av både kyllingkjøtdeig og svinekjøtdeig.

* Rema
Grillkongen Craig er attende i manesjen, og som vanleg tek han seg godt betalt.

* Mega
40% rabatt på assortert Gilde og Findus, stort sett hhv pølser og ferdigmiddagar. 30% rabatt på 500g Tine yoghurt er tåleleg bra, men me minnar om at dette er ein 10-kronarsklassikar på dei fleste 10-kronarsmartar. Elles byrjar me å verte småkvalme av dyre grillvarer, har du ei bøtte?

måndag 14. mai 2012

Tilbod

av SR

Spar
Denne veka får du sommarkotelettar til 29,90 kr/kg. Vidare er det 40% på melonar, wienerpølse og grillpølse. Det ser med andre ord ut til å berre vera vêret det skal stå på på 17. mai.

Joker
Byr på pølser av kylling, kalkun, storfe og svin til 19,90. Vidare er 10-aren denne veka tredelt kakebotn, samt vassmelon.

Mega
Du får 40% på dessertis og iskaker frå Diplom-is. Vidare er det 30% på go'morgen-jogurt, 99 kr/kg for ytrefilet og 49,90 kr/kg på heil laks. Ver likevel obs på butikkane ikkje kvir seg for å selja to veker gamal fisk som fersk laks. Jordbær til 19,90 er bra for sesongen. Same pris er det òg på store plater frå Nidar.

Rimi
Har eit stort utval varer 3 for 2. Ein del av desse er eit bra tilbod, trass at det ofte er eit stivt utgangspunkt.

ICA Maxi
Fersk rund laks til 39,90 er ikkje feil, men som sagt, "fersk fisk" er ikkje alltid fersk. Her skriv eg med erfaring frå MAXI. Vidare blir det ei søt veke med halv pris på posar med nidarsjokolade, 6,90 kr/hg for smågodt samt  500 g blå druer til 19,90.

ICA Supermarked
199 kr/kg for indrefilet av svin er ikkje feil, men gir framleis ein dyr middag. òg her får du "fersk laks" til 39,90 kr/kg, samt jordbærkorg til 19,90 kr.

ICA Nær
19,90 kr for wienerpølse og grillpølse, jordbær til 19,90 og frielekaffi med 40% avslag.

onsdag 9. mai 2012

Sparebloggen boycottar Bloggawards 2012

av KR

Kjære webloglesar.

Som du veit er me korkje rosabloggarar eller fotballfruer, me er småkårsfolk og småspararar - og det har me tenkt å halda fram med. Det er difor med avsky me no høyrer at u-landet Noreg har fått sine fyrste sokalla offisielle Bloggawards. Kven som har slått awarden til offisiell veit me ikkje, men me reknar nærast med det er siste arbeidsmarknadstiltak frå Fornyingsdepartementet.

Sparebloggen vil difor offisielt melde at me boycottar Bloggawards 2012. Me gjer dette av omsynet til vårt eige gode rykte, for me ynskjer ikkje å verte observert innanfor ein radius på 50 mil av parasitten Fotballfrue, motebloggaren Vampus og samfunnsdebattanten Ida Wulff. Lat oss difor sleppe fleire nominasjonar!

Dykkar trufaste,

Sparebloggen.

måndag 7. mai 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Som me nytt kunne lese av primstaven er sumaren i gong, og framleis er det berre daglegvarehandelen som feirar sumaren i april og mai - slik dei feirar jul i september. Fortvil likevel ikkje, for somme gode sommartilbod dukkar då opp. 2 liter Sørlandsis til 17,90 er hón ikkje feil. Me har tidlegare peikt på at kaffiprisane er stive her i landet, og no prøvar Ali seg med eit bra triks: 9,90 for ein pose kaffi gitt, synd den er 175g og ikkje standardiserte 250g! Likevel ikkje halvgalen pris, no når sjølv Cirkel har bevegd seg nærare 15 kr for 250g... Har du dårlege frukostvanar kan du gjera dei litt billegare denne veka, Go'morgon til 8,90 pr stk.

* Spar
40% rabatt på kjøtdeig frå Gilde 400g. Pris naturlegvis ikkje oppgitt, men det er garantert over 19,90 sjølv etter rabattering - så me tilrår ikkje hamstring. Ytrefilet av svin har no kome ned i pris, og 99 kr kg er bra - sjølv om me gjerne ser det 10% billegare.

* Rimi
3 for 2 er temaet denne veka, tre 1,5 l Coca cola for prisen av to, tre Farris og så vidare. Du forstår teikninga, men me trur Rimi flår oss her. Veil pris på 1,5 l Farris er vel 14,90, men observerast på tilbod til 7,90 nokre gongar i året. Det vert ikkje sprudlevatn på underteikna inntil dess.

* Obs
40% rabatt på all frukt denne veka, me minnar om den generelle Sparebloggregelen der alt under 10 kr pr kg er billeg nok. 2 x 300g chipsposar frå Kims til 30 kr er billeg, men langt i frå sunt! Veit du kor mange timar ein må jogge for å ta av berre ein av desse posane? 2,5 timar ved 2000 kcal pr 100g og 666 kcal forbrenning pr time, men det er no godt - så skal du fyrst gå på chipsen bør du sikre deg rømme attepå! I Sparebloggen reknar me berre på kaloriar for å få ytterlegare argument til kutt i forbruket, for kven gidd vel ikkje jogge 3 timar for litt chips og dip.

* Bunnpris
Reklamerar stadig for sine dagstilbod, 4 laksefiletar til 19 kr månadagar og 400g kjøtdeig til 19 kr fredagar er våre tilrådingar.

* Mega
40% rabatt på både kaffi og vaskemiddel denne veka, noko for ein kvar smak. Bananar til 9,90 pr kg er tilrådeleg. Elles reklamerast det med chips frå Maarud til 30% rabatt, men no gidd me ikkje meir jogging og styrar klar.

* Prix
Prix sin månadsdeal, der du får med ei vare på kjøpet, har preg av nasjonaldag. Kjøper du rådyr rømmegraut til 45 kr, får du med rådyrt spekekjøt til same prisen. Samla sett er det ikkje halvgale, men då tek me klårt omsyn til konge og fedreland. Og den institusjonen svir godt i lommaboka, herr og fru skattebetalar.