måndag 30. januar 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
40% rabatt på alle fiskeprodukt frå Findus. Me kjøper normalt berre Findus fiskegrateng 450g på 10-kronarsmarknad, og dette 40%-tilbodet kan ikkje matche den prisen. Av erfaring rommar likevel somme gode tilbod, mellom anna den famøse "Kapteinens fyllte"-serien. Elles er det lite å hente denne veka. 1 kg spaghetti til 16,90 er kanskje billeg, men slår ikkje FirstPrice som normalt ligg nærare 10-kronaren enn dette.

* Spar/EuroSpar
40% rabatt på kaffi, orsak kaffe, frå Evergood kan tilrådast om du har lagt deg til dyre drikkevanar. Underteikna har siste månadane observert at sjølv Cirkel byrjar å prise seg ut or marknaden, så me tvilar ikkje på at Evergood denne veka er konkurransedyktige. Svinesteik 49,90 kr kg er billeg middag, men langt i frå rekordnivået kring 30 kr. Sjå for øvrig Rimi dene veka.

* Mega
40% rabatt på kjøt frå Prior, og med det nærmar Prior seg FirstPrice sitt nivå. Dei har det godt i landbrukssamvyrket! Elles betakkar me oss for flatbiff av svin til 99 kr kg, reine svindelen der flatbiffen går til ytrefiletpris.

* Rema 1000
Berre faste...zzz...?

* Obs!
Utruleg nok er det beste dei kan skilte med denne veka 400g kjøtdeig frå Gilde til 24,90. Me ventar til 19,90.

* Prix
Inga kundeavis denne veka.

* Ica
Maxi sel denne veka 6 stk Pizza Originale til 100 kr. Ein rask og dyr middag om du trur du likar å tru du har for dårleg tid til å lage deg skikkeleg middag. Supermarked førar denne veka diverse c-vitaminfrukt til 9,90 pr kg. Nær sel Friele kaffi til 19,90 pr 250g. Ingen høydare.

* Bunnpris
Måndagstilbod 4x100g laksefiletar til 29 kr pk. Høveleg billeg middag om ein nøyar seg med éin filet per kopf. Fredagstilbod 400g nykverna kjøtdeig 19 kr. Tilrådast, men få det i frysen prompte.

* Rimi
Surra svinesteik 39,90 pr kg er då høveleg bra, særleg for å vera Rimi. Elles er det skrint i hyllene.

måndag 23. januar 2012

Tilbod

av SR

Spar
Denne veka får du heilgrilla kylling til 29,90. Ingen rekord, men grei pris for mange middagar. Denne veka er det òg 40% på pizza frå casa di mama, ristorante, samt alle salatar.

Joker
To Joker-klassikarar denne veka: 40% på Ali kaffi og to liter sørlandsis til 19,90 kr. Elles er tiaren denne veka Hamar-pålegg (Ha-på).

Rimi
Brukar store delar av spalteplassen sin denne veka på å promotera nye produkt. Eit dårleg teikn når det kjem til håpet om billege varer... Både lys og mørk brunost er støtt og stadig å finna til rundt ein femtilapp pr. kg. At Tine no har kome med ein mellomting - "Millom" - er slik uinteressant. Me går for å heller smelta saman eller ta eitt lag med kvar av dei i ein sokalla dobbeldekkar. Fersk skinkesteik til 39,90 kr/kg er likevel ikkje å forakta, sjølv om me har sett det billegare.

Mega
Køyrer denne veka på med 10-kronersmarknad, rett nok med ei noko utvida forståing av dette innarbeida omgrepet. To stratosplater for tre tiarar er eit godt døme på dette. Sjølv går eg for ein liter biola for to tiarar.

ICA Nær
Byr på pærer til 9,90 kr/kg, samt 400 gram kjøtdeig til 24,90 - Ok, korkje meir eller mindre.

ICA Supermarked
Lite å melda om. Lettsalta torsk til 89,90 kr/kg er ikkje allverda å skryta av.

ICA Maxi
Har heil laks til 39,90 kr/kg, noko som nok ein gong stadfestar at laksen mistar sin høge status, om ikkje anna så vertfall prismessig - og det er godt nytt.

Obs!
5 x dr. Oetker pizza for 100 kr er ein fin pris om ein trur ein ikkje har tid til anna. Det same er 12 x éin liter appelsinjus frå coop viss du tykkjer den frå Firstprice er vorten noko vassen.

onsdag 18. januar 2012

Framkalling av bilete

av SR

Viss du er som meg har du over mange år samla opp digitale bilete, men aldri fått dei framkalla på papir, trass ein sterk intensjon om å gjera det. Sist veke fekk eg ånden over meg, og slo til. Det vil seia, eg bestemte meg i sommar, men har venta fram til no pga. pris.

Standardprisen på på vanlege bilete er éi krone pr. bilete, men nokon opererar òg med 1,50 kr. Hjå fotoknusen er det denne månaden tilbod på bilete. Sjølv betalte eg 300 kr for å framkalla 600 bilete! I tillegg kom ei bestillingsavgift på 50 kr når eg henta dei hjå Fotoknudsen sjølv.

Ikkje nok med det, eg kjøpte fotoalbum hjå Clas Ohlson  med plass til 200 bilete til pene 39 kr.

Når det er sagt, er tilsvarande tilbod garantert å finna òg hjå andre leverandørar. Tipset er her å samla opp for å unngå "oppstartsgebyr" og få maks ut av kvantumsrabattar. Dei billegaste bileta får du får du i etterkant av feriar og høgtider.

Rett nok blir det ein sinnsjuk jobb med å setja alt inn i album, men sjå på det som ein hobby, eller finn ei scrapbookivrig dame og få ho til å gjera det.

måndag 16. januar 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Eit høveleg bra tilbod denne veka er 400g kyllingkjøtdeig til 16,90 pr pk. Eit sokalla "maks 5 per kunde"-tilbod, lausskjegg og hatt om du planlegg hamstring. Vekas tikroning er 570g ketchup frå Heinz, framleis rådyrt i høve til FirstPrice sin ketchup.

* Spar
Sokalla fryseshow denne veka òg. 40% på alle produkt frå Findus kan romme nokre bra tilbod, til dømes den famøse "Kapteinens fyllte"-serien. Spar fell igjennom på kyllingkjøtdeiga denne veka, sokalla "fast lavpris", der dei legg seg heile 36% over Joker.

* Obs
Sokalla rabattfestival denne veka. Me er imponerte over daglegvarebransjen sin storslagne språkbruk. Obs leverar ut gratis festivalpass, heiter det vidare. Jaha, så kva artiklar har de på dykkar hypermarknadscene, spyr me oss. 30% på frukt og grønt, 25% på kyllingfilét, 20% på kvikklunsj med meir. Ingen prisar er oppgitt. Her ligg det an til å gå rett i baret, så hald deg heime og styr unna denne festivalen!

* Mega
40% rabatt på dasspapir frå rådyre Lambi er eit tilbod me firstpricebrukarar tørkar oss bak med! For ikkje å snakke om nøkkelholmerka karbonadekjøtdeig 400g til 39,90. Me ler av slike prisar og slik merking. Mega sin fiskedisk vil me imidlertid tilrå denne veka, 89,90 for steinbitfilét let seg høyre rett frå disken - men bruk sansane!

* Prix
Inga kundeavis denne veka.

* Rimi
Kjøtdeig av svin 400g til 21,90 tilrådast berre om du er tom for farse, har absistens på svinekjøt og ikkje tålar kyllingkjøtdeig (jf Joker). Strimla svinekjøt til 54,90 pr kg er nok uansett eit betre tilbod. Varmrøykt påleggsmakrell til 7,90 pr 100g er derimot å tilrå med større styrke. Elles er det som vanleg tomt i tilbodshyllene til Rimi.

* Kiwi
Reklamerar for sitt Go'helg-tilbod som er laksefilet til 84,50 kr kg. Me er sterkt tvilande og minnar om den billege, runde auren i frysedisken som oftast ligg i underkant av 30 kr kg.

* Ica
Maxi sel bog/høgrygg av storfé til 59,90 kr kg, eit ypparleg og billeg grytekjøt. Underteikna har sjølv laga eindel gryter i det siste, men då frå botnen av sidan Toro har prisa seg fullstendig ut dei siste åra. Gryterett med storfékjøt er ein billeg middag som kan nyttast til såvel kvardag og fest. Ica Nær sel 400g kjøtdeig til 24,90 denne veka, me tilrår som kjend berre kjøtdeig under 20 kr.

måndag 9. januar 2012

Tilbod veke 2

av SR

Spar
Har ti-kronersmarknad òg denne veka. Byr mellom anna på billeg leverpostei, suppe, kjeks og 2 x avokado.

Joker
Like før hjarta stogga her i bladstova når eg såg Norvegia og 29,90. Dette kunne blitt ein rekordstart på året, men det var altså 29,90 for 500 gram. Likefullt er 59,80 kr/kg ikkje feil det heller. Elles får du isbergersalat og Ritz-kjeks for 10 kr.

Mega
Satsar på sjømat denne veka. 40% på fiskemat frå Findus og torsk til 59,90 kr/kg er godt nytt. 99 kr for 1,1 kg ferske kyllingfiletar er billeg for å vera nettopp det det er, men me tilrår heller first price sine frosne filetar til omlag 110 for 2 kg.

Rimi
Strimla svinekjøt til 54,90 kr/kg er ikkje berre bra, men faktisk billegare enn kjøtdeig på tilbod. Men la det bli med desse strimlane.

ICA Nær
Gule, grøne og raude eple til 9,90 kr/kg. Punktum.

ICA Maxi
Til liks med Spar er det òg her ti-kronersmarknad, men er tradisjonelt med betre utval.

ICA Supermarked
Òg her er det ti-kronersmarknad!

Bunnpris
Ingen endringar på dagstilboda til bunnpris i høve til i fjor.

Obs!
Liten tvil om kva som er tilbodstrenden for 2012! Òg Obs! har ti-kronersmarknad denne veka. Her er det berre å søka over alle butikkane, og plukka med seg dei beste tilboda.

tysdag 3. januar 2012

Nytt Kiwi-raid

av KR

Som meldt under vekas tilbod kom eg i går kveld over eit parti kjøtvarer med utgongsdato 04.01 på Kiwi. Desse kunne følgeleg hentast gratis i dag, ut i frå Kiwi sin før omtalte datogaranti.

Det gjaldt å møta tidleg i døra, slik at beteninga ikkje rakk ryddene hyllene før meg. Like etter opningstid i dag tidleg trappa eg difor opp, spaserte inn og henta dei 6 pakkane med Gilde langtidsmørna flatbiff av storfe. Veni, vidi, vici!

Totalt 12 biffar, over 2,3 kg til ein verdi av 440 kr. Dette kjem på toppen av dei 11,5 kiloane med filetkjøt eg raska til meg like før julaftan. Fleire månadar med gratis middagar, og eg trur sanneleg det er meir å hente. Ikkje berre nær utgått på dato, men langtidsmørna også frå produsenten - det er Gilde det!

måndag 2. januar 2012

Årets fyrste tilbod

av KR

Året byrja ofseleg godt! For der det slapp på Kiwi, heldt det jommen fram; i dag henta undertekna heim ein gratis komlemiddag frå Fjordland. Endeleg slo antakelsane til - Fjordland-hylla må vera eit eldorado for utgådde varer. I tillegg lyt eg ta turen innom i morgon tidleg òg, for då er det ei hylle med storfekjøt som går ut... Sjølv om Kiwi har ope til kl 23 kan dei umogleg rekke å rydde den unna før eg kjem i morgon tidleg?

So til vekas tilbod:

* Joker
Klassikaren Findus fiskegrateng 450g til 10 kr er ein sparebloggklassikar, og no har eg faktisk berre ein att i frysen sidan sist - optimal timing frå Joker denne veka. Frokostjuice frå Eldorado 1,5 liter til 10 kr trur me er eit luretilbod, jf Coop, vatn er uansett å føretrekke i ein sunn kropp. Resterande del av tikronarsmart'n rommar mykje rape, men Tine Kremost og Denja-salatar til 10 kr stk kan tilrådast.

* Rimi
Epler 9,90 pr kg er då umåteleg billeg til Rimi å vera, all frukt under 10 kr kg tilrådast av Sparebloggen. Elles er Rimi eit langt gjesp også denne veka.

* Spar
Sler også til med tikronarsmarknad. Ein kilo "kyllingsnacks" (dvs div knokar og klubbar) selgast til 10 kr kg frå pakkar á 2,2 kg. Tilrådast på det sterkaste i supper og gryter. Fiskegratengen går også att her, ilag med 400g fløtepudding, blodpudding og 2 kg appelsiner - også til 10 kr stk. Ingen grunn til skjørbuk i 2012 heller. Diverse kjekspakkar er også eindel av tikronaren.

* Obs
40% rabatt på Findus denne veka, men dei kan neppe konkurrere på fiskegratengen lell! Coop sin juice 1,5 l selgast 4 for 50 kr. Lite å hente på matvarefronten, men manglar du ei lita kasserolle får du ein 1-litar til 49 kr.

* Kiwi
Forutan utgådde varer, momskutt og nøkkelhol... har ikkje Kiwi nokre særskilde tilbod denne veka.

* Ica
Maxi lanserar nakkekotelettane på denne tida av året, 29,90 er då ein sumarpris me kan tilrå om du vil ha avvenning frå julematen... Elles er det pika deg 10-kronarsmarknad hjå Ica òg. Anar me eit samarbeid her? Tine Kremost, fiskegrateng, blodpølse og div kjekspakkar til 10 kr kan tilrådast som vanleg.

* Mega
Norvegia 59,90 pr kg er då ikkje nett billeg, men er du i beit for ost kan me innvilge dispensasjon for hamstring inntil 1 kg denne veka. Elles går diverse frukt til 9,90 pr kg også her.

* Prix
Me har fått ei skrape då me skriv lite om Prix, denne veka kan me nemne 400g kyllingkjøtdeig til 17,40!