måndag 27. februar 2012

Mammutsalet 2012

av KR

Tradisjonen tru bringar Sparebloggen sine favorittelefantar til dykk der ute. Mammut-salet går av stabelen frå i dag 27. februar, sikre deg difor årets julegåve i det kommande. I år føler me oss særskilt forplikta, der Dagbladet har kome med ei særs ufullstendig rapportering frå Mammuten. "Våre beste tips til Mammutsalget" utan ein einaste oppgjeven pris bak boktitlane. Sjeldan har vel Dagbladet framstått så kulturelitistisk som i 2012, og det trass i nylege avløringar om både medlemsjuks og politisk korrupsjon. Eit klårt tilbakesteg i retning av gamle Blabladet!

Sparebloggtradisjontru byrjar me med Fjodor si "Forbrytelse og straff" til kr 128 inndunde over to bind. Utmerka for utstilling i bokhylla, eller som julegåve til din slektning med finansielle problem.

Me held oss i grannelandet og legg fram den nitriste soga "Stalins kyr" fortalt av Sofi Oksanen til berre kr 59. Eit funn for einkvar innanfor primærnæringane, eller din akademikaronkel med røynsler innanfor AKP m/l - og ein draum om ein jobb i primærnæringane.

"Kringla heimsins" er inga kokebok om brødbakst utgjeven av Hulda Garborg, men ei bok om Noregs kongar skriven av ein inhabil part. Til 199 kr for 700 sider let me det likevel passere, for med nesten 4 sider per krone er dette absolutt eit bra tilbod!

Det er sjeldan me finn engelskspråklege bøker via til emnet brunost, så Jenny Blake si bok "Brown cheese please", vert å tilrå både grunna pris og for fiffig rim. Til kr 99 er dette ei kultursosiologisk bok med stort nedslagsfelt både hjå spararar og anna godtfolk som føretrekk budsjettmatpakke framføre ein tur på Deli de Luca.

Noko me trur er nytt av året er lydbøker, eller lyd-CDar, som det står i katalogen. Den som peikar seg ut er nok Lars Monsen si "Norge på langs" til kr 169. Ikkje grunna pris, men grunna lengde. Denne turen må ha teke minst eit par månadar, noko som utgjer 1500 timar fanga på CD. Eit unikt materiale i alle målestokkar, også prismessig.

"Kjerringrokk" frå Berit Østbye til kr 79 tilrådast som gåve til di tante som høyrer meir på Smokie og Return, enn Iron Maiden og Black Sabbath. Merk likevel at dette ikkje er noko lydbok.

Boka "Løparkongen Mensen Ernst" av Bredo Berntsen er endeleg framkomen til Mammutsalet, og det til berre kr 129 tur/retur. Dette er soga om mannen som sprang Afrika langs berre for å hente vatn i Nilen, eller sprang Konstantinopel-Calcutta på seks veker berre for å levere ein beskjed. Alltid like blid, Mensen Ernst, der han sprang til han kjende blodsmaken i kjeften!

Det er heile to Sponheim-biografiar ute på Mammuten dette året, begge prisa til 129 kr. Me er ukomfortable med både prisen og mannen, samt det faktum at bøkene prisast likt i ein open, fri marknad. Som dei urimelege surmularane me er, fremjar me motsegn til biografiane slik dei føreligg prismessig på Mammuten 2012.

Ein vegbokklassikar føreligg som neste bok ut: "Den humpete veien til førerkortet" til berre kr 79 skildrar ei 60 år gamal kvinne på veg til å ta sitt fyrste serifikat (sett bort i frå symaskinsertifikatet må vite). Tittelen er herleg sjølvironisk, og me lyt humre, ilag med forfattaren der ho på side 1 ikkje får clutchen i gir. Ei komande kultbok!

Ah, eit perfekt julegåve. Kerstin Engstrand har, etter årevis med bestialske drap, omsider kome med sin "ABC om modersneglar" - og det til berre kr 49. Me hadde trudd denne boka skulle ligge høgare i prissjiktet, særskilt av omsyn til alle dei saksene og saltbøssene forfattaren har slitt ut desse åra. Fantastisk prisa, eit fantastisk emnet - og ei fantastisk julegåve.

"Stolte øyeblikk" er boka som omhandlar våre kjende, kjære idrettsheltar. Skriven av Rolf Arne Odiin, sjølv ein habil utøvar i stille lengde med tilløp, leverar frå seg denne boka til Mammut-salet for berre kr 79. Kven kan vel gløyme stolte augneblink som då Ingrid Hadler tok VM-gull i orientering i '71, eller då Hansen-brødrene tok sitt gull i '75?

Bjørnar Berg si boka "Frihet er å la regnet falle uten å felle en tanke", tør vera ei god julegåve til din demente oldefar som trur han ikkje har noko att å leve for. Til berre kr 99 kan ein på sine siste dagar få lese kva fridom verkeleg er, nøl difor ikkje med å legge denne tungvektaren av ei essaysamling under juletreet i år!

Om du er ein av dei mange tapte sjelane i dette landet som tilbragte 10 år i ein mørk, fuktig kjellar kalla den norske grunnskulen, vil du med Rudolf Steiner si bok "Grunntrekk av en erkjennelsesteori" (kr 110, ikkje rare teorien si) kunne ta att eindel av det tapte. Nøl difor ikkje med å lære deg å danse fram andregradslikningar, eller male presumptive verb i blåfargar.

Har du òg vorte forelder i ein alder av 0 år? Då er nok boka "Nyfødte foreldres ABC" av Ingri Egeberg noko for deg. Fortvil difor ikkje, boka er billeg òg; kr 69.

Og no... coffe-table book-seksjonen. Istadenfor å lire deg opp or sofaen, kjøp heller nokre bøker om fjellheimen. I år er det rekordbilleg å gå i fjellet, ikkje fordi prisane på drytech har falle, men fordi du får bøker om Svalbard, Rondane & Dovre, Hardangervidda, Jotunheimen og Pasvikdalen til berre kr 109 pr stk! Kvifor sveitte, når du kan lese om andre som sveittar?

Ein annan reiseklassikar er Helge Ingstad si bok "Vesterveg til Vinland". Dette er ikkje ei bok om norsk alkoholpolitikk, men noko langt meir interessant. Les om korleis ein tidlegare norsk sysselmann og okkupant på Aust-Grønland kunne ta æra for kona Anne Stine Ingstad sine arkeologiske oppdagingar på Vinland til berre kr 119!

Alarm! Boka "Slektsgranskning" av Liv Marit Haakenstad (f. 1965, Hamar) har lenge vore eit ynda objekt på Mammut-treffa på 2000-talet. Ho er diverre utsolgt rekordtidleg i år igjen, så då får det vel bli med slektsgranksinga dette året òg...

Sol'sne, det var Mammuten 2012 oppsummert - nytt høvet til å hamstre det du er god for av julegåver. Dette er godbitar for einkvar!

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Vekas joker er nakekotelettar frå Gilde til 19,90 pr kg. Eit særs godt tilbod, som tilrådast på det sterkaste. Maks 5 per kunde, så legg storhamstringa over fleire turar - eller ta med hatt og lausskjegg. Elles var det skrint i hyllene, poteter til 10 kr kg er ikkje noko å juble for sjølv om det framleis er tele i jorda.

* Spar
400g fersk kjøtdeig frå Gilde til 22,90 er billegare enn på lenge, men me stålset oss for 19,90 før det storhamstrast. 200g sjokoladeplater frå Freia til 19,90 byrjar å verte eit standardtilbod, men me har sett 17,90 somme stunder òg. Elles er det berre sorgen hjå Spar denne veka.

* Rimi
Grillpølser frå Gilde til 41,50 kr kg er no billegare enn veiledande, men i høve til anna kjøt på marknaden fristar det lite. Appelsiner til 9,90 kr kg går an, men me ventar kraftig fallande prisar på appelsiner ila mars grunna påsketidene.

* Obs
2x400g kjøtdeig til 50 kr er nær 26% frå vårt target på 19,90, styr unna. Farris til 8,90 pr 1,5-litar let seg høyre, om du vil betale for vatn med co2 so han sa.

* Ica
Maxi førar stor 10-kronarsmarknad denne veka. Mellom anna freistar dei med storfelever til 10 kr kg, sjå våre oppskrifter på lever for rekordbillege middagar! Innmat er godt, og blodpølse og lungemos 400g til 10 kr snabben er òg eindel av denne utruleg innhaldsrike 10-kroarsmart'n.

* Mega
40% rabatt på gildepølser, men slik Gilde prisar seg ut or marknaden treng ikkje det bety gullprisar. Entrecôte pr kg til 169 er i stivaste laget for oss, me vil normal sjå denne mykje lenger ned på 100-talet.

måndag 20. februar 2012

Tilbod

av SR

Spar
Har 40% på alle typar grandiosa og tomatar. Elles er oksesteik til 149 kr/kg heller ikkje feil for dei som held seg til storfe.

Mega
59,90 kr/kg for lys og mørk brunost er på det jamne. 700 gram Jarlsberg til same pris er òg etter tilhøva bra. Vidare får du 40% på tex-mex-produkt. Vidare er det denne veka svinekam til 49,90 kr/kg, stor grilla kylling til 29,90 og to posar chips frå Kims til 30. For våre kvinnlege lesarar kan me gleda med 30% på sjampo og balsam frå Elvital og L'oreal. Bra levert frå Mega denne veka!

Joker
Byr på div. supper frå Toro til 12,90 og 40% på Evergood kaffi. Vidare er 10-aren denne veka to posar med potetmos og isbergsalat.

ICA Maxi
No har den lettsalta torsken kome ned på 49,90 kr/kg, dette er bra. Vidare får du ein pakke lasagne til 10 kr.

ICA Supermarked
Har 40% på div. fiskeprodukt frå Findus og appelsiner til 9,90 kr/kg. Elles må dei sjå seg slått av Maxi når det gjeld torsken, valet er enkelt når ein her må ut med 59.90 kr/kg.

ICA Nær
Òg her er det 9,90 kr/kg for appelsiner. 24,90 kr for 600 gram grillpølser luktar det vinterferie av, men me skal ned under tjuekroningen før sommaren kjem. Elles får du klassikaren store Freiaplater til 19,90 kr/stykk.

Rimi
På same måte som ICA Nær har òg Rimi Appelsiner til 9,90 kr/kg og 24,90 kr for 600 gram grillpølser.

OBS!
Denne veka er det byr dei på den alltid populære Norvegia til 59,90 kr/kg. Det er ei stund sidan me har sett ost til 49,90 kr/kg. Eg fryktar det verste... Vidare er det 40% på Olden og chips frå Kims. Det mest oppsiktsvekkande er likevel skipakke (ski og binding) til junior til 299 og til vaksen 499. Tilsvarande med slalomski for 699 til junior og 999 til senior. Trillekoffert til 199 er heller ikkje til å kimsa av.

måndag 13. februar 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Sokalla pølsefest med 40% rabatt på pylser frå Finsbraaten, Gilde og Prior. Me er generelt skeptiske til kiloprisen på pylser frå desse produsentane, men ser ikkje bort i frå at ein kan få ordinær wiener ned til 30 kr kg med slike rabattar. Elles går sjokoladeplater á 200g til 19,90 pr stk, ikkje rekordbilleg - men ei plate bør vera nok til å dekke sukkerbehovet for eit par mnd. Indrefilet av svin til 149 kr kg er over grensa, me føretrekk normalt ytrefileten til under 80-90 kr. Vekas tikroning er makrel i tomat 110g frå Stabburet, eit forholdsvis dyrt pålegg per Ola Dunk-påsmøring.

* Spar/EuroSpar
Ferske nakkekotelettar til 29,90 kr kg kan tilrådast, særleg på denne sida av slaktetida. Elles er det langt mellom tilboda på Spar denne veka.

* Rimi
Prøvar seg med at 400g kjøtdeig til 29,90 skal vera eit tilbod, me ler av desse patetiske franchisetakarane av Rimi. 1,5 liter borgbrus til 9,90 er då heller ikkje noko å rope hurra for.

* Obs!
Prøvar set atter med karbonadedeiga, overprisa kjøtdeig - og oftast dyrare enn ferdigstekte karbonader på tilbod. Me forstår ikkje logikken, få denne tullevara ut or handelen. Kremost frå Tine til 10 kr stk er imidlertid eit bra tilbod, ei vare som for øvrig siste par åra har lagt på seg i veiledande pris. 0,5 liter Yoghurt til 10 kr er også eit bra tilbod. Tikronarsmart'n held fram med pastasaus 420g til 10 kr, høveleg bra som basis for utspeding. Diverse denjasalatar til kr 10, men pass på FirstPrice sin italienske er både betre og billegare. Det same gjeld pastaen, 500g til 10 kr er ikkje billeg! 400g blodpølse til 10 kr er ein sparebloggklassikar.

* Mega
Fersk skrei til 59,90 kr kg er rimeleg bra, og kan tilrådast. Sosekjøt til vanvittige 79,90 kr kg vender me tommelen ned for. Kontakt heller slaktaren for noko avskjær til 10-20 kr kg, og du har sosakjøt so det rekk til både dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd.

* Ica
Maxi og Supermarked førar òg skrei til 59,90 kr kg denne veka. Supermarked har i tillegg ytrefilet av svin til akseptable 89,90 kr kg.

* Prix
Kjøtdeig til 28,90 og fiskegrateng til 38,20 pr 500g er eit hån mot oss spararar. Fiskegratengen forventar me å plukke opp til 10 kr pr 450g på næraste tikronarsmarknad. Kjøtdeiglageret mitt er tomt, men det vert ikkje kjøpt meir før nokon fleskar til med 19,90 eller mindre. Februardealen er heller ikkje særleg imponerande. Det vert ingen tur til Prix denne veka heller.

* Bunnpris
Skiltar med svinekotelettar/nakkekotelettar til 29,90 kr kg, noko me kan tilråde. Laurdagar går den heilgrissa kyllingen til 29 kr stk, omlag 25 kr kg altså. Ikkje mykje å utsette på den prisen. Resten av tilbodsavisa til Bunnpris minnar meir om (trommevirvel) Makspris, så me styrar klar.

Konklusjon: Relativt tilbodsfattig for kresne spararar, men skrei til 59,90 kr kg og eit par tikronartilbod hjå Obs gjer det kanskje verdt ein tur ut denne veka.

tysdag 7. februar 2012

Ny Kiwi-razzia

av KR

Sparebloggen held fram med å oppmode samtlege sparar om å sjå seg kring i hyllene til Kiwi. Underteikna fann i dag nye varer, frå tidlegare har fangsten vore særs god. I dag var det 11 stk 300g Prior kyllingfilet med utløpsdato i morgon 08.02 som låg der og dunsta av pengar på gata.

Det heile var nokonlunde tima, då eg var innom i går 06.02 og merka meg desse pakkane. Eg fekk meg imidlertid ikkje til å køyre innom i dag tidleg, men satsa på at menigmann korkje har augene med seg eller tør krevje å få varene gratis. Og ganske riktig låg filetane der no i ettermiddag, då eg svinga innom for å hente gevinsten. Totalt 22 filetar eller 3,3 kg til 490 kr samla. Greed is good.

Eg har no passert 17 kg filetkjøt gratis frå Kiwi på 6 veker, og no byrjar òg frysaren å verte rund og god. Her er det ypparlege middagar i månad på månad. Det fins kanskje ikkje gratis lunsjar, men det fins gratis midddagar - opptil i fleire månadar på rad hjå Kiwi. Det byrjar no å verte så mykje filetkjøt at gamle vanar må leggast om. Mellom anna ser eg meg tvungen til å droppe kjøtdeiga i fredagspizzaen, og erstatte med gratis filet av anten kylling eller storfe.

Gjer som Sparebloggen; putt indrefileten i pizzaen du òg!

måndag 6. februar 2012

Tilbod veke 6

av SR

Spar
Køyrer denne veka på med norvegia til 59,90 kr/kg. Ikkje rekordbilleg, men nok til at eg slår til vertfall. Elles er det 40% på produkt frå Fiskars, samt grøne og raude druer i boks.

Joker
800 gram karboander til 29,90 er ikkje berre billeg, men òg eit bra prov på at 400 gram karbonadedeig til same prisen ikkje er så fantastisk som tilboda skal ha det til. Elles kan du imponera stort med ein tredelt kakebotn til ti kroner. Brunost frå Tine til 59,90 kr/kg er heller ikkje feil, sjølv om me har sett det ned mot 39,90.

Rimi
9 roser til 39,90 kan fungera bra, elles berre lureri.

Mega
40%-aren denne veka er pizza av typen Big One samt store sjokoladeplater frå Nidar og Freia. Skinkesteik til 34,90 kr/kg er heller ikkje til å fnysa av.

ICA Nær
Stiller denne veka med rekordbilleg isbergsalat - 8,90. Elles lite å melda.

ICA Supermarked
Byr på fersk skrei til 59,90 kr/kg, noko som gjer at den nærmar seg prisen på heil frosen laks. Òg her får du rekordbilleg isbergsalat. I tillegg er det denne veka svineknoke til 24,90 kr/kg - må den berre vera salt nok!

ICA Maxi
Imponerar ingen denne veka.

Coop Obs
Har denne veka 40% på all tex-mex frå Santa Maria, kjeks frå Sætre og iskaker. To 500 gramsboksar med druer til 30 kr er heller ikkje feil, sjølv om lausvekt på tilbod er billegare (men dårlegare). Byr òg på 20 Prioregg til 39,90, noko eg er usikker på om er bra no etter at Rema har gått vekk frå burhøns.

laurdag 4. februar 2012

Eksotisk vareprøve

av KR

Me likar å reklamere her på Sparebloggen, men i motsetnad til rosabloggarane tek me oss ikkje betalt. Me er då ikkje grådige heller! Og nett slik hadde det seg at underteikna ved eit slumpetreff kom over ein ny type Fisherman's Friend og brått vart sett i kontakt med den internasjonale pastillmarknaden. Følg med og høyr heile den eksotiske historia her.

Det var ein alminneleg januardag i det herrens år 2012. Føttene var godt planta på stovebordet, og kaffien stod og svidde seg. Nokre timars surfing på Wikipedia leidde meg brått fram til Lofthouse Fisherman's Friend. Desse pastillene frå den vidgjetne, Lancashire-baserte farmasøyten James Lofthouse. Me kjenner då godt til denne pastilla, som gjev eit meir eller mindre moralboost ved småkremting. Garantert utan vitskapleg prova effekt på andre enn sjømenn. Moderne sjøulkar tygg FF. På Wikipedia avslørte inventarlista til Lofthouse fleire eksotiske smakar unnateke norsk daglegvarehandel. Orginal Extra Strong. Check. Super Strong Mint. Check. Strong Salmiak. Check. Spicy Mandarin. Ke? Apple and Cinnamon. Ke? ....så kjem det:

"Lofthouse provides a mail order service allowing UK residents to obtain some of the more exotic or difficult to find flavours."

Check, tenkte eg, dette høyrast då ut som eit ganske serviceinnstilt føretak. Overfor britar rett nok! Her gjeld det å setja på smigeren, og spele på dei royale band - for ikkje å snakke om kor mykje Fisherman me faktisk tygg her i landet. I følgje Lofthouse tygg me flest pastillar per innbyggar i verda! Gjer som nordmenn flest; krev ei særeiga postordreteneste frå Lofthouse. Som sagt så gjort, ein kjem som kjend langt med eit norsk pass. Det synte seg imidlertid snart at sjøulkane skjular seg bak føretaket Impex Management Ltd, men dei var ikkje meir anonyme enn at dei oppgav ei epostadresse til "Kerry". Det vert vel fort litt lugubert når fiskarar skal byrje internasjonal pastillverksemd.

Her gjeld det som alltid i livet å vera frekk på ein høfleg måte. Ikkje er eg brite, ikkje vil eg betale, men eg skal ha eksotisk Fisherman. Ved å nytte den beste skuleengelsken klarde eg på ein høfleg måte å be om ein stk Fisherman's Friend Apple & Cinnamon. Så klart peikte eg også på kva for eit populært merke FF er i Noreg.

Ei veke seinare. Alt er gløymt, og posten vert henta. Impex Management, kva hon er dette? Best å opne pakken ute i det fri, i tilfelle dette er ein pakke som seier "pang". Og nett det gjorde det! Ein stk Fisherman's Friend Apple & Cinnamon fritt levert. Det heile tok ei veke etter bestilling, truleg frakta i sjark over Nordsjøen.

Varetest: Fisherman's Friend Apple & Cinnamon 25g
Pris: Truleg kr 0.
Fyrsteinntrykk: Fargerik og moderne innpakning, men likevel klassisk utforma og med tradisjonelle element.
Funksjonalitet: Lett å rive open, lett å lukke. Passar fint i eikvar bukselomme.
Lesbarheit: Vanskeleg. Bokstavane på pakken, særleg baksida, er stort sett greske (bokstaveleg tala).
Facture de exotique: Særs høg. Nye, eksotiske smakar ein ikkje får i kolonialen på denne årstida. Spanande fargar og mønster, og eit heilt ukjend alfabet for den norske husmann.


Smak: Kraftig mintsmak, mild og avdempa kanelsmak. Kjende ikkje eplesmak.
Sødme: Unormalt høg til FF å vera.
Styrke: Ekje sterk nok, FF skal brenne!

Konklusjon: Terningkast 3. Eksotisk innpakning og smak veg ikkje opp for manglande styrke. Heile idéen bak FF er å brenne bort framandelement i halsen, og då duger det ikkje med eple og kanel. Pfføy! Me meinar ikkje å vera frekke, me testar berre varene me mottek uavhengig - i motsetnad til rosabloggarane.

onsdag 1. februar 2012

Verv deg rik

av SR

Ein av våre ivrige lesarar tipsa oss om at det kan vera lukrativt å verva. I mange organisasjonar er medlemspengane så høge, og gjennomtrekken så liten, at vervepremiane verkeleg kan ta av. Vår tipsar er sjølv krigar, og kan melda om gåvekort på 1000 kr om ein vervar ein ny medlem i BFO.

For dei ikkje fullt så militante tilbyr NTL eit breitt spekter i vervepremiar, om enn ikkje like generøse. Ei hamburgarpresse for eitt verv (?) er nok ikkje å forakta for dei som likar kjøkennips. Den meir driftige vervaren kan etter sju verv smykka seg med td. ein iPod.

Det er med andre ord liten tvil om kvar fagforeiningskontingenten går, og eg blir berre meir og meir viss på at det var ei god vurdering å stå utanfor.

Men òg andre organisasjonar har vervepremiar. Det er ofte lurt å gå på dei politiske ungdomsorganisasjonane, samt andre interesseorganisasjonar. Staten er raus når det kjem til statsstønad til desse, noko alle medlemsjukssakene dei seinare åra, med påfølgjande feite studieturar og julebord er prov på. Det er tildømes ikkje mange år sidan ein av denne sorten lokka med tur til New York ved 50 vervingar. Med ein årskontingent på 10 kr blir det ein billeg tur, sjølv for den som må betala for heile gildet.

Elles er siste nytt i frå arbeidsmarknaden vervepremiar for å verva nye kollegaer. Det kan på ingen måte seiast å vera feil å knekka inn 10.000 kr når ein ikkje ein gong treng byta jobb sjølv. Med den store etterspurnaden det er etter arbeidskraft i våre dagar, kan dette vera eit pressmiddel overfor sjefen viss han treng folk, og du kanskje har løysinga på problemet.

Dette er mykje i same gata som velkomstpremiane i bokklubbane der ein kan avbestilla alle bøkene. Nokre av desse har òg vervepremiar. Trikset her er å verva husstanden på rundgang. Sjølv verva eg meg til ei steikepanne til ein verdi av 1.200 kr. Ikkje nok med det, så blei den levert for seint, og eg fekk med ein knivslipar på vervet. Her som elles gjeld det å la det gå sport i det, og marknaden er mest uendeleg.