onsdag 29. august 2012

Ein sparar sin draum - ei økonomisk reiseskildring

av SR

Som tidlegare varsla har overteikna no teke turen til Island for å nyta godt av krisa sine etterdønningar. Allereie no merkar eg at det er bittert at særleg matvarer eignar seg dåleg til å ta med heim når den tid kjem. Ta til dømes Skyr som med brask og bram blei introdusert på den norske marknaden for nokre år sidan. Heime ligg ei lita boks på omlag 15 kr. Tilsvarande produkt (men med mange fleire smakar - ta til dømes banansplitt) får du her til omlag seks kr. Slår ein til med 15 kr (som altså er norsk pris) får du 500 gram. Ikkje feil med andre ord.

Elles har me i lengre tid slått alarm om at mjølkeprisane har hatt ein drastisk oppgang dei siste åra - ein oppgang som ikkje står i samsvar med produksjonskostnadane. Medan ein i fleire butikkar i Noreg må ut med nærare 15 kr for ein liter, kostar mjølka her 9 kr for 1,5 liter! Heller ikkje dette kan seiast å vera feil, særleg med tanke på at ein ved å lesa på kartongane får eit interessant innblikk i islandsk språk, då dei brukar dette som arena for å presentera nye islandske avløysarord!

Utover det kan eg med dette avliva myten om at det er dyrt å gå på bar i Reykjavik. Pils pluss den lokale akevitten Svartadaudi til ein femtilapp er ikkje noko å seia på. Vidare er det til helga fri bar for utvekslingsstudentar på ein av dei nye plassane i sentrum. IKKJE FEIL!

 

måndag 27. august 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Reklamerar for 40% rabatt på frossenpizza frå Stabburet, men som me veit er det likevel billegare og betre å bake sjølv. Det same må vel seiast om jubileumsbrødet til Joker som kostar 15 kr stk, bak heller sjølv og få 4 til prisen av 1. Vekas tikroning er 220g italiensk salat. Nei og nei, Joker, FirstPrice sin er då 400g og kostar 9,90. Skandaleveke for Joker!

* Spar
40% på alle frosne papprodukt frå Findus, men framleis dyrare enn FirstPrice. Ikkje noko å rope høgt om dette, Spar. Det einaste me under tvil kan gå med på er at prisen på "Kapteinens fylte"-serien no ihvertfall liknar mindre på grisen.

* Obs
1 kg Norvegia til 59,90 byrjar diverre å verte veiledande tilbodspris. Den knallharde sparar held ut, og ventar på dei sjeldne 49,90-tilboda. Elles er bananar til 8,90 kr kg bra, og burde vega opp for evt kjøp av 2 chipsposar frå Kims til 30 kr. Obs prisar også ned Santa Maria-produkt med 40%, når kjøpte nokon sist tacoprodukt til fullpris?

* Mega
Holy mother of pork! Svineprisane byrjar å stupe, som seg hør og bør på denne sida av sumaren. Skinkesteik med bein går no til 39,90, noko som gjev ein særs billeg middag, men me trur prisane skal ytterlegare ned utover hausten! 40% rabatt på diverse ferdigmat frå Fjordland, "kupp" kallar Mega det - fjas kallar Sparebloggen det.

* Ica
Slår stort opp at dei spanderar kvart 5. brød, og det bør dei jaggu gjera òg når brøda kostar 29,90 pr stk. Bak sjølv. Fårikålkjøtet byrjar å trekke til hyllene, men 39,90 er då framleis stivt sjølv for ferskt kjøt.

* Bunnpris
Me høyrer frå Molde at sinnabloggar Linnea Myhre har byrja å jobbe på Bunnpris att, og det likar me særs godt - her luktar det gjesteinnlegg på Sparebloggen etter ein lang og hard arbeidsdag! Denne veka er det imidlertid lite å smile av på Bunnpris. Bananar for 9,90 kr kg er rett nok billeg - men ikkje i landstoppen denne veka.

* Rimi
17,90 for diverse sjokoladeplater som brått har  vorte 30-50g lettare iløpet av sumaren. Snedig måte å auke prisen på! Sjå opp for fleire skitne triks frå produsentleddet i takt med oppkjøp og mindre konkurranse. Elles er tilbodsveka fattig på Rimi, BigOne til 39,90 er då dyrare enn ein heimelaga bakeformpizza.

måndag 20. august 2012

Vekas tilbod

av KR

Sumarstilla avsluttast brått med Orkla sitt milliardkjøp av Rieber, og ei ytterlegare forverring av konkurransen i produsentleddet til norsk daglegvarebransje. Sparebloggen har tidlegare hevda at problemet ikkje er daglegvaremilliardærane, men produsentmonopolistane som Tine, Gilde, Prior og Orkla. Dette inntrykket er forsterka av dagens hendingar, så ta deg ein bolle matkjedeutvalsleiar Steensnæs! Her følgjer vekas tilbod:

* Joker
40% rabatt på pølsepålegg frå Prior, Gilde og Finsbraaten, og med det skulle dei nærme seg FirstPrice-nivået... 500g Dolmio-spaghettisaus er vekas tikroning, høveleg greitt om ein brukar det som basis over fleire middagar. Bananar selgast til 10 kr kg, me tilrår på generelt grunnlag frukt til denne prisen pr kg.

* Obs
40% rabatt på all frukt og bær denne veka. Forutan om dette er det langt mellom dei gode tilboda, og heller tettare mellom luretilbod som 1 kg kyllingfilet for 120 kr.

* Spar
Denne veka er klassikaren "kyllingsnacks" 2,2 kg for berre 10 - ti - kroner attende. Perfekt for supper og gryter med høns som tema. Om det er dyrt å leve i Noreg? Tullprat! Det er elles 10-kronarmarknad på Spar denne veka, alt i frå tacoprodukt til blodpølse 400g (for øvrig enno ein billeg middag).

* Prix
Det er heller sjeldan me let oss imponere av Prix sine månadstilbod "ta den og få den med på kjøpet", og det same gjer seg gjeldande denne månaden. Ein skal til dømes få ein pølsepakke med på kjøpet om ein kjøpar ein pose potetstappe til 29,90, eller ein 6-pk egg med på kjøpet om ein kjøper bacon til 250 kr kg. Det er lenge sidan "Prix gule priser" var "garantert billig, garantert billig".

* Mega
Nygrilla kylling (ca 1,2 kg) til 34,90 er "så där", sjølv om me føretrekk 29,90. Denne veka derimot er det kyllingsnacks frå Spar som tel. For den som treng noko feitt i lapskausen tilrår me røykt middagspølse til 29,90 for 900g.

* Rimi
Norvegia sin kvitost til 55 kr kg er rimeleg greitt for den som likar smaklaus ost, men me ser helst at ein bikkar under 50-lappen. Forutan om dette har Rimi diverse 3 og 2-tilbod, som ikkje når opp i høve til dei tilboda som normalt dukkar opp.

fredag 17. august 2012

I natt jag drömde

av KR

Rettare sagt; det var eit mareritt.

Det er ikkje ofte eg hugsar kva eg har drøymt om, men det fins klåre unnatak frå regelen: Utgådde varer på kiwigaranti. Ja, slik er den - småkårsfolket sin våte draum.

Det er den draumen...

Sparebloggen har etterkvart vorten vidgjeten for sine datoraid på Kiwi, men me er ikkje mette av den grunn. Det har då vorte litt fangst også i sumar, men 7 pk spesialpølser frå Gilde er lite å skrive heim om. Måndag denne veka merka eg meg ein handfull pakkar marinerte spareribs på den lokale kiwibutikken. Sumaren er som kjend ikkje komplett før noko slikt har vore på grillen. Faktisk var utløpsdatoen 18.08.2012, akkurat på hell av sumaren, og varene kunne etter kiwigarantien hentast gratis 17.08.2012.

Ventetida var lang denne veka, og dagane var drøye. Dette skulle koma til å verte den lengste veka i mitt liv. Det var meg mot beteninga. Sparar versus kolonialist. Den gode mot den onde.

Det er den draumen me ber på...

Slagplanen vart lagt dagen før dagen. Her galdt det å stå opp i otta, og vera på plass før beteninga fekk summa seg mellom lukta av spareribs med og utan dato. Trikset er å koma før kl 0800 slik at minst mogleg av freebie-dagen går tapt. Og ganske riktig. Heile søvnprogrammet måtte forskyvast for å rekke denne dagen, klokka stilt 30 minutt fram.

Alt skulle likevel ikkje gå som planlagt denne natta. Det var tropevarme på Vestlandet, og underteikna måtte vri seg i søvn mellom svettetoktene. Det var uro i lufta.

Det er den draumen me ber på at noko vidunderleg skal skje...

Denne natta drøymde eg om kjølediskar på Kiwi. Det veit eg, for eg ville ikkje vakna. Eg drøymde om kjølediskar fulle spareribs utgått på dato. Faktisk var der nokre t-bonesteaks òg, men det er ei annan historie. Eg bråvakna kl 0700, svulten som ei løve. Dette var dagen å berre spasere inn på Kiwi og hente premien. Eg kunne høyre stemmer i bakhovudet mitt som minna om Olsenbanden "helmaks", "alt er taima og tilrettelagt", "det er bare å forsyne seg", "gi deg du'a, Kjell". Eg spaserte inn på Kiwi akkompagnert av Bent Fabricius-Bjerre.

Det heile var nedslåande! Kjøledisken var rydda. Spareribsa bortydda i butikk. Det var ikkje Kongen og knekten, det  var beteninga som hadde vore der kvelden før. "Amatører! Idioter! Pappskaller og hengerumper!"

Sparebloggen kjem sterkt attende, allereie måndag med vekas tilbod!

fredag 10. august 2012

Skalk lukene og spar straum; hausten er nær!

av KR

Sjølv om straumprisen i dag er 5 øre pr kwh, og me no berre kan klage over nettleiga, må ein byrje å planlegge for verre tider. Hausten nærmar seg. Hausten er ei kaldere tid enn sumaren, seier dei. Hausten er følgeleg ei god sparetid.

Lat deg difor ikkje lure av spotprisane på Nordpool, men skalk lukene før det er for seint! Sparebloggen legg her fram sine årvisse og stadig vidareutvikla straumsparartips:

*Pulsårene på mennesket ligg farleg nær overflata. Dette medførar, forutan eindel blodsøl på My Chemical Romance-konsertar, mykje varmetap frå kroppen. Ein av våre faste lesarar har tipsa oss om pulsvarmarar. Om du ikkje allereie kan strikke, bør du difor skaffe deg ei bestemor som kan dette.

*Senk all varme til eit minimum nattestid, det er steikje kaldt å stå opp uansett!

*Senk all varme til eit minimum døgnet rundt! Hald maksimalt temperaturen på 16 grader, og kle deg heller godt innomhus. Kast ikkje av deg ullgensaren og ullsokkane straks du kjem inn, lat heller plagga vera på. Det er ikkje meininga å gå med tskjorte inne i norske hus midtvinters. Ta aller helst på deg ullundertøy om du skal sitje i ro framføre TVen, eller vent litt:

*Lisensen - ta ein dobbel ilag med Sparebloggen! Kvitt deg med den straumslukande TVen, og spar samstundes på lisensen. Sparebloggen fortel deg korleis.

*Er du av den sosiale typen kan du også sjå TV hjå dine vennar, tipsar ein av våre lesarar. Nytt difor sjansen til å slå av all straum heime hjå deg sjølv, og samstundes dukke opp rundt middagstider. Er du heldig får du både med deg Dagsnytt18 på NRK2 og ein gratis middag. Obs, pass på å bli til kvelds. Det er ikkje lett å koma heim svulten til eit iskaldt hus før sengetid.

*Invitér folk til gards, det er mange kwh i kvar kropp - særleg om dei er gode og mette før dei kjem. Start difor kaffeslabedaset seinast kl 19, og avslutt i god tid før kvelds.

*Har du få eller ingen venner, fortvil ikkje! Eit stearinlys skal varme like mykje som eit menneske, skriv ein av våre lesarar. Me tilrår i tilfelle desse billege telysa på Nille og Europris. Ja, me er kjende med at dei kan eksplodere - men kva skal ein stakkar gjera der utan TV?

*Tøm ikkje ut potetvatnet, lat det stå i daglegstova og varme opp rommet. Alternativt tømmer du potetvatnet på termos, og nyttar det i varmeflaska i senga seinare på kvelden.

*Varme frå middagen kan trekkast vidare, skriv ein av våre lesarar til oss. Det heile er så enkelt som det er genialt; opne døra på steikomnen når middagen er klar, og lat all varme sige ut i rommet. Er du så heldig å ha open kjøkkenløysing er denne metoden ekstra heldig, leve moderne arkitektur!

*Når me fyrst er inne på dette med innredning, som kan vera eit vanskeleg fag, får me tips om at gardiner isolerar godt. Ein lyt imidlertid passe på å trekke dei frå slik at ein rekk solgongen ila dag og kveld, men straks trekke for når sola er gått ned. Dette skapar eit skyddande og isolerande lag mellom deg og dei kalde vindauga - kuldebro numero uno!

*Gløym sparedusjsvindelen for no, bruk heller vaskefat og klut. Der ein sparedusj kostar deg 10 liter vatn i minuttet, vil eit vaskefat romme éin liter i timesvis. Er du så skitten at du treng dusje, burde du skamme deg!

Spar ein kubikk vatn, spar ein kwh!