måndag 28. januar 2013

Vekas tilbod

av KR

* Joker
40% rabatt på alle fiskeprodukt frå Findus vil kunne romme nokre gode tilbod, til dømes klassikaren Kapteinens fylte til ein overkommeleg pris. Elles er vekas tikroning 1 kg spaghetti, som er ein OK pris.

* Coop Obs!
40% rabatt på normalt overprisa BigOne-pizza. 1 kg brunost for 70 kr trur me er ein bra pris. Kaffiservise til 100 kr (18 delar) er eit upåklageleg sparealternativ.

* Prix
Inga kundeavis denne veka. Me ventar på februardealen med spaning.

* Spar
Evergood 250g til 19,90 er kanskje billeg, men ein fekk den for 16,90 med prosentabatten til Joker førre veke. 50% rabatt på vaskepulver frå Omo, men framleis er FirstPrice eit konkurransedyktig alternativ. 

* Rimi
Held fram det nye året med tvilsame 3 for 2-tilbod, og trass i Rimi sine luretilbod går Ica-gruppen med tap i hundremillionarsklassen. Forbrukarane er kanskje smartare enn dei svensk Ica-toppane trur.

* Meny
Ingen særskilt gode tilbod denne veka. Grovbrød til 19,90 klarar me å bake sjølv til 1/5 av prisen.

* Ica
Kvart 5. brød er gratis, men kva hjelp det med dagens brødprisar? Kamerater! Ta til gatene!

* Bunnpris
Sokalla priskrakk på alle findusprodukt -20-55%.

* Europris
40% rabatt på gryter og kasseroller i supreme non-stick frå eleganten OBH Nordica. Her er det mogleg å gjera nokre kupp. 4 kg jasminris for 30 kr er kanskje dyrt i høve til dei interasjonale råvareprisane, men eit bra budsjettalternativ i Noreg. 

onsdag 23. januar 2013

Kaloriteljing som budsjettgrep

av KR

Ja, eg innrømmar det gjerne; eg har byrja og telje kaloriar. Og ja, det skjer ved hjelp av ein app. Ekstra pinleg er det at dette skjer i januar... Hadde nokon fortalt meg dette for berre éi veke sidan, ville eg sagt "søk hjelp" og ledd høgt. Eg ler framleis, men heile vegen til banken. Høyr berre her:

Trass i ein nøktern livsførsel har eg lenge ant eg levde over dagsbehovet, særleg med store middagar og kveldsmåltid, men buksevidda har trass dette vore stabil i mange år.

Det var gjennom eit eksperiment på Howard Stern TV eg vart informert om at kaloriappar i det heile eksisterar. Etter å på moro ha logga eit døgninntak no i helga vart mistanken stadfesta; eg et minst 50% over dagsbehovet. Enkelte fredagar og laurdagar nærare 100% over dagsinntaket. Sjokkerande usunt tenkjer somme, sjokkerande sløseri tenkjer andre!

Dette måtte eg sjå nærare på.

Sundagen kom og appen vart teken i bruk. Lunsjen vart logga, det same eit mindre mellommåltid. Kvelden før hadde eg teke opp eit bra stykke ferdigstekt svineribbe (400g) eg skulle kose meg med denne sundagen. Appen protesterte heftig, dagsbehovet vart sprengt. Eg måtte halvere kjøtmåltidet for å få det til å passe inn i mitt kalkulerte dagsbehov. Sidan eg enno var i testmodus lot eg appen styre, og halverte skinka og gjekk vidare med middagsplanane. Middagen var god, og eg var mett - til halve mengda. Når kveldsmaten kom hadde eg iflg appen berre råd til å eta 2 brødskiver før dagsbehovet var nådd. Eg var likevel så mett etter middagen, at eg nøydde meg med éi brødskive og to gulrøter. Når sundagen var over hadde eg difor ein heil middag til overs, som gjekk direkte inn i måndagsplanane. I tillegg hadde eg spart mykje brødmat og pålegg både tidleg og seint på dag. Ka-ching! Kor mange gratislunsjar og -middagar utgjer det? Nok ein gong måtte Kipling eller Freedman gå attende på sine berømte fraser.

Til no har appen halvert mitt lunsj- og kveldsmatinntakt, halvert middagsinntaket i helgene og utgjort nokre småreduksjonar på vekedagane. Ut i frå dette trur eg det ligg ein sparegevinst på 33% i høve til matbudsjettet.

Det vert pengar av slikt.

Erfaringa tilseier at ein ikkje treng logge måltida i mange dagane før ein får føling med kva som gjev kva, og sjølvsagt skal ingenting vegast - alt går på gefühlen og plottas inn i appen. Som ein bonus kan ein gå ned i vekt om ein ynskjer det. Appen kan nemleg logge di noverande og framtidige vekt. Kvifor vera medlem på dyre treningssenter, kjøpe snakeoil og helsekost, når du kan la gratisappen ShapeUp også slanke matbudsjettet ditt?

Disclaimer: Me har ingen bindingar til ShapeUp og tvilar ikkje på at det fins mykje betre programvare frå andre produsentar der ute.

måndag 21. januar 2013

Tilbod

av SR

Joker
Kystens fiskegrateng til 10 kr er ein klassikar me likar. Elles får du 40% på Ali-kaffi.

Spar
Synnøve kvitost til 59,90 kr/kg er akkurat innanfor. Elles får du nygrilla kylling til 29,90. 40% på urteplantar er noko eg ikkje kan minnast å ha sett før.

Mega
Svinekjøtdeig 400 g X 2 til 30 kr er veldig billeg. Det same er 2 X Crispo/Stratos til 30 kr. Elles er det mykje bra varer til 10 kr denne veka.

Obs!
6 X Go'morgon jougurtar for 50 kr er greitt. Det same er 40 rullar dopapir eller 20 rullar tørkepapir frå Lambi til 119 kr, viss du er kresen på papiret. Eple til 12,90 kr/kg er heller ikkje feil. Vidare er fersk fisk og sushi frå Lerøy 40% billegare enn vanleg.

ICA Nær
Same som sist veke.

ICA Supermarked
Fersk sei til 59,90 kr/kg er bra sett opp mot prisen på frysevarer. Norvegia til 69,90 kr/kg er litt over kanten. 30% på tran og vitaminar er eit uvanleg avslag som me set pris på.

Rema 1000
Månadens redskap er ei wok-panne til 399 kr. Elles lite å melda om.

Bunnpris
Held fram med krakket på frysevarer. Lite nytt utover det.

Europris
Har denne veka superundertøy opp til 12 år for 39,90 pr/del. Har du born eller er liten av vekst er dette ein sikker vinnar!

måndag 14. januar 2013

Vekas tilbod

av KR

Fyrst av alt ynskjer me, i motsetnad til fleire, avtalen mellom Norgesgruppen og ICA velkommen. Dette gjev Norgegruppen ein mektigare posisjon overfor dei verkelege matvaremonopolistane, nemleg produsentleddet med Orkla, Tine, Gilde og Prior i spissen. På sikt trur me, i motsetnad til saueflokken, at berre ein mektigare innkjøpar kan jenke monopolistane. At Konkurransetilsynet og Forbrukarombodet uttalar seg kritisk til avtalen, syner nok ein gong at dei ikkje har forstått kvar skoen trykkjer. Så til vekas tilbod:

* Joker
1 kg Norvegia til 59,90 er akseptabelt, sjølv om me helst ser osten under 50-lappen per kilo. 1 kg strimla svinekjøtdeig til 69,90 er kanskje billegare enn veiledande, men me er å godt vande med å få svinekjøt til 20-40 kr kg - og strimle kan me gjera sjølve. Vekas tikroning er oreokjeks.

* Spar
Stort utval av 10-kronersvarer, alt frå Old el Paso via juice til kjende klassikarar som 400g blodpølse, peparmakrell og kremost.

* Obs
40% rabatt på frukt og bær. 800g karbonadekjøtdeig til 70 kr. Coop-kaffi 250g for 18,90. Få høydare på Obs denne veka.

* Ica
Diverse grytekjøt frå storfe til 89,90 kr kg, ikkje billegare enn det må vera. Torsdag-laurdag 40% rabatt frå alt av Findus-varer.

* Rimi
Synda held fram i det nye året, diverse 3 for 2-lureri.

* Bunnpris
Sokalla priskrakk på Findus-varer, 20-55% rabatt, mellom anna Kystens fiskegrateng 450g til 9,90!

* Europris
12-pk vedbrikettar til 15 kr, noko om gjev billeg fyring, elles lite å skrive heim om.

måndag 7. januar 2013

Tilbod

av SR

Joker
Denne veka er det ti-kronersmarknad. Kan tilråda både sekspakning med egg, 1,5 liter appelsinjus, ferdig laga og kjevla pizzadeig samt diverse kjøtpålegg.

Spar
Òg her er det ti-kronersmarknad. Byr mellom anna på diverse supper, kaffi, pålegg, oliven på glas med meir. Her er det mykje bra!

Rimi
Denne veka går det i 3 for 2.

Mega
59,90 kr/kg for Norvegia er ikkje verst, men ti kr meir enn sist veke. Elles er det 30% på frukt og grønsaker. Seifilet til 69,90 kr/kg er heller ikkje feil.

ICA Supermarked
Steike, ti-kronersmarknad òg her! I tillegg er det skrei til 59,90 kr/kg. Vidare er det kjøtdeig til 19,90 kr for 400 gram.

ICA Nær
Har 30% på fisk frå Findus. Vidare er pære til 9,90 kr/kg tangering av sesongbeste.

Coop
Stor tikronersmarknad med klassikarane kremost, blodpølse 400g, yoghurt 500ml og syltetøy.

Bunnpris
Har priskrakk på fisk frå Findus (20-55%).

fredag 4. januar 2013

Alarm!

av KR

Alarm! Det er alarm på vegne av vanvittig mange! Etter ein tur innom Europris er det avdekt ein ganske så medioker 10-kronersmarknad, meir interessant då er 100-kronarsmarknaden og 50-kronarsmarknaden. For 100 kr kan du velge og vrake mellom to stk kaffitraktarar, eindel hårfønarar og hårtenger samt ei hårklyppemaskin. Verkelege budsjettalternativ der altså. Vidare til 50-kronarsmarknaden der finn du 3-pk lesebriller med styrke -1 til -2,5 og +1 til +3,5. Gjer difor som underteikna; ha eitt par briller heime, eit anna i bilen og eit tredje på jobb. Ute og går? Ja, så ha eit fjerde brillepar i di mest brukte jakke! Sørg også for å ha eit par ekstra brillepar liggande i tilfelle tap eller skade. Konklusjonen er altså å kjøpe seks par briller, og slutte med denne eittparspolitikken.

tysdag 1. januar 2013

Årets fyrste tilbod

av KR

Godt, nytt spareår - og takk for det gamle! Sparebloggredaksjonen ser fram til enno eit år der mytene om den dyre, norske daglegvarehandelen kan knusast. Årets fyrste tilbod er noko avstumpa, men somme av kjedene har nytta romjula godt og klekt ut tilbod alt no.

* Joker
Vaskemiddel 1,17 kg Omo Color og Ultra Hvitt til 19,90, nærare FirstPrice-pris kjem ein neppe for desse produkta. Lettsalta torsk 39,80 pr kg, men ver obs på høgt vatninnhald - uansett gjev dette billege torskemiddagar. Vekas tikroning er Toro-supper til 10 kr.

* Spar
40% på laks og torsk frå Findus, og det same for tomatar og ferdigkutta salatar. Sparebloggen føretrekk å kutte salaten sjølv. Strimla svinekjøt 69,90 pr kg er billeg i høve til veiledande pris, men ganske dyrt for svin når einkvar kan hamstre ribbe og surra svinesteik til 29,90-39,90.

* Obs
Diverse trimapparat annonserast denne veka, men det er neppe til salsprisar etter nyttårsforsetta å dømme... Ta heller ein joggetur og kombiner det med éi skive og éi potet mindre kvar dag framover (sokalla vinn-vinn-situasjon). And now for to something completely different. 40% rabatt på all TexMex frå Santa Maria. 4,70 kr pr 400g for flådde tomatar. 10,40 kr for 3x200g Mariekjeks, sjå for øvrig Sparebloggen sitt kaffitips. 19,90 pr 400g svinekjøt er heller ikkje så gale, sjølv om alt kan verte billegare.

* Prix
Inga kundeavis denne veka.

* Mega
800g kjøtkaker til 49,90 er kanskje billeg som ferdigvare, men om du lagar sjølv vil du kunne halvere prisen for same mengde. 9,90 pr 1,5l Farris Bris.

* Rimi
Me forstår karriere til Karpe Diem er på hell når dei sel CDen sin på Rimi til 99 kr. Nuvel, så var det tilboda:  Inga tilbodsavis denne veka.

* Kiwi
Heller ikkje Kiwi fører tilbodsavis denne veka.

* Meny
Har kasta seg på 3 for 2-trenden, men så lenge enkeltpris på produkta manglar anar me ulvar i myra. 30% rabatt på fisk frå Findus, men erfaringsmessig ligg då prisen likevel over tilsvarande produkt frå billegmerka. Biola til 25% rabatt tyder 24,90 pr liter. 30% rabatt på stabburmakrell.

Konklusjon: Ganske laber start på året, men veke 53/1 er då også halv - og daglegvarebransjen kjem nok sterkare att.