måndag 27. oktober 2014

Vekas tilbod

av KR

* Joker
2 kg kveitemjøl til 10 kr er eit høveleg bra tilbod, og me kjøper litt sidan me snart er tomme. Elles har julepølsa komt i butikken, lågt kjøtinnhald og nesten 50 kr kiloen for ei kokepylse imponerar ingen.

* Coop obs
2 x 400g kjøtdeig av storfe til 50 kr er passeleg for småkjøp, men langt i frå hamstrenivået. Ferske svinekotelettar til 39,90 er også ein billeg middag, men me føretrekk slikt kjøt helst etter nokre timar i gryta.

* Spar
Stor tikronarsmarknad med alle dei kjende varene. Me merknadar oss Findus 450g fiskegrateng til 10 kr, som er eit rimeleg bra tilbod til å vera ferdigmat. Kan imidlertid gjerast billegare og betre frå botnen av. I tikronarssortementet inngår også klassikarane 400g blodpølse og lungemos. Sparebloggen lovar no snart å manne seg opp til å teste lungemosen, me treng berre litt tid fyrst. Innkjøpet skjer imidlertid denne veka...

* Mega
Norvegia 1 kg 59,90 er ikkje noko me legg stort merke til, knapt kjøper inn, sidan me hamstrar kvitosten under 50 kr kg.

* Kiwi
150 bleiar til 149 kroner. Det einaste me veit er at tøybleiar er meir miljøvenleg, og du er vel miljøvenleg?

* Rimi
2 kg poteter til 14 kr er billeg til å vera Noreg hausten 2014. Ytrefilet av storfe til 199 kr kg er derimot i overkant. Sjå heller etter nedprising pga dato, ein øvelse som skjer oftare og oftare på Rimi.

* Ica
Bankekjøt av storfe kr 99 pr kg er i grunn i overkant for grytekjøt, men er du i beit får du vel ta med deg eit kilo.

* Europris
4-pk trysilsokkar i ull kr 99, elles mykje nips no tett under jul...

onsdag 22. oktober 2014

Husfar: Erter og flesk

av KR

Tørka erter er kanskje den vara som gjev mest næringsinnhald per krone. For berre 4,90 kr på Kiwi får du 500g av Eldorado sine tørka erter. Sjå her korleis Husfar plar gjera det:

måndag 20. oktober 2014

Tilbod

av SR


Spar
Norvegia til 69,90 kr/kg er under listepris, men knap noko anna. Vidare er det 30 % avslag på store Freia-plater og 40 % på poteter frå Gartner.


Joker
Har denne veka 40 % avslag på all kaffi frå Evergood og Fair trade, samt Sørlandsis. Vidare er det 30 % avslag på div. allergivarer. Vekas 10-ar er 450 g graut frå Fjordland og poteter i lausvekt.


ICA Supermarked
Har denne veka karbonadedeig til 29,90 kr/400g. Vidare er det 40 % avslag på all sitrusfrukt og 3 x 1,5 liter farris og bris til 39,90. Vekas fisk er seifilet til 69,90 kr/kg.


Matkroken
Synest å ha teke kvelden. Det er vertfall ikkje mogleg å oppdriva noko tilbodsavis. Kanskje ikkje det største tapet me har opplevd.


Rema
Same som den siste tida. Gjeld ut månaden.


Rimi
Har denne veka 40 % avslag på ferdigmiks frå Toro (Brownies, langpannesjokoladekake og muffins). Graskar til 14 kr/kg er det noko usikkert om er ein bra pris eller ikkje, men me heller mot at det er billeg. 3 for 2 på 1,5 liter brus frå Coca Cola Company er òg innanfor.


Bunnpris
Tomatar til 14,90 kr/kg er veldig bra og 720 g karbonader til 49,90 er innanfor. Vidare er det 30 % på ferdig pizzabotn, bakemiks frå Mølleren og fiskeprodukt frå Findus. På toppen av det heile er det flat pris - 19,90 kr/kg - på alle eple.


Obs!
Òg her er det karbonadedeig til 29,90. Vidare er det 40 % på alt av fersk frukt og bær, 4 x lanoprodukt til 50 kr, 30 % på kjøtpålegg frå Coop og seifilet til 59,90 kr/kg.

onsdag 15. oktober 2014

Test: Rema 1000 toalettpapir

av SR

Som varsla tidlegare i veka held Sparebloggen fram med testinga av billegprodukta som er på marknaden.

Produkt: Rema 1000 toalettpapir
Pris: 10,90 kr for 8 rullar

Funksjonalitet 5 av 5
Papiret er rustikt og relativt tjukt samanlikna med First Price. Papiret har to lag, noko som aukar behaget. Det grove preget gir god effektivitet. Her er det lite å utsetja. 

Appetitt 5 av 5
Dopapiret i seg sjølv ser bra ut. Det vil vera urimeleg å dømma produktet utifrå korleis det potensielt kan verta sjåande ut. Full pott nok ein gong!

Fordøying 5 av 5Billegprodukta har hatt ein lei tendens til å påverka fordøyinga negativt. Slik sett er det god økonomi å gå for billeg dopapir når ein fyrst skal eta desse billegprodukta. Indirekte bra for fordøyinga med andre ord.

Tilråding: Her snakkar me om eit veldiig bra produkt. Sparebloggen har samanlikna dette produktet opp mot Lambi, som visst nok skal vera eit unikt bra produkt, og det har ikkje noko å skjemma seg over. Rykta skal ha det til at billegpapiret er dårleg for røyra - er det nokon som ver så snill kan avkrefta dette?

måndag 13. oktober 2014

Vekas tilbod

av KR

Her følgjer vekas tilbod. Me vil elles alt no reklamere for SR sin test av alt i frå sandpapir til dopapir onsdag!

* Joker
Sokalla tikronarsfest på Joker denne veka, og då forventar me meir enn dei tradisjonelle tikronarsmarknadsvarene. Joker har mellom anna 1,5l juice frå Eldorado til 10 kr, tre stk paprika, ymse torosausar, 0,33l clausthaler og enno fleire dyre, unyttige tilbodsvarer. Somme tradisjonelle tikronarsvarer finn ein i Tine Kremost og King Oscar sine sardiner. Dei to sistnemnde er for så vidt billege tilbod, men me finn sardinene til FirstPrice minst like billege og velsmakande.

* Spar
Nygrilla kylling til 35 kr har etterkvart vorte standarden, men kyllingane vert ikkje større med åra, snarare tvert om. Me lengar framleis attende til tida der 29,90 var å finne overalt. Om me byrjar og verte gamle? Nei, berre gnitne.

* Rimi
Så enda det slik som me har spådd i fleire år. Ica, med håplause Rimi i si portefølje, er ute av norsk daglegvaremarknad. Og det er ein siger for forbrukarane, Konkurransetilsynet kan ikkje tru noko anna! Rimi har bidrege til å halde prisane oppe i norsk daglegvarehandel med sine utspekulerte tilbod, snedig prisa varer og generelt høge prisnivå. Denne veka får ein 250g Friele til 15 kr, 4 pizza grandis til 100 kr og norske epler til 19 kr kg. Ingenting å rope hurra for, sjølv om veiledande ligg noko høgare. Me bakar pizzaen sjølv, takk.

* Ica
Stor tikronarsmarknad denne veka, eller ein forsmak på opphørssalet? 250g kronekaffi til 10 kr tek me med oss, sjølv om me normalt føretrekk europriskaffien på tilbod. Utanom dette finn ei alle dei kjende tikronarsvarene, også 400g blodpølse og lungemos. Sistnemnde Noregs mest undervurderte middagsrett? Sjå fram til test på Sparebloggen seinare denne hausten! Me må fyrst manne oss opp...

* Coop obs
Gjer som Nordthug og køyrer i grøfta. Dette har me ikkje sett dårlegare på fleire månadar. Kvitosten går til 59,90, ein ublu pris på ei vare me skal ha under 50. Elles for det meste berre tilbod på kliss, som Pepsi max, chips og juice 1,5l til ein pris som langt overgår Joker.

* Mega
Fersk seifilet til kr 59,90 er noko i overkant for oss, ettersom også torsken i ei heldig stund dukkar opp fersk til denne prisen. Elles er det då nok av seiblokker til ein langt billegare pris å oppdrive om ein absolutt vil eta sei. Dette er ikkje ein fisk me tykkjer er fin nok til å eta fersk mot prispremium. Også Mega har juice 1,5l på tilbod denne veka, og er ikkje verre enn at dei doblar prisen til Joker...

* Kiwi
300g laksefilet (orsak; lakseloin) til 54,90 er kanskje årets dårlegaste fisketilbod. 185 kr kg for laks i ei tid der prisane er svakt fallande kan ikkje karakteriserast som anna enn ufisk. Derimot er det langt betre kva gjeld lammelåret, som denne veka går til 57,90 kr kg. Ypparleg slik det er, men også til salting og speking.

* Europris
Halv pris på motorolje, 4l av premiummerker som Mobil og Total til kr 199,50 er kanskje forlokkande, men svakt dyrare enn standardprisen til Biltema. Også Biltema sin motorolje vert, så vidt me kjenner til, også prosessert av anerkjende oljeselskap... Tilbodet gjeld berre til tysdag.

måndag 6. oktober 2014

Tilbod

av SR

Joker
960 g ferdiggrilla kyllinglår til 39,90 er innanfor. 10-aren denne veka er bananar og 6 egg.

Spar
Viss du er glad i grandis og big one så kan me tilrå 40 % avslag. Det er òg 40 % avslag på alt av eple.

ICA
Køyrer på med 10-kronersmarknad - her er det mange klassikarar, så det er berre å fylla opp lageret.

Matkroken
Norske eple til 19,90 kr/kg er innanfor. Det same gjeld òg lammelår i skiver til 79,90 kr/kg. Vidare er det 40 % på alle Toro-supper og vatn frå Olden. 2 x Lano-produkt for 30 kr er heller ikkje feil.

Rimi
Dette er visst veke for grandisfolket - på Rimi er det denne veka 4 x Grandiosa for 100 kr. Vidare får dei merkjemedvitne 250 g kaffi frå Friele for 15 kr. Norske eple til 19 kr/kg er òg bra.

Bunnpris
Køyrer denne veka på med nakkekotelettar til 29,90 kr/kg og poteter til 5,90 kr/kg - deter heilt klart haust! Kims Mexican Fiesta til 16,40 og 2 x store sjokoladeplater frå Nidar til 30 kr er heller ikkje feil.

Coop Obs!
Gir denne veka 40 % på tex-mex frå Santa Maria, div. norske grønsaker, div. kjeks frå Freia, ulike eldfaste former, samt vaske- og skyljemiddel.

onsdag 1. oktober 2014

Husfar: Svineknoke

av KR

I desse tidene der pulled pork får for mykje merksemd, finn Husfar fram til den saftige, tradisjonelle svineknoken: