måndag 24. november 2014

Tilbod

av SR

Spar
Mandelpotet til 9,90 kr/kg er ikkje verst så tidleg på jula. Vidare får du 40 % på nygrilla kylling og smoothie frå Bendit.

Joker
Nettannonsen deira sviktar oss denne veka, men kan avsløra at 10-aren er poteter i lausvekt og at du får 40 % på karbonader frå Gilde.

Ica
Jula kjem tideleg! 2 kg mandelpotet til 14,90 er eit sikkert teikn på at noko er i emning! For nokre av våre lesarar kan vel det same seiast om 40 % av på Big One. 40 % på Olden er heller ikkje feil.

Rema
Same som tidlegare i månaden

Rimi
Ringer jula inn med 5 x Grandiosa til 100 kr. Ribbe til 39,90 kr/kg og pinnekjøt til 109 kr/kg luktar det òg jul av.

Coop Obs!
Henriettepinnekjøt til 169,90 kr/kg er absolutt innanfor for dei som er litt meir fine på pinnane. Det same gjeld potetgull frå Kims til 17,90 og 1 kg brunost frå Tine til 59,90. Vidare er det denne veka 40 % på div. produkt frå den stolte hane, Pierre Robert og friske bær. 5 kg store reker til 599 er òg innanfor mtp. sesong for ikkje å gløyma at det er tale om 40/60-reker.

Coop Extra
Ringjer jula inn med 40 % av på div. gradisprodukt. Elles veldig lite å melda om.

Bunnpris
Same som tidlegare i månaden.


måndag 17. november 2014

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Vekas tikroning er dronningsjokolade frå Freia til 10 kr per plate. Elles går kyllingfiletane til 59,90 per 700g, noko som er billege middagar for all del, men ikkje noko Sparebloggen normalt inntek som føde.

* Spar
Ingen særleg gode tilbod denne veka. Når 40% rabatt på frossenpizza utgjer førjolstilbodet, kan ein sjølv tenke seg kor stusseleg matvaremilliardærane har det på jolaftan.

* Rimi
Jula er også komen til Rimi. Komisk nok feirast det også her med frossenpizza, denne veka 5 grandis for 100 kr. Kva er det som skjer i daglegvarenoreg?!

* Obs
400g kjøtdeig av storfe til 24,90 har etterkvart byrja verte eit tilbod me tilrår, men berre i små mengder i påvente av 19,90. Elles har ikkje coop teke jol nett enno, sidan klementinane går for heile 16,90 per kg. Me pådreg oss heller skjørbuk enn å kjøpe til slike prisar! Beinfri, røyk svinekam 49,90 er billeg middag, for all del, men me har då sett svinekjøt billegare enn dette. 40% rabatt på all coopkaffi. Moccamaster kr 799 er også eit bra tilbod! Det same er Philips hårklyppemaskin til kr 149, dvs halve prisen av ein klypp hjå frisøren. Ei særs god tilbodsveke på Obs.

* Kiwi
Inga kundeavis denne veka.

* Coop Marked
Når kvitosten ligg på 69,90 pr kg, styrar me klar av butikken. Dette er ei vare som helst bør hamstrast på 49,90, og ein sjeldan gong dukkar opp til 39,90.

* Ica
Gjev deg denne veka fem tips til korleis å unngå depresjon. Oppsiktsvekkande engasjement, kanskje, men ganske talande, korleis daglegvarebransjen legg seg opp i alt som vedkjem det norske folk. Tilboda på Ica denne veka er imidlertid til å verte deprimert av, humre-humre, for når ribba kostar 49,90 luktar det ikkje mykje jolekos. Smilet kjem seg noko når ei kasse klementinar 2,3 kg kostar 19,90.

* Mega
Lutefisk og seifilet til kr 59,90 freistar ikkje oss. Dette er ufisk som ikkje kan handlast over 20 kr kg, til nøds 29,90.

* Europris
Du veit det er jol når peparkakeboksa går til 9,90. Adventsstake kr 29,90 er også eit bra tilbod om du vil fortelje naboen at du òg feirar jol. Dette er at typen som ikkje brenn opp gardinene dine. Knalltilbod med andre ord!

måndag 10. november 2014

Tilbod

av SR

Spar
Surra skinkesteik til 39,90 kr/kg er innanfor. Vidare er det 30 % på torsk frå Findus og 40 % på all salat på pose. For dei med ungar kan nok 25 % av på bleiar og barnemat frå Libero vera av interesse.

Joker
Slår denne veka av 40 % på pizza frå Grandiosa og Big One. Vidare er det store Freia-plater til 19,90. Vekas 10-arar er sylte frå Gilde og paprikamix.

ICA Supermarked
Har denne veka 30 % på kjøtpålegg frå Prior og 40 % på eple. Viss du er hard på ferske kyllingbryst kan me tilrå 700 g til 69,90 - samt eit kurs i tining av kjøt.

Bunnpris
Jaja, òg her finn me klassikaren Freia-plate til 20 kr stykk. Vidare er det 400 g kjøtdeig til 19,90 og klementinar til 15,90 kr/kg. På toppen av dette er det 40 - 60 % på alt av reingjeringsprodukt. Godt levert!

Rema
Har lansert nye tilbodsvarer. Denne gongen varer tilboda ut november. For dei av oss som likar Cola kan me tilrå 10 boksar til 69,90. Vidare har dei mellom anna Skyr til 10 kr, Farris og Bris til 12,90, 30 % på supper og gryter frå Toro og heil landkylling frå Stange til 79,90 kr/kg.

Rimi
Her var det ikkje så mykje å skryta av, sett vekk frå 40 % på Big One og 4 x kokesjokolade til 50 kr.

Obs!
Har feil på annonsa denne veka, så får ikkje lest av tilboda.

Extra
Har innført 3 for 2 plukk og miks julepåleggspezial. Elles lite å melda om anna enn at jula definitivt har innteke butikkane.

måndag 3. november 2014

Vekas tilbod utgår

av SR

Grunna tur til hårdt økonomisk ramma Island utgår denne vekas tilbodsspalte. Dette er rett nok ingen shoppingtur for spareglade, for islandske daglegvareprisar liknar ikkje grisen. 1 kg brunost her borte kan ein berre unne seg på fyrste juledag.