måndag 8. desember 2014

Sparebloggen avviklar

av SR og KR

Etter meir enn fem år legg Sparebloggen inn årene. Me er langt i frå mette på tilbodsfronten, men tida strekk ikkje lenger til. Heile det siste året har vore prega av det.

Fyrst og fremst vil me takka lesarane. Deretter vil me takke kjøpmenna og daglegvaremilliardærane. Me ynskjer også å gje beilarane som har vore på oss desse åra litt merksemd. Kommersialisme og blogging går ikkje hand-i-hand, så blonde er me då ikkje!

Sparebloggen starta som ein motkultur, og endar også som det. Det å betale seg sjølv fyrst, spare før forbruk, er kanskje meir upopulært enn nokon gong. Sjølv om oljeprisen synker og krona har truffe isfjellet, spelar framleis orkesteret inntil vatnet når blåserekka.

Sidan jula nærmar seg med stormsteg, og det einaste som no står i fokus er boblejakker, nettbrett og applemaskiner, tillet me oss å takke av med fylgjande juletips: Spar 10.000 kroner på juletreet.