av SR
SparHar tre hovudtilbod denne veka. Kjenninga heil grilla kylling til 29,90, druer med 40% avslag (OBS, dyrt i utgangspunktet) og julepølse til 14,90. 4 kg mandelpoteter til 29,90 er heller ikkje feil for den kresne.
Joker400 gram kjøtdeig av storfe eller kylling til 22,90 er ein ny pris, men me ser at det har blitt inngått eit kompromiss i høve til den nye standardrisen på 24,90 som nokre har freista seg på. Elles får du 1,5 liter coka cola til 10,90 + pant. Eit glas Dolmio spagettisaus til 10 kr er heller ikkje verst for dei som ikkje klarar å laga slikt sjølv. Joker har òg pære til 10 kr/kg denne veka.
RimiPære er visst på moten denne jula, og Rimi diskar opp med pærer til 9,90 kr/kg. Dankar hermetiserte pærer ut moltekremen denne jula? Vidare får du fersk og krydra ribbe til 39,90 kr/kg, samt pinnekjøt til 99 kr/kg. Lutefisk får ein òg til 13,90 kr/kg og 1,5 liter julebrus til 5,90 + pant. Ei bra veke dette altså!
Til sist får du sjokoladeplater frå Freia (både 200 gram og Melkedrøm). Dette er bra, og godt!
RemaI tillegg til faste låge prisar, har Rema denne veka fersk krydra tynnribbe til 39,90 kr/kg, gryteklart pinnekjøt til 88 kr/kg (årsbeste!) og 12 flaske Pepsi og Pepsi Max til 99,80 kr + pant er veldig bra! Vidare får du julepølse til 9,90.
Her får du mykje bra til jula, samt to store sjokoladeplater frå Freia til 30 kroner, noko som er årsbeste.
BunnprisHar denne veka tre posar potetgull frå Kims til 30 kr. Eple til 9,90 kr/kg er heller ikkje verst. For dei som likar pizza i julestrida, får du Ristorante til 19,90. Elles lite å melda om.
ICA MaxiHar denne veka ferske kyllingfiletar til 1300 g til 129 kr og Wienerpølse til 920 g til 60 kr. Dette er bra for å vera ferskt, men mtp. at ein vanleg vis kan nøya seg med det som er frose og mykje billegare er dette dyrt. 40% på alt frå Findus derimot er uomtvista bra! Det er òg ein mindre 10-kronarsmarknad.
MegaHar 40% på store sjokoladeplater frå Nidar og Freia. Likevel lite truleg at dette er billegare enn hjå Rema. Du får òg røyka svinekam til 29,90 kr/kg! COOP har no innlemma 400 gram storfekjøtdeig frå Gilde i serien av tre for 69 kr, noko som gir ein fastpris på 23 kr/stykk!
OBSHar denne veka 40% på supper frå Toro. Du får òg tre 400-gramspakkar med karbonadedeig til 100 kr, noko som er særs bra. Elles ikkje så mykje å melda om.