Viser innlegg med etiketten hårklyppar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hårklyppar. Vis alle innlegg

fredag 4. januar 2013

Alarm!

av KR

Alarm! Det er alarm på vegne av vanvittig mange! Etter ein tur innom Europris er det avdekt ein ganske så medioker 10-kronersmarknad, meir interessant då er 100-kronarsmarknaden og 50-kronarsmarknaden. For 100 kr kan du velge og vrake mellom to stk kaffitraktarar, eindel hårfønarar og hårtenger samt ei hårklyppemaskin. Verkelege budsjettalternativ der altså. Vidare til 50-kronarsmarknaden der finn du 3-pk lesebriller med styrke -1 til -2,5 og +1 til +3,5. Gjer difor som underteikna; ha eitt par briller heime, eit anna i bilen og eit tredje på jobb. Ute og går? Ja, så ha eit fjerde brillepar i di mest brukte jakke! Sørg også for å ha eit par ekstra brillepar liggande i tilfelle tap eller skade. Konklusjonen er altså å kjøpe seks par briller, og slutte med denne eittparspolitikken.

måndag 13. juni 2011

Vekas tilbod

av KR

Sparebloggen tek ikkje pinsefri, her kjem vekas tilbod.

* Joker
Ein klassikar i smårettar, skinkeboks 325g til 16,90. Elles er diverse BigOne-pizza prisa ned til 29,90, men det er framleis ein stiv pris gitt heimelaga alternativ (td med ei halv skinkeboks i fyllet). Vekas tikroning er Oreo-kjeks. Kall oss umoderne, men me kjenner ikkje til veiledande pris - kjekspakke til 10 kr er likevel i det billege hjørnet.

* Rimi
1,2 kg grillpølser til 36,60 er billeg frå den kanten, men Rema har pølser til 19,90 pr kg. Entrecôte av storfé til 118,90 kr kg er billeg, og kan tilrådast. Det same kan Gilde sine karbonader 800g til 39,90, men berre i små mengder - me har sett det til 29,90 tidlegare. Elles er det frosne reker til 19,90 kr kg, akseptabel pris som nok vil koma ned nokre kroner til utover sumaren.

* Spar/EuroSpar
Nygrilla kylling til 29,90 pr stk (omlag 1,2 kg) kan gje middag til ein stor familie, eller vare ei heil veke om du koker suppe på den. Kvitost frå Synnøve til 59,90 er i dyaraste laget, og kjøpast berre om du er tom og ikkje kan oppdrive EuroShopper sin til 55 kr kg.

* Kiwi
Pushar framleis dyre varer (med nøkkelhol) til svakt nedsett pris.

* Ica
Framleis tikronarsmarknad på Ica Maxi. Ica Supermarked sel 400g kjøtdeig til 19,90, kan tilrådast i store mengder. Ica Nær har ingen særskilt gode tilbod denne veka.

* Mega
40% rabatt på Grandiosa er kanskje billeg for den som et papp. Skinkeboks til 19,90 styrar me klar, då joker sel tilsvarande til 16,90. Ytrefilet av svin til 119 kr er også for dyrt, me forventar at Mega slår av ein liten femtilapp her. Elles sel Mega rund makrell til 29,90 pr kg. Sparebloggen vil her koma med eit ultrasparetips: Kontakt næraste fiskemottak og spør om å få kjøpe ei 25-kiloskasse med agn (mellomstor sild eller makrell). Denne kostar deg truleg 100 kr eller 4 kr kg.

* Obs
Har også prisa ned BigOne, men 3 for 100 kr er framleis dyrt. Det same gjeld skinkebokstilbodet 2 til 40 kr, som er dyrare enn Joker denne veka. Elles held Obs stor tikronarsmarknad. 430g fiskekaker, 500g yoghurt, diverse Denja-salatar, 150g servelat og blodpølse 400g er alle varer me tilrår til 10 kr stk. Til sist vil me tilrå Philips hårklyppar kr 199 på det sterkaste!

laurdag 27. februar 2010

Hårklyppen 2010

av KR

Våren ser ut til å nærme seg, og fleire av våre lesarar etterlys no hårpleietips. For de av dykk som klypper bort vinterisolasjonen når det vårast i lufta, har Sparebloggen sjølvsagt gode tilrådingar å koma med. Eit besøk hjå frisøren kan vera både kostbart og stressande. For det fyrste må ein avtale time, for det andre må ein småsnakke og for det tredje må ein betale. Istadenfor å snakke om været og Knausgård med din lokale frisør, tilrår me heller at lommeboka di snakkar for deg. Underteikna har sidan hausten 2003 brukt 129 kr samla på hårpleie. Formelen har gått i arv på Sunnmøre, og Sparebloggen leverar den no vidare til deg:

Expert sel fleire typar hårklypparar. Me treng berre ein, og vel den billegaste til 199,- (Philips QC5015 hårklipper). Den observante sparar merkar seg inflasjonen sidan 2003 (død over seddelpressa). Med i pakken frå Expert følgjer det heile to kammar, ein til skjegget, så klart, og ein sokalla frisørkam.

Biltema førar noko dei omtalar som hårtrimmar (varenr 84073). Denne er imidlertid 20 kr dyrare enn Expert sin, om enn noko meir avansert - eller skal me seie mindre avansert? Her følgjer det i god Biltema-stil med smøreolje til blada, noko som antydar at maskina ikkje er sjølvlubrikerande (som Expert sin). Dette løysast rett nok av seg sjølv med litt feitt hår, så pass på å ikkje vask håret for ofte.

OBH Nordica sin hårklyppar kjøpast hjå Elkjøp til 149,- (varenr NOR5536). OBHN er kjende for kvalitet og design, og leverar her enno ei hushaldningsmaskin som i seg sjølv kunne ha vore eit møbel. Upåklageleg frå tidlegare Joffe Marketing AB, godt dei skifta namn.

Clas Olhson har vorte dyrare sidan 2003, og tek no heile 298 for ein hårklyppar. Den tidlegare så solide kjeda når difor ikkje opp i denne samanhengen. Lat dette vera ei påminning til spararar i det ganske land; mykje har forandra seg sidan førre tiår.

Som eit apropos stiller Jula med ein enkel hårtrimmar til klassiske 129,- (varenr 804060). Med åtte justeringar og rustfrie knivar for smidig hårklypping synast denne billegmaskina å kunne tilby det meste. Ho er også trådlaus, og det følgjer med ladestasjon, saks, kam, børste og smøreolje (brylkrem?).

Det er ei ære å kunne utnemnde Jula sin hårklyppar til vinnaren i denne pristesten, med OBH Nordica som ein god nummer to (skandinavisk design kostar).

Me sparar ordspelet vårklypp/hårklypp til neste år/vår.