Viser innlegg med etiketten julegåve. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten julegåve. Vis alle innlegg

laurdag 10. desember 2011

Sparebloggen sine gulljulegåver

av KR

Me reknar med dei færraste av dykk har kjøpt julegåver enno. Ikkje fordi det er så travelt eller vanskeleg i desember, men for at pengane skal forrente seg lengst mogleg på kontoen. Sparebloggen serverar her årets gulltips på julegåvefronten, me rår til to butikkar dette året:

Sparkjøp
* 3pk truser kr 99, det sler aldri feil med truser under treet - ein sikker vinnar i alle kjønn og aldrar.
* Stillongs og trøye kr 99 pr del, kven kan vel gje ei sur mine når ein får ulltøy på kaldaste vintaren?
* Ullhandskar kr 39 pr par, budsjettalternativet til den som frys om vinteren.
* Lue, skjerf og sjal frå kr 39,50, ditto!
* Bestefarstrøye kr 249, helst i dyraste laget - passar nok best til den som også har bursdag i romjula.
* Sokkar frå kr 7,50 pr par, aldri meir hol ved ankel eller storetå.
* Fritidssko i skinn m/ borrelås kr 99, bli moteriktig med Sparkjøp!
* Hovudskjerf kr 4,75, alle kjenner ein Little Steven-lookalike.

Play.com (fraktfritt)
* Borat's mankini, gjer det klar til badesesongen for berre 5 pund!
* 5CD Rock 100 hits, alt frå Alice Cooper til The Troggs til berre 1 pund per CD!
* Diverse skjerf og huer til 5 pund pr stk, om du ikkje finn fram til Sparkjøp.
* Oppblåsbar spasérstokk 5 pund, må brukast med varsemd når det er kaldt i lufta.
* Narnia gjekk via NRK si avdeling på 80-talet og rett på DVD. Kostar no 5 pund, dvs 45 kr.
* Når me fyrst er inne på NRK, 'Allo 'Allo sesong 1 og 2 til berre 5 pund.
* Diverse Pixar-filmar til berre 5 pund, billegsal på kvalitetsanimasjon.
* Diverse Family Guy 5 pund, eit fantastisk tilbod for den som ikkje har tilgong til thepiratebay!
* 3 pk Puma-sokkar til 5 pund, for den motebesvimte sparar.
* Diverse Alan Partridge 5 pund, utgitt med støtte frå Radio Norwich!

måndag 13. desember 2010

Tilbod veke 50

av SR

Spar
Tynnribbe til 39,90 kr/kg er den nye standardprisen etter ribbekrigen. Du får likevel ferdigkrydra tynnribbe til tilsvarande pris hjå Rema. Vidare får du First Price-mandarinar til 7,90 kr/kg, noko som er bra samanlikna med "momskutt-kiwi" som krev nærare 20-kroningen for mandarinar. Du får òg eple, pære og appelsiner til 12,90 kr/kg.

Joker
Har denne veka Grandiosa til 19,90. Julepølse frå Gilde får du denne veka til 16,90 for 400 gram, røykt og urøykt. Du får òg karbonadekaker til 39,90 for 800 gram. sjølv laga eg 2,5 kg kjøtkaker til noko over 100-lappen. Betre, sunnare og omlag same prisen. Oppskrift kjem.

Mega
40%-aren denne veka er COOP-kaffi av typen raud, gul og paz. Elles lite å melda om, med mindre du vil ha klementinar i frivekt, som du får til 11,90 kr/kg.

OBS
Klementinar til 9,90 kr/kg og same kaffi-tilbodet som Mega er noko av det OBS har denne veka. Elles kan du sikra deg ei billeg julegåve til junior med skipakke til 699.

Rimi
Med krydra ribbe til 39,90 kr/kg, Klementinar til 8,90 kr/kg, 400g julepølse frå Gilde til 14,90 kr, og pinnekjøt til 93,90 kr/kg er jula klar.

ICA
Ikkje så mykje å melda om, sett vekk frå 40% på tex mex-produkt hjå Maxi.

Rema
Sikrar budsjettet i julegåvehandelen med blåfjell-DVD eller jule-cd frå Kurt Nilsen til 99 kr. Elles lite nytt å melda om, forutan om at milliardbedrifta går godt.

Bunnpris
Òg Bunnpris har ein kilo mandarinar til 7,90 kr/kg. Elles får du den tynne Grandiosaen til 19,90 kr. Elles er det lite nytt å melda om denne veka some er verdt å bita seg merkje i.

onsdag 1. desember 2010

Julegåvetips

av KR

Om du ikkje kjøpte julegåvene for 2010 på årets januarsal, kjem her nokre lyntips i siste liten. I denne omgong omhandlar me bøker under tréet. Av tre er du komen, til cellulose skal du verta.

Tor Bomann-Larsen - "Folket. Haakon og Maud II" går til 79 kr på haugenbok.no. Eit særs godt tilbod, boka er innbunden og Bomann-Larsen har eit namn som høver seg godt under juletréet. Ein heldig mottakar vil kanskje kunne byte inn boka på ein tilfeldig bokhandel til veiledande 398 kr (348 kr bokkilden.no). Alternativt kan du prøve stuntet sjølv, om du er ein av dei douchebagane som plar kjøpe julegåve til deg sjølv.

Tore Renberg - "Farmor har kabel-tv" går òg til 79 kr på haugenbok.no. Renberg har eit godt namn, og boka har hausta gode kritikkar. Den er innbunden (paperback 149 kr bokkilden.no) og har kvalitetar som ikkje kan slå feil på julaftan.

Fjodor D - "Idioten" i to bind 79 kr også på haugenbok.no (paperback 148 kr bokkilden.no). Ein gjengongar her på bloggen, og ei gåve som seier vel så mykje om avgivar som mottakar. Alle våre julegåvetips er innbundne, dei verkar då så dyre at avgivar då vil motta nikk frå forsamlinga rundt tréet.

Loe og Løken - "Jotunheimen" til kr 99 på haugenbok.no (veil kr 399). Innbunden. Coffee-table book. Treng me seie meir? Dette osar av kvalitet, og fjellbøker er ein sikker vinnar til jul. Til onder hundrelappen!

onsdag 24. mars 2010

Mammut 2

av SR

Me kom tidlegare med ei best of-oppsummering av mammutsalet. Bøker på tilbod for ein brøkdel av prisen er noko me sjeldan let gå frå oss. Det er likevel på tide å ta sjølvkritikk for den store entusiasmen me utviste overfor mammutsalet. Jo, det var mykje billigare enn det vanlegvis er, men lite visste me den gong om at mange bokhandlar kjøpte inn for mange bøker og/eller feilvurderte kundegruppa si. Dette har ført til at mange av dei same butikkane no har skipa til 50% på allereie rabatert pris. Det er korrekt! Underteikna har allereie sikra seg feite julegåver til ein lite feit pris, for ikkje å gløyma litteratur til hytteturen!

Så nok ein gong orsakar me for litt for tidleg alarm, men no er det ikkje nokon grunn til å ikkje kjøpa bøker til jul!

måndag 14. desember 2009

Denne veka

av SR

Spar
Påstår denne veka å ha "best pris" på familieribbe. Mykje mogleg det er den billigaste familieribba, men det har nok med at det ikkje er nokon andre som kallar ribba for akkurat det. 39,90 er ikkje noko å skryta av.

Det er klart blåmåndagen har kome til Spar etter kjøtdeig til 19,90 sist veke, men 29,90 for twist er ikkje så gale. Klementinar frå First Price til 7,90 er heller ikkje til å grina av.

Joker
Har denne veka surra fersk svinesteik frå Gilde til 39,90. Det er ikkje feil for den som likar slikt, og kokar du den sjølv er det pengar å spara i høve til om Gilde skal gjera det for deg. Stiller òg med Twist til 29,90, slik som Spar.

Mega
40 % på diverse juice. Her må me likvel åtvara mot syreskader på tennene. Ikkje dropp vatn og mjølk for juice fordi det er billig. Det blir dyrt i lengda.


Det er ikkje særleg å skryta av når det kjem til tilbod denne veka. Det er likevel på det reine at det nærmar seg jul og julemat. Har du framleis ikkje gjort innkjøp er det coop extra som har det billigaste pinnekjøtet, Rimi som har den billigaste svineribba, samt poteter. Bur du derimot i harryland kan me tilrå ein tur over grensa http://www.svenskepriser.no/ og http://www.systembolaget.se/ på det varmaste! Men ber obs og hugs å rekne på reisekostnadar!

Elles er det verdt å merkja seg at det no er billige skjorte og slips-pakkar hjå Dressmann. Med 99 kr er det fullt på høgde med det beste frå utlandet, og ei ypparleg jolegåve!

laurdag 5. desember 2009

Julegåvetips

av SR

Du kan like det eller ikkje, men jula nærmar seg, koste kva det koste vil! Men det er håp sjølv for deg som ikkje har handla på tilbod i året som har gått, eller ikkje klarte å motstå å pakka opp gåvene frå i fjor slik at du kan gje dei vidare i år.

Det er få ting som er så populært som personlege gåver, og kva er vel meir personleg enn noko ein har laga sjølv? Nada! Kunsten er berre å kunne laga gåvene. Sparebloggen er her for deg, nok ein gong.

* Brende mandlar er ein sikker vinnar i eit sylteglas. Hiv på eit band, og du har tidenes gåve. Du treng:

250 g mandlar
250 g sukker
2 1/2 dl vatn
75 g smør

Legg mandlane i ein kjele saman med sukkeret og vatnet, og la det småkoke i 1 ½ time. Så tilset du smøret, og let det smelte saman til det blir brunt. Her er det viktig å røre mykje og ivrig. Når det ikkje er så flytande lenger tømmer du det ut på ei smurt steikepanne, let det størkne og knekk så frå kvarande når det blir avkjølt.
Ikkje berre er det billig, det er godt og ikkje minst noko å bli feit på no når kulda set inn.

* Eller kva med litt sparebloggkonfekt? Du treng:

1 plate kokesjokolade
1 plate firkløver
1 boks nugatti
1 boks valnøtter

Smelt firkløver og nugatti i vatnbad. I mellomtida legg du ut eit bakepapir, ta ei spiseskei og bland den smelta sjokoladen godt. Fyll så ei skei og tøm den på bakepapiret. Pass godt på å få med nøttebitane frå firkløvaren. La det størkne, og smelt kokesjokoladen i mellomtida, også den i vatnbad. Ta ei teskei og drypp den smelta kokesjokoladen oppå den allereie størkna firkløvaren og nugattien. Legg på ei valnøtt med ein gong etterpå. Sett det kaldt, og finn ei lita øskje som du legg det i.