Viser innlegg med etiketten kvitost. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kvitost. Vis alle innlegg

måndag 18. august 2014

Vekas tilbod

av KR

Sumaren er definitivt over! Haustjakta nærmar seg, og me ladar "sparebørsa".

* Joker
480g kvitost frå Synnøve til legendariske 19,90 er rekordbilleg kvitost. Dette er billegare enn grensehandel, og du sparar truleg ein bensintank også. Hamstring tilrådast på det sterkaste!

* Spar
Kaffiprisane kjem omsider ned att, også i Noreg, der Spar no sel Ali 250g til 10 kr. Tilbodet er ein del av ein tikronarsmarknad med alle dei kjende varene.

* Rimi
Gjer sitt beste med 730g kvitost til 39,90, men det er likevel ikkje godt nok samanlikna på Joker sin kilopris. Profilerar seg elles på skulestarten denne veka, og då veit me klokt å styre unna dei varene.

* Obs
Coop Obs har sokalla "Barnas uker" denne veka, og me som trudde det var Barnas uker heile året... Vel, vel, 1 kg Norvegia til 59,90 er kanskje billegare enn veiledande, men likevel dårlegare enn både Joker og Rimi. 5 Findusgratengar til 100 kr er heller ikkje særleg bra, når dette er ei vanleg tikronarsmarknadvare. 4-pk yoghurt frå Tine (4x125g) til 12,90 er eit par kroner billegare enn normalt.

* Kiwi
350g strimla svinekjøt til 17,90 (51 kr kg) er faktisk bra for å vera ferdig kutta og emballert. Her kostar kvitosten også 59,90. Me forstår at kvitost framleis er skulestartpålegget.

* Mega
10-kronarsmarknad også her med kjende varer som 500g yoghurt, Coop sitt sukra syltetøy, mm.

* Europris
5 liter motorolje til kr 299 er rimeleg bra i høve til bensinstasjonane, men me veit jo alle at Biltema sel 5 liter motorolje til under 200 kr. Lite å hente på Europris denne veka, kanskje 3 liter spylarvæske til 15 kr om du er tom. Hausten er nærme.

* Rema 1000
Sunn skolestart! heiter det i reklama, men kvifor er då 800g kjøtpølser til 29,90, 6-pk Coca-Cola 84,90 og sørlandschips til 15 kr hovudtilboda? Me vrir oss i smerte.

måndag 22. juli 2013

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Vekas tilbod er Grandiosa til 29,90, maks 5 pr kunde. Rett og slett skamlaust dårleg tilbod, når ein kan bake ein langpannepizza sjølv til same prisen. For den som likevel vil ha grandis, har Bunnpris 24 kr fast på sundagar. Lite å hente på Joker denne veka.

* Obs
Klassikaren 39,90 for 1 kg Synnøve Gouda. Underteikna bunkra sjølv opp 6 kg i ettermiddag. Tidene der Sparebloggen ein gong nemnde kvitost over 49,90 bør no vera forbi, då 39,90 synast og koma oftare og oftare. Elles er det 40% rabatt på coopkaffi denne veka.

* Spar
39,90 for 800g gildekarbonader er ikkje gale, sjølv om me har sett pakken til 29,90 tidlegare.

* Rimi
Framleis "opptil 50% rabatt".

* Kiwi
Indrefilet av svin 117 kr kg er bra.

* Meny
Ingen særskilt gode tilbod denne veka.

* Ica
Ferske nakkekotelettar 34,90 er innanfor, det same er vassmelon 7,90 pr kg.

* Europris
Også denne veka selgast boksarar og truser til 20 kr!

* Brandos (ny!)
Me let oss stadig begeistre over salg, og har nyleg oppdaga at Brandos førar sko til minst 70% rabatt ved jamne mellomrom. For tida finn du damesko opptil 93% rabatt, og herresko opptil 84% rabatt.

onsdag 3. april 2013

Alarm!

av KR

Grunna 2. påskedag var det inga "Vekas tilbod"-spalte, men etter ein handletur i dag ser eg det er behov for ein kvitostalarm. Joker sel 480g til 19,90, dvs 41,46 kr kg for Synnøve sin kvitost! Det er alarm på vegne av vanvittig mange! Alarm!

Akkurat tilbod som dette gjer underteikna skeptisk til å kaste seg på dei mange 59,90-tilboda på kvitost. Bunke opp til godt under 50-lappen!

Sparebloggen er attende med sine faste spalter neste veke.

måndag 3. september 2012

Tilbod

av SR

Spar
Shit, pommes frites! Me har (til nøds) blitt van med 59,90 kr/kg som tilbodspris på Norvegia, og no kjem Spar med ein ny "tilbodspris" på 69,90 kr/kg. Spar lever ikkje opp til namnet sitt, det har me visst lenge, men dette var dråpen! 40% på skiva spekeskinke, spekepølse og ferdigsalatar kjem heilt i bakleksa, og det er symptomatisk at det er dei dyraste produkta som er på tilbod.

Joker
400 gram kjøtdeig til 22,90 er ikkje verst, og er du av typen som ikkje bakar brød sjølv kan me tilrå grovbrød til 15 kr. 10-aren denne veka er seks egg, noko som er bra for ein slik storleik, samt 1 kg gulerøter.

Mega
Jarlsberg til 59,90 kr/kg er bra etter tilhøva, og faktisk nesten same pris pr. kg som spar sin "tilbodsost". Elles er det 40% på toalett- og tørkepapir. Banan til 9,90 kr/kg er heller ikkje feil.

Rimi
Fårikålkjøt av sau til 29,90 kr/kg er ein grei start på sesongen, men prisane skal ned. Vidare får du store sjokoladeplater frå Nidar til 17,90.

ICA Nær
Kjøtdeig får du her til 24,90 kr for 400 gram. Elles er det 40% på div. frysevarer frå Findus, samt Nidar sjokoladeplater til 17,90. Poteter til 7,90 kr/kg er heller ikkje å forakta, men òg her skal prisen ned utover hausten.

ICA Supermarked
40% på all ferskfisk, samt 500 gram skiva einerrøykja laks til 79,90 kr er ikkje feil. òg bra med blomkål, brokkoli og gulerøter til 10 kr/stykk og kg. Det er òg her 40% på ei rekkje frosne bestseljarar frå Findus.

Extra
2x4-pk med jogurt til 30 kr er bra. Det same kan seiast om 2x 400 g karbonadedeig til 60 kr.

Obs!
Denne veka er det 40% på div. frå Findus, tomatar, matglede ferdigmat, Lerøy sushi, div palmolive-produkt, samt diplomis. Vidare får du ein sekk med lambi tørkerull/dopapir til 119 kr.



måndag 5. september 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Grandiosa til 19,90 er nok billeg, men ikkje særleg bra for deg! 1 kg Synnøve-ost til 49,90 - ein klassisk og tilrådd pris her på bloggen. Det byrjar verte lenge sidan me har sett kvitosten under 50-lappen, og me tilrår difor storhamstring.

* Spar
40% rabatt på BigOne og Originale, me tilrår heller Grandisen om du skulle befinne deg mellom dei to. 200g nøttesjokolade frå Freia 19,90. Ferdig pizzabotn går til 29,90, noko som visst nok skal vera under veiledande pris. Me tilrår at du heller bakar di eiga deig til 5 kr (0,7 l mjøl, 0,3 l vatn og 0,5 pk tørrgjær).

* Mega
Me gir oss ende over, det er litt av ei tilbodsavis Mega har denne veka. Det beste tilbodet til Mega denne veka er nok ferdig pizzadeig til 36,90. Dette skal òg tilbodspris. Styr unna! Kva skjer i dette landet, har folk vorte fullstendig åndssvake? Me tek til sist med druene til 14,90 pr kg, men ein tur innom fristar ikkje etter dette.

* Prix
Fårikålkjøtsesongen er så smått i gong, 34,90 pr kg for fryst sauekjøt gjev ein billeg middag. Kyllingfilet til 85 kr kg er heller ikkje så gale, men langt i frå årsbeste.

Bunnpris
Det er krakk hjå Bunnpris no, påstår dei, 30-50% rabatt på diverse pasta. Do a killing in pasta this week!

* Rimi
Rimi har droppa den tradisjonelle kundeavisa denne veka, og det er kanskje like lurt når dei frontar tilbodet sitt som er 500g druer i kurv til 24,90. Årsverste i grøntdisken.

* Kiwi
Har heller inga retteleg kundeavis denne veka, dei reklamerar framleis for momssvindelen sin.

* Ica
Ica Supermarked har denne veka 40% rabatt på pålegg frå Gilde og varer frå Findus. Ica Maxi har måndag til onsdag storfebog/høgrygg til 59,90 pr kg, billeg middag som kan tilrådast. Du har her to alternativ. Sørg for å få eit mørna stykke, eller lat det mørne heime hjå deg sjølv (dvs lat ligge over datomerkinga). Brunast fyrst nokre få minutt. Reserver deretter steikomnen i 2,5 timar om steika per 1,5 kg, lat steike på 125 grader. Alternativt kan du lage gryterett av kjøtet, del stykket opp i høvelege bitar på 100g, hell i høveleg med poteter, gulrot, erter og purrelauk - og lat småkoke i minst ein time. Tidsklemme? Pføy! Denne middagen gjer seg sjølv i omnen, så cut the crap.

* Obs
Sel denne veka Norvegia til 59,90 pr kg, styr unna til fordel for Joker sitt Synnøve-tilbod. Diverse frysevarer nedsett med 40%, dette er typisk overprisa ferdigmiddagrettar som no kjem ned til 20-25 kr pk. Bananar til 9,90 pr kg kan tilrådast. Hovudkål til 2,90 pr stk er kanskje billeg, men ikkje i fårikålsesongen - vent til me ser krona! Til sist tek me med ein liten luring frå Obs denne veka, 1 kg karbonadekaker til 30 kr kg for medlemmar (club de exclusive) av Coop. Denne klubben møtast ikkje i Nedre Vollgt 19, men er open for medlemskap.

måndag 1. februar 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Me er bønnhøyrde! Synnøve sin kvitost (med cholecalciferol) selgast til 39,90 pr kg. Me kjøper minst fem. Resten er ikkje noko tess.

* Rimi
Vekas luring frå Rimi er kyllingfilet 650g til 69,90 - styr unna! Det same må seiast om fiskegrateng til 40 kr, me kjøpte tilsvarande på Joker for nokre veker sidan til 10 kr. Eller kva med skinkesteika til 79 kr kg, som gjekk for det halve for 5-6 veker sidan? Me har att i frysaren og held oss langt, langt unna Rimi (også) denne veka.

* Spar
Fryseshow 40% rabatt på alle Findus-varer. Meir enn det veit me ikkje, for kundeavisa er utilgjengeleg etter omlegginga på spar.no.

* Mega
Fersk laks til 39,90 kr kg er tåleleg bra, men FirstPrice sel til same kiloprisen ferdig oppkutta (og nedfryst).

* Coop obs!
Svinekotelettar til 29,90 kr kg kan me like. Elles ikkje mykje å bringe til torgs.

* Prix
Prix ryddar i juledisken og dumpar svineribba til 19,90 pr kg. Underteikna oppnådde halv pris av dette igjen, då emballasjen var øydelagt - tilrådast.

Konklusjon: Vekas tilbod er definitivt kvitosen frå Synnøve, laup og kaup!