Viser innlegg med etiketten pølsefest. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten pølsefest. Vis alle innlegg

måndag 24. januar 2011

Storstilt pølsefest denne veka!

av SR

Spar
Denne veka er det fersk heilgrilla kylling til 29,90. Kokar du opp ris, og delar kyllingen i to, er det berre å invitera ein kamerat til karakveld - han kjøper øl. Elles er 900 g røyka kjøtpølse særs bra. Samstudest er det bittert for underteikna som sjølv kjøpte tilsvarande for ein langt høgare pris på ICA sist veke. Trøysta for vera at det var for bruka opp eit gåvekort som var resultat av ei klage. 400 g kjøtdeig av svin for 22,90 er òg bra! Ei bra veke dette her altså, men ikkje la deg freista til å ta heile handelen her, då misser du vinninga, pluss litt til.

Joker
Kan melda om pølsefest (40% på pølse frå Gilde, Prior og Finsbråten). Elles er det lite å melda om frå den kanten.

Rimi
520 g Wienerpølse til 29,90 er bra. Det same er 39,90 kr/kg på euroshopper nakkekotelettar, men det er fastpris, og slik ikkje hamstrverdig.

Mega
Denne veka er det ti-kronarsmarknad hjå Mega. Mellom anna kan dei freista med 300 g Kims potetgull, Ballerina og ei mengd frukt (ikkje alt er pr. kilo!). Sjå likevel som vanleg opp for luretilboda.

I tillegg er det nokre tilbod for to tiarar. Her kan me tilrå biola med smak. Dette er billeg for å vera Biola, og er du hard på jogurten, er dette eit bra alternativ både økonomisk og smaksmessig.

Bunnpris
Har 30-50% avslag på ei rekkje gryter (ikkje som i kjele) frå Toro. Av desse er Taco-lasagne til 17,90 kr det desidert beste tilbodet! I tillegg får du Norvegia til 59,90 kr/kg. Grøne eple til 9,90 kr/kg er heller ikkje feil (og er td. halve prisen av kva Kiwi som "har teke vekk matmomsen" tilbyr).

ICA Maxi
Har 2 for 1 på ei rekkje varer denne veka, mellom anna røykte kjøtpølse (her òg!) og Pizza Orginale. I tillegg får ein Synnøve Finden for 59,90 kr/kg. Kilopakke blir kalla for økonomipakke, men som kjend er alt mindre enn ein kilo idiotpakke.

ICA Nær
Har denne veka fryseshow, dvs 40% på ei mengd frosne varer frå Findus. I tillegg får du kjøtdeig av svin til 19,90 kr for 400g, noko som er veldig bra!

OBS!
Har denne veka 40 dorullar eller 20 tørkerullar frå Lambi til 99 kr. Dette er veldig bra, og hadde eg ikkje måtte teke buss for å komma meg på OBS, hadde eg putta pengar i det, sjølv om det framleis er dobbelt så dyrt som First Price.

I tillegg er det 40% på pølse og kyllingfilet frå Prior, samt gul og raud coop kaffi, produkt frå Proteinfabrikken (men det treng du alvorleg tala ikkje)

måndag 12. oktober 2009

Tilbod for sleikmunnar og pølsefrelste

av SR

Sjølv om sparebloggen har ein klar helseprofil, er det ikkje til å skyva under stol at denne veka er prega av søtsaker på tilbod. Me er difor pragmatiske og presenterar òg desse tilboda, sjølv om nok mange av dykk vil påstå søtsaker er å kasta pengar ut vindauget i utgangspunktet, unødvendig luksus og med til å skapa nye og store ekstrautgifter.

Rimi
Rimi stiller med smågodt til 6,90 kr/hg. Dette er i grunn ein bra pris, særleg sett utifrå det relativt store utvalet dei har. Gode sparar vil nok reagera på dette, då det jo er ei kjend sak at Europris har fast pris på 5,90. Det er likevel på det reine at ting ein skal putta i kjeften som kjøpast på Europris må minimum vera i vakum, helst hermetikk, pga. at dei til synelatande sparar inn på reinhald.

Dei stiller òg med eit sunt alternativ denne veka, epler. Det er likevel ei hån å måtte betala 14,90 pr. kilo. Dette blir attpåtil kalla eit kampanjetilbod...

Rimi prøvar så godt dei kan å lura på oss dyre wienerpølser, men den bit me ikkje på.

Spar
Stiller opp med 40 % på alle pølser denne veka. Eg er generelt ikkje den typen som jubalar høgt og villig blir med på pølsefest, men eg må innrømma at dette er eit bra tilbod. Men ha i bakhovudet at det generelt er dyrt der.

Big One-pizza kan du òg få til 24,90. Føler likevel ein trang til å minna om Sparebloggpizzaen og hastepizzaen frå Rema som er omtala tidlegare.

Mega
Har alle varer frå Maarud til 40%. Ikkje feil til ein Pokal-pils.

Òg Mega hånar denne veka med sitt "fryseshow" der dei skryt av "fast lavpris" på Kapteinens fylte rødspette til 42,90. Seinast for to veker sidan solgte Spar denne for 28 kr!

Bunnpris
Bunnpris stiller òg opp for sleikmunnane denne veka, men 19,90 for 200 gram sjokolade er ikkje noko å hoppa i taket for. Det er heller ikkje det lusne og gamle utvalet av smågodt til 7,90...