Viser innlegg med etiketten klage. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten klage. Vis alle innlegg

torsdag 31. mai 2012

Krainer vs Krainer

av KR

Ei historie frå det verkelege livet. 17. mai er gjerne dagen for å skeie litt ut, eg snakkar ikkje om å gå i overprisa ullklede - men å skeie ut i matvegen. Sjølv her på Sparebloggen kan me å skeie ut litt, men me gjer det på ein lønsam måte. Det hadde seg difor slik at underteikna dagen før dagen kjøpte nokre pølser frå Gilde sin nye, eksklusive serie. Krainer var merket. 3 pølser for 29,90 er ikkje daglegdags kost for småkårsfolk. Ei slik utskeiing kan setja eit heilt hushaldningsbudsjett over styr til minst over sumaren. Det var difor med frykt eg vandra mot kassen.

Fortvil likevel ikkje, for det meste går godt for den røynde sparar!

Pølsa var god nok den, for all del, men noko smaklaus i høve til forventningane som hadde bygd seg opp. Prisen er då ein ting, ilag med eksklusiv branding. Slikt straffar seg, for når pølser til 10 kr stk ikkje er eksepsjonelt gode, sendast straks ei klage til Gilde si forbrukaravdeling. Pølsene var verkeleg meir smaklause enn ein hadde grunn til å forvente ut i frå omstenda. Gilde aksepterte dette og sende 100 kr i retur få dagar seinare. Dei skal ha det, bøndene, dei kranglar ikkje på kronene.

Omlag 70 kr pluss frå ein pølsemiddag 17. mai er då noko, men som seg hør og bør jagast tilboda like snart sjølv etter nokre gode oppturar. Det hadde seg difor slik at eg på min neste handletur, like etter Krainer-insidenten, kom over eit parti nær utgådde Krainer-pølser på Kiwi. Dagen før utløpsdatoen kan vara som kjent fåast gratis i kassen. Som sagt så gjort, og eg spaserte ut med tre nye Krainers. Desse vart fortærte og var like smaklause, men då pølsene var erverva gratis kunne eg ikkje ha dei same smaksforventningane som sist. Klage ikkje sendt, pølsene fortærte - og aldri kjøpt igjen.

Det ordnar seg alltid for den røynde sparar!

laurdag 17. mars 2012

...om lidt er flisen klar

av KR

I Sparebloggredaksjonen drikk me naturlegvis dobbeltrakta Cirkel-kaffi. Den er både billegast og følgeleg dobbelt så god som dei hine.

Den siste tida har imidlertid flisene i kaffien vorte større og større. Treflisene altså. Her seinast over 1 cm lange. No har me då frå før av god kjennskap barkebrød, men trefliskaffi er eit nytt bekjentskap for oss. Og dette skjer altså samstundes med at kaffiprisane her til lands er kraftig stigande, og prisen på tømmer går motsett veg. For eit par år sidan fekk ein 250g Cirkel for 10 kr, i dag må ein over 15 stort sett over heile landet. Det er vel dette ein kallar fair trade, 5 kr meir pr pk rett i lomma på Joh Johannson. Fair enough, hadde det ikkje vore for desse treflisene.

Så Sparebloggen har klaga. Fleire gongar. Me har til og med funne trefliser i erstatningskaffien me har motteke rett frå Joh Johannson sitt kontor. To gongar. 1 treflis gjev 0,5 kg kaffi, og store sjansar for å finne nye trefliser.

Det offisielle svaret frå Joh Johannson er at flisene kjem frå esker kaffibøndene deira sender nordover frå kaffifarmane. Skuld på den fattige kaffimagnaten.

No fryktar underteikna for fleire fliser i munnen for kvar sup kaffi. Skal kaffiskapet verte like fullt som frysaren er av gratis kjøt?

Treflisene er servert, vel bekomme.

torsdag 1. desember 2011

Fyrste luka er opna!

av KR

Me trur det er fyrste adventsdag i dag, sjølv om fyrste sundag i advent var for nokre dagar sidan. Me ber ikkje om nokon logikk, alt me ventar på er nemleg romjulssalet - og då er som kjend "ventetida" over. Likevel ynskjer me å markere denne fyrste dagen i advent, ettersom fyrste luke for underteikna kom frå FirstPrice i form av reklamasjonsvarer. Sant skal seiast, det byrjar då å verte ein vane. Når ein nesten har gløymt kva ein reklamerte på, så har ein anten snev av dårleg hukommelse eller reklamerar ofte nok. Beinsplint i FirstPrice-fårepølsa var det, og beinsplinten kastar godt av seg må vite:

* 155g pasta formaggio - rett nok utan blåmuggost, men 1,1% ostepulver får duge.
* 2 par vaskehandskar - nett som bestilt frå oven då det alt er to hol i mine gamle.
* 25 serviettar ansiktsrens - er dette eit forsøk på ein fornærmelse?
* 1 boks champignon 184g - ei forbruksvare god som noko
* 2x150g sjokoladecookies - omsider noko attåt kaffien
* 2x246g tomatsuppe med makaroni - 8 porsjonar = middag i 8 dagar!
* 8 stk firstpricebatteri - bør eigentleg batteri sendast ilag med matvarer?

Dette var ein rørande adventspresang frå FirstPrice, som nok eingong står til gull kva kjem til kundeservice!

torsdag 17. februar 2011

Mal for klagebrev

av SR

Me har tidlegare lagt ut i det vide og det breie om våre klagebrev på varer, og kor innbringande dette er. Sjølv sit eg med planar om eitt nytt eit i skrivande stund.

Ein av våre lesarar har lete seg inspirera av dette, men etterlyste ein mal for korleis ein slik mail skal skrivast.

1) Innleiinga bør innehalda kva produkt det er snakk om (gjerne med produksjonsnummer), kvar du kjøpte det og når du kjøpte det. Dette er med på å gje det heile ein viss profesjonalitet.

2) Gå så vidare med korleis du oppdaga feilen. Her er det lov å smøra litt tjukt på, gjerne med at du hadde gleda deg lenge til å nyta dette produktet, og at nedturen difor var stor når feilen blei oppdaga. Typisk vil dette vera at du har hatt med deg ein sjokolade på ein lang fjelltur, og når du endeleg var framme, trøytt og slite, synte det seg at den var heilt utan smak.

3) Legg til at du håpar denne informasjonen (produktnummer ol.) kan vera med til å unngå at andre opplever tilsvarande.

4) Avslutt med ei hyggeleg frase, type "beste helsing". Her er det avgjerande at du legg ved adressa di i same slengen. For å verka truverdig, kan du få det til å verka som at det er slikt som alltid kjem med når du sender epost. På den måten verkar det ikkje som at du er ute etter noko.


Viss du verkeleg vil gjera inntrykk på den du klagar til kan du øva inn ei sirleg handskrift og senda det heile pr. post. Slikt set ekstra djupe spor, og er du heldig får du eit feitare gåvekort.

torsdag 27. januar 2011

Ullent frå FirstPrice

av KR

Ein ulldott i middagsrisen har gjeve stor økonomisk uteljing på sørvestlandet denne veka. Det kan Sparebloggen i dag avsløre.

I ein pose med 2 kg FirstPrice Middagsris fann underteikna ein blå ulldott. Rett nok var ulldotten mindre enn det eg nokonsinne har drege ut or navlen. Likevel; UNIL AS som marknadsførar FirstPrice vart kontakta om hendinga, og ei klage vart levert - og i dag kom svaret får UNIL. Dei orsaka og synte til sviktande rutiner, kanskje kunne det vera ei eingongshending? I alle høve skulle det ikkje skje att, og vedlagt låg eit gåvekort på 300 kr. Du kan leve lenge på 300 kr. Til dømes kan det rekke til over 30 kilo middagsris, og kanskje ein blå ulldott til?

laurdag 4. desember 2010

Når 1 vert til 3

av KR

Den siste tida har Kiwi sendt ut ein løpeseddel til Trumf-kundar, der ein ved hjelp av denne kan få ei flaske Heinz Garlic sauce gratis i butikken. Underteikna nytta seg av dette tilbodet, men kom heim og oppdaga ein mangel ved flaska; korka var knekt. Som seg hør og bør tok eg straks kontakt med den norske importøren av Heinz, Haugen-Gruppen Nordic AS, og informerte om insidenten. I dag mottok eg i posten ny flaske kvitlaukssaus, med tilhøyrande smaksprøvar (flaskesaus av type curry og mango). Ingenting er vakrare her i verda enn når 1 vert til 3.

onsdag 18. november 2009

Klag!

av SR

Det er ei kjend sak at det er mykje dårleg service, varer, reinhald og generelt alt ein betalar pengar for! Der og då er det irriterande, men i ettertid kan det bli til glede, rein økonomisk glede!

Ein god sparar er sjølvsagt klar over at det er mogleg å gjera seg rik på å kjøpa dårleg frukt hjå både Kiwi og Bunnpris, ta vare på kvitteringa, og krevja dobbel pris tilbake. Har du problem med å finna dårleg frukt (burde ikkje vera problem hjå Bunnpris vertfall!), så kan du kjøpa fin frukt og spare på den til den er dårleg. Kjøp så ny fruk (ny kvittering) og kom attende ei lita stund etter og klag på frukta. Her er det gode pengar!

Elles er det store moglegheiter viss ein vil spela på ulike produsentar sitt samvit. Send klage på produkt til produsenten, men hugs å leggja ved adressa. Nokre produsentar krev at du sender med ein smak av produktet som dei kan analyserast på labben deira. Uavhengingig av om det var usmak eller ikkje, så send med produktet. Det er ikkje naudsynt med meir enn ein liten bit, så kan du eta resten. Då sender produsenten eit plaster på såret, som alltid er gåvmildt! Me sparebloggarane har gjort dette til gangs, og har motteke mellom anna gåvekort (2-300 kr!), mjølmiksar og sjokolade.

Her gjeld den gyldne regelen om å klaga på alt! Me veit Vinmonopolet har etterlyst fleire produktklager, og reknar med 5-10 % produktfeil. Og når me fyrst er inne på alkohol, så fekk me tips frå ein som jobbar på Hansa om at ein må klaga på øl med lite skum på toppen. Her gjeld som vanleg regelen om å drikka opp halvparten fyrst, for så å slå fast til mannen i baren eller på polet at dette ikkje held mål.

Jubel: Spareblogg-TV om taparane på Luksusfellen er attende på TV3 onsdagar 20.30. There is no such fryd, as skadefryd.