Viser innlegg med etiketten personleg økonomi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten personleg økonomi. Vis alle innlegg

onsdag 9. juli 2014

Anar ikkje kva maten kostar...

av KR

...det einaste me veit er at han ikkje er for dyr.

Ola Dunk veit ikkje kva maten kostar, sler VG fast i dag. 96% av tenåringane veit ikkje kva ei flaske Zalo kostar. Det veit ikkje me heller, for me kjøper aldri Zalo. Me handlar andre merkevare til halv pris av Zalo. Me traff også dårleg på fleire av dei andre spørsmåla. Årsaka er enkel; me kjøper aldri varene til fullpris, og me går normalt for nummer 2-vara til halve prisen.

Ikkje veit me kva eit VG kostar heller. Kan det vera 20 kroner for mykje?

At nordmenn ikkje veit kva matvarene kostar skal vera eit utslag av velstand. Tvert om, vil Sparebloggen innvende! Den som ikkje opnar augene, må opne lommeboka. Gjeldsveksten i hushaldningane talar også sitt klåre, depressive språk.

Å, lat oss ikkje øydelegga sumaren heilt enno. Kom dykk ut att i sola!

fredag 21. september 2012

Billeg bilhald

av KR

Fyrst av alt vonar me at særs få av våre faste lesarar eig bil. For å eige bil er det same som å fyrst verte flådd levande, og deretter legge hovudet på blokka for å få meir blodsutgytelse. Eg er sjølv ein av desse sadistane av nokre bileigarar, men prøvar å gjera det med måte. Å føre eit billeg bilhald er ein kunst, og Sparebloggen lærar deg korleis.

* Fyrste leksjon: Ein billeg bil
Det største tapet ved å eige bil er avskrivingane. Det er som dei seier at ein ny bil straks reduserast 50 000 når han trillar ut frå forhandlar, og det stoppar nemleg ikkje der. Gjennomsnittsbilen fell 50% i verdi dei fyrste fem åra. Så kva fortel dette spararen? Lat andre ta verditapet, så klart! Ikkje lat deg skremme av åtvaringane om dyre reparasjonar, det folk normalt seier om 5-10 000 kr, for det er langt dyrare å eige ein bil som tapar seg 20-50 000 kr i året. Sparebloggen tilrår 10 år gamle bilar til 20-25 000 kr, og i den klassa er det mykje fint for tida. Dette er bilar som knapt har verditap, kanskje eit par tusen kroner i året, men dei har 10-15 år att i levetid.

* Andre leksjon: Ikkje bry deg om småfeil
Har du skrapa opp lakken? Har vindauget på venstre bakdør hengt seg opp? Får du ikkje låst bagasjerommet? Ikkje bry deg med å kaste bort tusenvis av verkstadkroner på å fikse småfeil, som uansett ikkje påverkar bilen si evne til å gå frå A til B. Underteikna har siste året gjort dette til ein sport, og går no inn passasjerdøra sidan sjåførdøra har gått i vranglås. Ingen grunn til å late verkstaden få 5000 kr for ein slik jobb, når det tilsvarar halve verdien av bilen. Pay yourself first!

* Tredje leksjon: Bytt dekk sjølv
Bruk eit par timar i året på å bytte til sumar- og vinterdekk sjølv, og spar 1000 kr. Dette er greitt betalt for timar du elles ville ha skusla bort framføre PC eller TV. Pass på å setje skruane inn med grease, så du slepp stå der i uføret neste gong du skal i elden. Det imponerar ingen å stå der å hoppe på pipenøkkelen.

* Fjerde leksjon: Bytt olje sjølv
Eit oljeskift varierar kraftig i pris, men felles for alle "gratis" oljeskift er at olja du får på tanken er svindyr. Gjer difor som Sparebloggen og kjøp olje på Biltema, der du får 4l til 179 kr. Sett av ein halvtime og bytt olje sjølv ein gong i året. Annankvart år kan du slenge på eit oljefilterbytte, og legge 79 kr ekstra på rekninga.

* Femte leksjon: Køyr varsamt
Sjølv om me likar statskassa, treng me ikkje overdrive innbetalingane. Sparebloggen oppmodar difor samtlege om å halde fartsgrensene, og soleis spare tusenvis av kroner i året.

* Sjette leksjon: Køyr varsamt II
Bilen er mest effektiv når motoren ligg mellom 1500 og 2500 omdreiningar i minuttet. Dette betyr køyring i høge gir, og at du på veg opp til femte-/sjettegiret gjerne hoppar over nokre gir. Sjølv starta eg ein Passat i andregiret ei periode, men har no gått over til å starte i fyrstegiret og deretter gå rett over til tredjegiret. Passar det seg slik, setjast bilen deretter rett i femte. Samstundes må du ute i trafikken sjå framover og planlegge neste manøver. Unngå unødvendige nedbremsingar, og dersom du må bremse bør du heller bremse på giret enn på klossane. Over tid vil du her spare nokre lappar på utslitte bremser. Dette kjem frå ein som normalt ligg i andregiret ned fjellovergongane her til lands. Ingenting er som å koma ned til bygdene med avkjølte bremser. Lat det difor heller lukte av kronasje enn av svidd gummi!

* Sjuande leksjon: Drivstoffet
Det er velkjend at drivstoffet av marknadsomsyn er billegast på sundagar og måndagar før kl 12. Fyll difor drivstoff på desse dagane, og aller helst som eit mellomstopp på veg til anna ærend. Her vil me samstundes nytte høvet til å lansere eit sparetips frå ein gamal stortingspensjonist på sørvestlandet: Når du står ved pumpa må du passe på å løfte slangen opp, slik at du får med dei siste restane. Dette er restar du (og forgjengaren din) har betalt for, som elles ville vorte liggande att hjå bensinstasjonen.

* Åttande leksjon: Det mest elementære
Ikkje ver så dum at du kjøper deg bil.

måndag 5. desember 2011

Ei veke på det jamne

av SR

Spar
Den gamle men ikkje fullt så imponerande spartravaren kjøtdeig til 24,90 er teken opp av hatten. Meir imponerande er 40% på div. frosne grønsaker og bær frå eldorado. Elles bryr spar på vekas mest oppfinnsame: Bananar til 7,90 pr. pose - storleiken på posen er ukjend.

Joker
Har denne veka bananar, pære, appelsin og eple til 12,90 kr/kg. Vidare er det 40% på sørlandsis. 10-aren denne veka er 370 g flattbrød frå Ideal.

Obs!
For oss som har byrja på siste osten frå sist hamstring er det godt nytt med norvegia til 59,90 kr/kg. Berre så synd overteikna ikkje har ein Obs i ei avstand eg ikkje er avhengig av buss. 1,5 liter cola til 10 kr er heller ikkje feil for dei som likar slikt. Du får òg 40% på ulike tannhelseprodukt frå Colgate.

ICA Maxi
Byr denne veka på røykt svinekonke til 19,90 kr/kg! Elles er det heller ikkje noko å seia på lasagne frå Knorr til 10 kr pakken og 40% på alt frå Findus.

Ica Supermarked
Me har sett den ferske lettsalta torsken billegare, men 89,90 kr/kg er høveleg. Du får òg 40% på pizza tradizionale, samt appelsiner til 9,90 kr/kg.

ICA Nær
Imponerar ingen denne veka.

Mega
Det er denne veka 40% på både big one, originale og gul og raud kaffi frå Coop. Røykt svinekam til 29,90 kr/kg er det heller ikkje noko å seia på. Det er òg 30% på div. sun-produkt. Sjå likevel opp for billegvariantane. Er du samyrkemedlem kan du gleda deg over appelsiner til 7,90 kr/kg.

Rimi
Same som sist veke - lite å ta turen for anna enn appelsiner til 9,90 kr/kg.

Konklusjon: Det er ei veke på det jamne. For min del nærmar det seg slutten på sist hamstring av kvitost, så mitt store ynskje er at kvitosten kjem på tilbod att i ein nærare butikk neste veke.


Til sist eit lite tips i smørkrisa. Folk har ikkje berre gått av skaftet mtp. lågkarbo, men det har òg pris. I Sparebloggen held me oss til heimelaga høgkarbobrød, og styrar pent unna dyrt smør. Margarin er smakar det same, funkar til det same og kostar mindre, og aller billegast er First Price og Landlord. Lat dei galne om galskapen kivast!

torsdag 17. februar 2011

Mal for klagebrev

av SR

Me har tidlegare lagt ut i det vide og det breie om våre klagebrev på varer, og kor innbringande dette er. Sjølv sit eg med planar om eitt nytt eit i skrivande stund.

Ein av våre lesarar har lete seg inspirera av dette, men etterlyste ein mal for korleis ein slik mail skal skrivast.

1) Innleiinga bør innehalda kva produkt det er snakk om (gjerne med produksjonsnummer), kvar du kjøpte det og når du kjøpte det. Dette er med på å gje det heile ein viss profesjonalitet.

2) Gå så vidare med korleis du oppdaga feilen. Her er det lov å smøra litt tjukt på, gjerne med at du hadde gleda deg lenge til å nyta dette produktet, og at nedturen difor var stor når feilen blei oppdaga. Typisk vil dette vera at du har hatt med deg ein sjokolade på ein lang fjelltur, og når du endeleg var framme, trøytt og slite, synte det seg at den var heilt utan smak.

3) Legg til at du håpar denne informasjonen (produktnummer ol.) kan vera med til å unngå at andre opplever tilsvarande.

4) Avslutt med ei hyggeleg frase, type "beste helsing". Her er det avgjerande at du legg ved adressa di i same slengen. For å verka truverdig, kan du få det til å verka som at det er slikt som alltid kjem med når du sender epost. På den måten verkar det ikkje som at du er ute etter noko.


Viss du verkeleg vil gjera inntrykk på den du klagar til kan du øva inn ei sirleg handskrift og senda det heile pr. post. Slikt set ekstra djupe spor, og er du heldig får du eit feitare gåvekort.

måndag 7. februar 2011

Tilbod veke 6

av SR

Spar
Har denne veka fersk surra svinesteik til 29,90 kr/kg. Dette er bra, og me tilrår hamstring. Elles er det 40% på alle typar frosne poteter, grønsaker, frukt og bær. For min del ligg det an til eit påfyll med grøne ertre. Er du av den late sorten kan me tilrå tilbodet ferdigsalatar frå Dole - 40%.

Joker
9,90 kr pr. pakke Ali kaffi er ikkje feil, det er heller ikkje 40% på tex mex-produkt frå Old el Paso. 10-aren denne veka er ein kilo gulerøtter i beger.

Rimi
400 gram fersk kjøtdeig av svin til 18,90 er ikkje kvardagskost, og er tilrådeleg å hamstra. Det same er ein kg brunost til 49,90.

Obs! Denne kjeda byggjer om butikkane om dagen, og tømmer difor hyllene. Kom over mjølk til 6,50 kr/l på Danmarksplass sist veke.

Bunnpris
Har same kundeavis som dei to siste vekene, og oppmodinga om å kjøpa gryterettar på tilbod står framleis ved lag.

Til dei som måtte lura etter at det før helga blei annonsert at underteikna skulle prøvesmaka tacolasagne kjøpt på 50% tilbod: Det var ikkje noko særleg å skriva heim om.

Rema
Diskar opp med 800 gram middagspølse til 19,90, 880 gram grilla kylling til 19,90, 500 gram laksekotelettar til 19 kr, tre pakkar potetmos frå Toro til 10 kr, tre paprika (gul raud og grøn) til 14,90 og bananar til 9,90 kr/kg. Dette er bra!

Det som ikkje er fullt så bra hjå Rema for tida er at det kan sjå ut til at 400 gramspakkane med frosen kjøtdeig i snabb er ute av produksjon, og erstatta av 1 kilossnabbar! 44 kr for snabben er jo billeg, men når treng ein 1 kilo?

ICA Nær
Har denne veka tomatar i lausvekt til 18,90 kr/kg, 40% på tex mex frå Santa Maria, samt mineralvatn frå Ringnes. Det ligg an til taco til helga med andre ord.

ICA Maxi
Har brunost frå Tine til 49 kr/kg. Elles lite å melda om.

Mega
40%-aren denne veka er gul og raud coop kaffi. Elles får du òg her skinkesteik til 29,90 kr/kg. Lettsalta svinekjøt til 69,90 kr/kg går òg an, og passar utmerka til raspeballar.

Obs!
Har denne veka fem 400 g-pakkar kjøtdeig til 100 kr. Dette er ein bra pris for dei som vil ha storfe. For den som er glad i sjokolade får du denne veka 3 store posar sjokolade frå Minde til 99 kr, noko som er bra, og held seg lenge. Seifilet til 49,90 kr/kg er òg bra. Elles er det mange gode pakketilbod på ski og anna hjå Obs.

torsdag 3. februar 2011

Berre gratis er godt nok

av SR

Etter oppmoding frå ei ivrig lesarinne vil me denne veka ta føre oss kva som er verdt å bruka pengar på, og kva ein like godt kan få gratis.

I bedriftene sin iver etter å marknadsføra seg sjølv, er det eit stort utval av varer som den sløsande brukar pengar på, men som me her inne på denne sida skaffar oss gratis frå andre kantar.


Det klaraste av alle varer ein kan få gratis, er den gamle travaren kulepennen. Ei kvar bedrift med respekt for seg sjølv har pennar med sin logo på. Sjølv trur eg aldri eg har brukt ei krone på pennar. Har utelukkande halde meg til pennar eg har fått eller funne. Det er klart at det er òg dårlege pennar på gratismarknaden, men utvalet er så stort, at det er inga orsaking for å kjøpa. Ein del bedrifter har no òg produsert opp markeringstusjar, gjerne med innebygd haldar med små lappar som ein merkar av sider i ei bok med. Ingen grunn til å bruka pengar på slikt heller med andre ord.

Men det er ikkje lenger berre pennar ein kan få gratis mot ein liten logo på. For meg er det eit marakel at det framleis blir produsert buffar frå merkje Buff - slikt får ein jo gratis kvar enn du er. Kva det er bilete av på buffen ser ein jo ikkje uansett, då den jo ligg samankrølla rundt halsen uansett.

Sekkar er òg noko mange brukar pengar på utan at det er behov for det. Eg har ikkje tal på kor mange sekkar eg har liggjande i storleiken rundt 30 liter, men eg brukar berre to av dei - begge har eg fått gratis.

I denne samanhengen vil eg gjerne avsløra eit triks for korleis ein kan god tilgong på marknadsføringsvarer: Bli venn med ein marknadssjef eller seljar eller likande i eit stort selskap. Sjølv kjenner eg ein i Glava, og der er det ingen grenser, og logoen er tilnærma usynleg. Han har bidrege i skapet med, og dette er ikkje kødd: treningsdress, slips, mansjettknappar, slippsnål, boksarar (rull'n ut!), hue og hanskar. I tillegg kjem tommestokkar, pastilløskjer og mykje meir.

I tillegg er det andre varer det er fullt legitimt å berre ta med seg. Det beste døme på dette er paraplyar. Slikt ligg att på bussar, trikkar, tog, forelesingar, uteplassar osv., og ingen kjem att og hentar dei. Det er nok av folk som brukar pengar på slikt, om ikkje du òg skal gjera det, så berre ta det med deg.

Elles er finn.no si avdeling for saker og ting som blir gitt vekk alltid populært: http://www.finn.no/finn/torget/gisbort/resultat. I skrivande stund kan til dømes du som bur i Oslo få deg ein, i mine auge, strøken 2+3 setar gratis.

Lukke til!

måndag 24. januar 2011

Storstilt pølsefest denne veka!

av SR

Spar
Denne veka er det fersk heilgrilla kylling til 29,90. Kokar du opp ris, og delar kyllingen i to, er det berre å invitera ein kamerat til karakveld - han kjøper øl. Elles er 900 g røyka kjøtpølse særs bra. Samstudest er det bittert for underteikna som sjølv kjøpte tilsvarande for ein langt høgare pris på ICA sist veke. Trøysta for vera at det var for bruka opp eit gåvekort som var resultat av ei klage. 400 g kjøtdeig av svin for 22,90 er òg bra! Ei bra veke dette her altså, men ikkje la deg freista til å ta heile handelen her, då misser du vinninga, pluss litt til.

Joker
Kan melda om pølsefest (40% på pølse frå Gilde, Prior og Finsbråten). Elles er det lite å melda om frå den kanten.

Rimi
520 g Wienerpølse til 29,90 er bra. Det same er 39,90 kr/kg på euroshopper nakkekotelettar, men det er fastpris, og slik ikkje hamstrverdig.

Mega
Denne veka er det ti-kronarsmarknad hjå Mega. Mellom anna kan dei freista med 300 g Kims potetgull, Ballerina og ei mengd frukt (ikkje alt er pr. kilo!). Sjå likevel som vanleg opp for luretilboda.

I tillegg er det nokre tilbod for to tiarar. Her kan me tilrå biola med smak. Dette er billeg for å vera Biola, og er du hard på jogurten, er dette eit bra alternativ både økonomisk og smaksmessig.

Bunnpris
Har 30-50% avslag på ei rekkje gryter (ikkje som i kjele) frå Toro. Av desse er Taco-lasagne til 17,90 kr det desidert beste tilbodet! I tillegg får du Norvegia til 59,90 kr/kg. Grøne eple til 9,90 kr/kg er heller ikkje feil (og er td. halve prisen av kva Kiwi som "har teke vekk matmomsen" tilbyr).

ICA Maxi
Har 2 for 1 på ei rekkje varer denne veka, mellom anna røykte kjøtpølse (her òg!) og Pizza Orginale. I tillegg får ein Synnøve Finden for 59,90 kr/kg. Kilopakke blir kalla for økonomipakke, men som kjend er alt mindre enn ein kilo idiotpakke.

ICA Nær
Har denne veka fryseshow, dvs 40% på ei mengd frosne varer frå Findus. I tillegg får du kjøtdeig av svin til 19,90 kr for 400g, noko som er veldig bra!

OBS!
Har denne veka 40 dorullar eller 20 tørkerullar frå Lambi til 99 kr. Dette er veldig bra, og hadde eg ikkje måtte teke buss for å komma meg på OBS, hadde eg putta pengar i det, sjølv om det framleis er dobbelt så dyrt som First Price.

I tillegg er det 40% på pølse og kyllingfilet frå Prior, samt gul og raud coop kaffi, produkt frå Proteinfabrikken (men det treng du alvorleg tala ikkje)

onsdag 19. januar 2011

Test: First Price frosne kyllingbryst

av SR

I serien der me testar kvaliteten på billegprodukt, har me denne gongen kome til:

Produkt: First Price frosne kyllingbryst.
Pris: 117,90 kr/2kg på Kiwi, men omlag 150 kr på Spar, så trå varsamt!


Funksjonalitet 4 av 5
Brysta er pakka inn i ein plastpose som det ikkje går an å lukke etter at den er opna. Dette gjer at det over tid dannar seg ein del snø inni posen. Dette er det einaste som gjer at femmaren glipp. Kjøtstykka er ikkje samanfrosne, og er slik lett å forsyna seg av.

Appetitt 5 av 5
Mange av billegmerka har små og slintrette kjøtstykker. First Price har derimot store og fine kjøtstykke, noko som klart aukar appetitten. Rett nok er det stundom frysemerkje på stykka, men dette er ikkje til å unngå når det trass alt er eit frose produkt. Smaken er vidare utmerkja!

Fordøying 5 av 5
Eg har sjølv ete mange kilo av dette produktet, og ikkje minst diska opp med dei lekraste rettar basert på denne kyllingen. Eg har aldri opplevd at det har vore tomt for toalettpapir etter ein slik middag, noko som talar for seg sjølv.

Tilråding: Kan absolutt gå god for dette produktet. Har sjølv hamstra tilsvarande produkt i Sverige ved tidlegare høve, men dette er klart betre. Stykka er finare, prisen er billegare og sjansen for matforgifting er mykje mindre.

måndag 10. januar 2011

Tilbod veke 2

av SR

Spar
Same 10-kronersmarknad som sist veke. Me går gode for mykje av varene, opp til 60-70% avslag er jo ikkje til å kimsa av.

Mega
40%-aren denne veka er toalettpapir og tørkerull, minus billegprodukta. Heilgrilla kylling til 29,90 er òg bra. 600 gram grillpølse og wiener frå Prior til 19,90 er den nye standard tilbodsprisen. Er du glad i Guldbrandsdalsost eller fløtemysost, får du det til 49,90 kr/kg, noko som jo er veldig billeg. Brokkoli til 9,90 kr/kg og tomatar til 19,90 kr/kg er bra etter at eg blei lurt inn Spar i helga, og måtte betala 49,90 kr/kg for tomatar...

Joker
Denne veka er det 40% på fiskeprodukt frå Findus. 10-aren denne veka er ein liter appelsinjus frå Nora, First Price er likevel billegare. Elles lite å melda om.

Obs
Òg Obs har 10-kronersmarknad denne veka, men heller ikkje her er alle tilboda like gode. Langrennspakke frå Rossignol med sko og bindingar for vaksne til 799 kr, og junior til 599 kr, er rett og slett fantastisk, og mykje billegare enn treningssenter.

Bunnpris
2-kilosnett med appelsiner til 13,90 er veldig bra, og kan tilrådast til hamstring. Elles har tilbodsavisa ikkje noko særleg å melda om.

ICA Maxi og Nær
Òg hjå denne svenske matvaregiganten er det denne veka 10-kronersmarknad.

Rimi
Har denne veka appelsiner til 10 kr/kg, noko som er bra, men ikkje billegast. Det same kan seiast om Grandiosa (pepperoni og kjøtdeig og lauk) og 400g kjøtdeig til 24,90 kr. Når det gjeld kjøtdeiga tek me opp att det faktum at det er billegare å finna kjøtdeig i frysen. Elles lite å melda om.

Rema 1000
Innsideinformasjon skal ha det til at det ikkje berre er faste låge prisar, men at det varierar òg her. Dette har me òg merka på kroppen når det skulle hamstrast kjøtdeig i snabb for 16,90, medan prisen var justert opp til 19,70. Rema brukar likevel denne veka 62 sider på å presentera oppskrifter, og ikkje tilbod...

torsdag 6. januar 2011

Gratis internett

av SR

Det er mykje god sparing i god snylting, seier eit gamalt kinesisk ordtak. Òg sanneleg kunne me ikkje sagt det betre sjølve. Her kjem difor triksa for å sleppa å betala for internett.

Det klassiske trikset er sjølvsagt å surfa på naboen sitt opne nettverk. Det har diverre blitt færre og færre naboar som ikkje veit det går an å setja passord på internetten, noko som har vanskeleggjort dette. Men fortvil ikkje, det er framleis nokre nyttige idiotar der ute, og på marknaden er det å få kjøpt eksterne antenner til pcen. Desse er mykje sterkare enn det som er innebygd i vanlege datamaskiner, og gjer slik at du får inn eit større område. Større moglegheit for å komma over eit ope nettverk.


Skulle dette syna seg å ikkje fungera, er det framleis håp. For sjølv om naboen kanskje har fått augene på gløtt for datatryggleik, er han framleis rimeleg blåaugd. Ring difor på hjå han/ho, og forklar at det er noko feil med internetten din, men at det blir fiksa innan ei veke. Spør deretter fint om ikkje du kan få passordet (det heiter å "låna internetten") den lille stunda. Dette er det sjølvsagt berre sosialt tilbakeståande som seier nei til. Når det har gått ei veke kjem du på døra att med ei flaske vin som takk for "lånet". Naboen blir då i ekstase, og inviterar deg truleg på besøk seinare, noko som betalar inn flaska fort. Sjølv har du framleis passordet, og surfar gratis. Når du er på eitt av dine middagsbesøk hjå naboen kan du gjerne klaga over at internetten din har gått sakte den siste tida. Sei gjerne noko om at sidene blir tyngre og tyngre å lasta etter kvart som teknologien spring framover, og at du har landa på gå opp ei eller to hastigheiter. Truleg vil naboen kjenna seg att, og gjera det same. Og vips, rask gratis internett!

måndag 13. desember 2010

Tilbod veke 50

av SR

Spar
Tynnribbe til 39,90 kr/kg er den nye standardprisen etter ribbekrigen. Du får likevel ferdigkrydra tynnribbe til tilsvarande pris hjå Rema. Vidare får du First Price-mandarinar til 7,90 kr/kg, noko som er bra samanlikna med "momskutt-kiwi" som krev nærare 20-kroningen for mandarinar. Du får òg eple, pære og appelsiner til 12,90 kr/kg.

Joker
Har denne veka Grandiosa til 19,90. Julepølse frå Gilde får du denne veka til 16,90 for 400 gram, røykt og urøykt. Du får òg karbonadekaker til 39,90 for 800 gram. sjølv laga eg 2,5 kg kjøtkaker til noko over 100-lappen. Betre, sunnare og omlag same prisen. Oppskrift kjem.

Mega
40%-aren denne veka er COOP-kaffi av typen raud, gul og paz. Elles lite å melda om, med mindre du vil ha klementinar i frivekt, som du får til 11,90 kr/kg.

OBS
Klementinar til 9,90 kr/kg og same kaffi-tilbodet som Mega er noko av det OBS har denne veka. Elles kan du sikra deg ei billeg julegåve til junior med skipakke til 699.

Rimi
Med krydra ribbe til 39,90 kr/kg, Klementinar til 8,90 kr/kg, 400g julepølse frå Gilde til 14,90 kr, og pinnekjøt til 93,90 kr/kg er jula klar.

ICA
Ikkje så mykje å melda om, sett vekk frå 40% på tex mex-produkt hjå Maxi.

Rema
Sikrar budsjettet i julegåvehandelen med blåfjell-DVD eller jule-cd frå Kurt Nilsen til 99 kr. Elles lite nytt å melda om, forutan om at milliardbedrifta går godt.

Bunnpris
Òg Bunnpris har ein kilo mandarinar til 7,90 kr/kg. Elles får du den tynne Grandiosaen til 19,90 kr. Elles er det lite nytt å melda om denne veka some er verdt å bita seg merkje i.

torsdag 9. desember 2010

Julebord

av SR

Etter finanskrisa fekk arbeidsgjevarane ei orsaking for å ikkje arrangera gratis julebord og gje vekk gåver til sine tilsette. Saman med den dårleg utviklinga innan at kvar minste lille gåve no blir kalla korrupsjon, og ikkje gåve, er dette dårleg nytt for oss spararar. Skulle du likevel vera så heldig å ha ein arbeidsgjevar som ikkje har lete seg inspirera av denne bloggen, har me nokre tips til deg før julebordet.

Ein post arbeidsgjevaren sin sparekniv stadig oftare skjerer over, er drikkevarer. Både av økonomiske og sosiale grunnar. Her er det likevel blitt ein trend med bongar eller eit tal glas vin til maten. Her er det eit klassisk tips å setja seg saman med den gravide kollegaen, eller han som er avhaldande av andre grunnar. På den måten kan du fint spørja om å få dei frie einingane, og vera 100% sikker på at det går greitt. Med mindre kan du tilby deg å spandera ei brus i byte.

For som kjend er bongane ikkje ei løysing på dei sosiale utfordringane eit julebord førar med seg, men meir ei overdraging av det økonomiske ansvaret for underhaldninga det førar med seg. Omsettinga er likestor i baren som elles, og då er det fint med eit ekstra sett bongar.

Ein annan klassikar er å setja seg på eit stort bord. Servitøren vil då umogleg klara å servera alle på bordet samstundes, og må ut for å henta meir. Hiv då i deg desserten i mellomtida, og be om ein til. Det same kan gjerast med drikkevarer.

Elles har det å ta med seg eige øl fått eit ufortent dårleg rykte. Er du dame er det berre å leggja det i veska, og er du mann kan du fjonge på deg ei manneveske eller insistera på å ha med frakka inn i restauranten. Blir du sett stygt på av dei andre, er det berre å skulda på at du ikkje likar det ølet/vinen dei har på den plassen. Mest truleg blir dette uansett ikkje noko problem, då du nok vil ha full forståing frå dei andre. Særleg om du har fina på deg noko ekstra dyrt øl (alt anna enn Pokal).

Lukke til på julebordet, og hugs: det blir ikkje meir pengar enn du sparar sjølv!

torsdag 25. november 2010

Test: FirstPrice appelsinjus

av SR

Dette produktet fekk så mykje tyn i dinside.no sitt panel av subsidierte studiner at me fann ut at dette må prøvast. Samstundes er haust og vinter høgtid for C-vitamindrykk, noko som trigga oss ekstra. Fire liter jus er snart fortært, og det er på tide å gjera opp status.

Faktaboks
Produkt: FirstPrice appelsinjus.
Pris: 12,90 kr/to liter (70% billegare enn fersk frå Tine!)

Funksjonalitet 2 av 5
Kartongen er nok like lite sexy som resten av FirstPrice sine produkt. Elles er det nok ein grunn til at dei fleste andre har gått vekk frå to-literskartongar. Det er vanskeleg å hella den fyrste skvetten utan å søla, sjølv med riktig teknikk (sjå under!). Trekk for stygg orddelingsfeil.

Appetitt 4 av 5
Som all annan jus er det òg slik med denne at uansett kor mykje du ristar den på førehand, så er det framleis slik at dei fyrste glasa med jus er tynnare enn dei siste. Det er vidare eit snev av fruktkjøt og ein god appelsinsmak.

Fordøying 5 av 5
Glir lett ned, og lett ut. Noko anna ville vore overraskande med ein drikk

Tilråding: Kan absolutt gå god for dette produktet. Rett nok kjenner me ikkje så godt til korleis dei dyraste merka smakar, men i og med dei er over dobbelt så dyre, har me vanskeleg for å sjå at det kan svara seg etter kostnad-smak-prinsippet.


TIPS! For å unngå søl med store kartongar, følg denne rettleiinga:
1) Riv vekk forseiglinga som vanleg
2) Set venstrehanda øverst oppe på den sida tuten er. Peikefingeren på det eine hjørnet, og tommelen på det andre hjørnet.
3) Hald høgrehanda under kartongen.
4) Løft kartongen varsamt bort til glaset du allereie har sett på kanten av bordet.
5) Tøm jus i glaset.

måndag 15. november 2010

Ei bra veke for tilbod

av SR

Spar
24,90 for 400g fersk kjøtdeig er ikkje noko me tilrår. Mange har tilsvarande pris for fersk kjøtdeig i snabb som fast pris, samt at frosen kjøtdeig er billegare. Elles er det 40% på Old el Paso-produkt. Minnar her om at First price sine lefser held høg standard, men spørsmålet er når produksjonen var store lefser tek til. 40% på tomatar er bra, men blir neppe tur innom spar denne veka.

Mega
40%-aren denne veka er brød- og kakemiks frå Toro og Mølleren's. Dette er bra, men om du, som oss, hamstra på spar sin 10-kronersmarknad er det ikkje noko å henta. Elles veit me at jula er her når edameren kostar 59,90 kr/850g. Ingen grunn til å kjøpa ost til fullpris, med mindre du går for first price sin. Skinkesteik med bein til 29,90 kr/kg er bra, det same er smågodt til 5,90 kr/hg (NB! Berre viss du har COOP-kort). Alle typar go'morgen-jogurt til 8,90 er òg relativt bra, sjølv om det jo er stivt likevel. Saman med klementinar til 12,90 kr/kg presterar Mega her ei kjempeveke!

Joker
40% på fiskeprodukt frå findus er ein god gamal kjenning. Elles får du julepølse til 16,90 kr/400g, noko me trur er bra, men førjulstida får syna oss om me har rett. 2 kg poteter til 10 kroner er greitt, men ikkje det billegaste me har sett i år.

ICA Maxi
Har same 10-kronersmarknaden som sist veke, samt fersk kjøtdeig til 59,90 kr/kg (lausvekt). Dette er noko tilsvarande Spar sin.

OBS!
Relandserar ein god gamal kjenning: fersk kjøtdeig til 19,90 kr/400g! Dette har me venta på. Her er det berre å hamstra, og dela opp i porsonspakkar viss du ikkje lagar middag til andre enn deg sjølv. Har du ungar eller kortvokste vennar er julagåva å få kjøpt hjå Obs! Skipakke til born for 999 kr er bra. 14,90 kr/kg for epler er heller ikkje feil, men klementinar er nok meir økonomisk. Til liks med Mega, har òg Obs! smågodt til 5,90 kr/hg for COOP-medlemmar.

Bunnpris
Lite nytt denne veka.

Rimi
Juleskinke, kokt og røyka, til 49 kr/kg er bra viss me kan gå utifrå at den er beinfri, men me har sett det billegare. Skal me dømma etter fjordåret bikkar ikkje pinnekjøtet under 99 kr/kg utan at det går kraftig utover kvaliteten. Ribbe til 14,50 kr/kg er godt nytt. Røykalaks til 59,90 kr/kg er brillefint. Ofte er den billege røykelaksen litt svak på smak. Dryss difor på litt smaksforsterkarar, då særleg salt. Då blir den god som det beste frå utlandet.



Minnar elles om at Brimi har gått god for billegribba sin kvalitet, og at det er varsla prisar ned mot 10-kroningen pr. kilo.

torsdag 11. november 2010

Siderspezial

av SR

Som tidlegare lova, kjem me no attende med oppskrifta som imponerar både naboen, ektefellen, lommeboka, vorspielet og han med snurrebart innerst inne i kroken på di lokale kneipe. Det hemmelege sider-oppskrifta blir avslørt.

Etter mykje prøving og feiling innan siderbrygginga har eg kome fram til korleis det skal gjerast og korleis det ikkje skal gjerast. Fyrste sats vart sett eit halvår før eg var russ, og skulle du òg tenka tanken om at sterk sider er god sider, kan eg avkrefta den myten fyrst som sist - Busted!

Det er naturleg nok mange måtar å koma fram til produktet sider. Det beste er likevel etter mi meining å reisa til den lokale eplepressaren og få pressa 25 liter eplesaft. Det er det perfekte utgangspunktet for ein god dunk. Vil du ha det mindre syrleg, kan du tilsetja 20-30% pære. Men pass på å reingjera dunken (og alt anna bryggemateriell) godt. Helst med klor.

Før du går vidare i prosessen må måla sukkerinnhaldet i safta med ei økselvekt. Har du dårleg hukomming må du skriva ned dette talet. Du vil få bruk for det seinare.

Pisk så inn ein pakke med raud cargus (sterkvinsgjær) i 2 liter saft og "slå" det inn att i dunken. Tøm på nytt ut nokre liter, og slå det inn att i dunken. Gjer dette 3-4 gongar, og rist deretter heile dunken ei stund.

No er dunken klar for gjæring. Det er difor viktig å ha på gjærlås på dunken, og ikkje vanleg kork. Med vanleg kork risikerar du at gjæringsprosessen gjer at korka sprett av, og utan kork endar du fort opp med epleedikk. Så kan dunken berre stå. Les bakpå gjærpakken for å sjå temperatur.

Sjekk så sukkernivået minst ein gong i veka. Når sukkerinnhaldet er på omlag 20 må brygginga avsluttast. Tilsett klårningsmiddel, og la det så nokre dagar til grumset har gått til botn av dunken. Ta ein slange, og tapp det over i flasker. Det er ikkje noko poeng i å putta pengar i dyre flasker. Vanlege brusflasker er dei beste flaskene, då korkene der er heilt tette.

Når du har flaska sideren må du på nytt måla sukkernivået. Me kjem attende til kva dette skal brukast til. Vil du ha ein kryddersmak kan dette tilsetjast no, men ha det i dunken på ein slik måte at det enkelt kan fiskast opp att.

Viss du vil ha bra med kolsyre i drykken, tilset du ei lita te-skei med fruktose før du set på korka. Med tida vil det slik dannast kolsyre av seg sjølv.


For mange er alkoholprosenten det viktigaste, og det er her den fyrste og den siste målinga av sukkerinnhaldet kjem inn. Ta det talet du fyrst målte, fx. 58, og trekk frå det siste nummeret du målte, td. 18. Då får du 40. Dette delar du på 7,62 (fin hugseregel for militærfreaks). Med vårt døme får du 5,25, og det er alkoholprosenten.

Lukke til med brygginga!

torsdag 28. oktober 2010

Brygging

av SR

Me har tidlegare blogga om den gong det var priskrig på øl, og lufta ideen om first price-øl. Men me bloggarane har òg brei erfaring innan brygging av både øl, sider og vin. Dette er både billeg, godt og spanande å laga, med andre ord noko for sparebloggen!

Fyrst av alt: Det er ein del byfolk som har fått det føre seg at det ikkje er lov å brygga vin, øl og sider. Dette er sjølvsagt feil, og skuldast nok at mange ikkje klarar å skilja mellom heimabrygg og heimabrend.

Grunnutstyr for brygging er 25-litersdunk, gjær, gjærlås og slange. Dette kostar eit par hundrelappar, noko som altså tilsvarar 1,5 sixpack. Her er det superviktig med reinhald for å få eit godt resultat. Dette gjer du med klorvatn.

Det enklaste er å nytta ferdigpakkar. Dette får du på ei rekkje jarnvarehandlar, og du kan få kjøpt vin i alle moglege smakar og alt frå lyst til mørkt øl.

Vil du gjera det meir spanande kan du laga det frå grunnen av. Underteikna har sett ein dunk med sider, og om litt kjem eg attende med oppskrift, erfaringar og test. Ein ekte tease der altså!

måndag 25. oktober 2010

Nye tilbod

av SR

Spar
Spar har denne veka lete seg inspirera av at Jan Thomas har fått nytt tv-program, og har denne veka pølsefest - 40% på alt av pølser frå Gilde, Prior, Finsbråten og Slakter'n. 200-gramsplater frå Freia til 19,90 kan vurderast om du ikkje kjøpte til 16,90 hjå rimi for nokre veker sidan. Elles ikkje noko nytt frå den kanten, framleis like dyrt.

Joker
Svinekotelettar til 29,90 kr/kg er greitt, men me har sett billegare. Likevel verdt å merkja seg at tilbodet gjeld både for frosne og ferske. Ved å velja dei ferske får du meir for pengane. Elles har dei ikkje klart å oppdatera kundeavisa denne veka...

Bunnpris
Òg Bunnpris har kotelettar til 29,90 kr/kg denne veka. Freia-sjokolade til 19,90 kr/200g er òg å få kjøpt her denne veka. Imponerar elles med lutefisk til 19,90 kr/kg. Erfaring tilseier likevel at bacon, ertrestuing, poteter og anna bør kjøpast andre plassar. Me let oss framleis imponera over 400 g kjøtdeig til 19,90 - fast pris.

ICA Maxi
Joikakakene feirar år i år, og ICA markerar dette med å selja ei boks for 24,90. Smågodt til 6,90 kr/hg og mandarinar til 12,90 kr/kg er heller ikkje feil.

ICA Nær
40% på all tex mex frå Santa Maria, samt ei rekkje merkjer med brus er god stemning.

Mega
10 kr for mykje frukt. Ikkje alt er pr. kilo, men det er likevel ein bra pris. Svinesteik med bein til 49,90 går òg an, men me oppmodar ikkje til hamstring. Torsk til 79,90 kr/kg er særs bra, med mindre du kjenner nokon i fiskeindustrien.

Rimi
Smågodt til 6,90 kr/hg og kotelettar til 29,90 kr/kg òg her. Norvegia til 59,90 kr/kg er bra, og kan godt hamstrast. Norske eple til 14,90 er relativt fint, men framleis dyrt.

onsdag 13. oktober 2010

Ulike garantiar ein kan dra seg nytte av

av SR

For mange butikkar har det gått sport i å koma med garantiar som dei kan reklamera med. Dette trekk kundar, men kostar lite, då det er få som tek seg bryet med å reklamera på mangelfulle varer. Her kjem ei lita oppsummering av garantiane du kan dra deg nytte av:

Kiwi:
- Dobbel pris attende om du ikkje er nøgd med kvaliteten på frukt og grønt. Det er her altså lagt opp til ei subjektiv vurdering av kva som er god kvalitet, så her er det i prinsippet mogleg å gjera seg rik på frukt og grønt som eigentleg er av god kvalitet. Som sparar er me vande med å eta det andre ville ha kasta, men er det kjøpt på Kiwi kan det altså gjera deg rik. Noko me i bloggen har nytta oss av er å kjøpa varer som er dårlege i hyllene, for så å gå rett attende i kassa. Så ver alltid obs på ferskvarer som krydderplantar og bær.
- Finn du varer som går ut same dagen eller dagen etter kan du gå i kassa og få det gratis. Spelereglane opnar her for at det er lov å gøyma unna varer.

Bunnpris:
- Har same ordning som Kiwi med dobbel pris attende for frukt og grønt du ikkje er nøgd med kvaliteten på.

Alle COOP-butikkar:
- Smakar ikkje vara like godt som du trudde den ville, gir COOP deg pengane attende. Òg denne vurderinga er høgst subjektiv, og opnar for at ein kan eta seg mett, for så å få pengane attende. Det er det me i bloggen kallar god stemning!

COOP Marked:
- Viss det ikkje er ferskt brød i hyllene, får du eit COOP-lettbaka brød gratis.

Rimi:
- Uvisst om brødgarantien som gav deg 50 kr i gåvekort om dei var utselde for brød framleis eksisterar. Her er det likevel verdt å prøva seg. Dei reklamerar framleis om at du alltid får brød der vertfall.

Elkjøp:
Har full returrett dei 30 fyrste dagane etter kjøpet, og "komplett vare" kan leverast attende i "tilsvarende stand som når den ble kjøpt". Juridisk sett er det ikkje noko krav om at embalasje ikkje kan vera broten og slikt (med unntak for filmar og spel", noko som særleg kjem fram av at det blir presisert at garantien ikkje gjeld filmar og spel der embalasjen er broten.


Hugs: ta alltid vare på kvitteringa!


Denne lista er langt frå uttømmande. Veit du om ein garanti me ikkje har fått med? Legg den inn i kommentarfeltet. Gjerne frå andre bransjar enn matvarebransjen òg!

måndag 4. oktober 2010

Tilboda denne veka

av SR

Spar
Norvegia til 59,90 kr/kg har etterkvart blitt eit godt tilbod. Det er bittert for oss å måtte gjera det, men me tilrår altså no ost til 59,90 kr/kg, då tida for 49,90 om ikkje er over, så vertfall er særs sjeldan.

For den urbane kan me tilrå Smoothie på 40%, men ver obs på at det no er mykje billeg frukt og bær på marknaden, som gjer at det nok eg både billegare og betre å laga den sjølv.

Poteter til 19,90 for 1,5 kg er å bli pissa på, særleg for ein bloggar som har hatt helga i potetåkeren, og teke med meg poteter for eit halvt år framover - gratis!

Joker
400 g kjøtdeig (kylling eller storfe) til 22,90 er etande, og klart betre enn 24,90 som me har sett tidlegare. Treng du fersk kjøtdeig for å dela opp i mindre porsonar, kan me tilrå dette! Viss porsonering ikkje er like viktig, tilrår me det frysedisken har å tilby. Store Nidar-plater til 17,90 er heller ikkje å forakta, for den som likar slikt.

Bunnpris
Nedsette prisar på fisk frå Findus, men ver merksam på at det er opp til 40%, ikkje flat rabatt på 40%.

Fersk La Vita Pizza til 19,90 er særs bra, pris og smak sett saman.

Rimi
Har kjøtdeig på tilbod, men det er 24,90 for pakken, noko som altså er høgare enn på Joker. Pizza Riostorante til 19,90 er brillefint! Store sjokoladeplater frå Freia til 16,90 er veldig bra, og eit klart prov på at 40%-aren hjå Spar for nokre veker sidan var svindel.

Mega
40% på undertøy frå Pierre Robert er bra for dei av oss som ikkje er nøgd med det Sparkjøp har å by på.

Obs
Er du hard på på karbonadedeiga får du tre pakkar for 100 kr. Vidare får du fem Pizza Capriociosa frå Coop til 50 kr. Vidare står framleis tilbodet om ti pakkar fiskepinnar for 100 kr ved lag. Til dessert kan me tilrå grøne druer til 9,90 kr/kg, eller for helga Minde sine utvalde på 40% tilbod.

ICA Maxi
Har i skrivande stund tekniske problem, men ryktet skal ha det til 40% på ei rekkje varer, medrekna jogurt.

NB! På veg ut frå min snartur innom Kiwi i dag såg eg i augekroken noko som likna på ein 500g-pakke med fersk storfekjøtdeig frå First Price. Dette lovar bra, men prisen er altså framleis uklart kvar i lende prisen ligg.

torsdag 30. september 2010

Gratis gratis!

av SR

ALARM!

Det er berre éin ting som er betre enn varer på tilbod: det som er gratis!

Nyleg har Mølleren kome med sitt alternativ til pasta og poteter: Bygg- og kveiteris med smak. Dette markerar Mølleren med å gje vekk gratisprøver, og det står ikkje noko om at mottakaren må betala for porto, og det er bra!

Så sjekk ut http://www.mollerens.no/Landingssider/

Her er det kanskje moglegheit for å tingja fleire!

God stemning!