Viser innlegg med etiketten fotballfrue. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fotballfrue. Vis alle innlegg

onsdag 9. mai 2012

Sparebloggen boycottar Bloggawards 2012

av KR

Kjære webloglesar.

Som du veit er me korkje rosabloggarar eller fotballfruer, me er småkårsfolk og småspararar - og det har me tenkt å halda fram med. Det er difor med avsky me no høyrer at u-landet Noreg har fått sine fyrste sokalla offisielle Bloggawards. Kven som har slått awarden til offisiell veit me ikkje, men me reknar nærast med det er siste arbeidsmarknadstiltak frå Fornyingsdepartementet.

Sparebloggen vil difor offisielt melde at me boycottar Bloggawards 2012. Me gjer dette av omsynet til vårt eige gode rykte, for me ynskjer ikkje å verte observert innanfor ein radius på 50 mil av parasitten Fotballfrue, motebloggaren Vampus og samfunnsdebattanten Ida Wulff. Lat oss difor sleppe fleire nominasjonar!

Dykkar trufaste,

Sparebloggen.

onsdag 9. februar 2011

Ikkje heilt som andre bloggar

av KR

Me var ikkje inviterte på kjendisfest med bloggarane. Me var heller ikkje nominerte til noko. Me vart ikkje omtala som "dei nye opinionsdannarane" av Per Sundnes. Me vart ikkje omtala som "attraktive for næringslivet" av Petter Stordalen. Me fekk ikkje høyrd den hese stemma til Jenny Skavlan.

Om me føler oss forbigådde?

I grunn ikkje.

søndag 21. november 2010

Me tek gjerne i mot kronasje

av KR

I veka som har gått har me kunne lese om diverse fotballfruer og andre rosabloggarar som mottek pengar (og no kritikk) for å sause saman bloggen med redaksjonell omtale og anna tilfeldig plassert reklame. Dei mottek kort sagt pengar for å plassere sine produkt på bloggen.

Om me føler oss forbigådde? Ja, så visst!

Sparebloggen mottek ikkje så mykje som ein miniatyrpakke rosiner frå Eldorado. Og det beklagar me på det sterkaste. Det er i grunn eit sakn. Ikkje berre vil me kjøpe varer på tilbod, me vil helst få dei tilsendt gratis og fraktfritt -- og aller helst få betalt for å skrive kva me fortærar. I morgon ventar vekas tilbod, som vanleg gratis levert frå oss til deg.