onsdag 9. mai 2012

Sparebloggen boycottar Bloggawards 2012

av KR

Kjære webloglesar.

Som du veit er me korkje rosabloggarar eller fotballfruer, me er småkårsfolk og småspararar - og det har me tenkt å halda fram med. Det er difor med avsky me no høyrer at u-landet Noreg har fått sine fyrste sokalla offisielle Bloggawards. Kven som har slått awarden til offisiell veit me ikkje, men me reknar nærast med det er siste arbeidsmarknadstiltak frå Fornyingsdepartementet.

Sparebloggen vil difor offisielt melde at me boycottar Bloggawards 2012. Me gjer dette av omsynet til vårt eige gode rykte, for me ynskjer ikkje å verte observert innanfor ein radius på 50 mil av parasitten Fotballfrue, motebloggaren Vampus og samfunnsdebattanten Ida Wulff. Lat oss difor sleppe fleire nominasjonar!

Dykkar trufaste,

Sparebloggen.

1 kommentar:

  1. Gode rykte?

    Du mener vel heller at at de ikke spanderer reise og opphold på deg... ;-)

    Koser meg med god søndagsmiddag...
    Ta 100gram kyllingfilet(Bunnpris 300gram pakke for 29.- 'Lørdagspris') og stek i panne.
    Ta resten av risen fra igår, tøm ca 1/3 glass med Uncle Bens Tikka Massala saus(datosalg, 10Kr for et glass) og varm i nukemeisteren.
    Nytes sammen med en kald øl, eller en boks brus fra siste Svenskehandel. Velbekomme!

    Det beste er at om eg koker opp mer ris så har eg middag i to dager til på resten av kyllingfileten og sausen. (Middag til ca 15Kr om du drikker vann til den, runder 20 med brus.)

    SvarSlett