Viser innlegg med etiketten joker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten joker. Vis alle innlegg

måndag 8. juli 2013

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Kjøtdeig av storfe 400g 22,90 er brukbart, men sjølv tvilar eg på at eg kjem til å prøve meg på tilbodet. Det har no gjenteke seg så mange gongar at Joker anten er for seine med å få ut tilbodsvarene, eller at dei er gått tomme allereie fyrste dagen. Håplaust av Joker!

* Spar
40% rabatt på Hennig Olsen-is høyrer sumaren til. Skinkeboks til 19,90 er ikkje bra nok, då me på kort tid har sett denne nede i 14,90.

* Ica
Frosne reker til 59,90 pr kg er visst tilbodsvare på Ica, og likevel går dei altså med milliardunderskot. Forstå det den som kan. Vassmelon til 7,90 pr kg er derimot bra.

* Obs!
40% på all juice og kaffi frå eige merkevare. 60% rabatt på Rosendahl-servise, kanskje på høg tid, men likevel milevis over dei kjekke Nille-servisa. Vel er lakseprisen passert 40 kr kg på Fishpool, men salmalaks til 169 kr kg er likevel eit hån mot fornuftige forbrukarar. Salmalaks er oppdrettslaks, ikkje villaks!

* Rimi
Framleis "opptil 50%"-kampanje, og me har så tregt for det at me framleis er skeptiske til ordninga. Me går ut i frå at hovud snart byrjar og rulle i Rimi-systemet.

* Prix
Ingen særskilt gode tilbod. Har framleis miks 2 for 49.

* Europris
4 kg Jasmin-ris til 39,90 har me sett billegare, men tilrådast om du er tom for ris. Sovepose kr 179, komforttemp -9, vekt 1,15 kg. Fin til sumarsbruk, også over skoggrensa, så lenge liggeunderlaget er godt. Hårklyppar kr 100!

* Bunnpris
Framleis 3 for 2 på utvalde varer.

måndag 27. august 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Reklamerar for 40% rabatt på frossenpizza frå Stabburet, men som me veit er det likevel billegare og betre å bake sjølv. Det same må vel seiast om jubileumsbrødet til Joker som kostar 15 kr stk, bak heller sjølv og få 4 til prisen av 1. Vekas tikroning er 220g italiensk salat. Nei og nei, Joker, FirstPrice sin er då 400g og kostar 9,90. Skandaleveke for Joker!

* Spar
40% på alle frosne papprodukt frå Findus, men framleis dyrare enn FirstPrice. Ikkje noko å rope høgt om dette, Spar. Det einaste me under tvil kan gå med på er at prisen på "Kapteinens fylte"-serien no ihvertfall liknar mindre på grisen.

* Obs
1 kg Norvegia til 59,90 byrjar diverre å verte veiledande tilbodspris. Den knallharde sparar held ut, og ventar på dei sjeldne 49,90-tilboda. Elles er bananar til 8,90 kr kg bra, og burde vega opp for evt kjøp av 2 chipsposar frå Kims til 30 kr. Obs prisar også ned Santa Maria-produkt med 40%, når kjøpte nokon sist tacoprodukt til fullpris?

* Mega
Holy mother of pork! Svineprisane byrjar å stupe, som seg hør og bør på denne sida av sumaren. Skinkesteik med bein går no til 39,90, noko som gjev ein særs billeg middag, men me trur prisane skal ytterlegare ned utover hausten! 40% rabatt på diverse ferdigmat frå Fjordland, "kupp" kallar Mega det - fjas kallar Sparebloggen det.

* Ica
Slår stort opp at dei spanderar kvart 5. brød, og det bør dei jaggu gjera òg når brøda kostar 29,90 pr stk. Bak sjølv. Fårikålkjøtet byrjar å trekke til hyllene, men 39,90 er då framleis stivt sjølv for ferskt kjøt.

* Bunnpris
Me høyrer frå Molde at sinnabloggar Linnea Myhre har byrja å jobbe på Bunnpris att, og det likar me særs godt - her luktar det gjesteinnlegg på Sparebloggen etter ein lang og hard arbeidsdag! Denne veka er det imidlertid lite å smile av på Bunnpris. Bananar for 9,90 kr kg er rett nok billeg - men ikkje i landstoppen denne veka.

* Rimi
17,90 for diverse sjokoladeplater som brått har  vorte 30-50g lettare iløpet av sumaren. Snedig måte å auke prisen på! Sjå opp for fleire skitne triks frå produsentleddet i takt med oppkjøp og mindre konkurranse. Elles er tilbodsveka fattig på Rimi, BigOne til 39,90 er då dyrare enn ein heimelaga bakeformpizza.

måndag 5. juli 2010

Tilbod veke 27

av SR

Spar
Ein gamal, men framleis like skuffande kjenning frå Spar denne veka. 24,90 for 400 gram kjøtdeig eller kylligkjøtdeig er ei hån mtp. alt det billege ein får i frysedisken. Flintsteik til 49,90 kan likevel tilrådast for dei som treng variasjon frå sommarkotelettane til 27,90, men marinering gjerast framleis billegast sjølv.

Joker
16,90 for to liter Sørlandsis er ikkje feil for den som likar slikt. Joker stiller denne veka òg med heilgrilla kylling til 29,90, noko som òg kan tilrådast. 1,5 liter Pepsi Max til 10 kr + pant er bra for den som er medviten på merkjevare.

Mega
40% på alt av tex-mex. Her er det med andre ord moglegheit for å sikra seg meksiansk middag for ein billeg penge ei god stund framover. Ver likevel medviten på at billegmerka har mykje bra på marknaden! Lokkar òg med fløteis, men må sjå seg slegne av Joker. Er du coop-medlem får du 1,5 liter Bris til 6,90 + pant, noko som er verdt å hamstra for.

Obs
Lokkar med 4 x 1,5 liter Sprite, Lemon, Fanta og Urge til 30 kroner, noko som er bra. Vidare får me denne veka 2 x 1,12 kg kyllinglår til 100 kr. Trekk me frå vekta frå beina blir det omlag same pris som for 2 kg first price-kyllingbryst, så valet er ditt.

Bunnpris
3 x 1,5 liter Bris eller Farris til 19 kr + pant er bra, det same er marinert laks til 79 kr/kg!

Rimi
Har nådd eit nytt lågmål. Ikkje berre er dei totalt blotta for tilbod, men tilbodsbladet deira består denne veka av ulike varer, der berre halvparten har pris. Dette luktar det av. Boikott neste?

måndag 1. februar 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Me er bønnhøyrde! Synnøve sin kvitost (med cholecalciferol) selgast til 39,90 pr kg. Me kjøper minst fem. Resten er ikkje noko tess.

* Rimi
Vekas luring frå Rimi er kyllingfilet 650g til 69,90 - styr unna! Det same må seiast om fiskegrateng til 40 kr, me kjøpte tilsvarande på Joker for nokre veker sidan til 10 kr. Eller kva med skinkesteika til 79 kr kg, som gjekk for det halve for 5-6 veker sidan? Me har att i frysaren og held oss langt, langt unna Rimi (også) denne veka.

* Spar
Fryseshow 40% rabatt på alle Findus-varer. Meir enn det veit me ikkje, for kundeavisa er utilgjengeleg etter omlegginga på spar.no.

* Mega
Fersk laks til 39,90 kr kg er tåleleg bra, men FirstPrice sel til same kiloprisen ferdig oppkutta (og nedfryst).

* Coop obs!
Svinekotelettar til 29,90 kr kg kan me like. Elles ikkje mykje å bringe til torgs.

* Prix
Prix ryddar i juledisken og dumpar svineribba til 19,90 pr kg. Underteikna oppnådde halv pris av dette igjen, då emballasjen var øydelagt - tilrådast.

Konklusjon: Vekas tilbod er definitivt kvitosen frå Synnøve, laup og kaup!

måndag 19. oktober 2009

Vekas tilbod

av KR

Suksessen held fram! Det er måndag og Sparebloggen gjev deg vekas høgdepunkt, også kjend som vekas tilbod.

* Joker
Joker følgjer opp førre vekes kanontilbod med eit nytt alarmerande godt tilbod: Kvitost frå fagre Synnøve til 39,90 per kilo! I følge Aftenposten sin råvarebørshistorikk må ein attende til førre bankkrise for å finne tilsvarande pris på lettlagra kvitost. Elles stiller Joker med kjøttdeig av svin til 24,90 per 400g (62,25 pr kg). Tilbodet frårådast då me i Sparebloggen ventar til kjøttdeig er på sal til 19,90 per 400g.

* Spar
Og der kom den! Gilde si kverna kjøttdeig 19,90 per 400g (49,75 pr kg). Styr unna luretilbodet på karbonader til 100 kr kg. Karbonadene lagar du sjølvsagt med den billege farsa nemnt over, litt mjøl, pepar og vatn. Me vil elles tilrå FirstPrice sin fiskegrateng 450g til 9,90 (22 kr kg) denne veka.

Elles merkar meg oss at både Joker og Spar selger sokalla "Wool Tights" denne veka, til same stive prisen. Me tilrår dykk å styre unna det me trur er lange underbukser.

* Rimi
Ingen særskilt gode tilbod denne veka, men om me vert tvunge til å peike på noko må det vera Euroshopper sin fiskepudding til 9,90 pr pølse (24,75 kr kg).

* Mega
40% på all TexMex. Her kan det tenkast ein kan gjera kupp, men ver varsam! Druer til 9,90 per hg, eg anar ikkje om dette er billeg - men i følge Mega er det "megapris". Om det tyder billeg anar eg heller ikkje. Døm sjølv.

* Coop Hypermarked
Coop stiller kjøttdeig av svin til 49,75 pr kg (i 400g pk), me tilrår heller Gilde sin hjå Spar. Vidare har Coop 40% på assorterte Findus-produkt denne veka, men dei fleste produkta sel FirstPrice billegare. Kaffien til Coop går også til 40% rabatt, kan vera verdt å plukke med seg.

Vekas tilbod er definitivt osten frå Joker, med kjøttdeiga til Spar på ein god 2. plass.

måndag 12. oktober 2009

Spareblogg-alarm!

av KR

Alarm! Alarm! Det er alarm på vegne av vanvittig mange spararar i det ganske land!

Denne veka selger Joker beinfri, surra skinkesteik til 34,90 pr kg. Maks 5 per kunde, skriv Joker. Dette løysast med lausskjegg, hatt og briller. Om du ikkje har slikt i hus, tilrår me at du tek turen fleire dagar på rad.

Vil til sist nemne at dei andre tilboda frå Joker denne veka er ein hån mot oss spararar, men det er klart dei må hente inn att tapte marginar på skinkesteika. Så ta turen til Joker, og snurr deg ut or døra att med nettet fyllt av svinekjøt.