Viser innlegg med etiketten tannkrem. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tannkrem. Vis alle innlegg

torsdag 20. oktober 2011

Instruks for first price-tannkrem

av SR

I mars hadde me ein test av first price-tannkrem, ein av firstpriceperlene. Me fekk då tilbakemeldingar i fleire medium om at det var vanskeleg å spretta forseglinga. Her kjem difor ein instruks.

Før du tek tak i den nye tannkremtuba er det viktig å sikra seg at den gamle er heilt tom. Her ser du ei eksemplarisk tømt tube. Legg merke til brettinga heilt fremst i tuba som gjer det lettare å få ut dei siste slantane:


Slik ser den nye tuba ut:


Når ein skrur av korka møter ein denne forsegla tuten, og det er denne som skapar problem for mange:


Det som bokstavleg tala er nøkkelen til å opna forseglinga. Denne finn du på toppen av korka:


Nøkkelen for å opna forseglinga nyttar du på denne måten. Trykk korka ned, og ha eit hardt trykk medan du skrur rundt:


Når dette er gjort er forseglinga laus, og kan enkelt fjernast:

onsdag 2. mars 2011

Test: Tannkrem frå First Price

av SR

I serien der me testar kvaliteten på billegprodukt, har me denne gongen kome til:

Produkt: First Price tannkrem.
Pris: 4,90 for ei tube på 75 ml.

Funksjonalitet 5 av 5

Sjølve tuba er som andre, og det er korkje lettare eller vanskelegare å klemma ut dei siste restane. Ein dag eg får anden over meg skal eg eg laga ei fotoreportasje over korleis ein får tuba til å vara 3-4 gongar ekstra.

Elles har eg brukt mykje billegtannkrem, og då stort sett First Price. Når eg var til tannlegen i sommar, fekk eg skryt, så det er ikkje noko å seia på effekta heller.

Appetitt 2 av 5
Smaken er tam, og gir ikkje noko sterk frisk kjensle i munnen. Sjølv er eg tilhengjar av sterk mentolsmak, og slik sett er denne tannkremen skuffande. Det er likevel klart at produsenten har utbetra den noko det siste året, då det før var endå mindre smak. Smaksskilnaden frå sløsemerket Zendium er likevel ikkje så stor.

Vidare er det på det reine at den skummar lite, noko som trekk ned.

Fordøying 5 av 5

Bruk av denne tannkremen byr korkje på problem i den eine eller andre enden. Eg har likevel ikkje ete dette produktet, berre pussa med det, og kan slik ikkje gå god for eventuelle verknadar knytt til slik bruk.

Tilråding: Dette er eit produkt me kan gå god for, som eit middel for den som eine og åleine tenkjer på munnhygiene og pris. Er du nøyen på smak, er ikkje dette tannkremen for deg. Men hugs, då må du òg opp i pris!

måndag 29. november 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Nakkekotelettar til 29,90 kr/kg er billeg, og kan tilrådast om du ikkje alt har frysaren full av billegare svinekjøt (jf siste vekene sine svingode tilbod, pun intended). Colgate er vekas tikroning, me frårår og tilrår FirstPrice sin tannkrem til under halve prisen.

* Rimi
Frosen lutefisk 13,90 pr/kg er ein pris me likar betre enn sjølve produktet. Det artige med lutefisk er at fisken stupar 80% i pris straks den har gått gjennom eit nytt produksjonsledd. Elles pregast Rimi av varer med juleetikett, og der tilhøyrande pris (2-3x veil med heilårsetikett).

* Kiwi
Kalkun til 24,90 kr/kg let seg høyre. Denne kan steikast opp, parterast og porsjonerast til kvardagsmåltid, og vil gje eit herremåltid til omlag 10 kr pr person inkl ris og saus.

* Mega
40% rabatt på diverse ferdigrettar, me fryktar likevel stive prisar! Ingen særskilt gode tilbod denne veka.

* Spar/Eurospar
Førar òg kalkun, men 5 kr dyrare pr kg enn Kiwi. Elles har svineribba dobla seg i pris hjå Spar-kjeda. Generelt dårleg tilbodsveke også her.

* Ica Maxi
Surra svinesteik til 29,90 kr/kg er rekordbilleg, og tilrådast om du ikkje alt har frysaren full (det skal etast òg!). Elles held Ica Maxi 20-, 30- og 40-kronarsmarknad, men når ei skinkeboks (325g) går for 30 kroner skjønar me teikninga...

* Bunnpris
Lutefisken går til 19,90, 6 kr dyrare pr kg enn Rimi. Elles lanserar Bunnpris 900g risengrynsgraut frå FirstPrice (900g) til 19,90. Omlag dobbelt så dyrt som å koke risen sjølv, men me avviser ikkje å teste produktet om prisen kjem ned. Rapport kjem i tilfelle her på bloggen.

* Obs!
Vekas kalkun kostar 49,90 kr/kg, det doble av Kiwi! Kokt "juleskinke" kostar 109 kr/kg, meir enn det tredoble enn skinka frå Ica Maxi! Me kan med vissheit slå fast at julerusen har innteke Obs, og me styrar klar.

Konklusjon: Ei variabel tilbodsveke, med enkelte høgdepunkt så fremt frysaren er ledig for meir svinekjøt og kalkunkjøt.

onsdag 8. september 2010

FirstPrice-perler

av KR

FirstPrice leverar stort sett varene i mi og di hushaldning. Me veit kva me får, og det er sjeldan eit billeg FirstPrice-produkt verkeleg imponerar oss på pris. Det er låg pris me forventar! Somme gongar derimot, vert eg rørt og våt i blikket der eg står og ser på prislappen. Eg hadde aldri trudd eg kunne sleppe unna med den prisen. Latteren brer seg så, og varar heile vegen heim. Me serverar denne veka tre utvalde FirstPrice-perler.

Som kjend skal ein ikkje bruke mykje pengar på personleg hygiene. Friske kroppar reingjer seg stort sett sjølv, berre du tek tida til hjelp. Innimellom kan det likevel vera verdt å reinske opp litt, som til juletider eller runde dagar.

*Tannkrem 75 ml kr 4,90
Dette er ei sann FirstPrice-perle, med fluor, som underteikna har nytta seg av dei siste 3-4 åra. Der Solidox sel 75-100 ml for gudane-veit-kva, får nok FirstPrice colgatesmilet til å stivne der tannkremen går med 85% rabatt!

*4 tannbørster kr 9,90
FirstPrice veit at tannhygiene er viktig, og gjev difor alle sjansen til å delta. 4 tannbørster til kr 9,90 er under kr 2,5 pr stk. Ikkje veit eg kor mykje ei tannbørste normalt kostar, men eg vil tippe frå 10x prisen og oppover.

*Sjampo 500 ml kr 7,90
Hårvasken er ikkje lenger noko problem -- med FirstPrice kan du vaske håret minst to gongar i veka! FirstPrice veit dei har med sparsomme folk å gjera, difor står det også "For daglig pleie" på etiketten. Nuvel! Gløym ikkje at dette er konsentrerte saker, som naturlegvis kan vatnast ut!