Viser innlegg med etiketten budsjett. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten budsjett. Vis alle innlegg

måndag 6. januar 2014

Vekas tilbod

av KR

Me ynskjer alle våre lesarar eit nytt, godt spareår!

* Joker
800g karbonader til 29,90 gjev mange billege middagar. Det er konkurransedyktig i høve til prise på heimelaga karbonader, men når neppe opp mtp smak.

* Rimi
400g kjøtdeig av storfe kr 19,90 er ein klassikar.

* Spar
Stor tikronarsmarknad med alle dei gamle kjende. Kaffi frå Ali til 10 kr per 250g. 450g Kystens fiskegrateng til 10 kr er lenge sidan me har sett, og ein god start på året. Meir kvardagsleg er då 400g blodpølse, om enn så billeg til 10 kr snabben.

* Obs
Tikronarsmarknad også her, me nemner tine Kremost, 500g yoghurt og blodpølse. 2 bogskinke 325g for 30 er også innanfor.

* Mega
59,90 pr kg ost er utanfor, meinar me, men kan til nøds kjøpast i eitt eksemplar. Helst vil me sjå osten på 39,90 eller 49,90.

* Matkroken
Pærer 9,90 kr kg er akseptabelt. Fiskegratengen går her til 9,90 for 450g, men er fattigare på fisk enn den frå Findus nemnt over. Strimla svinekjøt 400g 19,90.

* Prix
Når 1,5l Farris annonserast som tilbod på 16,5 + pant skjønar ein kor dårleg det står til. Styr unna.

* Ica
Tikronarsmarknad her òg, men langt fleire luretilbod mellom tikroningane.

* Europris
Bergene Melk-serien frå Nidar til 10 kr stk er særs bra, om ein absolutt må kaste bort pengar på sjokolade. Diverse kjøkkenutstyr, som kaffitraktar, vasskokar, mm til 99 kr stk. Barbermaskin, hårfønar, krølltang, mm til 50 kr stk. Upåklageleg! Alt no kan ein altså byrje og planlegge julegåvene.

onsdag 23. januar 2013

Kaloriteljing som budsjettgrep

av KR

Ja, eg innrømmar det gjerne; eg har byrja og telje kaloriar. Og ja, det skjer ved hjelp av ein app. Ekstra pinleg er det at dette skjer i januar... Hadde nokon fortalt meg dette for berre éi veke sidan, ville eg sagt "søk hjelp" og ledd høgt. Eg ler framleis, men heile vegen til banken. Høyr berre her:

Trass i ein nøktern livsførsel har eg lenge ant eg levde over dagsbehovet, særleg med store middagar og kveldsmåltid, men buksevidda har trass dette vore stabil i mange år.

Det var gjennom eit eksperiment på Howard Stern TV eg vart informert om at kaloriappar i det heile eksisterar. Etter å på moro ha logga eit døgninntak no i helga vart mistanken stadfesta; eg et minst 50% over dagsbehovet. Enkelte fredagar og laurdagar nærare 100% over dagsinntaket. Sjokkerande usunt tenkjer somme, sjokkerande sløseri tenkjer andre!

Dette måtte eg sjå nærare på.

Sundagen kom og appen vart teken i bruk. Lunsjen vart logga, det same eit mindre mellommåltid. Kvelden før hadde eg teke opp eit bra stykke ferdigstekt svineribbe (400g) eg skulle kose meg med denne sundagen. Appen protesterte heftig, dagsbehovet vart sprengt. Eg måtte halvere kjøtmåltidet for å få det til å passe inn i mitt kalkulerte dagsbehov. Sidan eg enno var i testmodus lot eg appen styre, og halverte skinka og gjekk vidare med middagsplanane. Middagen var god, og eg var mett - til halve mengda. Når kveldsmaten kom hadde eg iflg appen berre råd til å eta 2 brødskiver før dagsbehovet var nådd. Eg var likevel så mett etter middagen, at eg nøydde meg med éi brødskive og to gulrøter. Når sundagen var over hadde eg difor ein heil middag til overs, som gjekk direkte inn i måndagsplanane. I tillegg hadde eg spart mykje brødmat og pålegg både tidleg og seint på dag. Ka-ching! Kor mange gratislunsjar og -middagar utgjer det? Nok ein gong måtte Kipling eller Freedman gå attende på sine berømte fraser.

Til no har appen halvert mitt lunsj- og kveldsmatinntakt, halvert middagsinntaket i helgene og utgjort nokre småreduksjonar på vekedagane. Ut i frå dette trur eg det ligg ein sparegevinst på 33% i høve til matbudsjettet.

Det vert pengar av slikt.

Erfaringa tilseier at ein ikkje treng logge måltida i mange dagane før ein får føling med kva som gjev kva, og sjølvsagt skal ingenting vegast - alt går på gefühlen og plottas inn i appen. Som ein bonus kan ein gå ned i vekt om ein ynskjer det. Appen kan nemleg logge di noverande og framtidige vekt. Kvifor vera medlem på dyre treningssenter, kjøpe snakeoil og helsekost, når du kan la gratisappen ShapeUp også slanke matbudsjettet ditt?

Disclaimer: Me har ingen bindingar til ShapeUp og tvilar ikkje på at det fins mykje betre programvare frå andre produsentar der ute.

torsdag 14. april 2011

Senk matbudsettet!

av SR

Etter at eg i lunsjpausa røpa at eg har eit matbudsett på maksimalt 7-800 kr i månaden blei eg oppforda til å komma med eit blogginnlegg om korleis dette kan gå. Tanken var fyrst å fylla ei handlekorg, men eg slo då frå meg, då innhaldet vil variera frå person til person. Eg baserar difor det heile på gyldne reglar, og ynskjer med dette velkommen inn i mi verd:

- Gjer få, men store innkjøp. Gå berre i butikken ein eller to gongar i veka. På den måten unngår du å komma på ting på "berre må ha".
- Bruk litt tid på å laga ei handleliste. La den gjerne henge på kjøleskapet slik at det som det er behov for, og ikkje noko anna, blir ført på.
- Kjøp så få halv- og heilfabrikat som mogleg. Ikkje berre er det usunt, det er dyrt i tillegg! Gå i stikkordsregisteret i margen til venstre, og finn fram til "kokebok", der finn du ein del tips til korleis du kan laga saker og ting frå botn av.
- Ikkje ver redd for å gjera store innkjøp. Varer er som regel billegast i stort kvantum, her er 5 kg-sekkane med poteter eit godt døme. Ikkje ver redd for å svi av ein del i starten, du får det att i tida som kjem.
- Ha alltid kontroll på tilbodsvarene. Skaff deg ein frysar, og fyll opp med det som er billeg denne veka. Så slepp du å kjøpa tilsvarande vare til full pris.
- Sjå alltid på tilbodsvarene si datomerking. Ikkje noko er surare enn å ha hamstra for mykje, slik at det går ut. Men ver obs, dette går òg den andre vegen. Det er ingen grunn til å kjøpa éin kg tilbodsost, når det er 3-4 månadar til den går ut på dato. Då kan du like godt fylla opp kjøleskapet.
- Ikkje nedvurder restemiddagen. Ikkje høyr på bakteriefreaksa sine tvangstankar. Middagsmat held seg godt i kjøleskapet 2-3 dagar. Kall gjerne restemiddagen for tapas om det hjelper.
- Aldri ha meir enn 2-3 typar pålegg i kjøleskapet samstundes. Mange typar pålegg er ferskvare, og før du veit av det må halvparten kastast.
- Bak ditt eige brød. Det er meir mat pr. skive (lågare forbruk av pålegg), smakar betre og er veldig lett. I tillegg er ofte ferdigblandingar på 10-kronersmarknad.


Hugs at det ikkje er noko problem å laga middag til under 20 kr pr. mann, berre du gjer store og riktige innkjøp.

måndag 17. januar 2011

Gratis trening og færre bilringar

av KR

Det er visst dyrt å trene i Noreg, ja dette i følge VG. Er kanskje det grunnen til at bilringen min stadig får tilført meir luft? Uvisst! Månadsprisar kring 4-500 kr er visst standarden over heile landet, ja dette i følgje VG. Ikkje berre ét det norske folket dyrt, dei betalar faktisk dyrare for å kvitte seg med overskotsmåltida! Er det rart hushaldningsbudsjetta sprekk kring om det ganske land?

Nuvel! Etter Sparebloggen sine opplysningar er det fri ferdsel til fots i utmark heile året. For den røynde spararen tilbyr òg utmarka feriemoglegheiter, og her er du langt unna bleike, britiske solturistar og sleske, tyske bratwürster. I tillegg sparast du for ei rekke overivrige svenske reiseleiarar, og dertilhøyrande bingo- og quizkveldar.

Sparebloggen meinar at det norske folket openbart har det for godt. Livsfarleg godt. Det norske folk ét seg til døde. Byt difor ut middagsfatet med frukostfatet, og halvér porsjonane i dag! Dette sparar du pengar på i alle ledd, både overfør kjøpmannen - og ikkje minst overfor treningssenteret. Matbudsjettet kan altså lett halverast, og halverast enno ein gong om du følgjer Sparebloggen sine innkjøpstips.

Sprei den glade bodskapen, pay yourself first!