Viser innlegg med etiketten rimi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten rimi. Vis alle innlegg

måndag 13. oktober 2014

Vekas tilbod

av KR

Her følgjer vekas tilbod. Me vil elles alt no reklamere for SR sin test av alt i frå sandpapir til dopapir onsdag!

* Joker
Sokalla tikronarsfest på Joker denne veka, og då forventar me meir enn dei tradisjonelle tikronarsmarknadsvarene. Joker har mellom anna 1,5l juice frå Eldorado til 10 kr, tre stk paprika, ymse torosausar, 0,33l clausthaler og enno fleire dyre, unyttige tilbodsvarer. Somme tradisjonelle tikronarsvarer finn ein i Tine Kremost og King Oscar sine sardiner. Dei to sistnemnde er for så vidt billege tilbod, men me finn sardinene til FirstPrice minst like billege og velsmakande.

* Spar
Nygrilla kylling til 35 kr har etterkvart vorte standarden, men kyllingane vert ikkje større med åra, snarare tvert om. Me lengar framleis attende til tida der 29,90 var å finne overalt. Om me byrjar og verte gamle? Nei, berre gnitne.

* Rimi
Så enda det slik som me har spådd i fleire år. Ica, med håplause Rimi i si portefølje, er ute av norsk daglegvaremarknad. Og det er ein siger for forbrukarane, Konkurransetilsynet kan ikkje tru noko anna! Rimi har bidrege til å halde prisane oppe i norsk daglegvarehandel med sine utspekulerte tilbod, snedig prisa varer og generelt høge prisnivå. Denne veka får ein 250g Friele til 15 kr, 4 pizza grandis til 100 kr og norske epler til 19 kr kg. Ingenting å rope hurra for, sjølv om veiledande ligg noko høgare. Me bakar pizzaen sjølv, takk.

* Ica
Stor tikronarsmarknad denne veka, eller ein forsmak på opphørssalet? 250g kronekaffi til 10 kr tek me med oss, sjølv om me normalt føretrekk europriskaffien på tilbod. Utanom dette finn ei alle dei kjende tikronarsvarene, også 400g blodpølse og lungemos. Sistnemnde Noregs mest undervurderte middagsrett? Sjå fram til test på Sparebloggen seinare denne hausten! Me må fyrst manne oss opp...

* Coop obs
Gjer som Nordthug og køyrer i grøfta. Dette har me ikkje sett dårlegare på fleire månadar. Kvitosten går til 59,90, ein ublu pris på ei vare me skal ha under 50. Elles for det meste berre tilbod på kliss, som Pepsi max, chips og juice 1,5l til ein pris som langt overgår Joker.

* Mega
Fersk seifilet til kr 59,90 er noko i overkant for oss, ettersom også torsken i ei heldig stund dukkar opp fersk til denne prisen. Elles er det då nok av seiblokker til ein langt billegare pris å oppdrive om ein absolutt vil eta sei. Dette er ikkje ein fisk me tykkjer er fin nok til å eta fersk mot prispremium. Også Mega har juice 1,5l på tilbod denne veka, og er ikkje verre enn at dei doblar prisen til Joker...

* Kiwi
300g laksefilet (orsak; lakseloin) til 54,90 er kanskje årets dårlegaste fisketilbod. 185 kr kg for laks i ei tid der prisane er svakt fallande kan ikkje karakteriserast som anna enn ufisk. Derimot er det langt betre kva gjeld lammelåret, som denne veka går til 57,90 kr kg. Ypparleg slik det er, men også til salting og speking.

* Europris
Halv pris på motorolje, 4l av premiummerker som Mobil og Total til kr 199,50 er kanskje forlokkande, men svakt dyrare enn standardprisen til Biltema. Også Biltema sin motorolje vert, så vidt me kjenner til, også prosessert av anerkjende oljeselskap... Tilbodet gjeld berre til tysdag.

måndag 17. juni 2013

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Noreg er eit billeg land å bu i, og det stadfestar Joker denne veka med fryste kotelettar til 19,90 kr kg. Dette er bra kvardagskjøt omlag 10 kr under veil pris.

* Spar
"Ukens topptilbud" er grillpølser frå Gilde og Prior til 19,90 pr 600g. Alt i alt eit ba tilbod, men ikkje noko topptilbod. Flintsteika går til 69,90 pr kg, noko me meinar er 30 kr for dyrt pr kg. Elles er det somme 40% tilbod på varer med høg utgongspris, som smoothie og ferdigkutta salat. Me styrar klar.

* Obs
Der har me den! 39,90 pr kg for kvitosten til Synnøve. Særleg underteikna har frårådd mot å gå på desse 49,90- og 54,90-tilboda, nettopp i påvente av det kvartalsvise 39,90 pr kg. Her skal det ryddast plass i frysen. Den dyre grillmaten kan dei ha for seg sjølve, så det vert ei enkel handlekorg på Obs denne veka.

* Europris
Har stadig billege el-apparat for sal til 100 kr stk, som hårfønar, kaffitraktar, bordvifte og vasskokar.

* Prix
Inga kundeavis denne veka.

* Mega
Flintsteika stadig hakket for dyr, her 59,80 pr kg. 40% rabatt på kjøtpålegg frå Grilstad og Stranda kan romme nokre gode tilbod, men pass på å samanlikne mot FirstPrice.

* Matkroken
Ingen særskilt gode tilbod denne veka.

* Ica
Har ferske nakekottelettar til 29,90 pr kg, noko som er gangbart. Fersk makrell til 39,90 pr kg er også bra, men be om at den vert sløydd før han hamnar på vekta.

* Rimi
Har framleis opptil 50% rabatt på utvalde varer, som gjer at handlerunda vert tyngre både fysisk og kognitivt. Ja, om ein då ikkje heller finn seg ein annan butikk å handle på, naturlegvis. Flintsteika til 79,90 kan du få til akseptable 39,95 dersom du kjøper 49 andre varer. Ja, om me har forstått konseptet rett. Noko me framleis ikkje er heilt sikre på. Difor tør me nok aldri gå til kassa i Rimi med 50 varer i korga! Ta oss i nåde, for me veit ikkje betre.

* Bunnpris
Også Bunnpris gjer det komplisert å handle. Me er ikkje overraska over at den elles så topp-prisa kjeda også kastar seg på Rimi sitt feilgrep, der målet synast å tene pengar på dumme kundar heller enn å spele enkelt og ope om sluttprisen. Hjå Bunnpris er det imidlertid ikkje vanskelegare enn at du innanfor varekategorien Sommerbonus/sommerfavoritter kan kjøpe 3 og betale for 2, og her er det faktisk eit par gode tilbod. Lat oss på ny ta flintsteikdømet, som på Bunnpris med rabatt vert 39,33 kr kg. Og då slepp ein altså unna med 3 varer i korga mot Rimi sine 50. Ein kan òg mikse innanfor kategorien, og treng følgeleg ikkje ta med 3 av same vare. Då vil Bunnpris spandere den billegaste.

Me oppmodar lesarane om å halde fram med å rapportere om positive og negative utslag av desse nyvinningane innanfor daglegvarehandelen.

onsdag 17. april 2013

Kroken på døra for Rimi?

av KR

Ja, det er dette Pål R Silseth bak Norsk Kundebarometer spår etter tidenes dårlegaste Rimi-notering på kundebarometeret. Den låge plasseringa samsvarar godt med dei økonomiske resultata. Dessutan har då me då her på bloggen også siste 3-4 åra kunne observere kor dårleg Rimi gjer det i tilbodskampen kjedene i mellom. Sparebloggen finn ikkje tal på kor mange gongar me har bedt Rimi slutte å lure kundane sine gjennom tilbodskampanjane sine. Skal Rimi overleve må dei byrje å spele med opne kort, og ta kundane sine på alvor.

At konkurransen er enormt stor i norsk daglegvarehandel er ein av Sparebloggen sine mange kjepphestar. Det er ei myte av konkuransen er liten og varene dyre, dersom ein har augene med seg. Frå før har me sett Lidl og Ica Maxi legge ned grunna høg konkurranse og svake rsultat, og kan Rimi og resten av Ica-konsernet vera dei neste ut dørene?

onsdag 28. mars 2012

Tilbodsjuks avslørt!

av KR

Me har lenge gitt Rimi det glatte lag, og innimellom også andre, for å ha lokketilbod og varer til ordinære prisar i tilbodsavisene. No har Blabladet avslørt tilbodsjuks på ein ytterst pinleg måte for Ica, for øvrig eigaren av storjuksaren Rimi:

http://www.dagbladet.no/2012/03/28/tema/klikk/mat/20883958/

Me gratulerar fotografen med eit fantastisk skot, som nok ein gong syner oss at Sparebloggen sin tidvise kritikk mot Rimi og andre innanfor daglegvarebransjen er heilt berettiga!

Me vil halde fram som før og rapportere om dei verkelege tilboda der ute. Du kan stole på Sparebloggen!

onsdag 21. september 2011

Prissjokk VI

av OH

Prissjokk-spalta er tilbake - verre enn nokonsinne.
Rimi har ikkje fått toppkarakter for gode tilbod under vekas tilbod. Det er gjerne ikkje så veldig rart når dei presterer å prise italiensk salat frå Delikat til blodpris. Spesielt 200 gram for same prisen som 350 gram.


Betre lukke neste gong, Rimi!

onsdag 21. juli 2010

Prissjokk V

av OH

Denne plakaten ser ganske forlokkande ut, kiloprisen er under tilbodet til Joker denne veka.

Når eg gjekk lengre og lengre inn i butikken vart tilboda betre og betre. Som erfaren sparar, tek man sjølvsagt turen heilt inn i kroken i butikken ved panteautomaten.






Tilbodet ser jo fantastisk bra ut. Eg er i ferd med å ta med meg 1,2 kg grillpølser frå Gilde til under 32 kr/kg i det eg snur meg, og ser følgjande:






Det var rett og slett ikkje til å tru! Frosne grillpølser frå same produsent, til RÅFLOTTE 19,90 kr for 1,2 kg!! 16,58 kr pr kilo!

Er det mogleg? Dette må vere tiårets prissjokk! Sparebloggen anbefaler alle til å fylle opp frysar og det som er!

Rimi Sædalen i Bergen er vekas vinnar.
Godt det er noko som varmer ein ellers regnfull by når me les 21. juli i almanakken.

fredag 7. mai 2010

Prissjokk II

av OH

Etter ein kjapp tur innom Rimi idag la eg merke til prisforskjellen på nudlar.


Mr. Lee-nudlar kostar 19,20 kr for 65 gram, dette vert ein kilopris på heile 295,38 kr! Du får riktignok med deg ein kopp, men kva skal ein med det når det er oppvaskmaskin på jobb?







Rimi har også eit billegprodukt frå Kina til 3 kr for 85 gram, det vert ein kilopris på 35,29 kr.







Etter fem år i bygningsbransjen har eg lært nokre salgstriks, men dette held ikkje mål Rimi! Me kundar er ikkje såå dumme at me ikkje ser at 19,20 kr/65 gram ikkje vert 58,18 kr/kg!

måndag 19. oktober 2009

Vekas tilbod

av KR

Suksessen held fram! Det er måndag og Sparebloggen gjev deg vekas høgdepunkt, også kjend som vekas tilbod.

* Joker
Joker følgjer opp førre vekes kanontilbod med eit nytt alarmerande godt tilbod: Kvitost frå fagre Synnøve til 39,90 per kilo! I følge Aftenposten sin råvarebørshistorikk må ein attende til førre bankkrise for å finne tilsvarande pris på lettlagra kvitost. Elles stiller Joker med kjøttdeig av svin til 24,90 per 400g (62,25 pr kg). Tilbodet frårådast då me i Sparebloggen ventar til kjøttdeig er på sal til 19,90 per 400g.

* Spar
Og der kom den! Gilde si kverna kjøttdeig 19,90 per 400g (49,75 pr kg). Styr unna luretilbodet på karbonader til 100 kr kg. Karbonadene lagar du sjølvsagt med den billege farsa nemnt over, litt mjøl, pepar og vatn. Me vil elles tilrå FirstPrice sin fiskegrateng 450g til 9,90 (22 kr kg) denne veka.

Elles merkar meg oss at både Joker og Spar selger sokalla "Wool Tights" denne veka, til same stive prisen. Me tilrår dykk å styre unna det me trur er lange underbukser.

* Rimi
Ingen særskilt gode tilbod denne veka, men om me vert tvunge til å peike på noko må det vera Euroshopper sin fiskepudding til 9,90 pr pølse (24,75 kr kg).

* Mega
40% på all TexMex. Her kan det tenkast ein kan gjera kupp, men ver varsam! Druer til 9,90 per hg, eg anar ikkje om dette er billeg - men i følge Mega er det "megapris". Om det tyder billeg anar eg heller ikkje. Døm sjølv.

* Coop Hypermarked
Coop stiller kjøttdeig av svin til 49,75 pr kg (i 400g pk), me tilrår heller Gilde sin hjå Spar. Vidare har Coop 40% på assorterte Findus-produkt denne veka, men dei fleste produkta sel FirstPrice billegare. Kaffien til Coop går også til 40% rabatt, kan vera verdt å plukke med seg.

Vekas tilbod er definitivt osten frå Joker, med kjøttdeiga til Spar på ein god 2. plass.

laurdag 10. oktober 2009

Pizza for dei i tidsnaud

av SR

Er du i tidsnaud, td. fordi du har jobba overtid og slik fått tillegg, og du difor ikkje har tid til å laga sparebloggpizzaen, men likevel ikkje er viljug til å punga ut for ein filmdeal? Det likevel håp!

Ein kan sjølvsagt hiva ein stranda-spezial i omnen, men som me veit er den både dyr og smaklaus. Det er vidare eit mantra for oss i Sparebloggen at det ikkje skal vera usunt å vera økonomisk. Rema har som vanleg løysinga!

Ved fyrste augekast ser den både dyr og eksklusiv ut, noko den tildels òg er, berre ein ser vekk i frå dyr. Det eg snakkar om er den ferske italienske pizzaen som ligg avkjølt, men ikkje frosen. Den er i tre smakar, og to prisklasser - 19,90 og 24,90. Alle dei tre veg omlag 500 gram, altså nok til å metta ein mann, eller to kvinner. I skrivande stund er berre den eine prøvd ut, og det kjem vel då neppe som ei bombe at det er den som kostar 19,90. Den kjem med ein tynn italiensk botn, tomatsaus, kyllingkjøtdeig og ost. Skal du verkeleg slå på stortromma vider du på litt first price revet i tillegg, og du har eit realt herremåltid.

Og ikkje nok med at den er billig og god. Den er òg ferdig stekt etter berre 6-8 minutt!