Nedteljinga har i grunn byrja for lenge sidan, men no nærmar det seg skrekkeleg. Sparebloggredaksjonen skjelv i forventingsfull fryd. Luksusfellen på TV3 byrjar onsdag kl 20.30! Denne gongen betre enn nokon sinne, meinar me. Ørjasæter har joina topteamet - og sler seg no ilag med skallen Kvadsheim. E24-Ørjas burde tilføre programmet både økonomisk tyngde og slåsshandskar etter sine år som hovudjegar. Kvadsheim elles stø i faget, kjend bankmann med sparebloggfaktor.Likevel; me har i grunn høyrt det før. "For to år siden kjøpte Janne og Thomas i Vestfossen et hus som måtte pusses opp. De økonomiske problemene tårnet seg derimot opp på grunn av Thomas sin gamle kredittkortgjeld." Difor vonar me Ørjas og skallen kan gjera programmet tøffare denne sesongen. Me er leie av silkehandskane, og må be dei gå attende til røtene. Den svenske serien. Serien der budjettavlan er eit reint helvete. Der Bofögdbestyrelsen er synonymt med døden.
Så medan de ventar på norske sossisar tilrår me ein titt på svenske Lyxfällan, samt eldre episodar på det eminente tilbodet www.tv3play.no og www.tv3play.se (gratis naturlegvis).
