av KR
No når sumaren er over kjem Sparebloggen sterkt framover, og vil alt på onsdag lansere ei ny spalte. Følg med framover - også på onsdagane!
* Joker
40% rabatt på alle typar kaffi frå Ali. Surra svinesteik kr 29,90 per kilo, Noregs billegaste middag?
* Spar
Er du fin på det? Nytt sjansen og handle kaffi frå Evergood til 40% rabatt denne veka.
* Obs
Skiva lammebog til 89,90 er svindyr pris for det som normalt omtalast som fårikålkjøt. Kjøtdeig av lam 400g 26,90 er også i øvre hjørnet prismessig, og denne frårå me på det sterkaste. Ei feitare kjøtdeig er knapt å oppdrive på marknaden. Sparebloggen kjøpte denne for 17,90 for eit par år sidan, og siste rest av partiet ligg framleis nederst i frysaren.
* Mega
2x400g kjøtdeig av storfe til 50 kr er akkurat innanfor dersom du er tom, men storhamstringa får vente... 50% rabatt på diverse tacoprodukt frå Santa Maria er likevel ikkje særleg konkurransedyktig med FirstPrice.
* Bunnpris
Kjøtdeiga er heile 29,90 pr 400g her, og truleg produktet der dei hentar inn sitt tacokrakk på. Elles går lammelåret til gode 69,90 kr kg, men pass på å kjøpe eit stort for å minimere beinkostnaden. Fårikålkjøtet 49,90 her, ikkje heilt kurrant...
* Rimi
Tre vaskepulver (Omo, Blenda, Milo) for 99 kr er likevel ikkje billegare enn FirstPrice sine konkurrerande merkevare. Det same må seiast om 5 for 99-tilbodet av diverse vaskeutstyr.
* Ica
Når fårikålkjøtet kostar 79,90 pr kg freistar det kanskje heller med 2 x grandiosa til 50 kr, humre-humre. Lammekotelettar til 139 kr kg må då vera noregsrekord i frekkheit og svineri. Me styrar unna.
* Europris
Med tilstanden i tilbodsmarknaden i dag kan einkvar få grå hår, og difor sel Europris denne veka hårfarge til 40% rabatt. Me kjenner det alt gro betre der oppe... Malingsutstyr kjøpar du helst om hausten, og denne veka går kostar og anna til 50% rabatt. 3x250g kaffi (merke: Luxus) har me testa før, og prisen er nesten like uslåeleg som sist. Passar fint dette sidan Sparebloggen berre har 1 kaffipose att frå førre storhamstring.
Viser innlegg med etiketten svinesteik. Vis alle innlegg

måndag 15. september 2014
måndag 2. september 2013
Vekas tilbod
av KR
Sparebloggen var offline førre veke, men er no attende for fullt!
* Joker
Ein sparebloggklassikar er 29,90 kr kg for surra, beinfri svinesteik. Hamstring tilrådast på det sterkaste! Nok eit bevis på at det er billeg å leve i Noreg.
* Mega
5 kg poteter for 24,90 er ein fin haustpris, og nok ein grunn til å ikkje stå i åkeren sjølv.
* Spar
30% rabatt på Findus imponerar ikkje oss. Det gjer heller ikkje kotelettar til 49,90. Ingen tur innom Spar denne veka.
* Prix
2 svinekjøt 400g for 25 kr er bra, men me har sett denne til 10 kr stk tidlegare. 2 x 300g strimla svinekjøt 30 kr er også særs bra. Me lyt gjenta oss sjølve; det er billeg å leve i Noreg.
* Rimi
Framleis matpakkekampanje med smått reduserte prisar. Etter våre berekningar er påleggprisane for leiiande merkevare (les: matvaremonopolistane) senka 4-10%.
* Obs
Ingen særskilt gode tilbod denne veka. Norvegia til 54,90 pr kg er ikkje særleg billeg i vår tilbodsspalte, og 40% rabatt på texmex frå Santa Maria er framleis over FirstPrice sine alternativ.
* Ica
40% rabatt i fiskedisken kan romme bomber av ulikt slag...
* Europris
Mykje nips i denne vekas tilbodsavis, usedvanleg mykje nips. Me kjem aldri til å tilrå kubbelys, metallboksar med fin påskrift eller "velkommen"-skilt i tre uansett kor billeg det er. Derimot finn me stor glede i tilrå presenningar 1,7x2,0 m til 10 kr stk, eller ei 50 cm hekksaks frå Black&Decker til utrulege 99 kr!

Etiketter:
poteter,
spare,
steensnæs,
svinesteik,
økonomi
måndag 27. august 2012
Vekas tilbod
av KR
* Joker
Reklamerar for 40% rabatt på frossenpizza frå Stabburet, men som me veit er det likevel billegare og betre å bake sjølv. Det same må vel seiast om jubileumsbrødet til Joker som kostar 15 kr stk, bak heller sjølv og få 4 til prisen av 1. Vekas tikroning er 220g italiensk salat. Nei og nei, Joker, FirstPrice sin er då 400g og kostar 9,90. Skandaleveke for Joker!
* Spar
40% på alle frosne papprodukt frå Findus, men framleis dyrare enn FirstPrice. Ikkje noko å rope høgt om dette, Spar. Det einaste me under tvil kan gå med på er at prisen på "Kapteinens fylte"-serien no ihvertfall liknar mindre på grisen.
* Obs
1 kg Norvegia til 59,90 byrjar diverre å verte veiledande tilbodspris. Den knallharde sparar held ut, og ventar på dei sjeldne 49,90-tilboda. Elles er bananar til 8,90 kr kg bra, og burde vega opp for evt kjøp av 2 chipsposar frå Kims til 30 kr. Obs prisar også ned Santa Maria-produkt med 40%, når kjøpte nokon sist tacoprodukt til fullpris?
* Mega
Holy mother of pork! Svineprisane byrjar å stupe, som seg hør og bør på denne sida av sumaren. Skinkesteik med bein går no til 39,90, noko som gjev ein særs billeg middag, men me trur prisane skal ytterlegare ned utover hausten! 40% rabatt på diverse ferdigmat frå Fjordland, "kupp" kallar Mega det - fjas kallar Sparebloggen det.
* Ica
Slår stort opp at dei spanderar kvart 5. brød, og det bør dei jaggu gjera òg når brøda kostar 29,90 pr stk. Bak sjølv. Fårikålkjøtet byrjar å trekke til hyllene, men 39,90 er då framleis stivt sjølv for ferskt kjøt.
* Bunnpris
Me høyrer frå Molde at sinnabloggar Linnea Myhre har byrja å jobbe på Bunnpris att, og det likar me særs godt - her luktar det gjesteinnlegg på Sparebloggen etter ein lang og hard arbeidsdag! Denne veka er det imidlertid lite å smile av på Bunnpris. Bananar for 9,90 kr kg er rett nok billeg - men ikkje i landstoppen denne veka.
* Rimi
17,90 for diverse sjokoladeplater som brått har vorte 30-50g lettare iløpet av sumaren. Snedig måte å auke prisen på! Sjå opp for fleire skitne triks frå produsentleddet i takt med oppkjøp og mindre konkurranse. Elles er tilbodsveka fattig på Rimi, BigOne til 39,90 er då dyrare enn ein heimelaga bakeformpizza.

40%,
firstprice,
joker,
pizza,
spare,
svin,
svinesteik,
økonomi
måndag 19. desember 2011
Tilbod veke 51
av SR
Spar
40% på pære, eple og appelsin i laustvekt, samt Evergood-kaffi. Elles berre luretilbod.
Joker
Skinkesteik til 29,90 kr/kg er ein god gamal jokerklassikar. 330 gram twist til 39,90 trur me er ein bra pris.
Rimi
Krydra svineribbe til 39,90 kr/kg er bra for den som ikkje gidd å krydra sjølv, eller som oppdagar for seint at ribba ikkje er krydra. Klementinar til 8,90 kr/kg er bra, men me hadde rekna med at det skulle bli billegare på denne tida av året. Lutafisk til 17,90 kr/kg er vel kanskje av den billegaste fisken ein kan få.
Mega
40% på diverse småis og dessertar frå Diplomis. Elles får du 40% på lettbaka brød frå coop. Kva som ligg i dette, vitast ikkje. Heil torsk til 69,90 kr/kg er heller ikkje til å klaga over.
ICA Nær
Har denne veka pinnekjøt til 99 kr/kg, men pass opp for berre bein. Vidare får du klementinar til 8,90 kr/kg og kalkun til 29.90 kr/kg. Det er òg fem store sjokoladeplater for 99, men her vil det heller lønna seg med Rema sitt 2 for 30-tilbod.
ICA Supermarked
òg her på du heil torsk til 69,90 kr/kg, klementinar til 8,90 kr/kg og 330 g twist til 39,90.
ICA Maxi
Fem sjokoladeplater for 100, men Rema er som sagt betre. Elles lite å skryta av.
Obs!
Byr på pinnekjøt frå Henriettes til 139,90 kr/kg, noko som er billeg for så god kvalitet. Elles får du 10 x 1,5 liter Pepsi/Pepsi Max for 100 kr. Kalkun til 24,90 kr/kg er heller ikkje å forakta. Du får òg 1,5 liter farris til 9,90.
Konklusjon: Ikkje den mest imponerande veka eg har sett, men ok pluss. OBS imponerar med Henriettes, men eg saknar framleis billeg kvitost!

Abonner på:
Innlegg (Atom)