av KR
...det einaste me veit er at han ikkje er for dyr.
Ola Dunk veit ikkje kva maten kostar, sler VG fast i dag. 96% av tenåringane veit ikkje kva ei flaske Zalo kostar. Det veit ikkje me heller, for me kjøper aldri Zalo. Me handlar andre merkevare til halv pris av Zalo. Me traff også dårleg på fleire av dei andre spørsmåla. Årsaka er enkel; me kjøper aldri varene til fullpris, og me går normalt for nummer 2-vara til halve prisen.
Ikkje veit me kva eit VG kostar heller. Kan det vera 20 kroner for mykje?
At nordmenn ikkje veit kva matvarene kostar skal vera eit utslag av velstand. Tvert om, vil Sparebloggen innvende! Den som ikkje opnar augene, må opne lommeboka. Gjeldsveksten i hushaldningane talar også sitt klåre, depressive språk.
Å, lat oss ikkje øydelegga sumaren heilt enno. Kom dykk ut att i sola!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar