av KR
Sumaren er definitivt over! Haustjakta nærmar seg, og me ladar "sparebørsa".
* Joker
480g kvitost frå Synnøve til legendariske 19,90 er rekordbilleg kvitost. Dette er billegare enn grensehandel, og du sparar truleg ein bensintank også. Hamstring tilrådast på det sterkaste!
* Spar
Kaffiprisane kjem omsider ned att, også i Noreg, der Spar no sel Ali 250g til 10 kr. Tilbodet er ein del av ein tikronarsmarknad med alle dei kjende varene.
* Rimi
Gjer sitt beste med 730g kvitost til 39,90, men det er likevel ikkje godt nok samanlikna på Joker sin kilopris. Profilerar seg elles på skulestarten denne veka, og då veit me klokt å styre unna dei varene.
* Obs
Coop Obs har sokalla "Barnas uker" denne veka, og me som trudde det var Barnas uker heile året... Vel, vel, 1 kg Norvegia til 59,90 er kanskje billegare enn veiledande, men likevel dårlegare enn både Joker og Rimi. 5 Findusgratengar til 100 kr er heller ikkje særleg bra, når dette er ei vanleg tikronarsmarknadvare. 4-pk yoghurt frå Tine (4x125g) til 12,90 er eit par kroner billegare enn normalt.
* Kiwi
350g strimla svinekjøt til 17,90 (51 kr kg) er faktisk bra for å vera ferdig kutta og emballert. Her kostar kvitosten også 59,90. Me forstår at kvitost framleis er skulestartpålegget.
* Mega
10-kronarsmarknad også her med kjende varer som 500g yoghurt, Coop sitt sukra syltetøy, mm.
* Europris
5 liter motorolje til kr 299 er rimeleg bra i høve til bensinstasjonane, men me veit jo alle at Biltema sel 5 liter motorolje til under 200 kr. Lite å hente på Europris denne veka, kanskje 3 liter spylarvæske til 15 kr om du er tom. Hausten er nærme.
* Rema 1000
Sunn skolestart! heiter det i reklama, men kvifor er då 800g kjøtpølser til 29,90, 6-pk Coca-Cola 84,90 og sørlandschips til 15 kr hovudtilboda? Me vrir oss i smerte.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Etter at Tine slanket yoghurtbegeret er det nå kun 420 gr for 10kr. Ned i vekt, opp i pris...
SvarSlettHei! Tusen takk for ein strålande blogg! Eg berre lurer på om de kan ta med Coop Extra - sidan dette konseptet har blitt utvida med ganske mange butikkar dei siste åra.
SvarSlett