laurdag 17. juli 2010

Gjenbruk av kaffigrut

av KR

Kaffi. Desse brende bønnene som verkar oppkvikkande og vanedannande. Lenge var kaffien ei eksklusiv vare, men det losna på 1800-talet då importtollen vart redusert og produksjonen auka. Likevel kokte folk på same gruten veke etter veke utover 1900-talet, og etter kyrkjekaffien kunne det vera stor rift om den ferske kaffigruten. Ofte kunne det vera kaffien som gjorde folk til kyrkjegjengarar. Vanedannande det òg.

Dei siste tiåra har imidlertid daglegvarebransjen kutta prisane ytterlegare, og i dag kan ein nyte oppmalen Cirkel frå 35 kr kiloen. Likevel fins det store moglegheiter for sparing, då gamal lærdom i dag er gløymt. Kaffigruten er som århundra før oss, den kan brukast fleire gongar. Når kaffibøndene har brukt timar på plukking, burde du vise meir respekt enn å kaste bønnene etter ei trakting! Sparebloggen syner deg korleis.

Etter ei normal trakting ligg gruten i filteret att som støypeforma til ei trakt. I dette ligg det òg at mykje av gruten opp langs sidene på filteret knapt har rørt vatn. Ikkje berre er gruten god å trakte fleire gongar, men kaffitraktarane utnyttar gruten dårleg. Her ligg det ein dobbel besparelse i høve til tidlegare tiders kaffikoking, der all gruten vart eksponert for same mengde vatn. Ta difor fram ei skei og dytt gruten inn mot senteret av filteret, lag gjerne ein topp i senter då det er her vatnet i hovudsak treff. Fyll på med nytt vatn, men redusér mengda vatn med 1/3. Om du til vanleg traktar mild kaffi, kan du med fordel halvere mengda vatn.

Med dette er det ingen grunn til å fortvile når gjestane er i ferd med å drikke opp kaffien. Smil og spør om du skal sette på ei kanne til. Gode vertar les òg Sparebloggen!

Gjenbruk er ikkje berre besparande, det er miljøvennleg - og følgeleg moderne!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar