onsdag 18. desember 2013

Du grøne, glitrande, osv

av KR

Sparebloggen er opptekne av juletida, og at ho skal gå sømeleg og nøysamt føre seg. Treet må gjerne glitre, så lenge det knitrar og skin i lommeboka. Litt ekstra skal det vera i desember, og me tenkjer plast. Eit plastjuletre er av dei betre investeringane du kan gjera her i livet. Det er enno ikkje forseint å koma seg inn i marknaden, men toget går nok 23. desember kl 20.

Medan juletreselgarane står der ute og frys i kjeledressane sine, kan du spasere rett inn i den varme supermarknaden og handle treet ditt der. Trea fins i alle storleikar og prisklassar, sjølv tilrår me prisklassa 199-299 og storleiken 180-225 cm. Trea er å oppdrive på dei fleste marknadar, som Coop Obs, Europris, Biltema, Jula, mfl. Ofte er inntaket av vara av lokal karakter.

Unngå midd, bruk plast.

Lat oss føresette av dryssande trevirke kostar 300 kr og er tomt for nåler etter ei veke, medan ditt plastjuletre har ei levetid på 25 år. Vil du betale fleire hundre kroner i året for dryssing, stikking i fotsålen og støvsuging? Ikkje me heller. Difor har me laga følgande dryssfrie alternativ for deg, som òg involverar overlegen avkastning. Plast slår børsen! Føresetnaden er plastjuletre til 199 kr, medan trevirket i dag kostar 300 kr stk. Me er konservative og legg inn 2,5% prisstigning, sjølv om me trur juletreselgarane nok kan gape høgare. Desse sevjedrikkande blodsugarane.

År___Plast___Trevirke
01:__199____300
02:__0______308
03:__0______315
...
24:__0______529
25:__0______543
Sum: 199____10 247

Lev eit dryssfritt liv med Sparebloggen, og spar fleire hundre kroner kvar einaste julaftan! Det luktar så mykje reinare og betre i stova, når du veit treet ditt er plastikk og det grøne glitrar i lommeboka.

måndag 16. desember 2013

Tilbod

av SR

Joker
Køyrer denne veka pølsefest med 40 % på alt frå Gilde og Prior. 10-aren denne veka er elles ostepop og 250 gram cherrytomatar. Vidare får du 40 % av på diverse Libresseprodukt.

Spar
Slår denne veka av 40 % på smågodt, appelsiner, eple, pære og tropikanajuice. Vidare får du 50 % på kyllinglår og mandelpotet til 7,90 kr/kg.

Bunnpris
Gir deg denne veka tynnribbe til 24,90 kr/kg og mandelpotet til 7,90 kr/kg, julepølse frå Gilde til 19,90, klementinar til 5,90 kr/kg og røykjelaks til 69,90 kr/kg.

Rimi
Kalkun til 19,90 kr/kg er ikkje feil! Elles ikkje så mykje å ropa hurra for.

Rema
Har pinnekjøt til standardpris 99 kr/kg. Ribba tilrår me å kjøpa hjå Bunnpris som er 15 kr/kg billegare. Vidare er det ingen grunn til å kjøpa sjokolade resten av året når Rema har 2 store freiaplater til 30 kr!

Mega
Gir denne veka 40 % avslag på isboksar frå Diplom-is og sjokoladeposar frå Nidar. Vidare frå du 30 % av på coop-kaffi, kjøtdeig og diverse lanoprodukt, samt smågodt til 6,90 kr/hg.

ICA Supermarked
Fersk (uluta) torsk til 69,90 er ikkje feil! 2 Polly-pakkar med nøtter til 40 kr er òg innanfor. Vidare får du 40 % på pizza Traditionale. Viss du ikkje rekk over Rema kan me tilrå fem store sjokoladeplater frå Freia til 100 kr, men du bør gå på rema altså ;)

Matkroken
Har både tynnribbe og familieribbe til 29,90 kr/kg. Elles får du raude eple til 12,90 kr/kg, og store sjokoladeplater frå Freia til 19,90.

Meny
Gir deg 30 % av på alle eple, samt mandelpotet til 7,90 kr/kg. Syltetøy frå Nora til 19,90. Elles lite å skryta av utover utvalet.

måndag 9. desember 2013

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Vekas tikroning er isbergsalat. Evergood-kaffi til 40% rabatt, Farris bris 1,5l til 10 kr, er bra, men Edamer til 89,90 pr stk er dyrt uavhengig av ostetoll.

* Obs
Kalkun 19,90 pr kg er særs billeg, og ei vare me lenge har meint har alle priskrigeigenskapar. Her skal det hamstrast. Kålrot kr 7,90.

* Rimi
Diverse 3 for 2-tilbod, og fem sjokoladeplater frå Freia til 99 kr. Me har sett det billegare, som til dømes hjå Rema 1000 denne veka.

* Spar
400g kjøtdeig av storfe til 24,90, er du tom er dette handlepris - men ikkje hamstrepris. Mandelpotet 7,90 kr kg er også bra, men denne vara kan det krigast om oppunder jul. 6-pk Friele 250g stk til 89,90 er eit lyspunkt i mørketida.

* Extra
Fryst lutefisk 19,90 pr kg er uhorveleg billeg, men det er synd og øydelegge so mykje fin fisk. 6,5 kr kg for klementinar er også bra.

* Kiwi
Overbevisar framleis ikkje på ribbeprisane med sine 39,90 og 49,90 for hhv tynnribbe og familieribbe.

* Ica
5 kg klementinar for 49,90 er for dyrt, når Coop Extra har 6,5 kr kg. Kvar vart det av kvantumsrabatten i Ica-systemet? Er den att i Sverige?

* Prix
Ingen særskilt gode tilbod. Dei heng heller ikkje med på kalkunprisane.

* Bunnpris
Tynnribbe framleis 24,90 pr kg, og familieribba kr 29,90.

* Europris
Plastjuletre frå kr 199. Ei sikker investering, som gjev utslåeleg avkastning. Me snakkar truleg 100% avkastning kvart år. Pårekna levetid? Omlag 20 år!

måndag 2. desember 2013

Tilbod

av SR

Joker
350 gram strimla svinekjøt frå Gilde til 19,90 er ikkje til å kimsa av. Elles er 10-aren denne veka Go'morgen-jogurt og avokado. Vidare er det 3 for 2 på "folkets julefavoritter".

Spar
Skinkesteik til 34,90 kr/kg er innanfor, det same er meierismør til 19,74 kr/500 gram og madelpotet til 7,90 kr/kg.

Mega
Denne veka får du 40% på ferdigrettar frå Fjordland. Vidare er det 30% på skiva Norvegia, og du får ein heil nygrilla kylling (1125 gram) til 29,90. Elles har dei kome opp med dagstilbod: 3/12 får du kålrabi til 3 kr/kg, 5/12 får du bananar til rekordbillege 5 kr/kg, 6/12 får du Go'morgen-jogurt til 6 kr, 7/12 får du 1,5 liter bris til 7 kr.

Bunnpris
Slår til med familieribbe til 24,90 kr/kg og tynnribbe til 29,90 kr/kg. Vidare får du 4 kg poteter til 19,90, kvit og vanleg julepølse til 19,90, pinnekjøt til 99 kr/kg og edamer til 49,90 kr/kg. Ikkje verst!

ICA Supermarked
Den nygrilla kyllingen kostar her 34,90. Vidare får du mandarinar til 9,90 kr/kg, lettsalta torsk til 79,90 kr/kg, samt 40% av på alle produkt frå Old el Paso.

Matkroken
Opererar med flat pris på familie- og tynnribbe: 29,90 kr/kg. Elles får du òg her madarinar til 9,90 kr/kg. Vidare er det 30% av på diverse ostar frå Tine, samt isboksar frå Diplom-is Premium.


måndag 25. november 2013

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Kjøtdeig av storfe 22,90 pr 400g er eit bra tilbod, men ikkje godt nok i konkurranse med Obs denne veka. Elles går dronningsjokoladen til Freia for 10 kr pr 100g, ikkje meir enn det må vera.

* Coop Obs
Jula har innteke obs, og med det er prisane på kjøtvarer jekka opp. Dette var skuffande. Likevel eitt lyspunkt i den kalde, fine tida; 400g kjøtdeig av storfe 19,90.

* Meny
Dei er seg sjølv like. Nygrilla kylling (1,050 kg vs standard 1,2 kg) til 39,90?! Denne skal ikkje koste meir enn 29,90 i vår bok. "Fast knallkjøp" frosne reker til 79,90 er også langt utanfor.

* Mega
Norvegia 59,90 pr kg er så vidt innanfor så lenge du er tom for ost, elles føretrekk me under 50-lappen (og helst 40-lappen). 40% rabatt på reingjeringsprodukt.

* Rimi
Diverse 3 for 2-tilbod. Fryst ribbe og kalkun 29,90 pr kg. 400g kyllingkjøtdeig 18,90. Ikkje så halvgale dette, Rimi!

* Europris
12-pk vedbrikettar 19,90 er bra for den utan skog. 40% rabatt på OBH Nordica sine kaseroller. Fredag er likevel dagen å handle, sokalla "Black friday" - skrekk og gru - 50-80% rabatt på utvalde varer + lagertømming. Mellom anna 10 kr for 3 liter spylevæske. 20 kr for ein 75 cm lang Head-bag, og 5 kr for ei Head-gymveske. Her luktar det julegåver lang veg!

* Ica
40% rabatt på snacks frå Maarud. 2 kg mandelpoteter 14,90.

* Bunnpris
No skjer det! Tynnribbe 24,90 pr kg. Sesongen lågaste, lat priskrigen byrje!

måndag 18. november 2013

Tilbod

av SR

Spar
Klassikaren 40 % av på pizza frå diverse leverandørar er attende denne veka. Det same avslaget får du og på ananas, kiwi og mango.

Joker
Viss du er lens for kvitost kan me tilrå 480 gram Synnøve kvitost til 29,90, men me har sett tilsvarande til 19,90, så ikkje kjøp for mykje! Kaffi frå Ali får du denne veka til 9,90, og vekas 10-ar er oppvaskkost og avokado.

Matkroken
Køyrer denne veka på med 400 gram røykt/ikkje-røykt julepølse til 24,90, samt blå druer til 19,90 kr/kg. Vidare er det 30% på fylt fisk frå Findus og Biola. Store sjokoladeplater frå Nidar til 19,90 er heller ikkje til å kimsa av, sjølv om me har sett det billegare. Til sist får du 40% på alt frå Maarud.

ICA Supermarked
Byr denne veka på klementinar til 9,90 kr/kg. Elles kan det synast som at Gilde har lansert eit nytt produkt: 250 gram ribbefeitt på snabb, men her må me melda pass når det kjem til å vurdera om dette er ein bra pris. Vidare er det frå torsdag til laurdag 40% på alle reingjeringsprodukt frå Lilleborg!

Mega
Køyrer denne veka på med sjømat. Slår i bordet med både torsk og sei til 69,90 kr/kg. Vidare er det 40% på pizza frå Grandiosa og Big One. Gulerøtter til 12,90 kr/kg er òg innanfor.

Rimi
Har 3 for 2 på pizza frå Big One. Vidare frå du ribbe til 29,90 kr/kg og klementinar til 12,90 kr/kg.

Rema
Kalkun til 29,90 kr/kg og lutefisk til 16,90 kr/kg er ikkje noko å seia på.



laurdag 16. november 2013

Gratis høns

av KR

Ein hønsebonde på Hedmarken vil kvitte seg med 7500 høns hausten 2014. Einaste haka er at han berre gjev bort høns til "fattige studentar". Me reknar med han med det meinar alle studentar, og følgeleg alle typar folk som er oppmelde til fag det aktuelle semesteret.

Slik me kjenner studentar flest, frå vår eiga, nære studietid, vil me tru at hønsebonden brenn inne med dei fleste hønsa. Så mykje for den fattige, caffelattedrikkande studenten.

For å verte kvitt hønsa til destruksjon betalar han fem kroner per høns. Følgeleg er det neppe noko tak på kor mange høns ein kan hente frå Koppang-bonden. Med dette som bakteppe vil me tru kven som helst kan banke på døra og hente høns, også ikkje-studentar og utstuderte røvarar.

Sparebloggen set opp buss. Annonsering kjem seinare.

måndag 11. november 2013

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Vekas tikroning er rømmegraut 350g, raskt og billeg, men me har sett det billegare. Elles går stoer sjokoladeplater 190-250g frå Freia til gode 16,90.

* Spar
Familieribbe 29,90 pr kg er bra, og kan tilrådast heile året. Nok eit døme på at det er billeg å bu i Noreg. Tynnribba går til 39,90. Me trur ribbeprisane framleis har rom på nedsida, og vonar på priskrig i mndskifet nov/des.

* Prix
2 x 500g yoghurt frå Tine til 20 kr er særs bra. Det same gjeld kyllingkjøtdeiga 2x400g til 25 kr. Elles går både familieribba og tynnribba til 29,90 på Prix, noko som er årsbeste til no.

* Rimi
Diverse 3 for 2-tilbod, men me klarar ikkje å sjå den heilt store rabatten. Surra svinesteik til 59,90 er isolert sett billeg middag, men ofte ser me desse til 39,90 og lågare.

* Obs
Fersk laksefilet 59,90 pr kg er billeg. Det same gjeld kalkun 29,90, som gjev utruleg mange, billege middagar. Mogleg denne kan gå ytterlegare ned i pris framover. Henriettes pinnekjøt er alt i hyllene, men til standard 149.

* Europris
Oljeomn 500w og skotørkar til halv pris, eller 124,50 er ganske billeg. Sokkar er ei fin julegåve, og denne veka får du heile 4 gode, varme, sokkepar til 99 kr stk. Skulle vera 4 julegåver det, eller kanskje 8 om du kjenner mange som manglar ein sokk?

* Coop Extra
29,90 pr kg for lutefisk, visst nok laga av fyrsteklasses fisk - synd å øydelegga so mykje fin fisk. Elles er billegpinnekjøtet kome hylla til 99 kr kg, men her er det meir å gå på nedover i pris. Slikt kjøt eignar seg likevel best i gryta etter vår meining. Elles er familieribba 29,90 også her, og fersk tynnribbe frå 49,90.

* Ica
Stor 20-kronarsmarknad. Er dette hyperinflasjon, eller berre ein ny vri? Svaret er nok nærare inflasjon, eller i det minste særs få gode tilbod. 400g kjøtdeig av svin til 20 kr er kanskje billeg isolert sett, men denne ser me då stadig til både 10 og 15 kr pr 400g. Me styrar klår Ica denne veka.

* Mega
40% rabatt på all coopkaffi. Edamer til 59,90 pr 850g, men me har aldri forstått oss på denne dyre, milde osten. Skal det vera noko til ost kan du kjøpe den no, og eta den jula 2014 eller 2015.

Konklusjon: Ei sjeldan god tilbodsveke, som rommar ei rekke gode, billege middagar. Nok eit stikk til Einar Steensnæs og hans politiske bestillingsverk Matkjedeutvalget. Det einaste som manglar no er ein priskrig på ei typisk julevare. Ut i frå talet grisebønder og grisehus som poppar opp her til lands, godt hjulpe av Innovasjon Noreg, trur me marknaden er sprekkferdig for denne vara. Lat oss sjå prisar under 20 kr kg!

måndag 4. november 2013

Tilbod

av SR

Joker
Mykje tydar på at Stabburet har seld seg inn hjå daglegvareforhandlarane denne veka - 40 % av på pizza frå Stabburet er bra for dei som likar slikt. Vidare er det denne veka Joker sin tur til å ha oppvasktablettar til 19,90.

Spar
Har òg denne veka 10-kronersmarknad med mellom anna 250 gram Ali kaffi til 10 kr. Sjekk ut kundeavisa for meir informasjon.

Bunnpris
Lokkar denne veka med 2 x Grandiosa Original til 50 kr samt smågodt til 6,90 kr/hg. Elles er 12 store egg til 24,90 innanfor viss det faktisk stemmer at dei er store. Elles er det oppunder 50 % av på ei rekkje reingjeringsprodukt, samt at du får brokkoli til 6,90 kr bunten.

Matkroken
Byr denne veka på 2 kg kokefaste poteter til 12,90, noko som er innanfor! 2 x ostepott til 20 kr er det nok òg mange som jular for.

ICA Supermarked
Køyrer denne veka ein ny vri: 20-kronersmarknad! Dette er mykje det same som 10-kronersmarknad, berre at ein del av varene er 2 for 20. Vidare er det 20 % av på noko, samt nokre varer som tidlegare har vore til 10 kr, som no er til 20 (ALARM!). Fire kg poteter til 20 kr derimot er klart innanfor!

Mega
Skinkesteik til 39,90 kr/kg er innanfor, det same er 2 x store sjokoladeplater frå Freia til 35 kr.

Obs!
Har denne veka det som visst nok er den største 10-kronersmarknaden i Noreg.

fredag 1. november 2013

Sparebloggen avkreftar

av KR

Mange av dykk har i dag høyrt om toppbloggarane som kranglar om lettkleddbilete.

Sparebloggen rykker med dette ut med ilmelding.

Det er ikkje oss Rolf Ørjan har kledd av og fotografert framføre kiwiposane (bugnande, regelrett bugnande av tilbodsvarer. FirstPrice på tilbod? Kven hadde trudd?!).

Det er ikkje oss.

Seriøst ass, kva er gale med det liksom?

måndag 28. oktober 2013

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Har byrja julesesongen med frossen tynnribbe 39,90 pr kg, me avventar eit prisfall ut i november.

* Coop obs
Opphørssal i Enghav? Lettsalta torsk kr 49,90 pr kg. For den som vil vera fin på det, medan ein sit på trona, går 40 lambitoalettrullar for 119 kr denne veka. 40% rabatt på ferdigrettar frå Findus.

* Ica
40% rabatt på all texmex, og 30% rabatt på ferdige pizzadeiger. Som kjend kan ein bake pizza til ein liten, italiensk landsby til den prisen om ein berre set deiga sjølv.

* Spar
Tikronarsmarknad med kjende varer som blodpølse 400g, fårepølse 100g, kremost - og 400g kyllingkjøtdeig frå Prior. Tilrådast!

* Europris
3x4l spylevæske til 50 kr er akseptabelt, og det nærmar seg høgsesong for spyling!

* Mega
Nygrilla kylling 1,1 kg kr 29,90. Elles magert.

* Rimi
Ingen særskilt gode tilbod denne veka.

* Bunnpris
4x2 kg kveitemjøl til 39,90 er innanfor om brødbaksten står for døra, og gjev kveitemjøl til under 5 kr kg.

måndag 21. oktober 2013

Vekas tilbod

av KR

* Joker
40% rabatt på Evergood kaffi, sørlandsis 19,90 pr 2l og surra svinesteik 39,90 pr kg er tilbod som varmar.

* Spar
Nygrilla kylling 29,90 pr stk eller 35 kr kg er akkurat passe. 40% rabatt på alle tomatar.

* Prix
2x400g kjøtdeig av kylling kr 25 er framleis eit bra tilbod.

* Rimi
2 kg kyllingfilet til 149 kr pk frå Smart365 er bra samanlikna med matvaremonopolisten Prior, men me har sett det billegare frå FirstPrice. Er du tom for kjøtdeig kan 400g kjøtdeig og svin til 24,90 gå som naudløysing, sjølv om me føretrekk alt under 19,90 - og nærare 10 kr desto høgare mengda svinekjøt vert.

* Coop Extra
Fast tikronarsmarknad reklamerast det, utan at detaljane kjem fram. Me er skeptiske.

* Obs
Bananar 9,90 pr kg, alt av frukt og grønt under 10 kr kg er bra. Elles skuffande lite å hente på matvarer denne veka. Janus per del 149 kr er akseptabelt. Det er sesong for kjøp av joggesko, Northpeak softshell frå kr 349.

* Kiwi
Fårikålkjøt kr 32,90 frå FirstPrice, men pass på feite og slintrete stykker. Indrefilet av svin kr 117 er så vidt innanfor. Surra skinkesteik 54,90 er utanfor vår grense på 39,90. Det same må seiast om kjøtdeig 400g storfe til frekke 39,90. Lite å hente her denne veka, anna enn evt utgådde varer så klart.

* Ica
Er stivare på kyllingprisen, 34,90 pr stk frå grillen. Frossen kjøttdeig 400g storfe 29,90 frå Smart365 er ein skammeleg pris. Styr unna.

* Europris
50% rabatt på alle sokkar. Superundertøy frå Basecamp til born kr 39 og vaksen kr 49 per del. Oljeomn 1500w kr 199, og konvertoromn 1500w kr 149. Solide isskraper med kost frå kr 10.

* Mega
Sokalla dagskupp denne veka, der du får 40% rabatt på ulike varer kvar dag. Me likar handelsformen dårleg, ettersom det normalt er lite lønsamt å gå innom butikken kvar dag. Det krev i det minste disiplin, og at du passerar forbi butikken likevel. Me finn lite av dette interessant, men 40% rabatt på Tine yoghurt i morgon tysdag er kanskje av interesse. Elles er det pølser på torsdag og chips på laurdag, utan at me akkurat tilrår våre lesarar dette.

måndag 14. oktober 2013

Tilbod

av SR

Spar
Har denne veka 40 % på norske eple og diverse tex-mex frå Old el Paso. Vidare får du 30 % av på div. kaffi frå Evergood og all kutta salat (inkludert ruccola).

Rimi
Same som sist veke

Joker
Klaskar til med frosne nakkekotelettar til 24,90 kr/kg. 10-aren denne veka er fersk pizzabotn av typen rund.

Mega
Om du held tex-mex frå Santa Maria høgare enn OeP er det 40 % på div. produkt. Raude og grøne druer får du elles til 16,90 kr/kg og kalkun til 29,90 kr/kg. 400 gram svinekjøtdeig til 19,90 kr er ikkje det billegaste me har sett - minnar om tilsvarande til 10 kr tidlegare i år, men det er akkurat innanfor om du er lens.

Matkroken
Har ikkje kome med ny kundeavis...

ICA Supermarked
Byr denne veka på 40 % på all fisk frå ferskvaredisken! Vidare er det 30 % på alle Findus-produkt, alle skaldyr minus reker og alle sushi-produkt frå Blue Dragon (ta likevel heller turen innom den lokale minoritetssjappa!).

Bunnpris
2 x store sjokoladeplater frå Nidar til 30 kr er ikkje feil - mokkabønneplata kostar åleine opp mot 40 kr i andre butikkar åleine! Vidare får du Sun alt i 1-oppvasktablettar til 19,90, noko som er solid!

måndag 7. oktober 2013

Tilbod

av SR

Spar
Har denne veka 40% på blå og grøne steinfrie druer, Big One-pizza og Stratos.

Joker
400 gram kjøtdeig av storfe frå Gilde til 22,90 er absolutt innanfor. Det same kan ikkje seiast om 600 gram gulerøter til 10 kr - ja, det er billegare enn nokon andre, men framleis over first price.

Matkroken
Her får du 2 kg poteter til 14,90 - òg dette er billegare enn vanleg, men me ventar at det skal verta billegare. Vidare får du div store sjokoladeplater frå Freia til 19,90, og 30 % av på skyr og div. Diplom-is. Appelsiner til 14,90 er òg innanfor.

ICA Supermarked
Byr på 40% avslag på suppekjøt av storfe, kva no det vil seia. Elles får du torsk i skiver til 59,90 kr/kg, noko som er veldig bra for sesongen! 59,90 kr/kg er og prisen for fersk heil aure - ikkje feil! Du får òg 30% av på ovnsbaka leverpostei frå Gilde og all butikkpakka ost.

Bunnpris
Lokkar med 3 x 400 gram karbonadedeig til 100 kr. Vidare får du Norvegia til 57,90 kr/kg, 2 x store Freia-plater til 40 kr og grøne druer til 14.90 kr/kg. First Price-poteter til 6,20 kr/kg er òg bra. Vel blåst!

Mega
Har 40% av på div. supper og gryter frå Toro og Nidars favoritter. Vidare er det 30% av på produkt frå Libresse, sjampo og balsam frå Elvital, div. nøtter frå Den lille nøttefabrikken, hårstyling frå Studioline, div. produkt frå Palmolive  og ovnsbaka leverpostei frå Gilde. Vidare er norske eple til 19,90 kr/kg bra etter tilhøva og gulerøttene får du her til 13,90 kr/kg.

Obs!
Har 40 % av på alt av frukt og bær, samt gul og raud coop kaffi og Nescafe. Vidare får du 20 egg til 29,90 og nakkekotelettar til 29,90 kr/kg. 40/60-reker til 499 kr/5 kg er òg bra. Blå castello til 19,90 er ny årsbeste. Store Nidar-plater får du til 19,90 og 4 x godteposar frå Minde til 100 kr.

Rimi
Har norske eple til 19,90 kr/kg, 3 for 2 på Grandiosa og 2 kg frosne kyllingfiletar til 149,90. Ikkje verst!

onsdag 2. oktober 2013

Produkttest: Kokkeklar middagspai

av KR

Denne har vore prisa til 4,90 kr på min lokale Kiwi førre og denne veka. Eg måtte fyrst spyrje beteninga om prisen var riktig. Veiledande pris ser eg ligg på minst det tidoble. Det gjenstår å sjå kor lenge Kiwi førar denne prisen, og om tilbodet er gjeldande i andre delar av landet også. Bruk kommentarfeltet!

Produkt: Kokkeklar middagspai
Innhald: Frosen deig og eggestand - samla 700g
Pris: 4,90 pr pk (7 kr kg)!
Fordøying: Maten glir lett ned, og går normalt gjennom kroppen.
Konstistens: Deiga i botn er vanskeleg å få godt stekt, men dette er eit generelt paiproblem. Det hjelp og prikke deiga godt med ein gaffel før forsteiking. Eggestanden er nøytral på smak, men gjev eit godt eggepreg på paifyllet.

Denne middagsposen er til sin pris heilt optimal for rask pai. Deiga tinast opp i 15 min, bakast og pressast ut i form/tilsvarande og forsteikast i 15 min på 225 gr. Valfritt fyll tømmast deretter i, men pass på å halde lågt væskeinnhald i råvarene, og ein tilset deretter frosne eggestandterningar og ost. Etter nye 30-35 min i omnen er paien klar iflg Stabburet, men underteikna lot han stå i 45 min.

Resultatet til Sparebloggen må seiast og vera smukt, om ikkje lyssettinga var god, så smakte paien vel så godt som prisen. Medrekna 1/3 skinkeboks (tilbodspris kr 15), ein lauk, 1/4 paprika, litt krydder og ost kostar denne middagspaien 18 kr eller 4,5 til 6 kr per porsjon avhengig av magemål. For ekstra magefyll serverast paien med tilbehøyr som salatblad, ein brødblings eller bønner.

måndag 30. september 2013

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Norvegia til 59,90 kr kg er ikkje betre enn det må vera, sjølv held me fast på storhamstring fyrst ved 49,90 eller lågare.

* Spar
...og der har me den! Synnøve til 49,90 kr kg er bra, og hamstring kan tilrådast. Hovudkål til 1 kr kg er etterlengta.

* Kiwi
Gilde kjøttrike fårikålbitar til 39,90 pr kg, bruk litt tid i frysedisken og finn dei raudaste stykka. FirstPrice sin fårikål er noko meir slintrete til 32,90 pr kg. Elles ser me somme Kiwi-butikkar har Stabburet sin kokkeklare middagspai 700g til 4,90! Dette er imidlertid ingen pai, men særs billeg ferdigdeig og eggestand. Sparebloggen kjem med test i onsdagsutgåva.

* Prix
Kjøtdeig av storfe 2 x 400g til 45 kr er innanfor, men eit stykke unna hamstring. Elles langt mellom tilboda.

* Obs
Karbonadedeig av storfe 400g x 3 til 100 kr, er billegare enn veiledande - men Sparebloggen køyrer konsekvent kjøtdeig til 19,90 og lågare. Gulvomnar frå 700-2000w frå 99-199 kr stk varmar om vinteren.

* Rimi
Ferskt fårikålkjøt kr 49,90 er faktisk bra, men Sparebloggen betalar ikkje premie på ferskt kjøt når dette uansett skal koke i 3-4 timar. Også Rimi har frose kjøt til 32,90 og 39,90 pr kg.

* Europris
Me vert kvalme av å lese Europris si kundeavis med alt dette klisset, snopet og nipset. Ingen lyspunkt denne veka!

* Mega
Tikronarsmarknad med fiskegrateng, blodpølse, kremost og kjekspakkar.

måndag 23. september 2013

Vekas tilbod

av SR

Joker
Vekas tiarar er 3-pakk med paprika (tre ulike fargar) samt smørostar frå Tine. Vidare er det 40 % på pizza får Stabburet. Det er òg rabatterte prisar på ei rekkje ostar, mellom anna Snøfrisk til 19,90 og Gamalost til 39,90.

Spar
Klaskar til med kål til 1 kr/kg. Ingen grunn til å blakka seg på poteter blodpris med andre ord. Elles lite å melda om.

ICA Supermarked
Har denne veka 5 store Freia-plater til ein hundrings, samt 40% på produkt frå Pierre Robert og La Mote. Champignon til 29 kr/kg og mango til 8,90 stykk er heller ikkje feil. Det same gjeld tomatar til 19,90 kr/kg.

Matkroken
Lokkar med 2 kg poteter til 14,90, noko som er innanfor. Her får du òg store Freia-plater til 19,90 kr/kg, samt 30% på div. Skyr.

Bunnpris
I tillegg til Tacokrakket har Bunnpris denne veka lammelår til 69,90 kr/kg og 40% på pizza frå Big One.

Mega
Har denne veka 40% på jus/iste/drikk frå Coop, rotgrønsaker og kutta salat.

Coop Obs
8 x 1,5l juice for 80 kr er bra. Det samer er 2 x bogskinke for 30 kr. Diverse grovmjøl til 10 kr pr kg, fint for å blande eigne mjølblandingar til brødbaksten.

Europris
Garasjejekk inntil 2 tonn for 149 er kanskje billeg, men den ser noko skrøpeleg ut med hjul i hardplast?

Elles: Vil nytta høve til å retta krass kritikk mot Kiwi si kundeavis som berre er fjas, og ikkje inneheld eit einaste tilbod. Dette er fullt på høgde med det Rema gjer. Då er det like greitt å spara seg bryet (og pengane), for det der er me ikkje interessert i.

måndag 16. september 2013

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Karbonadedeig 400g 34,90 er billegare enn veiledande, men framleis føretrekk Sparebloggen kjøtdeig 400g til under 20 kr pk. Vekas tikroning er 100g kokesjokolade frå Freia.

* Spar
Nærmar seg med 400g kjøtdeig 24,90, men me tilrår ikkje storhamstring. 30% rabatt på diverse fiskepålegg frå Stabburet.

* Obs
Ferske nakke- og svinekotellettar frå Gilde til 29,90 pr kg er bra. Det same er bananar til 8,90 kr kg. 40% rabatt på Farris er også sjeldsynt. Elles merkar me oss at fårikålsesongen så smått er sett i gong, men dei beste tilboda let vente på seg.

* Mega
2x400g svinekjøtdeig til 30 kr er billeg, sjølv om me har sett pakken til 10 kr stk på enkelte tikronarsmarknadar.

* Europris
Framleis 12 for hhv 30 og 60 kroner for liten og stor hermetikk. Black&Decker drill 12V kr 249, diverre er batteriet berre 1,2 Ah. Prisen er imidlertid uslåeleg, og batteriet godt nok så lenge du berre skrur i ein skrue to gongar i året.

* Prix
2x400g kjøtdeig til 45 kr er vekas beste. Bananar til 8,90 pr kg også her.

* Ica
Vekas billegaste hovudkål 1,90 kr pr kg, men fårikålkjøtet må ned i pris. I gamledagar brukte kjøpmannen å tene pengane på hovudkålen eller peparkorna, ikkje på fårikålkjøtet.

* Bunnpris
Svinekjøtdeig til 19,90, elles er den ordinære kjøtdeiga rett over vårt måltal også her - 24 kr pr pk som normalt.

Tilbod

av SR

Joker
10-aren denne veka er blomkål og 100 gram dronningsjokolade/selskapssjokolage. Vidare får du stor Stratos-plate til 14,90.

Spar
400 gram storfekjøtdeig frå Gilde til 24,90 er akkurat innanfor definisjonen av tilbodspris. Elles får du denne veka 30 % på div. pålegg frå Stabburet.

Matkroken
Same som sist veke.

ICA Supermarked
Klaskar til med kål til 1,90 kr/kg denne veka. Vekas fisk i fiskedisken er elles sei til 69,90 kr/kg. Mango til 8,90 stykk er heller ikkje feil. Vidare får du 40 % på do- og tørkerull frå Lambi og alle produkt frå Toro.

Mega
Byr denne veka på 40 % på alle tex-mex-produkt frå Santa Maria, samt 30 % på hudpleieprodukt frå Dove og syrna mjølk frå Biola. Vidare er det ikkje noko å seia på 2 x 400 gram svinekjøtdeig til 30 kr. Det same gjeld bananar til 8,90 kr/kg.

Obs!
Svine-/nakkekotelettar til 29,90 kr/kg er innanfor. Kan elles tilråda Biola til 19,90 og bananar til 8,90 kr/kg. Denne veka får du òg 40 % på Pepsi og Pepsi Max, Farris og Bris, alle Ajax-produkt og div. Colgate-produkt. Viss du er lens for kvitost er 69,90 kr/kg for Synnøve akkurat innanfor (men ikkje finn på å kjøpa meir enn høgst naudsynt!). 400 gram tytebær til 19,90 kr gir ein fin kilopris for dei som likar å laga sylta si sjølv. Minnar likevel om at det årleg råtnar bær og sopp for hundretals millionar i skog og mark.

måndag 9. september 2013

Tilbod

av SR

Spar
Har denne veka 40 % av på heil grilla kylling, brokkoli, blomkål og gulerøte. I tillegg får du 30 % på div. oppskoren spekemat frå Grilstad.

Joker
Slår denne veka stort opp eit bullshit-tilbod: 10 kr/kg for poteter i september er ikkje mykje å dansa for. Såg seinast sist veke at standardprisen hjå Rema var 8,90 kr/kg. 250 g Ali-kaffi til 9,90 er derimot innanfor, det same er 200 g italiensk salat til 10 kr.

Matkroken
14,90 kr/kg for grøne druer er langt innanfor, synd det ikkje kan hamstrast i ugjæra form. Vidare får du 3 for 2 på div. ferdigprodukt frå Findus. Lammelår til 99 kr/kg er lågare enn vanleg, men framleis bra potensiale for prisfall.

ICA Supermarked
Òg her får du grøne druer til 14,90 kr/kg. Vidare får du eit bra utval i ulike typar fårikål-kjøt, men prisen er så som så. Vekas fisk er lettsalta torsk til 79,90 kr/kg i ferskvaredisken, noko som er innanfor. Er du av den sarte eller luksuriøse typen har ICA denne veka 40% på lambi toalettpapir og kjøkenrull. 40% er det òg på alle unnhygieneprodukt frå Colgate. Vidare er det 30% på ei rekkje nye produkt.

Bunnpris
Har sett i gong taco-krakket sitt att, denne gongen òg med alle aktuelle salatingrediensar til 12,90 pr. stykk.

Mega
Byr denne veka på lettsalta torsk til 79,90 kr/kg, og sei til 59,90 kr/kg. Mykje bra prisar på andre typar fisk òg, mellom anna ishavsrøye til 119 kr/kg. Vidare er det 40% på kaffi frå Coop, og 30% på div. store sjokoladeplater frå Freia. Òg her får du grøne druer til 14,90 kr/kg, fyrste teikn på eit krakk på druebørsen?

Obs!
Kjøtdeig frå Gilde får du til 24,90 kr/400g, store jogurtbeger frå Tine til 9,90, 4 lanoprodukt til 50 kr og 5 store Freiaplater til 100 kr. Dette er berre litt av det Obs! har å by på. Ei bra veke!

måndag 2. september 2013

Vekas tilbod

av KR

Sparebloggen var offline førre veke, men er no attende for fullt!

* Joker
Ein sparebloggklassikar er 29,90 kr kg for surra, beinfri svinesteik. Hamstring tilrådast på det sterkaste! Nok eit bevis på at det er billeg å leve i Noreg.

* Mega
5 kg poteter for 24,90 er ein fin haustpris, og nok ein grunn til å ikkje stå i åkeren sjølv.

* Spar
30% rabatt på Findus imponerar ikkje oss. Det gjer heller ikkje kotelettar til 49,90. Ingen tur innom Spar denne veka.

* Prix
2 svinekjøt 400g for 25 kr er bra, men me har sett denne til 10 kr stk tidlegare. 2 x 300g strimla svinekjøt 30 kr er også særs bra. Me lyt gjenta oss sjølve; det er billeg å leve i Noreg.

* Rimi
Framleis matpakkekampanje med smått reduserte prisar. Etter våre berekningar er påleggprisane for leiiande merkevare (les: matvaremonopolistane) senka 4-10%.

* Obs
Ingen særskilt gode tilbod denne veka. Norvegia til 54,90 pr kg er ikkje særleg billeg i vår tilbodsspalte, og 40% rabatt på texmex frå Santa Maria er framleis over FirstPrice sine alternativ.

* Ica
40% rabatt i fiskedisken kan romme bomber av ulikt slag...

* Europris
Mykje nips i denne vekas tilbodsavis, usedvanleg mykje nips. Me kjem aldri til å tilrå kubbelys, metallboksar med fin påskrift eller "velkommen"-skilt i tre uansett kor billeg det er. Derimot finn me stor glede i tilrå presenningar 1,7x2,0 m til 10 kr stk, eller ei 50 cm hekksaks frå Black&Decker til utrulege 99 kr!

måndag 19. august 2013

Vekas tilbod

av KR

...og DER var sumaren endeleg over, og me kan konsentrere oss om tilboda i norsk daglegvarehandel. Lat hausten og regnet koma, og tilboda strøyme på!

* Joker
40% på alle fiskeprodukt frå Findus rommar stort sett ikkje mykje, men me tilrår kapteinens fylte for dei som vil ha rask mat. 3 for 2 på Freia sine sjokoladeplater. Normalt vil me ha desse 200g-platene ned på 17-talet før me vurderar kjøp. Kyllingkjøtdeig 400g 22,90 gjev billeg middag, men sjølv har me aldri fått denne til å fungere særleg bra i panna. Go'morgen yoghurt er ein dyr start på morgonen, også til 9,90 pr stk.

* Spar
Stor tikronarsmarknad som rommar div taco, peparmakrell, blodpølse, kjeks og andre kjenningar.

* Obs
250g kaffi til 14,90 er ikkje gale, men vert slått av Ica sin 10-kronarsmarknad denne veka. Brunost til 49,90 kr pr kg er bra, både fløtemys- og gudbr.ost. 40% rabatt på Elvital-serien, jf elles firstpricerådet under.

* Mega
Mega har også tikronarsmarknad, og legg fram klassikarar som kremost og blodpølse. 20 "gårdsegg" til 30 kr er godt nok for oss. Gjer det ikkje godt å vite at hønsa går fritt i ein lagerbygning på 10 000 m2 ilag med 10 000 andre høns? Ah, leve forbodet mot burhøns.

* Rimi
Senkar prisen på matpakka, heiter det denne veka. Dei skal ha for å slå eit slag for matpakka, som eigenhendig sparar deg for titals av tusen kroner årleg. Me klarar imidlertid ikkje å late oss begeistre over prisane, sjølv om me ser Rimi er på rett veg med denne kampanja.

* Ica
Stor tikronarsmarknad med kaffi 250g, div texmex og div kjeks.

* Kiwi
Denne vekas kundeavis er eit 72 siders langt oppskriftshefte. Trekk for manglande prissetting.

* Europris
300g Kims til 15 kr er kanskje billeg, men det kostar i lengda... 2-pk Head and Shoulders 39,90 er eit bra tilbod, og ein pris me kan tåle. Pass imidlertid på å såpe inn det meste med FirstPrice sin shampo til 7,90. 12 hermetikkboksar til 30 kr ved kjøp av 12 like innanfor tomatpuré, mais, ananas og champignon er også eit bra tilbod. 5-pk nudlar til 10 kr er me heller ikkje framande for, sjølv om slikt vert særs eksotisk for oss her i bladstova. Til studenten: Diverse kasseroller frå kr 49 og steikepanner frå 59.

måndag 29. juli 2013

Ferie på Sparebloggen

av SR og KR

Sparebloggen tek no ferie fram til 19. august, og ynskjer nye og gamle lesarar god seinsumar!

måndag 22. juli 2013

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Vekas tilbod er Grandiosa til 29,90, maks 5 pr kunde. Rett og slett skamlaust dårleg tilbod, når ein kan bake ein langpannepizza sjølv til same prisen. For den som likevel vil ha grandis, har Bunnpris 24 kr fast på sundagar. Lite å hente på Joker denne veka.

* Obs
Klassikaren 39,90 for 1 kg Synnøve Gouda. Underteikna bunkra sjølv opp 6 kg i ettermiddag. Tidene der Sparebloggen ein gong nemnde kvitost over 49,90 bør no vera forbi, då 39,90 synast og koma oftare og oftare. Elles er det 40% rabatt på coopkaffi denne veka.

* Spar
39,90 for 800g gildekarbonader er ikkje gale, sjølv om me har sett pakken til 29,90 tidlegare.

* Rimi
Framleis "opptil 50% rabatt".

* Kiwi
Indrefilet av svin 117 kr kg er bra.

* Meny
Ingen særskilt gode tilbod denne veka.

* Ica
Ferske nakkekotelettar 34,90 er innanfor, det same er vassmelon 7,90 pr kg.

* Europris
Også denne veka selgast boksarar og truser til 20 kr!

* Brandos (ny!)
Me let oss stadig begeistre over salg, og har nyleg oppdaga at Brandos førar sko til minst 70% rabatt ved jamne mellomrom. For tida finn du damesko opptil 93% rabatt, og herresko opptil 84% rabatt.

måndag 15. juli 2013

Tilbod

av SR

Spar
Markerar sommaren med grillpølse frå Gilde til 19,90 for 600 gram. Elles får du 40% på nektarinar og div. pizza frå Dr. Oetker. Vidare er det lite å seia på avokado til 9,90 - oftast både større og finare enn to-pakningane til 29,90!

Joker
Nesten ein kilo kyllinglår til 39,90 er ikkje feil, det same gjeld isbergsalat til 10 kr.

Mega
Styr unna luretilbodet til Mega denne veka. Det er ikkje 40% på all ost, men skiva ost. Med andre ord same kilopris som ost i bit. 30% på coop-kaffi, Lano og div. tannkrem og 40% på melonar er derimot innanfor. Elles er blå druer til 14,90 kr/500 gram òg fint.

Europris
Truser og boksarshortsar til 20 kr stk!

Obs!
5 kg 70/90-reker til 199 er absolutt innanfor mtp. storleik. Vidare er flinksteik til 29,90 rekorsterkt levert frå Obs! Òg her får du grillpølser frå Gilde til same kilopris som spar, men under den føresetnad at du kjøper ein tre-pakning. Kjøtdeig frå Gilde får du denne veka til 2 x 400 gram til 50 kr, noko som er innanfor. Vidare er det 40% på aprikos, nektaring, plommer og ferskenar.

Matkroken
Sommarkotelettar til 29,90 kr/kg er som musikk i ein sparar sine øyrer. Vatnmelon til 8,90 kr/kg er òg innanfor.

ICA Supermarked
Ikkje noko å skryta av her.

Bunnpris
Same gamle.

måndag 8. juli 2013

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Kjøtdeig av storfe 400g 22,90 er brukbart, men sjølv tvilar eg på at eg kjem til å prøve meg på tilbodet. Det har no gjenteke seg så mange gongar at Joker anten er for seine med å få ut tilbodsvarene, eller at dei er gått tomme allereie fyrste dagen. Håplaust av Joker!

* Spar
40% rabatt på Hennig Olsen-is høyrer sumaren til. Skinkeboks til 19,90 er ikkje bra nok, då me på kort tid har sett denne nede i 14,90.

* Ica
Frosne reker til 59,90 pr kg er visst tilbodsvare på Ica, og likevel går dei altså med milliardunderskot. Forstå det den som kan. Vassmelon til 7,90 pr kg er derimot bra.

* Obs!
40% på all juice og kaffi frå eige merkevare. 60% rabatt på Rosendahl-servise, kanskje på høg tid, men likevel milevis over dei kjekke Nille-servisa. Vel er lakseprisen passert 40 kr kg på Fishpool, men salmalaks til 169 kr kg er likevel eit hån mot fornuftige forbrukarar. Salmalaks er oppdrettslaks, ikkje villaks!

* Rimi
Framleis "opptil 50%"-kampanje, og me har så tregt for det at me framleis er skeptiske til ordninga. Me går ut i frå at hovud snart byrjar og rulle i Rimi-systemet.

* Prix
Ingen særskilt gode tilbod. Har framleis miks 2 for 49.

* Europris
4 kg Jasmin-ris til 39,90 har me sett billegare, men tilrådast om du er tom for ris. Sovepose kr 179, komforttemp -9, vekt 1,15 kg. Fin til sumarsbruk, også over skoggrensa, så lenge liggeunderlaget er godt. Hårklyppar kr 100!

* Bunnpris
Framleis 3 for 2 på utvalde varer.

måndag 1. juli 2013

Tilbod

av SR

Spar
Sommarkotelettar er god stemning, og særleg når du får dei til 29,90 kr/kg. Vidare får du denne veka 40% på Ali kaffi og tomatar. Elles er det 30% på fersk og ferdig-produkt (dvs. ferdig pizzabotn etc.).

Joker
For ei stund sidan annonserte Joker om skinkeboksar til 14,90, men fekk dei aldri inn. Me kryssar difor fingrane for at leverandørane presterar denne veka. Ti-aren denne veka er blomkål og makrell i tomat.

Mega
Har denne veka 40% på div. coop-kaffi, og 30% på 4-pakningar med jogurt frå Tine, leverpostei frå Gilde og dessertis frå Diplom-is.

Obs!
Gir 40% avslag på alle tomatar, kjeks frå Sætre, dobbelt vaffeljarn og div. yttarjakker og fleece til born. Det same gjeld nøtter frå Den lille nøttefabrikken i lausvekt. Vidare frår du 3 x 480 gram grillpølse frå Leif Vidar til 39,90, noko som er årsbeste. Vidare er det ikkje til å kimsa av 350 gram aprikos til 10 kr, 150 gram blåbær til 10 kr, brokoli til 10 kr og bananar til 7,90 kr/kg. 4 x potetgullposar frå Kims til 50 kr er heller ikkje feil.

Matkroken
Har visst nok skrudd ned prisen "betydelig" på 100 av dei mest selde varene. Vidare får du denne veka vassmelon til 8,90 kr/kg, og sommarkotelettar til 29,90 kr/kg, og marinert flintsteik til 59,90 kr/kg.

ICA Supermarked
Ikkje så mykje å skryta av denne veka.

onsdag 26. juni 2013

Billeg bilhald II

av KR

Billeg bilhald? Umogleg, seier dei fleste. Og det seier det meste. Fyrste til åttande leksjon i denne serien tok føre seg det elementære. Kort oppsummert: Å ikkje kjøpe bil. Har du derimot vore så dum at du ikkje har lytta til hovudrådet, vil me ihvertfall hjelpe deg mot sadismen, blodsutgytelsen og gaffelskrivinga omkring på verkstadane.

Me kallar det leksjon ni, og tek utgongspunkt i eit konkret døme: Underteikna sin etterkvart hardt prøva 1997-modell. Anslått marknadsverdi 15.000 kr.

Innanfor denne aldersklassa er EU-kontrollen annankvart år, og med 200.000+ km på dashbordet er det òg eitkvart å finne for kontrolløren. Når kontrolløren seinare skriv ut pristilbod på reparasjon med gaffel er det klårt at havresekken fort vert tom.

Sparebloggen syner deg difor korleis du kan snyte bukken for fleire havresekkar berre iløpet av tre halve kveldar.

Pristilbodet: 20.825 kr inkl 10% standardrabatt for å gjera bilen feilfri. Dette inkluderte både 1ar- og 2ar-feil, men berre 2ar-feil vert rapportert Statens vegvesen. Så då gløymer me 1ar-feila i denne omgong, lykta over låsen på bagasjerommet mitt treng ein til dømes ikkje å betale for å fikse...

Utgongspunktet: Ein bileigar med tre skrujern i verktykassa, samt nokre få oljeskift og dekkskift på CVen.

STEG 1: RESEARCH

For Sparebloggen er det tre hovudkjelder til bilreparasjon:

* Google
Me veit ingenting om bilreparasjon, men veit at mange andre gjer det - og dei vil gjerne dele. Foruma er spekka av gode og dumme spørsmål og svar, og berre her er det gull å finne. Finn du ingenting, kan du naturlegvis spyrje sjølv.

* Youtube
Enno meir idiotsikkert er bilentusiastane som filmar reparasjonane sine, og legg det ut på Youtube. Her finn du alt i frå operasjon av dører til byting av bremseskiver - minutt for minutt med verktyliste. Gull verdt!

* Biltema
Hjå Biltema og somme konkurrentar kan du legge inn registreringsnummeret på bilen din, og få opp komplett liste over reservedelar og varenummer. Dessutan er beteninga på varelageret ofte bilentusiastar sjølv, som har gode tips å gje i høve til skruing. Jamnt over er alle delar halv pris på Biltema, og utvalet i billeg verkty er uendeleg. Spesialdelar finn du på ymse nettsider gjennom googlesøk. Underteikna kjøpte til dømes ein vaier til ei tysk dør gjennom 3skruer.no.

Det heile er idiotsikkert, og tek du mot formodning feil, har Biltema ein særs liberal bytepolitikk mot kvittering. No questions asked.

STEG 2: FRÅ TEORI TIL PRAKSIS

Ein kan ha så mange kjelder og korrekte reservedelar ein vil, men om ein ikkje tør opne panseret skjer det ingenting (gamalt jungelord). Sparebloggen har tre hovudråd til praktiseringa:

* Tør og skru og bryte
Det er vanvittig vanskeleg å øydelegge noko, for dette er delar som skal tåle og dure og gå langt over 100 km/t i årevis. Som oftast fell det meste på plass med klips, går inn i dedikerte spor og liknande idiotsikre ordningar. Eitt godt døme på dette er då underteikna demonterte døra, drog ut sikkert 10 ulike leidningar og kablar. Alt nøye fotografert før demontering, men ved samansettinga oppdaga eg at inga leidning passa same staden to gongar. Med ti ulike kontaktar kan ein ikkje ta feil. Nok ein gong måtte eg forbløffa seie; bilreparasjon er idiotsikkert.

* Prøving og feiling
Naturlegvis vil ein møte motgong undervegs, og det skjer fortare enn du anar. Ta det med ro, ta ei pause, gjer eit googlesøk og sjå ein film på Youtube. Då eg skulle reparere dørlåsen måtte eg ta teljing nokre timar, og sanneleg, sanneleg dukka det ikkje opp eit særs detaljert oppsett på demontering av låsekassa til min bilmodell. Det er då du tilber youtubeguden neste gong du opnar døra.

* Gå på med lystig mot
Inga oppgåve er for stor, så lenge du har verktyet og ei god kjelde. Då eg skulle bytte frontlyktene på bilen, gjekk eg til oppgåva med det utgongspunktet at heile fronten måtte demonterast for å nå lyktene. Denne operasjonen var godt skildra på Youtube. Panseret vart så opna, og til mi store overrasking var lyktene særs lett tilgjengelege. Hmm, har eg opna panseret på feil bil, for youtubereparatøren kan då umogleg ta feil? Og ganske riktig, eg hadde sett filmen om 2000-modellen. Årsmodellane før hadde youtubereparatøren tidlegare dokumentert i ein annan film, og her var det tale om tre skruar per lykt. For ein leik! Totalt seks skruar og sikkert 30 minutt for å bytte frontlykter. Lyktene går berre inn ein veg, og alle skjønar dei skal peike framover. Idiotsikkert! Denne jobben skulle verkstaden ha 2 timar for å gjera.

STEG 3: ESSENSEN

Gaffelfaktureringa si tid er omme. Me vil i det følgande gå gjennom pristilbodet, og summere Sparebloggen sine samla kostnadar for same jobben.

* Bremseskiver og -klossar framme
Verkstad: 3500 kr inkl ca 1 time arbeid.

Sparebloggen: Biltema 1077 kr + ca 2 timar arbeid. I tillegg kom kjøp av verkty 150 kr, som vart nytta på andre jobbar senare.

Besparelse: 2273 kr.


* Skifte bremsecaliper framme
Verkstad: 2125 kr inkl ca 1 time arbeid.

Sparebloggen: 0 kr + 5 minutt arbeid ism bremseskft. Caliperen vart smurt, ikkje bytta.

Besparelse: 2125 kr.

* Smøre opp bremsene bak
Verkstad: 900 kr inkl ca 0,5 time.

Sparebloggen: 0 kr + ca 1 time.

Besparelse: 900 kr.

* Bytte begge frontlyktene
Verkstad: 6500 kr inkl ca 2 timar arbeid.

Sparebloggen: 1000 kr (!) + ca 0,5 time (!) + justering på annan verkstad 198 kr.

Besparelse: 5302 kr.

* Lås i førardør inne og ute
Verkstad: 3000 kr inkl 1 time arbeid.

Sparebloggen: Denne operasjonen er det mest tidkrevjande Sparebloggen gjennomførte, og den krevde diverse uttesting som er verdt ei novelle i bladet Bil og Motor. Kort oppsummert vart døra forsøkt reparert med alt i frå hesjestreng til liming og skøyting av vaier, før eg kraup til korset og kjøpte vaieren for 149 kr inkl porto. Tidsbruk kanskje 6 timar, men dette var òg svenneprøva mi. Det var suksess i denne jobben, som gjorde meg i stand til å gå på alt det andre med liv og lyst.

Besparelse: 2851 kr.

* Drivakselmansjett
Verkstad: 1700 kr inkl 1,5 time arbeid.

Sparebloggen: Spør ikkje meg kva ein drivakselmansjett er, men eg kjøpte no ein slik fiffig patent som gjer at ein slepp demontere drivakselen, men heller tre inn på mansjetten for deretter å låse denne. Slapp unna med 199 kr og 1 time lirking og vridning.

Besparelse: 1501 kr.




* Bytte eitt hjullager bak
Verkstad: 2500 kr inkl 1 time arbeid.

Sparebloggen: Etter å ha finstudert youtubevideoar, og funne pris på spesialverkty (1000+ kr) fann Sparebloggen det her fornuftig å legge inn årene. 1500 kr diff er ein liten kostnad å ta mtp risiko, arbeidsinnsats, plynder og heft ein slik reparasjon kan medføre.

Kostnad: 2500 kr.

* Reparasjon av eksoslekkasje
Verkstad: Sveising 600 kr

Sparebloggen: 39,90 for Biltema sin eksosbandasje (2 m). Lånte ei smørjegrav gratis for å koma under bilen, pussa fint under eksosanlegget og tok sjansen med tre lag bandasje. Denne kan vera vanskeleg om ein er i kantar, men er verdt forsøket for 39,90. Brukte ca 1 time på arbeidet inkl inspisering.

Sparebloggen: Måtte likevel sveise. Hadde visst nok gløymt eitt hol langt bak, sjølv om EU-kontrollen berre omhandla midtre del av eksosanlegget. Jaja, bukken fornektar seg ikkje, men eg krangla ikkje på det. Kunne nok ha gjort det.

Kostnad: 639,90.

SUM KOSTNAD ALL REPARASJON: 5714,90.

Dette var fyrste reparasjonen på nesten to år, og avskrivingane på min bil er naturlegvis alt særs låge ettersom den førre eigaren tok dei største. Myta om at reparasjon av gamle bilar er kostbart held ikkje vatn, når ein kalkulerar at den jamne nybilkjøpar tapar minst 50.000 kvart år dei fyrste handfull åra. Ein kan reparare ein billeg bruktbil i 7-8 år for berre det eine året.

SUM BESPARELSE: 15110,10.

Verdien på sine eigne timar skal ein kalkulere nøye, for ofte kan det lønne seg å heller jobbe overtid og late proffane ta seg av spesialarbeidet. I denne saka er besparelsen over 15.000, og det er rekna 11,5 + research = omlag 20 timar. Timebetalinga er følgeleg god. Enno betre vert den når ein kalkulerar inn at pengane du gjev verkstaden alt er skatta for minst ein gong.

Besparelsen ved å reparere bilen sjølv er generelt enormt god. Delane skaffar du til minst halv pris, ofte betre, og arbeidstida du sjølv brukar er maksimalt den doble av det verkstaden skriv.

KONKLUSJON: Billeg bilhald? Ikkje berre mogleg, alt anna er utenkeleg!

måndag 24. juni 2013

Tilbod

av SR

Joker
Har denne veka Norvegia til 59,00 kr/kg, og takk og lov for det! Har vore skrapa for ost dei siste vekene. Elles lite å melda om.

Spar
Kjøtdeig frå Gilde til 24,90 kr er innanfor. Elles får du 40% på alle melonar, samt 3 for 2 på Crispo/Stratos.

Matkroken
Har denne veka 1,2 kg grillpølse frå Gilde til 38,90. Elles får du ei korg nektarinar til 14,90. Den siste er me litt usikker på. Minnast å ha sett korga nede i 10 kr. Du får òg 40% på ei rekkje kjeks, samt ulike pakkar med is til 19,90.

ICA Supermarked
Er 20 år, og feirar med stil. 50% på alle melonar og kjøtdeig til 20 kr! Her er det berre å hamstra! Kaffi frå Friele får du til 20 kr posen, samt 2 x Pringles-røyr til 20 kr.

Mega
Har denne veka 40% på div. Hatting-produkt samt Lambi-dopapir og div. frå Colgate. Det er òg 305 på hårprodukt frå Elvital.

Obs!
ALARM! Denne veka frå du Dolce Gusto Piccolo kaffimaskin (kapselmaskin) til 299! Elles får du 40% på div. is frå Diplom-is, salatar frå Delikat, Vaselin Intensive-produkt og spekemat frå Gilde. Vidare tilbyr dei 3 x karbonadedeig til 100 kr. 1,5 liter Farris/Bris til 7,90 er òg innanfor.

Bunnpris
Har 3 for 2 på ei rekkje sommarprodukt, samt sommarkotelettar til 29,90 kr/kg.

måndag 17. juni 2013

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Noreg er eit billeg land å bu i, og det stadfestar Joker denne veka med fryste kotelettar til 19,90 kr kg. Dette er bra kvardagskjøt omlag 10 kr under veil pris.

* Spar
"Ukens topptilbud" er grillpølser frå Gilde og Prior til 19,90 pr 600g. Alt i alt eit ba tilbod, men ikkje noko topptilbod. Flintsteika går til 69,90 pr kg, noko me meinar er 30 kr for dyrt pr kg. Elles er det somme 40% tilbod på varer med høg utgongspris, som smoothie og ferdigkutta salat. Me styrar klar.

* Obs
Der har me den! 39,90 pr kg for kvitosten til Synnøve. Særleg underteikna har frårådd mot å gå på desse 49,90- og 54,90-tilboda, nettopp i påvente av det kvartalsvise 39,90 pr kg. Her skal det ryddast plass i frysen. Den dyre grillmaten kan dei ha for seg sjølve, så det vert ei enkel handlekorg på Obs denne veka.

* Europris
Har stadig billege el-apparat for sal til 100 kr stk, som hårfønar, kaffitraktar, bordvifte og vasskokar.

* Prix
Inga kundeavis denne veka.

* Mega
Flintsteika stadig hakket for dyr, her 59,80 pr kg. 40% rabatt på kjøtpålegg frå Grilstad og Stranda kan romme nokre gode tilbod, men pass på å samanlikne mot FirstPrice.

* Matkroken
Ingen særskilt gode tilbod denne veka.

* Ica
Har ferske nakekottelettar til 29,90 pr kg, noko som er gangbart. Fersk makrell til 39,90 pr kg er også bra, men be om at den vert sløydd før han hamnar på vekta.

* Rimi
Har framleis opptil 50% rabatt på utvalde varer, som gjer at handlerunda vert tyngre både fysisk og kognitivt. Ja, om ein då ikkje heller finn seg ein annan butikk å handle på, naturlegvis. Flintsteika til 79,90 kan du få til akseptable 39,95 dersom du kjøper 49 andre varer. Ja, om me har forstått konseptet rett. Noko me framleis ikkje er heilt sikre på. Difor tør me nok aldri gå til kassa i Rimi med 50 varer i korga! Ta oss i nåde, for me veit ikkje betre.

* Bunnpris
Også Bunnpris gjer det komplisert å handle. Me er ikkje overraska over at den elles så topp-prisa kjeda også kastar seg på Rimi sitt feilgrep, der målet synast å tene pengar på dumme kundar heller enn å spele enkelt og ope om sluttprisen. Hjå Bunnpris er det imidlertid ikkje vanskelegare enn at du innanfor varekategorien Sommerbonus/sommerfavoritter kan kjøpe 3 og betale for 2, og her er det faktisk eit par gode tilbod. Lat oss på ny ta flintsteikdømet, som på Bunnpris med rabatt vert 39,33 kr kg. Og då slepp ein altså unna med 3 varer i korga mot Rimi sine 50. Ein kan òg mikse innanfor kategorien, og treng følgeleg ikkje ta med 3 av same vare. Då vil Bunnpris spandere den billegaste.

Me oppmodar lesarane om å halde fram med å rapportere om positive og negative utslag av desse nyvinningane innanfor daglegvarehandelen.

måndag 10. juni 2013

Vekas tilbod

av KR

Joker
Kyllingfilet frå Prior 680g 59,90 er under veil. pris, men triggar ikkje firstpriceetande sparebloggarar. Lite å rope hurra for denne veka.

Spar
40% av rabatt på nygrilla kylling bør gje pris godt under vår grense på 29,90. Forutan om dette er det langt mellom godbitane.

Rimi
Me forstår oss framleis ikkje på konkurstruga Rimi. Dei må kanskje auke marginane, men endar opp med å skremme bort kundane med tilbod som kotelettar 1 kg 79,90, 1,5 l Solo 23,90 + pant, findusørret 136 kr kg og karbonandedeig 47,90 pr 400g. ...og då hjelp det knappast om du fyller handlekorga til den toppar og får prosentrabatt så det jyngar i hyllene.

Matkroken (ny!)
Har denne veka 400g svinekjøtdeig til klassikaren 10 kr! Eit kanontilbod. Matkroken har også andre tikronersvarer denne veka. Elles kan du velge tre pasta for 30 kr, og me tilrår og ta tre 1kg-pakkar.

Obs
Har denne veka 40% på sjampo/balsam frå Elvital, kutta salat og pizza frå Gandiosa. Elles er får du ein sekk med Lambi dopapir og tørkerull til 119 kr. Vidare er det 25% på div. leverpostei og smørost frå Philadelphia.

Ica Nær
Òg her er det 10-kronersmarknad med mellom anna 400 gram svinekjøtdeig! Mange gode 10-kronersklassikarar!

Ica Supermarked
Har òg 10-kronersmarknad, men ikkje svinekjøtdeig. Til gjengjeld får du kjøtdeig i lausvekt frå ferskvaredisken til 59,90 kr/kg. Det gir ein 400 gramspris på 24 kr, noko som er innanfor.

Mega
Har denne veka 40% på div. jogurt frå Tine, samt 30% på div. jus frå Coop og flytande vaskemiddel frå OMO.

Prix
Du får mellom anna 2 x Go morgen-jogurt til 15 kr, 2 x Stratos/Crispo for 40 kr, 2 x coop jus til 30 kr. Elles er vekas deal at du får med 400 gram storfekjøtdeig frå Gilde ved kjøp av ferdig riven ost frå Tine (32,90 kr). Ikkje feil!

tysdag 4. juni 2013

Tilbod

av SR

Spar
Har denne veka 40% på pizza frå Big One samt alle typar tomatar.

Joker
Karbonadedeig til 34,90 er billegare enn normalt, men den trufaste lesar kjenner vår tilnærming til dette produktet. Ti-arane denne veka er kroneis og maiskolbar. Ikkje særleg bra tilbod med andre ord. Store plater frå stratos til 14,90 er derimot innanfor. Isbergsalat til 22,90 er derimot så drøyt at berre det gjer at me frårår folk å handla hjå Joker denne veka!

ICA Nær
Byr på karbonadedeig til 29,90, nokon billegare? Me nærmar oss ok kjøtdeigpris, som er 24,90. Elles får du denne veka blå druer til 14,90 for 500 gram, noko som er innanfor. For den som er gira på smootie, kan me tilrå 3 x 250 g bær (jordbær, bringebær, skogsbær, bjørnebær) til 45 kr.

ICA Supermarked
Har same bærtilbodet som ICA Nær. Du får òg 40% på pølser frå Gilde og prior. Frå onsdag til laurdag får du òg fersk aurefillet til 89,90 kr/kg og 2 kg pink lady-eple til 39,90. Norvegia til 69,90 kr/kg er ikkje så mykje å ropa hurra for, men her i huset var me lens, så slo til, men berre 1 kg.

Bunnpris
Har tre for to på spesialpølser, skyr og Friele-kaffi. Elles lite å melda om.

Coop Mega
Har 40% på diverse sjokolade frå Nidar og Freia. Vidare får du 30% på div. frosen sjømat frå Findus, samt Libresse-produkt.

Coop Obs!
Har denne veka 40% på all fersk frukt og bær, dyremat, samt 1,5 liter Pepsi og Pepsi Max. 3 x 10-pakningar med grillpølse til 59,90 er òg innanfor. For dei som er gira på drikkejogurt er det denne veka 25% på Biola og 30% YT.  Salami frå Grilstad får du denne veka 25% på. Elles er det ikkje noko å seia på tre deoderantar frå Nivea til 50 kr.

måndag 27. mai 2013

Vekas tilbod

av KR

* Coop Mega
16,90 per 400g for svinekjøtdeig passerar filteret vårt, og kan tilrådast! Anar me ei Nordthug-effekt allereie her? Dreig Coop Mega frå dei hine allereie frå start? Inn mot veksling; 40% kupp på tex-mex! Ved Hellner-bakken; 9,90 pr kg for bananar! Og med denne tørrvoksa tilbodsrapporten helsar me vekas tilbod velkomne.

* Joker
40% rabatt på kaffi frå Evergood, eller skal me seia kaffe sidan denne er so fin av merket? Vassmelon er vekas tikroning pr kg, pass på å finne ein med lite vatn i - slik at du får meir fruktkjøt per kilo.

* Spar
Sumarkotelettar frå Gilde til 29,90 pr kg er billeg nok, sjølv om det innimellom vert solgt billegare kotelettar sumarstid. Ypparleg til rimeleg kvardagsmåltid, og ypparleg til grill etter noko tid i marinade. Elles er det 30% rabatt på is frå Hennig-Olsen.

* Rimi
"Opptil"-rabatten held fram, og er supplert med "1%"-rabatten. Slik me forstår dette lureriet får du 3% rabatt på den tredje vara, osv. Kjøper du 100 varer skal du altså få siste vara gratis, slik me forstår rabatten. Kjøper du 101 varer er me uviss på om du får pengar igjen. Uansett har me så lita tiltru til prisnivået på Rimi at me neppe kjem opp i det talet i næraste framtid. Måtte vera på opphøyrssalet i tilfellet. Nuvel. Rimi sine brød er visst baka heilt utan palmeolje, reklamerar dei denne veka. Me har fått med oss at palmeolje er usunt, men me har ikkje fått med oss at brød i Noreg tidlegare inneheldt palmeolje. Det lukta av Rimi-svindel av slik reklamering, og me tok difor kontakt med Nasjonalt fagråd for ernæring. Der fekk me opplyst at palmeolje i brød hadde vore eit tema, som mest figurerte nyhendene i 2009 og 2012. Me frikjenner difor Rimi denne gongen, men konstanterar at dei er lovleg seint ute med sine palmeoljefrie brød.

* Europris
Sokalla "Clogs", dvs Crocs-kopiar, til kr 29 pr par. Rimeleg billege sumarsko, får ein seie. 50% rabatt på målarkostar. Når det kjem til målarkostar kjøper Sparebloggen berre billegkostar, for dei endar stort sett innstorkna likevel. Nytt difor høvet om du skal måle i sumar!

* Meny
Det kan vera så ferskt det vil for vår del, men me kjøper ikkje 2x180g hamburgarar til 39,90. Pizza Ristorante med 46% rabatt til 19,90 er billeg for den som likar å tru han har dårleg tid.

* Obs
Kjøtdeig av storfe 400g 19,90 er ein sparebloggklassikar! Det same kan ikkje seiast om vaskemiddel 750g frå Ariel til 20 kr, men det er absolutt billeg nok til å kunne nemnast. Elles let me oss stadig forbløffe over prisen på frysetørka kaffi, "gullprisen" til Nescafé passerar snart 400 kr kg!

torsdag 23. mai 2013

Kupp i Danmark

av SR

Sparebloggen er som kjend på facebook, og me får stadig tilbakemeldingar. Ein av våre lesarar fortalde der om sine kupp når han var på tur til Danmark, og gjekk god for prisane. Tilfeldigheitene skulle ha det til at ein av våre skribentar skulle til København kort tid etter, og ja, danmarksturen vart ein økonomisk suksess!

Overnattinga blei booka på billegaste måte gjennom www.airbnb.com, der privatpersonar leiger ut ei seng dei har til overs (fin attåtinntekt om du har noko ståande!). Overnatting er som kjend det her i verda det er seigast å bruka pengar på, så det var på ingen måtar feil når det dukka opp eit tilbod på tre netter for to personar midt i sentrum til 1.000 kr. Det var med andre ord framleis att pengar i kassa til å fylla snippsekken med varer til danske prisar.

Ei av sparebloggen sine få, men dyre, laster er mikrobrygg. Mange vil nok setja First Price sin pulverkaffi i vrangstupa når dei les dette. Halvlitarar til 60-70 kroner? Ja, det stemmer, men kven er vel feilfrie? Livet med ei slik luksuslast blir likevel meir leveleg når prisane jamt over er 30-40% lågare i København. Eit godt døme på nettopp dette er mellom anna at ein øl som på polet kostar 230 kr (!), tok den glade danske ”berre” 130 kr for.  Eller kva med pale alen som kosta 59 kr hjå den lokale dealaren? Jo, den var på tilbod til tre for 100. Ein kan ikkje anna enn å bli glad i desse danskane!

Òg for dei litt mindre raffinerte har Danmark mykje å by på. Ta til dømes sekspakningar med lager til 1/5 av prisen i Noreg og to liter Capten Morgan til 199.

Vidare er me kjende med at me har fått ein stadig veksande lesarskare som tilhøyrer bake, kake og cupcakes-miljøet. Til desse kan me på det varmaste tilrå ei runde innom daglegvarebutikkane, som tilbyr mellom anna vaniljestenger, kvit sjokolade, etc. som er 60-70% billegare enn kva som er tilfelle i Noreg.

Når ein snakkar om Danmark er det naturleg nok vanskeleg å unngå kjøtprodukt, for kven har vel ikkje minner frå barndommen om tur heim frå Danmark med bilen full av dansk salami og skinkeboksar? Når det gjeld sistnemnde, så var prisen på ingen måte i samsvar med forventingane. Tvert om var det eit godt stykke over norsk tilbodspris. Salami, pepperoni, bacon og likande var på si side langt innanfor det me her på bloggen karakteriserar som hamstreverdig. Det same gjeld ost. Brie med smak (i motsetting til den billegaste ein får i Noreg) til 70 kr/kg er langt innanfor!

Her kjem likevel ei avklaring og åtvaring: Det er på det reine at den samla vinninga gjekk opp i spinninga i og med reise og overnatting overgår differansen mellom norske og danske prisar. Ver difor grei å ikkje gå i mammabloggfella og tru at du kan le heile vegen til banken etter ein slik tur.


måndag 20. mai 2013

Tilbod

av SR

Spar
Køyrer denne veka på med 3 for 2 på all frosen fisk frå Findus, og 40% på ferdigsalatar og smoothiar frå Bendit. Vidare er det 30% på kakemiks frå Toro.

Joker
10-aren denne veka er New Energy og brokkoli. Vidare er det denne veka skinkeboksar til 14,90. 800 gram karbonadar frp Gilde til 39,90 er òg innanfor.

ICA Nær
Har denne veka karbonadedeig til 29,90 kr/400g, samt ei korg blå druer til 14,90. Elles lite å melda om, trass stor skrift.

ICA Supermarked
Slår av 40% på alle ferske kotelettar. Elles får du alle 1,5 literar med Olden til 9,90 kr.

Bunnpris
Lokkar med 3 for 2 på diverse spesialpølser og 2 for 1 på korg med blåbær og bringebær.

Mega
Har 40% på pizza frå Dr. Oetker, kutta salatar og div. toalett- og tørkepapir. Vidare får du 2 x 4-pakningar med jogurt frå Tine til 30 kr, og 30% på ma. boil in bag-ris og store sjokoladeplater frå Nidar.

Obs!
Innførar denne veka ei ny nemning: Kronesmarked! Du får mellom anna 2 x potetgull frå Maarud til 30 kr, svinekjøtdeig til 10 kr/400 g, 2 x skinkeboks til 30 kr, ovnsbakt leverpostei frå Mills til 10 kr,

måndag 13. mai 2013

Vekas tilbod

av KR

* Joker
No byrjar rømmegraut på boks å falle i pris, og vekas tikroning er 350g. Det er akseptabelt for den som ikkje likar å stå ved grytene midt i mai. Vidare er ferdig oppskåre spekeskinke 400g til 79,90 også bra pris for den som ikkje gidd stå ved skjærefjøla midt i mai.

* Spar
40% rabatt på sørlandsis.

* Rimi
"Norske Sommer Gleder" reklamerar Rimi, og held varer stempla med "opptil 50% rabatt". Grillpølser til 55 kr kg, kjøtkaker til 110 kr kg og spaghetti 43 kr kg er imidlertid milevis unna 50%. Me har åtvara Rimi før, og gjer det igjen. De kjem til å gå konkurs, kundande har allereie flykta - og de held fram lureriet.

* Ica
Heil, fersk laks til 39,90 kr kg er bra, særleg med dagens noteringar frå FishPool.

* Coop Xtra
Grillpølser frå Gilde til 33 kr kg frå pakningar á 1,8 kg.

* Coop Obs
Grillpølser frå Leiv Vidar til 28 kr kg frå pakningar á 1,45 kg. Norvegia til 54,90 er kanskje billeg, men me føretrekk å hamstre kvitost på 39,90 eller 49,90.

* Meny
Diverse varer nedprisa 30%, men veiledande pris framgår ikkje av reklamemateriellet. Me er følgeleg skeptiske av natur.

* Bunnpris
3 for prisen av 2 kva gjeld spesialpølser.

* Kiwi
Indrefilet av svin til 117 kr kg er bra. Grillpølser av kylling og kalkun til 24 kr kg.

Konklusjon: Det er pølsefest i norsk daglegvarehandel, til hyllest for sleske eidsvollmenn?

onsdag 8. mai 2013

Kiwi sin datogaranti - ikkje akkurat 'well done'

av KR

Sparebloggredaksjonen skjønar sushi er moderne, og så klart vil me også vera moderne når alle andre er det. Difor har me lenge gått og glant på desse sushiboksane i butikken. Å gå på sushibar ville vera litt i overkant for småkårsfolk som oss.

Difor var det med stor begeistring underteikna i dag 8. mai kom over tre pakkar fersk sushi på boks datostempla 9. mai. Som den røynde lesar og sparar veit, gjev dette gratis vare på Kiwi.

Må likevel innrømme eg var skeptisk der eg sjekka datoen på fyrste, andre og tredje. Når dei var på veg ned i korga, måtte eg la dei falle tilbake i kjøledisken. Sushi er skummelt nok om det ikkje skal vera så tett på datoen. Dessutan hadde eg ikkje klart å ete tre pakkar fram til 9. mai, tenkte eg. Tanken gjekk vidare til kiwiraid i gamledagar. Her står du og legg gratis kiwivarer attende i disken, kva er det du held på med mann? Har det rabla fullstendig for deg?

Eg gjekk vidare, men måtte snu brått. Det hadde ikkje rabla for meg, eller kanskje... Så klart kan jo denne fisken steikast og trekkast som anna fisk, tenkte eg. Sushi er berre eit moteord, fisk er ei råvare med alle moglege tilberedingsmåtar - både den late (rå) og den meir saktmodige (trekking).

Som sagt så gjort, og vidare til kassa bar det. Beskjeden var imidlertid nedslåande; holdbarhetsgarantien gjeld ikkje for sushivarene eller anna fersk fisk og sjømat. Med det ber det vel tilbake til seiblokkene for sparebloggredaksjonen.

måndag 6. mai 2013

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Sumaren er offisielt i gong, og Joker sel 1 kg gildekotelettar til 19,90. Hugs dette kan nyttast fleire plassar enn berre på grillen. Det går både ned i pølsekverna, men høver også i gryta.

* Spar
Grilla kylling 34,90 pr stk er 5 kr for mykje etter vår smak. 40% rabatt på tomatar.

* Obs
40% rabatt på alt syltety frå Coop. 2x200g sjokolade frå Freia til 35 kr. Til stryk på kotelettane, 2 kg for 59,90. Hamstre heller på Joker.

* Prix
Månadsdealen er pølsebrød og wienerpølser, og til å nærme oss 17. mai er dealen ikkje så verst. No føretrekk imidlertid Sparebloggen meir kjøtrike pølser. Dei lagast billegast med kjøt frå Joker.

* Europris
Diverse kjøkkenelektronikk til 99 kr pr stk. Me nemner i fleng; handmiksar, stavmiksar og kaffitraktar.

* Ica
Spekeskinke frå 79,90 pr kg. 40% rabatt på melonar og iskrem.

* Rimi
Ei rekke "kjøp nyheten, få originalen"-tilbod, men me klarar ikkje å verte frista. For oss føyer dette seg inn i rekka av luretilbod frå Rimi. Me betalar til dømes ikkje 39,90 for 490g karbonader, når ein får 400g kjøtdeig til halve prisen.

* Kiwi
3x1,5l Farris til 30 kr passerar så vidt, men det bør helst vera 7,90. Forutan om dette ser det ut til at Tina-kampanja til Kiwi kostar kundane dyrt.

* Bunnpris
Det ser ut til at 17. mai-prisane har nådd Bunnpris denne veka.

måndag 29. april 2013

Tilbod

av SR

Spar
Har denne veka 400 g karbonadedeig til 34,90 (sjå Joker!), 3 for 2 på store sjokoladeplater frå Freia, og 40% på blå og grøne steinfrie druer i boks. Asparges til 29,90 kr er billegare enn vanleg, men sjå Kiwi.

Kiwi
Har endeleg forstått at det ikkje berre nyttar med "faste lave priser", og det ser ut til at me denne sommaren kan nyta godt av både asparges og 2 x avokado til 19,91.

Joker
Byr denne veka på 400 g storfekjøtdeig frå Gilde til 22,90, medium store tacolefser frå Old el Paso til 10 kr og -40% på div. frosne grønsaker frå Eldorado.

Rimi
Markerar slepp av nye varer med "kjøp den nye, og få med den gamle"-tilbod. Dette inneber i praksis tilnærma 50% av, noko som absolutt er innanfor.

Mega
Har denne veka 30% på ei rekkje brunosttypar. Vidare får du 40% på div. jus frå Coop, farris og bris til 9,90 og heil grilla kylling til 29,90.

ICA Nær
Har blå steinfrie druer i korg, samt grillpølser frå Gilde og Prior til 19,90. Isbergsalat til 8,90 er òg bra.

ICA Supermarked
Slår av 40% på alle produkt frå Maarud. Elles er aure til 89 kr/kg innanfor. Me er usikre på listeprisen på raudspette, men noko seier oss at 59,90 kr/kg er særs bra. Elles synast det klart at aspargesprisane er på veg ned, her får du ein bunt til 24,90. Torsdag til laurdag får du elles 40% på alt frå Synnøve Finden (kvitost, brunost, prim, smør, etc.).

måndag 22. april 2013

Tilbod

av SR

Joker
Ein kjepphest for både spararar og kokkar er at det ikkje berre er fileten som er etande på kyllingen, men òg mellom anna låra. Denne veka får du 960 gram ferdiggrilla lår til 39,90, noko som er innanfor. Elles kan me tilrå Findus fiskegrateng og brokkolibunt til 10 kr kvar.

Spar
Har denne veka 40% på alle kutta salatar og ei rekkje originale, Grandiosa og Big One-pizza. Viss du er av typen som ikkje lagar sausen din sjølv, kan me tilrå 3 for 2 på ei rekkje Toro-sausar. 2 x 1 litersflasker med jus frå Cevita til 49 kr er òg innanfor for den kvalitetsmedvitne. 

Rimi
Det er under ein månad til 17. mai, og på Rimi får du denne veka 520 g wienerpølse frå Gilde til 19,90. Vidare er det 3 for 2 på div 1,5-litersbrus frå Coca-Cola, Pizza Originale og peppe's-produkt, samt 30% på ei rekkje andre produkt. Vidare kan me tilrå brokkoli til 10 kr. 

ICA Nær
Byr denne veka på 500 g blå druer i korg til 19,90, og grillpølse frå Gilde og Prior til 19,90. Vidare er det 3 for 2 på salatar frå Delikat. Isbergsalat til 8,90 er òg bra, men står seg diverre dårleg. 

ICA Supermarked
Diskar opp med 40% på all fersk raud fisk. I dette ligg mellom anna ishavsrøye, som sjeldan er å finna under listepris. Elles er det 30% på div. ferdigrettar frå Findus, samt tex-mex frå Old el Paso og salatar frå Delikat, og brokkoli til 9,90.

Bunnpris
Held fram med sitt priskrakk på reingjeringsprodukt. Vidare er det 30% på alle fiskeprodukt frå Kløver, og tre for to på smørost frå Tine og potetgull frå Maarud.

Mega
Denne veka er det 40% på alle typar kaffi frå Coop, kutta salatar samt Lambi toalettpapir. Det er òg 30% på div. produkt frå Hatting, div. Fjordland, Müsli, Ovnsbakt leverpostei.

onsdag 17. april 2013

Kroken på døra for Rimi?

av KR

Ja, det er dette Pål R Silseth bak Norsk Kundebarometer spår etter tidenes dårlegaste Rimi-notering på kundebarometeret. Den låge plasseringa samsvarar godt med dei økonomiske resultata. Dessutan har då me då her på bloggen også siste 3-4 åra kunne observere kor dårleg Rimi gjer det i tilbodskampen kjedene i mellom. Sparebloggen finn ikkje tal på kor mange gongar me har bedt Rimi slutte å lure kundane sine gjennom tilbodskampanjane sine. Skal Rimi overleve må dei byrje å spele med opne kort, og ta kundane sine på alvor.

At konkurransen er enormt stor i norsk daglegvarehandel er ein av Sparebloggen sine mange kjepphestar. Det er ei myte av konkuransen er liten og varene dyre, dersom ein har augene med seg. Frå før har me sett Lidl og Ica Maxi legge ned grunna høg konkurranse og svake rsultat, og kan Rimi og resten av Ica-konsernet vera dei neste ut dørene?

måndag 15. april 2013

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Vekas tikroning er bananar til 10 kr kg. Nokså ordinær tilbodspris og ingenting å løfte augebryna for. Ti kroner skal Joker også ha for 186g rømmegraut. Direkte skamlaus pris, og håplaust dyrt sjølv 1 mnd før 17. mai.... Elles byr Joker på 40% rabatt på pizza frå Stabburet. Lite å hente på Joker denne veka med andre ord.

* Spar
Wow! Den er attende. Svinekjøtdeig 400g til 10 kr pr pk. Me tilrår hamstring.

* Obs
Kvitost frå Synnøve Finden 1 kg til 49,90. Dei som ikkje fekk hamstra til 39,90 på Joker bør med andre ord nytte høvet denne gongen. Elles reklamerar Obs for noko dei kallar for "ekte husmannskost", mellom anna grytekjøt til 139 kr kg. Me kan ikkje anna enn å le av dette luretilbodet, og dessutan er då ekte husmannskost heller vassgraut enn storefékjøt.

* Prix
Inga kundeavis denne veka.

* Rimi
Held fram med sine tvilsame 3 for 2-tilbod, der mellom anna stivprisa frysevarer frå Findus inngår. Det same gjer dyrt prisa ferdigpizza frå Originale.

* Meny
Kjøtdeig av storfe 400g til 24,90 er nesten billeg isolert sett, men som vanleg henviser me til 19,90 som maksimalpris - og denne veka til svinekjøtdeiga hjå Spar til 10 kr pk.

* Mega
Ingen særskilt gode tilbod denne veka.

* Ica
40% rabatt på ferske salatblandingar var nok på høg tid, men framleis er det billegare og ferskare å svinge kniven sjølv.

* Europris
3x4l spylarvæske til bil for kr 49 er godkjend. Det same er vindusviskarblad frå Bosch til kr 99.

måndag 8. april 2013

Tilbod

av SR

Spar
Det er tid for 10-kronersmarknad. Me veit ikkje kva Kyllingsnacks er, men det er kylling, og 10 kr/kg, så me legg til grunn at det er innanfor. Elles kan me tilrå klassikarar som Ali Frokostkaffe, sekspakning med egg, leverpostei med meir. Her er det berre å ta for seg kundeavisa!

Joker
Slår denne veka av 40% på ei rekkje kaffiprodukt frå Evergood. Nakkekotelettar til 29,90 kr/kg er heller ikkje feil, og 10-aren denne veka er blomkålhovud, men styr unna vaffelblandinga til same pris (billeg, ja, men dårleg og usunt!). 1,5 liter Solo til 15,90 skal heller ikkje vera feil, for dei som driv med slikt.

Rimi
Har 30% rabatt på ei rekkje vaskeprodukt (òg OB), i tillegg til diverse 3 for 2. Seks-pakning med eple til 14,90 er heller ikkje feil.

Bunnpris
20-60% rabatt på alle reingjeringsprodukt er på ingen måte feil! Elles er det 30% av på alle fiskeprodukt frå Kløver, samt 3 for 2 på Go-Morgen-jogurt.

ICA Nær
Byr denne veka på 3 for 2 på all fisk frå Findus, og 40% avslag på alle reingjeringsprodukt frå Lilleborg. Vidare er ikkje pærer til 9,90 kr/kg å forakta.

ICA Supermarked
Har 30% på all Norvegia (inkl. vellagra etc.), Asan-produkt og 40% på pizza Originale og reingjeringsprodukt frå Lilleborg. Vidare er det flat pris (10 kr) på all småis frå Hennig Olsen og Diplomis.

Mega
Òg her er det ei rekkje produkt til berre 10 kr, mellom anna leverpostei, 500 ml-beger med jogurt og jordbær/bringebær. Vidare er det nokon luringar, slik som 20 kr for ei skinkeboks - dette er vertfall 5,10 kr for mykje. 2 x potetgullposar frå Maarud til 30 kr er derimot innanfor.

Obs!
Viss du er glad i Grandis er Obs staden for deg denne veka: 40% rabatt på sju ulike sortar! Elles er det eple til 14,90, sekkar med lambi tørkerull/dopapir til 119, 12-pakning med egg til 19,90 og Sørlandschips til 10 kr.

onsdag 3. april 2013

Alarm!

av KR

Grunna 2. påskedag var det inga "Vekas tilbod"-spalte, men etter ein handletur i dag ser eg det er behov for ein kvitostalarm. Joker sel 480g til 19,90, dvs 41,46 kr kg for Synnøve sin kvitost! Det er alarm på vegne av vanvittig mange! Alarm!

Akkurat tilbod som dette gjer underteikna skeptisk til å kaste seg på dei mange 59,90-tilboda på kvitost. Bunke opp til godt under 50-lappen!

Sparebloggen er attende med sine faste spalter neste veke.

måndag 18. mars 2013

Vekas tilbod

av KR

* Joker
2 kvikklunsjar til 10 kr er vekas tilbod, rettare sagt årets luretilbod, frå Joker. Det same må ein nok seie om lammelåret til 199 kr kg, nær firedobbel pris i høve til enkelte konkurrentar. Tidenes verste påske hjå Joker? Styr unna!

* Rimi
6-pk kvikklunsj til 19,90 er eit bra tilbod. Lammelåret til 58,90 kr kg er nemnt. 200g Crispo, Bergene Melk eller Stratos til 16,90 er òg bra. Har Rimi lagt om kursen i 2013?

* Spar
Lammelår til 57,90 kr kg er bra, men forutan dette er det lite å hente.

* Obs
3 x 400g karbonandedeig til 100 kr er bra i høve til veiledande pris. Smågodt til 5,90 kr hg er også bra, ilag med appelsiner til 8,45 kr kg.

* Kiwi
Lammelår frå FirstPrice til 59,90 kr kg, slått av både Rimi og Spar!

* Mega
Norvegia 59,90 kr kg er akkurat innanfor, men likevel under tvil for dei som hamstrar og fryser ned på 49,90. 2 x 400g kjøttdeig til 50 kr er ikkje heilt OK ettersom Coop hadde eit stort 19,90-tilbod førre veke.

* Prix
Prøvar seg med ein luring, 6-pk kvikklunsj til 29,90. Fell igjennom for Rimi-tilbodet.

* Ica
5 store sjokoladeplater til 100 kr er det beste Ica kan diske opp med denne veka, men også dei fell igjennom for søsterbutikken Rimi.

* Bunnpris
Ikkje akkurat på bunn, ihvertfall ikkje prismessig, denne veka heller. Lammelåret er 10 kr dyrare pr kg, dei prøvar seg med luretilbod på kvikklunsj (jf mot Rimi) og dei sedvanlege dagstilboda imponerar få lenger.

* Europris
6,99 kr kg på smågodt gjev ikkje akkurat "mer til overs" når ein kan spare krona og vel så det på Obs. 3 liter spylevæske til 10 kr posen er imidlertid bra, bunkre opp tors-laurdag.

Sparebloggen ynskjer alle lesarar gode fridagar. Me står opp att over påske, humre, humre.

måndag 11. mars 2013

Tilbod

av SR

Spar
Slår av 40% på all frosen fisk frå Findus, samt 1,5 kg-sekk med nypoteter. Vidare fortsetter skrei-festen til 59,90 kr/kg, sjølv om me har sett det billegare denne vinteren. Er du lei arbeidet med dei små og billege rekene kan me òg tilrå store reker til 59,90 kr/kg.

Joker
900 g kjøtpølse frå Gilde til 29,90 kr/kg er ikkje verst. Mørk og lys brunost til 59,90 kr/kg er relativt standard, men likevel ein fin pris. Er du sugen på Olden, kan me tilrå 1,5 liter til 10 kr + pant.

ICA Nær
Påska nærmar seg, og med det føl òg appelsiner til 9,90 kr/kg. Vidare får du lammelår til 69,90 kr/kg. Sekspakning kvikklunsh til 29,90 er òg innanfor. Det same er gjengangaren store sjokoladeplater frå Freia til 19,90.

ICA Supermarked
Skinkesteik til 29,90 kr/kg er absolutt innanfor. Er du råflott, kan me tilrå salmalaks til 189 kr/kg, og den ikkje fullt så kjende lillebroren lakselion frå Sea Fraiche. Elles er grillsesongen tydelegvis på veg, i og med me denne veka får marinert flintsteik til 59,90 kr/kg. Vidare er det 30% på ei rekkje ostar med smak. Frå torsdag til laurdag er det verdt å merkja seg at det er 40% på alle hygieneprodukt frå Lilleborg og Jordan.

Obs
Omsider noko storekjøtdeig på sal att, redaksjonen har gått litt lei svinekjøtdeig siste månadane. 19,90 for 400g Gilde er forsvarleg for hamstring. 1,5 l Farris til 9,90 er også OK.

Mega
Òg her får du 40% på alle hygieneprodukt frå Lilleborg. Vidare er det tilsvarande rabatt på God Gamaldags fiskegrateng, Bris/Farris, samt ei rekkje gryter og supper frå Toro. Så er det 30% på Go'morgen-jogurt.

Rema 1000
Er stort sett oppteken av å fortelja om sine oppskrifter, men me kan på det varmaste tilrå 2 x Maarud-potetgullposar for 30 kr, og tilsvarande med store sjokoladeplater frå Nidar. 6,49 kr/hg for smågodt er heller ikkje verst!

Rimi
Appelsiner til 8,90 kr/kg er prisbeste denne veka. Smågodt til 7,90 kr/hg er noko over rema, men likevel innanfor om du ikkje har rema innan rimeleg avstand.

torsdag 7. mars 2013

Nøkkelholsbløffen


av SR

Det kjem frå alle kantar - eg snakkar sjølvsagt om Kiwi sitt evigvarande mas om at dei kuttar prisen på dei sunne nøkkelholprodukt. Me har tidlegare uttala oss kritiske til dette konseptet, trass priskutt. Grunnen til dette er at det er viktigare for Kiwi å fortelja at dei kuttar prisane enn å faktisk kutta prisane.

Eit klart døme på dette er prisauka på td. frosne First Price-kyllingfilletar. Denne auka tilsvarar omlag 20%, dette samsvarar dårleg med både KPI og lovnadane om at Kiwi "på nytt" kuttar prisane.

Eit anna utspekulert døme på denne bløffen er prisen på havregryn. Ein gong over nyttår gjekk produsenten frå å selja vara si i 750 gramspakkar til ein kilo. Før dette kosta ein pakke omlag 8,50. Etter at pakken blei større auka naturleg nok òg prisen på dette nøkkelholsproduktet, men no var prisen brått omlag 15 kr hjå den lokale havregrynspusharen! Dette inneber ein auke i kiloprisen på 32%, trass auka volum pr. sal.

Med ein slik priseksplosjon grunna ny forpakning er det ikkje rart Kiwi kan føreta nye priskutt i tida framover, då prisen framleis vil vera høgare enn kva den var før.

Dette er berre to døme på bløffen, har du fleier?

måndag 4. mars 2013

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Kotelettar med skalk 19,90 kr kg er billegare enn me har sett på lenge. Elles har Joker også bananar til 10 kr kg denne veka.

* Spar
40% rabatt på texmex frå Santa-Maria, 3-for-2 på kjeks, og 40% rabatt på frosne bær.

* Meny
Kyllingkjøtdeig 16,90 pr 400g peikar seg ut denne veka.

* Bunnpris
Framleis dagstilbod som gjev deg 500g torsk til 34 kr torsdag og grandis til 24 kr kvar sundag. Spar heller laurdagspizza om du også er pizzahungrig sundag.

* Europris
5 liter klor for uslåelege 20 kr! 40% rabatt på jekkestropper frå Strap.

* Obs
9,90 kr kg for appelsiner, 19,90 for kverna svinekjøtdeig 400g, og 13,90 for sardiner frå King Oscar. Philips hårklyppar 199 kr.

* Prix
Ny månadsdeal, som skuffar. Kjøper du til dømes løvsteik får du med ein pose pommes frites. Kombinasjonen er upåklageleg, det skal dei ha, men Sparebloggen frårår generelt løvstek grunna kiloprisen (216,67 kr) og (manglande) kjøtkvalitet.

måndag 25. februar 2013

Tilbod

av SR

Bunnpris
Har i tillegg til sine faste dagstidbod frå måndag til laurdag, no òg kome med grandiosa til 24 kr. Trur det er ein del tømmermenn som jublar for nettopp dette.

Joker
Grandis er tydelegvis eit stikkord, for denne veka får du 40% på all ferdigpizza frå Stabburet. Vidare kan me tilrå Bixit til 10 kr. Elles lite å melda om.

Spar
Byr denne veka på heil grilla kylling til 29,90, samt 40% på kutta salat (OBS, ruccola er ikkje å rekna som kutta...), Bendit Smoothi, fersk pasta og pizzabotn frå Fersk&Ferdig, og frosne fiskeprodukt frå Fiskemannen. Vidare er det 3 for 2 på jogurt-produkt frå Tine, samt Jordan tannkostar og tannkrem frå Solidox og Pepsodent.

Alt i alt ei veldig bra veke hjå Spar!

Ica Nær
God Gameldags fiskegrateng til 19,90 er billegare, men ikkje så mykje meir. Marknaden har andre produkt som gir meir for pengane. Ei korg (800 g) med kiwiar til 9,90 er derimot veldig bra! Det same er pizza ristorante til 19,90.

Ica Supermarked
Har denne veka 10-kronersmarknad. Me kan tilrå ei rekkje produkt, mellom anna 250 g kronekaffi, eple/pære/appelsiner, omnsbaka leverpostei frå Mills og korg med kiwiar.

Rimi
Har prosentar på div. taco. Det er derimot vanskeleg å finna ut av prisen både på nett og i butikk. Ver difor varsam med dette! Avokado til 7,90 stykk er bra, det same er kvitost frå Synnøve til 59,90 kr/kg. Vidare er det 30% på ei rekkje varer, samt 9,90 for ei korg med kiwiar.

Mega
Har denne veka 40% på ei rekkje typar pålegg frå Gilde. Det er òg 30% på div. gryter frå Toro. Selbu Blå til 18,90 er heller ikkje til å kimsa av.

Obs!
Den er endeleg tilbake - eg snakkar sjølvsagt om kvit synnøve til 49,90 kr/kg. Vidare får du 30% på alle nøtteblandingar frå Polly, og 40% på 1,5 liter Pepsi/Pepsi Max. 2-pakk modne avokadoar til 19,90 er billeg, men me har sett det billegare denne veka, det same gjeld eple til 12,90 kr/kg. Du får òg 40% på alle nøtteposar frå Den lille nøttefabrikken, samt 30% på alle Regal brødblandingar noko som vil seia 11,55. Er du sugen på is med smak, kan me tilrå 4 x Dream for 100 kr.

laurdag 23. februar 2013

Mammutsalet

av KR

Sparebloggtradisjon tru kvesser me støyttennene (applaus, takk) og kjem her med tilrådingar for årets Mammutsal. Kvifor ikkje ta julehandelen alt no?

* Vedboka til Lars Mytting har hamna på Mammutsalet år, men prisen er då (drum role) brennbar og heile 179 kr.

* Coffeetablebooks er ein klassikar på Mammutsalet, og Laurtizen si bok FjellNorge går her for NittiNi kroner.

* Fjodor Dostojevskij er ein av dei forfattarane me berre høyrer i frå på Mammutsalet, og dette året har han tydelegvis kome med ei ny bok (orsak oss, me veit ikkje betre) nemleg Netotsjkas barndom til kr 79!

* Knausgård er ein gjengongar på årets Mammutsal med prisar frå kr 99 til 149 for innbundne permar. I fare for å høyrast ut som indremisjonsdamer, seier me "tenk å utgje slikt på stiv perm..."

* For patrioten tilrår me dette året utgjevinga Instilling fra Undersøkelseskommisjonen av 1945. Ingen avvik avdekt, naturlegvis. Og det berre for 99 kr! Me går ut i frå at bokkjøpet kan trekkast frå på likninga.

* Punk er ikkje berre US/UK og siste halvdel av 1970-talet. Det syner Mathiesen i si bok om Norsk post-punk 1980-1985 til kr 149.

måndag 18. februar 2013

Vekas tilbod

av KR

Etter ei lita vinterferiestille her på bloggen er me no attende med vekas tilbod!

* Joker
Svulten på lasagn utan usporbart hestekjøt? 22,90 for 400g Gilde kjøtdeig av storfe er akseptabelt, sjølv om me normalt ynskjer denne vara under 20 ved hamstring. Vekas tikroning er 1 kg bananer, ikkje billegare enn det må vera.

* Spar
1 kg Norvegia til 59,90 er billegare enn veiledande, men her føretrekk me no kvitosten under 50-lappen før det vert storhamstring. 40% rabatt på Ali kaffi, Hennig-Olsen og druer.

* Obs
40% rabatt på all tex-mex som med det skulle kunne konkurrere med FirstPrice. Appelsiner til 9,90 kr kg er akseptabelt, det same er syntetiske dyner frå 129 kr stk.

* Extra
Diverse "kjøp 2"-tilbod, der høgdepunktet nok må vera 2x400g karbonadedeig for 65 kr.

* Mega
40% rabatt på all juice og yoghurt på tysdag, 40% på alle frysevarer frå Findus onsdag og 40% rabatt på all Ringnes (brus) laurdag. Me er på befolkningsnivå generelt skeptiske til dagskupp, ettersom det aukar sjansen for impulskjøp - men for den disiplinerte sparar kan situasjonen fortone seg anleis!

* Rimi
Også her 40% på tex-mex, 59,90 kr kg for kvitost frå Synnøve, men stakkarslege 29,90 for 400g svinekjøtdeig er skammeleg dårleg.

* Bunnpris
Dei ordinære 24- og 34-tilboda, der kjøtdeig 400g og 500g laks er hovudingrediensane.

* Meny
30% rabatt på Ybarra-produkt er sjeldsynt, meir skeptiske er me imidlertid på prisen på Meny sin ferdigpakka fisk trass i same rabatten.

* Europris
Langt mellom dei ekstraordinære tilboda, men 99 kr for 4 Trysil-sokkar er eit bra alternativ til den dyre Ulvang-sokken.