torsdag 23. mai 2013

Kupp i Danmark

av SR

Sparebloggen er som kjend på facebook, og me får stadig tilbakemeldingar. Ein av våre lesarar fortalde der om sine kupp når han var på tur til Danmark, og gjekk god for prisane. Tilfeldigheitene skulle ha det til at ein av våre skribentar skulle til København kort tid etter, og ja, danmarksturen vart ein økonomisk suksess!

Overnattinga blei booka på billegaste måte gjennom www.airbnb.com, der privatpersonar leiger ut ei seng dei har til overs (fin attåtinntekt om du har noko ståande!). Overnatting er som kjend det her i verda det er seigast å bruka pengar på, så det var på ingen måtar feil når det dukka opp eit tilbod på tre netter for to personar midt i sentrum til 1.000 kr. Det var med andre ord framleis att pengar i kassa til å fylla snippsekken med varer til danske prisar.

Ei av sparebloggen sine få, men dyre, laster er mikrobrygg. Mange vil nok setja First Price sin pulverkaffi i vrangstupa når dei les dette. Halvlitarar til 60-70 kroner? Ja, det stemmer, men kven er vel feilfrie? Livet med ei slik luksuslast blir likevel meir leveleg når prisane jamt over er 30-40% lågare i København. Eit godt døme på nettopp dette er mellom anna at ein øl som på polet kostar 230 kr (!), tok den glade danske ”berre” 130 kr for.  Eller kva med pale alen som kosta 59 kr hjå den lokale dealaren? Jo, den var på tilbod til tre for 100. Ein kan ikkje anna enn å bli glad i desse danskane!

Òg for dei litt mindre raffinerte har Danmark mykje å by på. Ta til dømes sekspakningar med lager til 1/5 av prisen i Noreg og to liter Capten Morgan til 199.

Vidare er me kjende med at me har fått ein stadig veksande lesarskare som tilhøyrer bake, kake og cupcakes-miljøet. Til desse kan me på det varmaste tilrå ei runde innom daglegvarebutikkane, som tilbyr mellom anna vaniljestenger, kvit sjokolade, etc. som er 60-70% billegare enn kva som er tilfelle i Noreg.

Når ein snakkar om Danmark er det naturleg nok vanskeleg å unngå kjøtprodukt, for kven har vel ikkje minner frå barndommen om tur heim frå Danmark med bilen full av dansk salami og skinkeboksar? Når det gjeld sistnemnde, så var prisen på ingen måte i samsvar med forventingane. Tvert om var det eit godt stykke over norsk tilbodspris. Salami, pepperoni, bacon og likande var på si side langt innanfor det me her på bloggen karakteriserar som hamstreverdig. Det same gjeld ost. Brie med smak (i motsetting til den billegaste ein får i Noreg) til 70 kr/kg er langt innanfor!

Her kjem likevel ei avklaring og åtvaring: Det er på det reine at den samla vinninga gjekk opp i spinninga i og med reise og overnatting overgår differansen mellom norske og danske prisar. Ver difor grei å ikkje gå i mammabloggfella og tru at du kan le heile vegen til banken etter ein slik tur.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar