onsdag 8. mai 2013

Kiwi sin datogaranti - ikkje akkurat 'well done'

av KR

Sparebloggredaksjonen skjønar sushi er moderne, og så klart vil me også vera moderne når alle andre er det. Difor har me lenge gått og glant på desse sushiboksane i butikken. Å gå på sushibar ville vera litt i overkant for småkårsfolk som oss.

Difor var det med stor begeistring underteikna i dag 8. mai kom over tre pakkar fersk sushi på boks datostempla 9. mai. Som den røynde lesar og sparar veit, gjev dette gratis vare på Kiwi.

Må likevel innrømme eg var skeptisk der eg sjekka datoen på fyrste, andre og tredje. Når dei var på veg ned i korga, måtte eg la dei falle tilbake i kjøledisken. Sushi er skummelt nok om det ikkje skal vera så tett på datoen. Dessutan hadde eg ikkje klart å ete tre pakkar fram til 9. mai, tenkte eg. Tanken gjekk vidare til kiwiraid i gamledagar. Her står du og legg gratis kiwivarer attende i disken, kva er det du held på med mann? Har det rabla fullstendig for deg?

Eg gjekk vidare, men måtte snu brått. Det hadde ikkje rabla for meg, eller kanskje... Så klart kan jo denne fisken steikast og trekkast som anna fisk, tenkte eg. Sushi er berre eit moteord, fisk er ei råvare med alle moglege tilberedingsmåtar - både den late (rå) og den meir saktmodige (trekking).

Som sagt så gjort, og vidare til kassa bar det. Beskjeden var imidlertid nedslåande; holdbarhetsgarantien gjeld ikkje for sushivarene eller anna fersk fisk og sjømat. Med det ber det vel tilbake til seiblokkene for sparebloggredaksjonen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar