måndag 29. september 2014

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Inga god veke. 40% på grandis fristar ingen, og 10 kr for 2-pk kvikklunsj er langt i frå eit påsketilbod. Styr unna!

* Spar
40% på ferdigrettar frå Findus er kanskje forlokkande, men likevel eit fordyrande innslag i høve til å kjøpe inn råvarene sjølv. Sparebloggen føretrekk å koke i 10-litarsgryte, porsjonere og fryse ned. Det kallar me fastfood, heller enn å stå i kassakø kvar dag.

* Coop Marked
30% rabatt på oppskåren ost vekkjer berre harme over sløseriet i dagens samfunn. Kjøp deg heller ein ostehøvel for mellomlegget!

* Obs
Me seier det igjen; kjøp aldri ost til over 50 kr kg, for det kjem stadige tilbod under. Denne veka er det Synnøve sin kvite til kr 49,90 pr kg. Beinfri laksefilet til 69,90 pr kg er heller ikkje så gale, trass i at råvareprisen har kome ned noko siste tida. 40% rabatt på alle kasseroller og steikepanner.

* Kiwi
Gilde sitt frosne fårikålkjøt til 34,90 likar me, og dette passar vel så godt i brennsnut som i fårikålgryta. Det same gjer for øvrig svineknoke til 29,90 pr kg, og til denne kjem Husfar med ein spesial på onsdag.

* Rimi
Me registrerar at fårikolkjøtet til Smart365, Ica sitt eige merkevare, no stig i pris faktisk - frå 39,90 til 49,90. Det er feil tid på året, Rimi!

* Ica
Lammelåret går no til 79,90 pr kg, noko for stivt for oss, som avventar til 59,90 eller 69,90 til nøds. At svenskehandel ikkje lønnar seg veit me, og det er lite hjå Ica som vekkjer åtgaum denne veka.

* Europris
Det er lenge sidan me har høyrt i frå ho "mer til overs"-dama, og sant og seie har me lite til overs for den typen humre-humre. Stort sett går det mest i smågodt og plastbokser på Europris, så også denne veka. Likevel ynskjer me framheve såpeutvalet, store kvanta, der 4 liter salmiakk og klor (i separate behaldarar, humre-humre) går til 26,90. Upraktisk seier somme, utruleg praktisk og billeg seier me!

...og det var tilbodsnytt.

laurdag 27. september 2014

Test: Ein transportabel røyrtelefon frå USA

av KR

Kor mykje tålar eigentleg nye iPhone 6+? Det ville Sparebloggen finne ut då nye iPhone 6+ vart lansert i Noreg fredag.

Eigentleg er den nye iPhone 6+ ganske stor. Omlag som eit nettbrett, er me vorte fortalt. Dei sa so på Elkjøp, då dei var utselde.

Eit betre kamera på marknaden, seier dei, er du på jakt etter ein telefon bør du imidlertid sjå deg om etter ein Alcatel eller eit apparat frå Elektrisk Bureau.

Dei seier at ein iPhone 6+ knusar lett om du slepp han frå bakken. Sparebloggen har naturlegvis ikkje kjøpt ein iPhone, og heller ikkje sluppe denne frå bakken, men sikre kjelder seier at den ikkje tålar å verte slept ned på eit marmorgolv frå 10 meters høgde (det var ikkje vatn i bassenget den dagen).

Resultat? Me finn ikkje ord for dagens kvalitetskrav, inkje fins der kvalitetssjekkar og inkje fins der kvalitetsskjema. Korleis kan talartuten overleva i dagens samfunn, spyr mange, me veit ikkje svaret. Me rår i frå å kjøpe denne talartuten, då han mest truleg knekk i to om du set deg på han. Me går klar dette yankee-åket.

Thorstein Veblen hadde rett i sin pamflett av 1899. Av omsyn til lesarane lenkjar me her.

måndag 22. september 2014

Tilbod

av SR

Spar
Har denne veka 40 % avslag på gulrot, blomkål og brokkoli. Vidare får du 1 kg kvitost frå Synøve til 59,90 kr/kg.

Joker
Køyrer på med karbonadedeig til 34,90 for 400 gram. Vidare er 10-aren denne veka Ritz-kjeks til 10 kr - ei sjeldan tilbodsvare. Så er det 30 % på div. munnprodukt frå Colgate, samt div. Asan-produkt. Hovudkål får du til 2,90 kr/kg.

Matkroken
Slår Joker med hovudkål til 1,90 kr/kg. For dei som føretrekk ferdigpizza kan me tilrå Grandiosa til 19,90.

ICA Supermarked
Norske epler til 19,90 kr/kg er innanfor. Tordag til og med laurdag er det vidare 40 % på alt pålegg frå Stabburet.

Rimi
Hiver seg på den nye standarden med 5 x store sjokoladeplater frå Freia til 99 kr, Elles er det denne veka ein del 3 for 2-tilbod.

Bunnpris
Lammelår til 69,90 kr/kg er innanfor. Vidare held tacokrakket fram, samt at det er 30 % rabatt på alt av lerums utvalde utan sukker.

Rema
Her held kampanjevarene koken ut september. Med andre ord ikkje noko nytt denne veka.

Obs!
Innfører denne veka omgrepet "Kronesmarked". Det er med andre ord ikkje av den tradisjonelle sorten, men det er likevel mange gode kjøp, og dei gode gamle 10-arfavorittane kostar framleis 10 kr.

onsdag 17. september 2014

Tilbodet eg fyrst takka ja til, hamstra for lite av, og så angra, og (nesten) fekk att seinare på året

av KR

Ny fast spalte på Sparebloggen: "Tilbodet eg fyrst takka ja til, hamstra for lite av, og så angra, og (nesten) fekk att seinare på året". Her ynskjer me dykk velkomne til ettertanke, tungsinn og framsyn i ein elles hektisk sparekvardag. Denne spalta er ein del av angreføljetongen på Sparebloggen, kvar me ilag med støttegruppa har ein gjønågång av våre missar i daglegvaremarknaden. Det er ei vidkjend sak at me i Sparebloggen er så gnitne at me anten overser tilbod, berre for å sleppe dra kortet, eller regelrett hamstrar for lite av tilbodsvara.

Slikt kjem ein ikkje fort over, og det gneg ein i sinnet og sjela. Stundom kan det gjera så vondt at ein òg mysser sparegneisten. Her får me stadig inn tragiske historier, både frå ex-spararar sjølve eller deira aller næraste. Seinast i går høyrde me om ein tidlegare skatteoppkrevjar frå Tynset som året 1992 hadde mista det store tilbodet på kvitost der borte. Dette gnog han så ildt i sjela at han både sa opp jobben som oppkrevjar, og slutta gå på tilbod på sin lokale nærbutikk. I dag ser me han, tragisk, sitte og drikke caffe latte og eta grovbrød på Godt Brød og Deli De Luca.

No skulle det ha seg slik at underteikna kom over eit rålekkert parti med Luxus-kaffi på Europris tidlegare dette året. 4,90 per 250g var prisen, altså under 20 kr kg i ei tid der dei internasjonale kaffiprisane var på full fart oppover på Chicago Mercantile Exchange. Me (eg seier 'me', for det kjennest slik) sette regelrett kaffien i halsen av tilbodet, og sette oss straks i bilen med eitt mål for auga; hamstring av kaffi.

Og tilbodsdisken til Europris bugna, å den bugna, i billeg kaffi. Folk stimla i kring av denne billege råvara, ein høyrde gisp og gasp frå forsamlinga. Kunne prisen vera rett? Mangla der eit 1-tal framføre prisen, kanskje eit komma ein stad? Eg raska til meg nokre posar, kanskje var det 6-7 posar. Nesten 2 kg kaffi, jau det skal vel halda. Lenge. Tenkte eg. Og tida gjekk, og det same gjorden traktaren. Snart var ein tom, kvardagen kom. Kaffilukta den gav seg, traktaren vart stille. Dødsens stille. Slik det før hadde sildra dråpar frå traktaren, rann det no tårer ned mitt kinn.

Men kva er det eg ser, er ho attende... tilbodsvara... Luxus-kaffien? Jau, ganske riktig. Denne veka går tilbodet av stabelen att, om ikkje Luxus-kaffien kostar 4,90 lengre, så er prisen 3 for 20 - eller 6,67 per 250g. Me jublar ikkje av slikt. Me angrar at me ikkje hamstra meir.
Lat aldri, ALDRIG, eit slikt kaffitilbod gå dykk hus forbi ein gong til. Hamstre så du må støttast ut or butikken, til du må støttast ut or butikken seier eg, dersom du nokonsinne får sjå kaffi 250g til 4,90 att!

måndag 15. september 2014

Vekas tilbod

av KR

No når sumaren er over kjem Sparebloggen sterkt framover, og vil alt på onsdag lansere ei ny spalte. Følg med framover - også på onsdagane!

* Joker
40% rabatt på alle typar kaffi frå Ali. Surra svinesteik kr 29,90 per kilo, Noregs billegaste middag?

* Spar
Er du fin på det? Nytt sjansen og handle kaffi frå Evergood til 40% rabatt denne veka.

* Obs
Skiva lammebog til 89,90 er svindyr pris for det som normalt omtalast som fårikålkjøt. Kjøtdeig av lam 400g 26,90 er også i øvre hjørnet prismessig, og denne frårå me på det sterkaste. Ei feitare kjøtdeig er knapt å oppdrive på marknaden. Sparebloggen kjøpte denne for 17,90 for eit par år sidan, og siste rest av partiet ligg framleis nederst i frysaren.

* Mega
2x400g kjøtdeig av storfe til 50 kr er akkurat innanfor dersom du er tom, men storhamstringa får vente... 50% rabatt på diverse tacoprodukt frå Santa Maria er likevel ikkje særleg konkurransedyktig med FirstPrice.

* Bunnpris
Kjøtdeiga er heile 29,90 pr 400g her, og truleg produktet der dei hentar inn sitt tacokrakk på. Elles går lammelåret til gode 69,90 kr kg, men pass på å kjøpe eit stort for å minimere beinkostnaden. Fårikålkjøtet 49,90 her, ikkje heilt kurrant...

* Rimi
Tre vaskepulver (Omo, Blenda, Milo) for 99 kr er likevel ikkje billegare enn FirstPrice sine konkurrerande merkevare. Det same må seiast om 5 for 99-tilbodet av diverse vaskeutstyr.

* Ica
Når fårikålkjøtet kostar 79,90 pr kg freistar det kanskje heller med 2 x grandiosa til 50 kr, humre-humre. Lammekotelettar til 139 kr kg må då vera noregsrekord i frekkheit og svineri. Me styrar unna.

* Europris
Med tilstanden i tilbodsmarknaden i dag kan einkvar få grå hår, og difor sel Europris denne veka hårfarge til 40% rabatt. Me kjenner det alt gro betre der oppe... Malingsutstyr kjøpar du helst om hausten, og denne veka går kostar og anna til 50% rabatt. 3x250g kaffi (merke: Luxus) har me testa før, og prisen er nesten like uslåeleg som sist. Passar fint dette sidan Sparebloggen berre har 1 kaffipose att frå førre storhamstring.

måndag 8. september 2014

Tilbod

av SR

Spar
Opnar veka med heilgrilla kylling til 35,94 kr/stykk. Vidare er det 40 % på ferske bær og pizza frå Dr. Oetker.

Joker
Har skrudd opp tilbodsprisen på kvitost til 59,90 kr/kg, men denne gongen er det Norvegia som ligg i potten. Elles får du 40 % avslag på store plater frå Nidar. 10-aren denne veka er blomkål og tannkrem frå Colgate.

Matkroken
Salte svineknokar - røykt og urøykt - til 19,90 kr/kg er på ingen måte feil! Det same må seiast om grøne druer til 14,90 kr/kg.

ICA Supermarked
Har denne veka kvitost frå Synnøve til 49,90 kr/kg, og grøne druer til 14,90 kr/kg. Vidare er det 40 % avslag på storfekjøt frå ferskvaredisken og flat pris på 10 kr for all småis.

Rimi
Seier dei har kutta prisen på 200 varer, men ikkje kva. Me har ein sunn skepsis til dette.

Bunnpris
Same som dei siste vekene.

Mega
Har sjømatveke, og markerer det med fersk filet av laks til 89,90 kr/kg og sei til 49,90 kr/kg, og mellom anna heil laks til 69,90 kr/kg og aure til 79,90 kr/kg. Vidare er det 40 % på div. reingjeringsprodukt frå Ajax og div. ferdigrettar frå Fjorland.

Obs!
Køyrer denne veka på med 40 % avslag på supper og sausar frå Toro og 1,5 litersflasker med Pepsi og Pepsi Max, lettsalta torsk til 49,90 kr/kg og 2 x store sjokoladeplater frå Freia til 35 kr.

Europris
40% rabatt på panner og kasseroller frå OBH Nordica. 30% på alt garn. 40% på alle handverkty.

tysdag 2. september 2014

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Vekas tikroning er 251g vaffelrøre, men som me alle veit får du det mangedoble om du lagar den sjølv. Gilde sine karbonader 29,90 for 720g gjev nok billege middagar, men Sparebloggen føretrekk å lage sine eigne om det er billeg kjøtdeig å oppdrive.

* Coop obs
...og med det meinar me ikkje 3x400g karbonadedeig til 100 kr. Sjølv om ei vare er under veiledande pris, treng det ikkje vera eit godt tilbod. Me er enkle sjeler og aksepterar heller ein litt annan feittprosent mot ein heilt annan pris. Me ventar stadig på 19,90 per 400g kjøtdeig. 40% rabatt på all coopkaffi. Trøye og stillongs i merinoull frå Janus til 149 per del.

* Rimi
Kjøtdeig av svin 400g til 24,90 er billegare enn vanleg, men får ingen overskrifter her på bloggen. Denne vara rører me knapt om den kostar 14,90, og faktisk har me sett den til 10 kr på eit par eksepsjonelt gode tikronarsmarknadar. Elles køyrer Rimi diverse 3 for 2-tilbod.

* Ica
Fårikålkjøtet er i hyllene, og ferske bitar til 39,90 er ein bra start på sesongen! Me forventar at prisane skal nedover dei neste vekene, men for ferske varer er nok nedsida låg. Frosne bitar kan me nok sjå til halve prisen.

* Mega
1 kg Norvegia til 59,90 er ikkje noko særleg, men om du er tom for ost, og gløymde storsalet i august, kan du få innvilga kjøp av éin kilo. 2 kg vaska nypoteter til 16,90 er innanfor slik verda no har blitt.

* Europris
Halv pris på Maarud sitt potetgull, 250g for 15 kr stk. Elles går det i det vanlege, plastboksar, syntetiske ullpledd, og elektronikk til vanvittig låge prisar. Ein 1200w støvsugar til 149,50, og likevel klagar folk på at det er dyrt å bu i Noreg?!

* Spar
Kjøtdeig frå Gilde 400g til 24,90 er lov å kjøpe om du er tom, men berre i små mengder. Me registrerar elles at nyvinninga "Hackit" held fram med å stupe i pris. Den byrja vel på 199, var deretter innom 99 og går denne veka for 69,90. Me reknar med å finne Hackit i diverse rabattkorger til 10 og 20 kroner om få år. Inntil dess får kjøtdeiga hakkast på gamlemåten.

* Bunnpris
Framleis tacokrakk som tyder 30-50% på dei kjende merkevarene, men sjå opp for billege (og gode) etterlikningar i form av FirstPrice! Kjøtdeig av svin 400g til kr 19,90.