måndag 22. september 2014

Tilbod

av SR

Spar
Har denne veka 40 % avslag på gulrot, blomkål og brokkoli. Vidare får du 1 kg kvitost frå Synøve til 59,90 kr/kg.

Joker
Køyrer på med karbonadedeig til 34,90 for 400 gram. Vidare er 10-aren denne veka Ritz-kjeks til 10 kr - ei sjeldan tilbodsvare. Så er det 30 % på div. munnprodukt frå Colgate, samt div. Asan-produkt. Hovudkål får du til 2,90 kr/kg.

Matkroken
Slår Joker med hovudkål til 1,90 kr/kg. For dei som føretrekk ferdigpizza kan me tilrå Grandiosa til 19,90.

ICA Supermarked
Norske epler til 19,90 kr/kg er innanfor. Tordag til og med laurdag er det vidare 40 % på alt pålegg frå Stabburet.

Rimi
Hiver seg på den nye standarden med 5 x store sjokoladeplater frå Freia til 99 kr, Elles er det denne veka ein del 3 for 2-tilbod.

Bunnpris
Lammelår til 69,90 kr/kg er innanfor. Vidare held tacokrakket fram, samt at det er 30 % rabatt på alt av lerums utvalde utan sukker.

Rema
Her held kampanjevarene koken ut september. Med andre ord ikkje noko nytt denne veka.

Obs!
Innfører denne veka omgrepet "Kronesmarked". Det er med andre ord ikkje av den tradisjonelle sorten, men det er likevel mange gode kjøp, og dei gode gamle 10-arfavorittane kostar framleis 10 kr.

1 kommentar:

  1. Kansje ikkje de billigste, men...
    Coop Extra har Fjordland grøt (ris, rømme, bygg og havre) til 2 for 30. Eg er lat, så eg har sikra meg lørdagsmiddag for noen uker...
    Så også at de har posegrøt til 8.90, men siden eg er lat... (Og kjøper i eske, ikkje pose om eg skal koke grøt litt mer manuelt)
    Veit ikkje om Prix har det fortsatt, men i forrige uke hadde de ihvertfall diverse middagshermetikk til 2 for 50. (Kjøpte noen 'Erter, Kjøtt og Flesk' som er en av mine favoritter. Disse kan jo 'spes ut' med potetterninger, makaroni, gulrotterninger osv.)

    Snubla over noen pakker med Gilde skinnfri Røkt kjøttpølse i datohjørnet på Bunnpris, og prisa til under 30Kr/Kg. Rett i frysen!

    SvarSlett