måndag 2. september 2013

Vekas tilbod

av KR

Sparebloggen var offline førre veke, men er no attende for fullt!

* Joker
Ein sparebloggklassikar er 29,90 kr kg for surra, beinfri svinesteik. Hamstring tilrådast på det sterkaste! Nok eit bevis på at det er billeg å leve i Noreg.

* Mega
5 kg poteter for 24,90 er ein fin haustpris, og nok ein grunn til å ikkje stå i åkeren sjølv.

* Spar
30% rabatt på Findus imponerar ikkje oss. Det gjer heller ikkje kotelettar til 49,90. Ingen tur innom Spar denne veka.

* Prix
2 svinekjøt 400g for 25 kr er bra, men me har sett denne til 10 kr stk tidlegare. 2 x 300g strimla svinekjøt 30 kr er også særs bra. Me lyt gjenta oss sjølve; det er billeg å leve i Noreg.

* Rimi
Framleis matpakkekampanje med smått reduserte prisar. Etter våre berekningar er påleggprisane for leiiande merkevare (les: matvaremonopolistane) senka 4-10%.

* Obs
Ingen særskilt gode tilbod denne veka. Norvegia til 54,90 pr kg er ikkje særleg billeg i vår tilbodsspalte, og 40% rabatt på texmex frå Santa Maria er framleis over FirstPrice sine alternativ.

* Ica
40% rabatt i fiskedisken kan romme bomber av ulikt slag...

* Europris
Mykje nips i denne vekas tilbodsavis, usedvanleg mykje nips. Me kjem aldri til å tilrå kubbelys, metallboksar med fin påskrift eller "velkommen"-skilt i tre uansett kor billeg det er. Derimot finn me stor glede i tilrå presenningar 1,7x2,0 m til 10 kr stk, eller ei 50 cm hekksaks frå Black&Decker til utrulege 99 kr!

1 kommentar:

  1. Veit ikkje om noen har lagt merke til det, men Prix har et 'ikkje annonsert' tilbud på sukker; 10Kg for 149.-
    Normal pris er gjerne 20 - 40Kr høyere.

    Clas Ohlson selger 500pakning med printerpapir for 29Kr. Men pass på; de har også mye dyrere papir.

    Sparetips for garasjen...
    Verktøy er dyrt(om man kjøper kvalitet), og orden på sakene er også dyrt...
    Eller?

    Ei kryssfinerplate, spiker, A4 papir, tusjer og en laminator, og vips:
    http://ic.pics.livejournal.com/anthony_lion/4145093/16615/16615_original.jpg
    Fest kryssfinerplater på veggen(evt, som eg gjør, en bit mellom stenderne, og en hengslet foran)
    Tegn omriss av verktøy på papir og fargelegg med tusj.
    (Lån gjerne en unge)
    Laminer hvert ark.
    Fest arka med tape på kryssfinerplatene til du er fornøyd med plassering.
    Ta en hammer og slå spiker rett gjennom de laminerte arka for å henge verktøy på.

    LEKKERT!

    SvarSlett