laurdag 15. mai 2010
No òg på facebook!
Som nok mange allereie har fått med seg er no sparebloggen òg på Facebook. Det er framleis her på bloggen mesteparten av aktiviteten vil skje, men facebook-sida er meint som eit forum der ein kan komma med innspel om kva ein ynskjer skal bli skrive om og liknande. Så bli fan av bloggen på facebook, og bli ein del av storfamilien! Sunn personleg økonomi is the new cool!
torsdag 13. mai 2010
Ferietips del II - Overnatting

Har du funne deg ein billeg flybillett og flydd på ferie, eller kome deg til ein plass på andre måtar (haiking er stort sett gratis), er ofte utfordringa å finna billeg overnatting. Her er det mange som feilar, difor ynskjer me å gje deg ein guide for korleis du styrar unna dei kostbare hotella.
Sjølv om det dei siste åra har vorte eit større fokus på å bu billeg, og heller bruka feriepengane på opplevingar, er det likevel ingen heksekunst å finna ein rimleg plass å bu.
Fyrst av alt: ikkje la deg lura av diverse søkjemotorar på nett som reklamerar for å vera dei billegaste. Det er berre hotella som tek seg råd til å betala for å vera med der som du får opp, og søkjemotoren skal i tillegg ha sitt mellomlegg. Slikt blir det meirkostnadar av, som det til sist er du som må ta. Det er sjølvsagt visse unntak, men ikkje stol blindt på noko.
Ei av våre faste lesarar har personleg gått god for www.hotwire.com som baserar seg på dei romma som til ei kvar tid står tomme. Ein bestiller altså rom dagen før ein treng det. Ein kan avgrensa det til ein by og gjerne eit gitt område av byen, men får adressa fyrst ei lita stund før ein kjem dit. Det kostar ein brøkdel av opphavleg pris, og finn ein det billegare hjå ein annan aktør, gir Hotwire deg mellomlegget x 2!
Det fyrste du gjer når du kjem til ein by du skal overnatta er å gå til turistinformasjonen. Dei er tilsette for å promotera turistverksemder, òg dei som ikkje har råd til reklame. Spør etter det billegaste dei har, og du vil bli overraska over kor låg pris det er mogleg å ta for eit dobbeltrom.
Finn du ingen turistinformasjon, spør du personar som ser ut til å ha vore på reis ei stund. Dei har garantert ikkje råd til Hilton, og kan lett guida deg dit du bør. Dei kjenneteiknast av langt skjegg, flokete hår og ulike flagg sydd på sekken.
Er du på tur åleine kan vandrarheimar tilrådast. I til dømes Tyskland er mest alle herberg samla på http://www.jugendherberge.de/. Pass likevel på å ikkje bli lurt. Som me veit er ikkje alle herberg like gjestfrie, og mange plassar er det dyrare for to å bu på 8-mannssal, enn det er på eit hotell i byen. Ofte kan det difor vera lurt å ta ein tur rundt i byen og sjå kva ein støyter på.
Skulle det vera verkeleg krise, er det alltid eit siste håp. Sjømannskirken finn ein spreidd rundt over heile verda, og dei er alltid glade for å hjelpa. Overnattig der er prøvd, og kan tilrådast!
Til sist eit generelt tips: Styr unna overnattig med mat i prisen. Anten er maten så fin at det trekk prisen alt for høgt opp, eller så er den så dårleg at du ikkje har lyst på den, men uansett må betala for den. Gå heller på butikken tvers over vegen og kjøp rundstykke, skiva ost (einaste gongen du har lov til å kjøpa skiva ost!) eller banan. Betre og billegare.
måndag 10. mai 2010
17. mai-tilbod

Spar
Diskar denne veka opp med 2 liter i fire variantar til 17,90. Eit godt og billegare alternativ enn dei på pinne. Vidare er reker til 19,90 kr/kg heller ikkje til å kimsa av.
Elles kjekt å sjå at Spar svarar på prissjokket me presenterte sist veke med å by kundane på spekeskinke til 99 kr/kg.
Joker
Både sunne og vanlege grillpølser til 19,90 kr for pakken gjer at grilling snart er rimeleg. Heilgrilla og krydra kylling (850 gram) til 29,90 er òg noko som gir oss sumarstemning. 10-aren denne veka er 6 egg frå prior. Rett nok blir det 2 kroner og 10 øre dyrare for 18 egg, samanlikna med First Price, men her er egga noko større.
Rimi
Me har venta på at 18-pakken med kroneis skal koma slik som i fjor, og no er den her i god tid til 17. mai. 89 kr gir isane ein stykkpris på 4,94 kr, noko som er akseptabelt for ekte kroneis. Saman med 500 g jordbær (kan fort bli meir, berre legg nokon ekstra i korga) til 19,90 er det duka for 17. mai! Vidare får ein grillpølser til same kilopris som på spar, berre i større kvantum.
Klår årsbeste frå Rimi!
Mega
Har denne veka 40% på all dessertis frå Diplomis. Vidare får ein brunost til 49,90 kr/kg og 500 g jordbær (sjå tips over) til 19,90.
Coop Extra
Har sommarkottelettar frå gilde til 26,90 kr/kg. God kvalitet til endå finare pris altså!
Rema 1000
Sjølv om Rema ikkje har tilbod, men "faste lave priser", vil me likevel koma med ei generell oppmoding om å ta turen innom for å sjå på Grillkongen Craig sine tilbod. Mykje god økonomi i den karen!
laurdag 8. mai 2010
Kvitt TVen!
Etter at NRK allierte seg med aktørane i det digitale bakkenettet, har det vorte vanskelegare å sjå TV gratis. For det fyrste må ein betale abonnement til Viasat, RiksTV, mv, berre for å få inn signala. For det andre kan desse kunderegistera samkøyrast opp i mot lisensregisteret. Dette gjer det umogleg å sleppe unna TV-lisensen. På to år har det norske folket med andre ord vorte ilagt å betale minimum 4-5000 kr berre for å sjå på TV. Dette er pengar som til dømes kunne, kremt, ha kome allmennyttige føremål til gode. Sparebloggen tilrår difor å kvitte TVen.
Det fins mange gode alternativ på nettet, som alle er gratis. Frå før har ein innlagt internett, og denne kostnaden bør utnyttast til det fulle. Underteikna har dei siste to mnd vore utan TV-boks, men likevel sett TV-program. På nettet.
NRK.no sender dei fleste program live, og legg alt ut i opptak i minst 3 veker etter sendedato. No er det mange leverandørar som reklamerar mykje for opptaksmoglegheiter, men denne fins allereie gratis på nrk.no - som du alt har tilgong til gjennom PCen din.
TV3.no legg ut eigne produksjonar på nettet, og her kan ein mellom anna grafse i Luksusfellen og Hellstrøm sine oppgulp. Gratis.
Andre mindre moderne kanalar, som TV2, tilbyr TV på nettet frå 499 kr året. Altså langt billegare enn alternativet.
Vidare fins det ei lang rekke streamingtenester som tilbyr populære seriar gratis. Eit google-søk på til dømes 'Lost stream' gjev fleire titals nettsider spesialdesigna for føremålet. Er du meir sofistikert kan du laste ned programvare som gjev deg fleire hundre TV-kanalar gratis på PCen. For å syne variasjonen og tilbodet kan me nemne JLC's Internet TV som tilbyr alt frå TVInnlandet til Bloomberg. Eit google-søk på til dømes 'internet TV download' gjev ei rekke peikarar til aktuell programvare.
Pay yourself first!
fredag 7. mai 2010
Prissjokk II
Etter ein kjapp tur innom Rimi idag la eg merke til prisforskjellen på nudlar.

Mr. Lee-nudlar kostar 19,20 kr for 65 gram, dette vert ein kilopris på heile 295,38 kr! Du får riktignok med deg ein kopp, men kva skal ein med det når det er oppvaskmaskin på jobb?

Rimi har også eit billegprodukt frå Kina til 3 kr for 85 gram, det vert ein kilopris på 35,29 kr.
Etter fem år i bygningsbransjen har eg lært nokre salgstriks, men dette held ikkje mål Rimi! Me kundar er ikkje såå dumme at me ikkje ser at 19,20 kr/65 gram ikkje vert 58,18 kr/kg!
torsdag 6. mai 2010
Ferietips del I - Charterferie
Sommaren nærmar seg, og sjølv om ein skal spara, betyr det som kjend ikkje at det skal gå ut over vanlege gjeremål, slik som ferie. Sparebloggen vil i den samanheng dei komande vekene ta for oss ulike tips til korleis ein kan avvikla ferie på ein økonomisk forsvarleg måte.
Denne veka: Charterferie
Er du ein av dei som kunne tenka deg å leva livet glade og bekymringslause dagar som denne sjarmerande karen?
www.youtube.com/watch?v=90T_z-ngVYI
...då gjeld det å ha is i magen!
Når eg var liten var det ikkje uvanleg å høyra snakk om bestilling av ferie før nyttår. Dette er kanskje løysinga for dei som er fanatisk oppteken av å koma seg til éin plass eller eit visst hotell. For oss andre, er det berre å ta det med ro.
Som kjend går det alltid eit tog, men det ikkje alle veit er at det òg alltid går eit charterfly med tomme sete. Det er alltid nokon plassar som ikkje blir selde, eller som kjem på marknaden att pga. sjukdom, skilsmisse og liknande. Det er slike plassar oss spararane reiser på. Ikkje sjeldan er det òg fine hotell som høyrer til, og det beste av alt er at det er til ein brøkdel av prisen, gjerne rundt 2000 kr for fly og hotell i to veker.
Slike restplassar dukkar opp kvar einaste dag gjennom heile sommaren, så det er berre å planleggja ferie som vanleg, og byrja å leita rundt om lag ei veke (helst endå mindre) før planlagd avreise.
Fine forum for å finna resteplassar finn du på:
måndag 3. mai 2010
Vekas (manglande) tilbod
* Joker
1 kg Norvegia til 54,90 er tilrådeleg, sjølv om me føretrekk kvitost til 49,90 per kg. Bunkre forsiktig opp. Forutan om osten er det særs lite å hente på Joker denne veka.
* Rimi og Kiwi
Inga ny kundeavis denne veka.
* Spar
Alt av barnemat på boks; ta fem betal for tre. 40% rabatt på pizza frå Dr Oetker, om du stolar på den tyske farmasøyten.
Faktaboks: Dr August Oetker er mest kjend for å ha funne opp bakepulveret 50 år etter at britiske Alfred Bird gjorde det same. Die Oetker-Gruppe nyttast framleis den vidgjetne bakepulveroppskrifta til den oppfinnsame doktoren. Ein heller Kopf minnt stets Oetker!
* Mega
Ingen særleg forlokkande tilbod denne veka.
* Prix
Same tilbodsavis som førre veke.
* Obs
Hårklyppemaskin frå Philips til 179 kr, elles få gode tilbod. Sjå òg spesial om hårklypparar.
Oppsummering: Grillsesongen er kanskje igong for butikkane, men prisane smakar framleis lite av sol og sommar. Coop-kjeda har lanserar no sokalla Miks-tilbod, men ver på vakt!
