av KR
Sparebloggen veit det er stor interesse for forbrukarhistorie, og kva er ikkje meir interessant enn krigshistorie? I papiravisene 2003/04 kunne ein lese bekymringsmeldingar om stadig billegare alkohol, boikottar og storm i ølglasa. Me lanserar med dette historia om Den store ølkrigen, der underteikna var sentralt plassert på konsumentsida.
Opptakta - avtalebrotet på Vålerengen
Allereie i midten av mai 2003 kunne ein føle at stemninga hadde skifta. Fotballklubben Vålerenga hadde avbrote samarbeidsavtalen med austlandsbaserte Ringnes, og istadenfor skrive sponsoravtale med Hansa/Borg med base på Vestlandet. Ringnes gjekk til motangrep og inviterte Vålerenga fotball sine fans, Klanen, til vorspiel med sterkt subsidierte ølprisar i bryggeriet sine gamle produksjonslokale på Grünerløkka. Serveringa byrja så tidleg som kl 15 på dagen, og markerte byrjinga på samarbeidet mellom Klanen og Ringnes. Dei færraste kommentatorar kunne ha førestilt seg hendelsesforløpet etter maidagane 2003.
Boikott av Ringnes - Austland mot Vestland
Ringnes gav seg ikkje og gjekk til direkteåtak på Sørvestlandet si perle Tou bryggeri. 100 tapte arbeidsplassar sumaren 2003. Nedlegginga møtte kraftige reaksjonar, og sjølv næringsministaren ville ta del i boikotten av Ringnes. LO aksjonerte på lokalbutikkar, og meinte dei hadde rett til ransaking av handleposar. Ølbryteri vart det omtala som, det å kjøpe Ringnes, omlag like straffbart som streikebryteri.
Krigsutbrotet - seinsumaren 2003
Den følgjande biten av historia har to versjonar, omlag som norsk etterkrigshistorie fortalt av anten Francis Sejersted eller Berge Furre.
Hausten kom og prisane dalte med temperaturen. Når me såg oktober måtte Hansa rasjonalisere, og kutte 30 millionar kroner. Ringnes meinte det var Hansa som byrja, medan Hansa meinte Ringnes stod bak då dei i forsøk på å gjera seg populære etter Tou-nedlegginga hadde senka prisane kraftig. Dette fekk Ringnes til å skumme over av raseri, for i følge dei vart Ringnes tvungne til å senke prisane etter at Hansa hadde senka prisane på Borg-pilsen. Difor måtte Ringnes lansere Tuborg som eit lavprisøl. Både Hansa og Ringnes var imidlertidig einige om at dei begge tap(p)ar på priskrigen, og at konsumentane er dei einaste vinnarane.
Samtidig på Bankplassen 2: Svein Gjedrem kjempar hardt for å få opp prisveksten i Noreg ettersom kinesiske klede, flyreiser og øl stupar i pris. I tillegg styrkar kronekursen seg. Medan industriarbeidarane byrjar å frykte for arbeidsplassane sine igjen, så vart ihvertfall lønningspilsen billegare!
Skotet i Neckarsulm
Daglegvarekjedene melder seg på, og tryggar kontroll over priskrigen. Rema 1000 senkar Grans premium (0,33 l) til 8,50 per flaske. Bunnpris følgjer for eingong skuld opp og reduserar Seidel til 7,90 per flaske (0,33 l). Ein måtte attende til 1980 for å finne tilsvarande låge ølprisar i Noreg. I Baden-Würtemberg besluttar Lidl å innta norsk daglegvarebransje, og aktørane i Noreg fryktar dei vil nytte det tyske ølvåpenet. Med Big Bertha friskt i minne held Rema 1000 korta tett til brystet, vel vitande om at dei har forplikta seg til "bare lave priser".
Det bryggar opp til ny ølkrig
Og FrP sin helsepolitiske talsmann, klovn og sunnmøring god som nokon, Harald Tom Nesvik, jublar for billeg øl. Endeleg får det norske folket moglegheit til å kjøpe ei heilt lovleg vare til ein fornuftig pris, altså berre tre gongar dyrare enn elles i Europa. Helseministar Dagfinn Høybråthen (KrF) og sosialministar Ingjerd Schou (H) vil imidlertid sjå på om prissenkinga er lovleg. Det synte seg raskt at den var lovleg ettersom Staten mottok dei same avgiftskronene som tidlegare. Så langt er alt vel i Regjeringskvartalet, men me tilhøyrer som kjend eit korporativt system. Det slyngar merkeleg nok Juvente inn i debatten. Dei hadde lenge sett seg forbigått i diverse priskrigar på bensin, men fekk no endeleg sjansen til å sløkke brannen med gasolin. Dei minna aktørane om at det snart var russetid, og at ølsalet ville gå til himmels dersom dei låge prisane vedvarte så lenge.
Våren 2004 - øl til under kostpris
Dagen etter utspelet frå Juvente senka Kiwi, Rema 1000 og Coop Prix flaskepilsen til 6,50. Avgifter og moms på 0,33 l tilsvarte 6,61 kr. Ingenting er betre enn å verte påspandert pils, og ikkje eingong den norske avgiftspolitikken kunne lenger senke forbruket. Det hoppa folk ut glaset frå sosialministaren sitt kontor den dagen. Likevel; humørspreiar og helseministar Dagfinn Høybråthen (KrF) heldt fram at det er ein samanheng mellom pris og forbruk. Sjølvsagt riktig, og nettopp difor hadde regjeringa Bondevik vedteke ei kraftig auke i talet på Vinmonopol og senking av alkoholavgift eit halvt år tidlegare.
Samtidig omkring i Noreg; bareigarar vert dei nye kjendisane. Lokalaviser rapporterar om utepils til 10 kr, og eit totalt frislepp av chilinøtter.
Svenskeølet når grensa
Rema 1000 finn seg ikkje i at dei norske avgiftene på 6,61 kr per 0,33 l pils skal utgjera eit tak for norske ølprisar. Ein variant med 3,5% lanserast til 3,90 kr, og med det vart staten avspist for avgifter medan forbrukarane struta kvar ei flaske.
Øldunsten når direktoratet
Når norsk avgiftspolitikk vert truga i å verte skoten sund i småbitar plar byråkratiet å reagere raskt. Som seg hør og bør kallar Sosial- og helsedirektoratet inn til møte, og det endar i semje om å utarbeide ein veiledar om prisfastsetting av øl etter alkohollova. Korrekt og statleg styrt marknadspris vert heretter lik avgifter og moms pluss normal avanse. Kven hadde trudd norske myndigheiter skulle bry seg slik om daglegvaremilliardærane si avanse? Det gjorde ihvertfall ikkje SV ved Olav Gunnar Ballo som meinte at på dette området fungerte marknadskreftene akkurat slik dei burde gjera. Coop, NorgesGruppen, ReitanGruppen og den baren Arnie "Skiffle-Joe" Norse spelar på, reagerte straks - og varsla prisauke.
Kort tid etter fekk du kjøpt brus til 3,27 kr litaren, men det får verte ein annan gong!
Sparebloggen; din samtidshistorikar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar