Dei seier det nærmar seg jul. Sjølv har eg ikkje eingong kjøpt inn ein halv gris. Likevel har fleire av våre faste lesarar oppmoda oss om å sjå mot den komande julebordsesongen. Den er visst alt i gong! Og familien har sjølvsagt rett; den er under planlegging. Festkomitéar opprettast. Husvære og korps tingast. Og eigenandelar kalkulerast. Somme stadar trykkast det til og med bongar. Du kan drikke på vår rekning, berre du gjer det sømeleg. Kva er då vitsen, kva slags julebord er dette?
For å granske dette kollektivistiske fylleslaget (og sosiale sjølvmordet) nærare, må
me naturlegvis attende nokre generasjonar. I følge det eg trudde var Uncyclopedia, men synte seg å vera norske Wikipedia, oppstod skikken "i middelalderen, da det var vanlig å la maten stå framme hele jula slik at fattig og omstreifere kunne forsyne seg. Før var det også vanlig å la restene etter julemåltidet ligge igjen på bordet julenatta for å blidgjøre de underjordiske eller gårdsnissen." Dei einaste underjordiske ein ser i dag er vel den som ligg under bordet, og i dag let ein berre halvfulle drinkar stå att "til omstreifere" slik at den fullaste kan byrje repareringa alt kl 02. Eg reknar med diverse folkloristar kan gå god for denne skikken, som byrja omlag 430 år etter reformasjonen.Det mest interessante med skikken julebord er vel kor lausriven den er frå sjølve juletida. I gamledagar vart eit julebord lagt til romjula, og det var då ein viss logikk i saker og ting. I dag er julebordet omlag som russetida, ein feirar fleire veker før eksamen. Det stoppar ikkje berre der. Ein drikk i same omfang som russar, og har meir eller mindre tilfeldig kopulering. Det einaste som manglar er knutane! Men knutane er der ser du, fordekt som diverse morosame "Årets"-utmerkingar. Kan det verta flauare? Naturlegvis, og Sparebloggen syner deg korleis.
Det er ei kjend sak at arbeidsplassar held julebord, sjå berre her. Men all den tid diverse lag og organisasjonar held julebord, og er gilde nok til å bruke

Haha!
SvarSlett