Velsigne juleskrømtet, for det har vore godt mot meg i år - og held fram så det steamar. Høyr berre her! I går kveld skulle eg nett innom Kiwi for å kjøpe meg ein pose kaffi. Eg plar stoppe så vidt ved kjøthyllene berre for å sjekke korleis dei ligg an med datoane, vel vitande om garantiordninga som vedkjem halvt og heilt utgådde varer. Brått peikte ein kylling på meg. Nærare bestemt litt av ganske mange kyllingar. Eg kvapp til; 1,2 kg kyllingfilet med utløpsdato 21.12.11. Eg stod der dagen før dagen.
Faktaboks:
Kiwi gjev deg vara gratis dersom ho går ut den dagen du handlar eller dagen etter. Du får erstatningsvare dersom vara er utgått på dato, og pengar dersom erstatningsvare ikkje fins/kan gjevast.
Roleg og beherska la eg i frå meg kaffiposen, bretta opp eitt erme og skreid til hyllene! Meir kyllingfilet venta, datoar vart sjekka og varer lagt i korga med smil om munnen. Så langt totalt 4,8 kg kyllingfilet frå FirstPrice. Ikkje berre billeg, alt skulle vera gratis. Eg dobbeltsjekka med beteninga, fekk stadfestinga. Vidare til hyllene. To pk grytekjøt frå Gilde kom også fram, totalt nærare ein kilo. Sum 650 kr gratis kjøt denne dagen. Nok til å koke middag for i ein heil månad. Alt av finaste, reinskore kjøt. Det bugna av gratisvarer i hyllene, og eg merka straks at enkelte datoar fordra retur neste dag og dagen der på.

Kjøpmannen som passerte burde kunne ane uråd der han såg meg lesse korga full av dyrt kjøt, men han ante nok ein god handel og helste pent. Heilt korrekt! Ein sjeldan god handel: 11,5 kg reinskore, fint kjøt til ganske nøyaktig 1500 kr samla over to dagar. Alt gratis.
4 x 1,2 kg kylling, FirstPrice, sum 469,20
2 x 450g grytekjøt av storfe, Gilde, sum 172,49
10 x 400g kyllingstrimlar, Prior, sum 499
2 x 300g kalkunfilet, Prior, sum 123,80
1 x 240g langtidsmørna indrefilet av store, Gilde, sum 93,34
2 x 410g langtidsmørna pepparbiff av storfe, Gilde, sum 140,62
Når slike mirakel skjer så stutt oppunder jol, fer det meg til å tenkja på juleskrømtet - og Elias Blix. Gledeleg jol! Med dette gode gamle ordet helsar me kvarandre i denne sæle joletida. Yver heile sparebloggredaksjonen gjeng songen til dei mange tusund munnar der ute:
Glade jol! Heilage jol!