onsdag 19. desember 2012

Varsel om priskrig: kalkun

av KR

Me venta på det i 2011, og no er kalkunkrigen eit faktum. Daglegvarehandelen hadde ein innbitt svineribbekrig i 2010, og har sidan mangla ei retteleg julevare å krige om. Måndag melde me at Rema hadde 18,90 kr kg for kalkun, og i dag fann underteikna kalkun for 19,90 på Rimi. Den gamle 29,90 er med andre ord forlatt, og me vonar fleire følgjer på. Lat oss sjå 14,90 før nyttårsaftan!

Billege middagar er mogleg heile året, til og med når det skal vera høgtid. Sparebloggen gjev deg oppskrifta på kvardagskalkunen, og den skal vera som om det var fest.

Finn fram ein kalkun på minst 5 kg, rens ut innmaten.
Fjern låra, skjær ut ryggbeinet og nakken. Hiv dette så opp i ei steikepanne eller gryte ilag med pepar, laurbærblad, nellik, timian og grønsaker som kvitlauk, gulrot, selleri, lauk, nokre tomatar og rikeleg med poteter. Legg på lokk og svak varme i eit par timar, og etterfyll med vatn ved behov. Her har du ei perfekt kalkungryte til kvardag og fest.

Kvifor ikkje hive heile fuglen inn i omnen? Fordi kjøtstykka treng ulik steiketid.

Difor går du no frå lår, rygg og nakke over til brysta som framleis sit på skroget. Press noko bacon/baconfeitt eller smør under brystskinnet, for å tilføre kjøtet saftigheit. Pepre og salte godt, og set inn i omnen på 150 grader. Pass på å etterfylle med vatn her også, og ause sky over fuglen ein gong i kvarteret. Lat stå i 1,5 time. Serverast med alt frå ris til poteter, pass på å lage til noko saus av skya.

Gjer du dette på ein sundag, har du middag i 14 dagar framover.

Sparebloggen ynskjer alle lesarar ei god jul, og eit godt, nytt spareår!

3 kommentarer:

  1. Jeg syntes sparebloggen burde ha en viss oversikt over de dyrere kjedene når det er tilfelle at de er reelt billigere enn ellers, eller billigere enn billigbutikkene. Leste i VG for noen dager siden om forskjellige priser ved foskjellige julerelaterte ting ved de forskjellige lavpris butikkene. Den billigste på listen av lavpris butikkene som solgte ut 18 ringer med kransekake (husker ikke butikknavn) holdt en pris på 159.90 kroner. På Meny har prisen vært 149.90 kroner på alle Meny butikker. Jeg sier ikke at det er verdt å nevne Meny eller Safari ellers når de generelt er dyrere.. Men hvis det er penger å spare..?

    SvarSlett
  2. Eg regner med at Sparebloggerne legger det ut om de finner gode tilbud, også på de dyrere butikkene.
    Men 149.90 for ei kransekake, er det egentlig så billig?
    (Skal innrømme at Meny kaka er god, har spist av den selv)

    Former for kransekake koster vel en hundrings eller så, og legger du til ei pakke av den litt dyrere kransekakedeigen kommer du omtrent på samme pris. første året...

    Og vil man ikkje koste på seg former, så ruller man deigen ut i ei tynn pølse, kapper i passe biter, steker og dekorerer. Smaker like godt.(Du får også kjøpt 'kransekakestenger' i butikken)

    SvarSlett
  3. av KR

    Takk for innspel! Me prøver å følgje med på alle gode tilbod, men kunne nok ha sjekka Meny og andre tradisjonelt dyre kjeder oftare.

    SvarSlett