
Sparebloggen er som kjend på facebook, og me får stadig
tilbakemeldingar. Ein av våre lesarar fortalde der om sine kupp når han var på
tur til Danmark, og gjekk god for prisane. Tilfeldigheitene skulle ha det til
at ein av våre skribentar skulle til København kort tid etter, og ja,
danmarksturen vart ein økonomisk suksess!
Overnattinga blei booka på billegaste måte gjennom www.airbnb.com, der privatpersonar leiger ut
ei seng dei har til overs (fin attåtinntekt om du har noko ståande!).
Overnatting er som kjend det her i verda det er seigast å bruka pengar på, så
det var på ingen måtar feil når det dukka opp eit tilbod på tre netter for to
personar midt i sentrum til 1.000 kr. Det var med andre
ord framleis att pengar i kassa til å fylla snippsekken med varer til danske
prisar.

Òg for dei litt mindre raffinerte har Danmark mykje å by på.
Ta til dømes sekspakningar med lager til 1/5 av prisen i Noreg og to liter
Capten Morgan til 199.
Vidare er me kjende med at me har fått ein stadig veksande
lesarskare som tilhøyrer bake, kake og cupcakes-miljøet. Til desse kan me på
det varmaste tilrå ei runde innom daglegvarebutikkane, som tilbyr mellom anna
vaniljestenger, kvit sjokolade, etc. som er 60-70% billegare enn kva som er
tilfelle i Noreg.

Her kjem likevel ei avklaring og åtvaring: Det er på det
reine at den samla vinninga gjekk opp i spinninga i og med reise og overnatting
overgår differansen mellom norske og danske prisar. Ver difor grei å ikkje gå i
mammabloggfella og tru at du kan le heile vegen til banken etter ein slik tur.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar