laurdag 30. juni 2012

Kleshjørna

av KR

Den røynde sparar veit at veiledande prisar hjå Sparkjøp berre er halve sanninga. Innimellom er det nemleg dyrt med ei dongeribukse til kr 74,50 og ein boksar til kr 59. Lat dette vera vår andre oppreisning til familien Knudsen, etter vår fyrste og lite flatterande omtale av Sparkjøp sitt klientell. Me presenterar her tjuekronarsmarknaden til Sparkjøp - både på nett og i butikk:

* Diverse gensarar til kr 20 til båe kjønn. Her finn ein både gråe og blåe gensarar, med og utan krage - alle med tidsriktige trykk. For den kresne kunde selgast både tunika (eller trøyeliknande kjortel, som underteikna plar seie) og diverse cardigans (eller røykejakke, som underteikna plar seie) for same prisen.

* Er du lei av å gå til gymnastikken med ein plastpose frå kolonialen? Då er ein gymbag med fotballmotiv noko for deg og dine. Snøre i toppen, tidsriktig illustrasjon med ellevilt påtrykt utrop "Goaaal!".

* Kjenner du også nokon som har sviktande hygiene? Då er gåveøskja til kr 20 perfekt. Denne inneheld diverse såpeartiklar, kroppssalve, såpeskrubb og badesalt. Heile 160 gram for berre kr 20, der altså!

* Det treng ikkje vera dyrt å hamna i uløkka når Sparkjøp sel borneklede til 20 kr plagget. Overraske difor bornet med ei sparkebukse, ei hettejakke, lue og sjal eller ei baggybukse til kr 20! Likar ikkje bornet prikkar eller striper? Gløym det, grining vert det vel uansett.

* Har du aldri noko å ha på deg? Då er Sparkjøp sin kjole med lengde 140 cm til berre kr 20 eit perfekt val. V-ringing med drapering er då på moten, tør me påstå. Frå den sokalla Lifetime-serien til Sparkjøp, utan at me av den grunn tør tilrå denne for alle aldrar.

* Boksarar i ulike fargar og mønster til berre kr 20. Slitesterkt stoff og strikk, og så fargesprakande at dei må vera siste mote.

* Har du skapet fullt og førebur deg på haustgarderoba allereie? Fortvil ikkje! Sparkjøp si kåpe til kr 20 er både fòra, har klaff og stikklommer - og burde tåle sjølv den sterkaste haustbrisen.

Kast difor tønna du har gått rundt i sidan Lehman-konkursen, og kle deg moteriktig med Sparkjøp!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar