Det er lengje sidan me har testa billegprodukta som er på marknaden, men no er me endeleg attene!
Produkt: First Price tørkerull.
Pris: 33,90 for to rullar a 100 meter.
Funksjonalitet 5 av 5
Tørkerull kan nyttast stort sett til det meste. For min del går det mest med til å tørka av teflon gryte/panne etter å ha vaska med vatn. Fara med det store bruksområdet er at papiret blir eit lettvindt og dyrt alternativ. Til dømes kan ein bruka klut til å tørka bordet.

Dette er av typen som mange vel å ha i ein haldar, alla offentlege toalett. Ikkje berre er det noko kvalmande å ha noko som gir slike assosiasjonar på kjøkenet, men det er òg unødig bruk av pengar. Rullen står seg fint åleine, og det er enkelt å riva av papiret du treng.
Appetitt 5 av 5
Papiret loar ikkje, og syg godt til seg både vatn og anna meir tjuktflytande. Det kan unekteleg vera litt lite delikat å måtte halda i papiret som er fullt av noko du helst vil ha fjerna frå bord, golv ol., men det ligg i tørkerullen sin natur, og det kan slik heller ikkje trekkjast noko her.
Fordøying 1 av 5
Dette er ein test som primært er meint for matvarer. Punktet om fordøying må likefullt med, og papiret er testa, og står til strykkarakter på dette punktet.
Tilråding: Viss du er eit tørkerullmenneske er dette eit bra og rimeleg alternativ. Sjølv brukte eg sist år under éin pakke på mi einmannshushaldning, så du får mykje for pengane her!